St.meld. nr. 39 (2004-2005)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2005 og fisket etter avtalane i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Kvoteavtalane for 2005, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2005 blei partane samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 485.000 tonn, medrekna 21.000 tonn murmansktorsk. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Kvoten er derfor ikkje sett høgare enn til 21.000 tonn for 2005. Dette er i tråd med forvaltningsplanen vedteke under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen.

Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 117.000 tonn for 2005. Ettersom loddebestanden er på eit botnnivå, blei det heller ikkje i 2005 opna for fiske etter lodde. Noreg og Russland er også for 2005 samde om eit kvotebyte på eksklusive bestandar.

Noreg og Russland har fastsett ein totalkvote på 1.680.000 kongekrabbar for 2005, fordelt med 1.400.000 krabbar til Russland og 280.000 til Noreg. I forståing med Russland har Noreg i 2005 vidareført vestgrensa for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved 26º austleg lengdegrad (Magerøya) for å kunne redusere spreiinga av kongekrabbe vest for denne grensa.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2004 har vore arbeidet med ein styrka kontroll med omlasting av fisk i Barentshavet. Det blei i forbindelse med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2005 lagt fram forslag til eit kontrollregime retta mot denne aktiviteten, og partane forplikta seg til å implementere dette i sine nasjonale regelverk.

Som for 2004, speglar også kvoteavtalen med EU for 2005 den vanskelege bestandssituasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Partane har mellom anna vedteke å føre vidare kvoten for torsk på same nivå som i 2003, då denne blei kraftig redusert. Vidare er totalkvotane for hyse, sei og rødspette reduserte frå 2004 til 2005. Noreg og EU er dessutan samde om å fortsette det felles arbeidet med å forbetre beskatninga av botnfisk.

I 1999 blei Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for 2001, 2002, 2004 og 2005.

Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane.

Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla «referanse-TAC», som var utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2005. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 40.185 tonn. Både Russland og Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Noreg har for 2005 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2005 med Færøyane og Grønland. Det er for 2005 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholsavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan Noreg i 2004 vidareførte trepartsavtalen med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det er ikkje inngått ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2005. Noreg har i mangel av ein fempartsavtale underskrive ein førebels tosidig avtale med Russland for 2005. Avtalen med Russland inneber at dei kan fiske 50.000 tonn sild i NØS nord om 62ºN.

Sidan 1999 har dei landa som er definerte som kyststatar til kolmule – Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland – arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden. Desse partane er einige om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar: eit kyststatsregime og ei separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Kyststatane har sidan februar 2000 hatt fjorten drøftingar om kolmuleforvaltninga utan å kome til ei endeleg løysing.

Partane i NEAFC blei på årsmøtet i 2004 ikkje einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2005. Noreg fastsette derfor ein unilateral kvote basert på ein TAC på 82.000 tonn, som er i tråd med det kyststatane Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland) og Island la seg på. Partane har imidlertid etter årsmøtet blitt samde om reguleringstiltak også for uer i 2005 basert på ein TAC på 75.200 tonn.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som blir forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2005 er, som i åra 2001 til 2004, ein totalkvote for begge områda.

Rekefisket ved «Flemish Cap» (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1.985 fiskedøgn i 2005, og 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Noreg har også i 2003 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC, NAMMCO, CITES, CCAMLR og ICCAT. Noreg er også medlem i SEAFO.

Bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). Rådgivinga frå ICES utarbeidast av Den rådgivande komitéen for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

Kontrollordningar

Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satelittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 å innføre satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy er no underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare kan alle norske fartøy, uavhengig av størrelse, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy blir underlagt krav om satellittsporing i Noregs økonomiske sone i tråd med tidspunkta som er avtala i dei ulike tosidige avtalane.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg og uregulert fiske. Eitt sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan bli nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg, og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestanden torsk nord om 62ºN fullt ut i 2003 og 2004, medan det sto noko att av hysekvoten i begge desse åra.

I Nordsjøen blei dei norske kvotane av fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2003 og 2004, medan det sto att ein rest av seikvoten begge åra. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane blei ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman blei det i 2003 fiska 465.000 tonn kolmule i internasjonalt område, medan det i 2004 blei fiska 456.000 tonn. I 2003 og 2004 blei kolmulekvotane i både Færøy-sona og EU-sona nytta meir eller mindre fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 53 % av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EUs farvatn i 2002 og om lag 47 % 2004. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska nesten heile botnfiskkvoten i både 2003 og 2004.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir stort sett godt utnytta.

I sesongen 2003/2004 og 2004/2005 nytta dei norske fartøya nesten heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2003 og 2004.

Rekefisket ved Flemish Cap blei innsatsregulert i 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfelle for Grønlandsrekeflåten. Det var elleve fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap i 2003, medan fem fartøy deltok i 2004.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med om lag 14.600 tonn begge åra. I 2003 blei det fiska om lag 3.200 tonn, i 2004 om lag 7.650 tonn.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar, er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62ºN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EUs fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske-, hyse- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

Når det gjeld EUs fiske i NØS i Nordsjøen var det låg utnytting av kvotane, med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var høvesvis 70 % og 83 % i 2003 og 2004.

I 2003 fiska Færøyane 35 % av seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, medan 54 % av seikvoten blei utnytta i 2004. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 2003 og 2004.

Grønland har sidan kvoteavtalen blei inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2003 og 2004 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt de bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen, og Polen nytta seikvoten sin godt i 2003.

Til forsida