St.meld. nr. 39 (2004-2005)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2005 og fisket etter avtalane i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2005

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2005 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Som følgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004 har Noreg sagt opp den tosidige rammeavtalen med Polen.

Noreg har i 2004 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholsavtalen.

Det er også i 2004 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, men det er likevel ikkje semje om ein avtale for 2005.

Noreg tek vidare del i årlege trepartsforhandlingar om makrell med EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg er dessutan med i forhandlingane om etablering av eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO («Northwest Atlantic Fisheries Organization») og NEAFC («North East Atlantic Fisheries Commission»). Frå norsk side deltek ein også i IWC («International Whaling Commission») og NAMMCO («North Atlantic Marine Mammal Commission») i forhold til forvaltninga av kval. Partsmøtene til CITES («Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora»), som Noreg tek del i, er også viktige i forhold til forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR («Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources») er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT («International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas»), der vi blei offisielt medlem frå 1. mars 2004. Noreg er dessutan medlem i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO («South East Atlantic Fisheries Organization»).

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES («International Council for the Exploration of the Sea»). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. ICES har ein rådgivande komité for fiskeriforvaltning, ACFM («Advisory Committee on Fisheries Management»). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå ICES.

Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgiving.

Figur 3.1 ICES – fiskeristatistiske områder

Figur 3.1 ICES – fiskeristatistiske områder

Til grunn for Fiskeri- og kystdepartementets utnemning av delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i, ligg ei balansert vurdering. Denne byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg størrelse og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane bestått av representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund og Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år. Norges Kystfiskarlag var for første gong representert i den norske delegasjonen til fiskeriforhandlingane med Russland hausten 2003.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa drøftast. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Denne instruksen klarerast endeleg av Fiskeri- og kystministeren. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører Fiskeri- og kystministeren seg med resten av Regjeringa.

3.2 Kvoteavtalane for 2005

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

3.2.1 Noreg – Russland

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde. Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noregs økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russlands økonomiske sone (RØS). Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland. Avtalen inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.

Kvoteavtalen for 2005 mellom Noreg og Russland blei underskriven i Ålesund 29. oktober 2004.

Partane blei samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 485.000 tonn, medrekna 21.000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med beskatningsstrategien vedteke under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Kvoten for 2005 blei derfor ikkje fastsett høgare enn til 21.000 tonn, berre 1.000 tonn meir enn året før.

Noreg og Russland blei vidare samde om å føre vidare den langsiktige forvaltningsplanen for torsk, som tok til å gjelde frå 2004. I korte trekk går forvaltningsplanen ut på at ein arbeider for å halde det gjennomsnittlige fiskedøyingstalet på føre-var nivå i gåande 3-års periodar, samstundes som kvotesvingingane ikkje varierer meir enn maksimalt +/- 10 %.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 66.600 tonn. Av dette kan 18.800 tonn bli fiska i fiskevernsonen ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 27.800 tonn til NØS og 20.000 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg også i 2005. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 225.700 tonn, medrekna 21.000 tonn norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 21.000 tonn murmansktorsk, er på 213.700 tonn.

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 117.000 tonn. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 5.400 tonn, som er delt med 3.240 tonn til NØS og 2.160 tonn til RØS. Russland har overført 4.500 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 2004. Etter overføring er den norske kvoten på 60.300 tonn og den russiske på 51.300 tonn. Noreg og Russland fører også vidare ein forvaltningsplan for hyse tilsvarande den som vil gjelde for torsk, men med den skilnad at kvotesvingingane her kan jamnast ut frå år til år med inntil +/- 25 %.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noregs økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland også for 2005 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140.000 tonn torsk og 20.000 tonn hyse av sine kvotar i Noregs økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russlands økonomiske sone.

I perioden 1993-1999 blei det ikkje fiska lodde i Barentshavet. I 1999 opna ein opp for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80.000 tonn, og frå 2000 – 2002 blei kvoten auka til høvesvis 435.000, 630.000 og 650.000 tonn. For 2003 blei det fastsett ein kvote på 310.000 tonn lodde. Loddebestanden har store naturlege svingingar, og størrelsen er no på andre året på eit botnnivå. På denne bakgrunnen opna ein ikkje for fiske etter lodde, verken i 2004 eller 2005.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 2005, har Russland heller ikkje i 2005 blitt tildelt ein kvote for eit direkte fiske på snabeluer (Sebastes mentella) på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Russlands kvote for bifangst av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer er vidareført frå i fjor og utgjer 2.000 tonn. Vidare har Russland ein kvote på 10.000 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse, og ein kvote på 2.000 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

I tillegg kan Russland fiske 50.000 tonn kolmule i eit nærmare avgrensa område i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3.000 tonn andre artar som bifangst.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si eiga sone i 2005. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskap, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2005.

Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 2005, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit og 1.000 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst, og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er ført vidare frå i fjor med 10.000 vaksne dyr.

I forståing med Russland vidareførte Noreg i 2005 vestgrensa for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved 26º austleg lengegrad (Magerøya). Noreg står på denne måten fritt til å vedta dei tiltak ein finn nødvendige og tenelege vest for denne grensa for å avgrense den vidare spreiinga av kongekrabbe, inntil ein veit meir om dei økologiske effektane av denne introduserte arten. Noreg og Russland blei einige om ein norsk kvote på 280.000 krabber i 2005, det same som i 2004. Den russiske kvoten for 2005 er på 1.400.000 krabber. Landa er vidare einige om å vidareføre samarbeidet om forsking på kongekrabbens biologiske og økologiske effektar.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 blei partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 blei dei samde om å etablere «Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren». Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Noreg og Russland innførte gjensidig satellittsporing av fiskefartøy frå 1. september 2000. Under forhandlingane i Tromsø i november 2000 blei det vidare underteikna eit memorandum om kontrollsamarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta på norsk side og Murmanrybvod og Grensetenesta på russisk side. Dette dokumentet formaliserer i stor grad samarbeidet om utveksling av informasjon og inspektørar, og styrkjer kontrollen med fiskeria i begge land.

Eit hovudfokus for Det permanente utval i 2004 var arbeidet med å styrkje kontrollen med omlasting av fisk i Barentshavet. Utvalet la fram forslag til eit kontrollregime retta mot denne aktiviteten, og partane har forplikta seg til å implementere dette i nasjonalt regelverk. Hovudelementa i kontrollregimet er som følgjer: plikt for fiskefartøy til å sende melding om omlasting seinast 24 timar før omlastinga tek til og seinast ein time etter at omlasting har funne stad, forbod mot omlasting av fisk til fartøy som ikkje har rett til å segle under NEAFC-flagg eller flagget til statar som ikkje har status som NEAFC-samarbeidsland, og dessutan sporingsplikt for fartøy som er involverte i omlasting. Partane var dessutan samde om å få til full utveksling av informasjon om kvotar, sporingsdata og omlasting, og å gjere informasjon om kvotar på torsk og hyse nord om 62ºN tilgjengeleg på Internettet i 2005.

3.2.2 Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noregs og EUs fiske i Nordsjøen, Noregs fiske vest av Dei britiske øyane, og dessutan EUs fiske i Noregs økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengd (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 også fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for Nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng også av variasjonar i størrelsen på dei ulike bestandane.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Både innanfor ramma av det tosidige fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalane til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Noreg og EU inngjekk i 1997 ein avtale om forvaltning og fordeling av Nordsjøsild. Avtalen blei revidert og forlenga for tre nye år i 2004. I 1999 vedtok Noreg og EU forvaltningsplanar for sei, torsk, hyse og raudspette. Desse planane legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane for sei og hyse blei reviderte i 2004. Det står att å revidere planane for torsk og raudspette, og å få på plass ein forvaltningsplan for kviting.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det vidare ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen.

I samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål, eller når fisken er teken i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdifulle fisken («highgrading»). Resten blir kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Fisken som blir kasta ut går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedøying og faktisk døying. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU. Som eit ledd i reformen av EUs felles fiskeripolitikk, som blei vedteken i desember 2002, har EU-Kommisjonen lagt fram ein handlingsplan som tek sikte på å innføre tiltak for å redusere utkastet. Mellom anna vurderer Kommisjonen å foreslå eit forbod mot utkast frå 2006 på grunnlag av pilotprosjekt og dialog med medlemslanda og fiskerinæringa.

I samband med den såkalla «torskekrisa» inngjekk Noreg og EU i 2001 eigne avtalar om særskilde tiltak for å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen. Sidan dette er situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen ytterlegare forverra, og då spesielt for Nordsjøtorsken. Totalkvoten for torsk blei derfor i 2003 redusert med 45 % frå 2002, og Noreg og EU blei i kvoteavtalane for 2004 og 2005 samde om å føre vidare denne kvoten på same lave nivå som i 2003. Under forhandlingane hausten 2004 blei partane også samde om å fortsette det felles arbeidet med å bygge opp att torskebestanden og forbetre beskatninga av botnfisk.

Makrell

Fram til 1999 fastsette Noreg og EU ein «referanse-TAC» for makrell i Nordaust-Atlanteren, som i tillegg til kvotar til Noreg og EU omfattar ein kvote avsett til Færøyane. Fisket i internasjonalt farvatn, som har vore oppe i relativt store kvanta, blei for første gong regulert i 1999 (sjå punkt 3.2.11).

Noreg og EU har vore usamde om forvaltningsregimet for makrell i ei lang rekkje år. Hovudproblemet er delinga av kvoten mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc arrangement for makrellen. På grunnlag av kunnskap om utbreiingsmønsteret til bestanden har ein på norsk side meint at ein har eit rettkome krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EUs side.

Det blir i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområder. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og beskatningsmønster, har Noreg gjort framlegg overfor EU om å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som fordelast mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Eit tilleggsproblem er at EU fastset ein særskilt makrellkvote i det sørlegaste utbreiingsområdet til bestanden (Biscaya).

Kontroll

Generelt er arbeidet for å skjerpe kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen ei viktig oppgåve. Dette blir gjennomført til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking og satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing blei innført 1. januar 2000.

Tabell 3.1 Desse kvotane er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2005 (tonn):

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk27.3004.64122.659
Hyse66.00014.679151.321
Sei145.00075.40069.600
Kviting28.0002.80025.200
Raudspette59.0001.630157.370
Makrell44.87928.67616.203
Sild535.000155.150379.850

1 Kvote til Noreg etter overføring av respektive 501 tonn hyse og 2.500 tonn raudspette til EU.

Like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vatntrekk frå slike fangstar på 2 % blei innført frå 1. februar 2004. Delvis basert på erfaringane frå innføringa av desse nye vegings- og vatntrekksprosedyrane i fleire EU-land, blei Noreg, EU og Færøyane under trepartsforhandlingane om forvaltninga av makrell hausten 2004 samde om ei ytterlegare skjerping av kontrollen med sjølve fisket og med landingar av makrell. Dette vil mellom anna inkludere ei harmonisering av metodane for inspeksjonar, auka utveksling av inspektørar og styrka inspeksjon av anlegg for mottak av makrell.

Det er også eit stort behov for å styrke kontrollen med landingar av botnfisk.

2005-avtalen

Etter tre forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 26. november 2004, ein kvoteavtale for 2005.

Kvoteavtalen for 2005 reflekterer den vanskelege situasjonen for botnfisk i Nordsjøen. Partane har vedteke å føre vidare kvoten for torsk på same nivå som i 2003, då denne blei kraftig redusert. I tråd med dei reviderte forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei reduserte frå høvesvis 77.000 og 190.000 tonn i 2004 til 66.000 og 145.000 tonn i 2005. Kvitingkvoten er kraftig auka, frå 16.000 tonn i 2004 til 28.000 tonn i 2005, medan kvoten for raudspette er ytterlegare redusert frå 2004 til 2005.

Tabell 3.2 Etter avtalen kan Noreg og EU fiske desse kvotane på andre fellesbestandar i 2005 (tonn):

FiskeslagKvotar til Noreg i EU-sonaKvotar til EU i norsk sone
Augepål1.0005.000
Kolmule120.00020.000
Tobis5.00010.000
Blålange200
Lange6.8001.000
Brosme4.000200
Kombinert kvote600
Pigghå100
Reker900
Hestmakrell1.600
Andre artar4.7207.000
Tunge280
Breiflabb1.800
Sjøkreps1.000

Totalkvoten for makrell er i 2005 sett til 344.562 tonn, mot 446.961 tonn i 2004. Av totalkvoten for 2005 kan 44.879 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 79.045 tonn i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN og i internasjonalt farvatn, og 220.638 tonn kan fiskast i EUs jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtalen med EU på 107.721 tonn.

Situasjonen for sildebestanden er svært god, og kvoten er derfor auka ytterlegare frå 2004 til 2005, frå 460.000 til 535.000 tonn. Det er vidare sett ein bifangstkvote på 50.000 tonn Nordsjøsild i EUs fiske etter andre artar i Nordsjøen i 2005.

Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i sona til den andre parten i Nordsjøen.

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Situasjonen for tobis og augepål i Nordsjøen er svært vanskeleg, og kvotane for 2005 er derfor kraftig reduserte. Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er også reduserte frå 2004 til 2005. Dei andre norske kvotane på fellesbestandane er på om lag same nivå som i 2004. Utanom tobis og augepål er EUs kvotar på fellesbestandane i norsk sone ikkje endra frå 2004. Tunge, breiflabb, sjøkreps, lange og brosme er no tekne ut av kvoten for «andre artar» og sett opp med eigne kvotar i kvotebytet.

Tabell 3.3 EU er tildelt desse kvotane på eksklusive norske bestandar nord for 62ºN i 2005 (tonn):

FiskeslagKvote
Norsk arktisk torsk19.179
Norsk arktisk hyse2.260
Sei3.600
Blåkveite (bifangst)100
Anna (bifangst)450

EUs kvote på torsk nord om 62ºN for 2005 er redusert frå 2004, medan hysekvoten er auka med 260 tonn frå i fjor. EU har tidlegare også vore tildelt ein kvote på uer gjennom kvotebytet, men denne kvoten er teken ut av kvotebytet for 2005. Samstundes pliktar Noreg å gi EU ein tilleggskvote av uer på permanent basis utanom kvotebytet i tråd med brevveksling av 2. mai 1992. Dette kvantumet er i 2005 på 1.500 tonn. Uerkvoten kan berre takast som bifangst nord om 62ºN.

Tabell 3.4 Noreg er i 2005 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn):

FiskeslagKvote
Brisling (EU-sona)1.000
Blåkveite (EU-sona)145
Reker (Grønlands sone)2.750
Blåkveite (Grønlands sone)1.200
Uer (Grønlands sone)3.500
Kveite (Grønlands sone)400
Skolest og isgalt (Grønlands sone)600

Delvis som følgje av den kraftige reduksjonen i EUs kvotar på tobis og augepål i norsk sone, og delvis som følgje av bestandssituasjonen, er også dei norske kvotane på brisling og blåkveite i EU-sona og reker, blåkveite og uer i grønlandske farvatn reduserte i 2005. Loddekvoten ved Grønland er teken ut av kvotebytet for 2005 som følgje av den vanskelege bestandssituasjonen.

3.2.3 Noreg – Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til partane. I forhandlingane med Færøyane blir det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket.

Kvoteavtalen mellom Noreg og Færøyane for 2005 blei inngått i Tórshavn 15. desember 2004. Etter avtalen er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.

I NØS nord om 62ºN har Færøyane i 2005 høve til å fiske 2.108 tonn norsk arktisk torsk, 693 tonn hyse, 892 tonn sei og 50 tonn andre artar (uer og blåkveite). Samanlikna med 2004 blei torskekvoten og hysekvoten redusert, medan kvoten på sei har hatt ein auke. Kvoten på andre artar er på same nivå som i 2004. Færøyanes seikvote skal også dekkje bifangst i fiske etter torsk og hyse.

Færøyane har fått ein kvote på 1.045 tonn makrell nord om 62ºN. Kvoten er 330 tonn lågare enn kvoten i 2004. Avtalen opnar også for at makrellkvoten kan bli fiska i Nordsjøen nord om 57º30""N.

Færøyane kan fiske inntil 500 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Denne kvoten er på same nivå som i 2004. Det blei ikkje gitt loddekvote for 2005.

I avtalen for 2005 har Færøyane høve til å fiske inntil 7.469 tonn makrell av den nasjonale færøyske kvoten avtalt i trepartsforhandlingane mellom EU, Færøyane og Noreg i NØS nord om 57º30""N.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar på mellom anna nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noregs økonomiske sone. I 2005 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2.600 tonn norsk arktisk torsk, 100 tonn hyse og 300 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.

I kvoteavtalen pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

Av den samla kvoten av andre artar nord om 62ºN på 50 tonn tildelt av Noreg og 300 tonn tildelt av Russland, kan Færøyane ikkje fiske meir enn 150 tonn uer. Uer og blåkveite kan berre takast som bifangst.

I Noregs økonomiske sone sør om 62ºN er Færøyane tildelt 16.800 tonn kolmule, 500 tonn brisling og 280 tonn andre arter. Kvotane omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei, sild og augepål. Augepål kan i 2005 berre fiskast som uunngåeleg bifangst. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.415 tonn sei og 700 tonn sild. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 1.000 tonn hestmakrell. Kvotane av håbrann/pigghå og hestmakrell kan også bli fiska nord om 62ºN. Kolmulekvoten blei auka med 8.800 tonn og seikvoten auka med 315 tonn i forhold til avtalen for 2004. Det blei ikkje gitt kvote på tobis i 2005. Dei andre kvotane er på same nivå som i 2004.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 100 tonn kolmule og 50 tonn reker som prøvefiske utanfor 12 n. mil. Begge kvotane er dei same som i 2004. Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 975 tonn norsk arktisk torsk og inntil 235 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Færøyane pliktar å avgrense det færøyske rekefisket i fiskevernsona ved Svalbard i samsvar med gjeldande norske forskrifter.

I Færøyanes økonomiske sone er Noreg i 2005 tildelt ein kvote på 2.200 tonn lange/blålange, 1.800 tonn brosme, 400 tonn sei og 910 tonn andre artar. Kvoten av andre artar skal berre fiskast som bifangst. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel bli fiska med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner. Dei lisensierte fartøya kan fiske i eit nærmare bestemt område (Færøybanken) i inntil 10 dagar kvar tur, likevel ikkje ut over 27 dagar i løpet av 2005.

I Færøyanes økonomiske sone har Noreg i tillegg fått ein kvote på 36.200 tonn kolmule. Noreg er også tildelt 4.321 tonn makrell, ein reduksjon på 1.291 tonn frå 2004. Noreg kan i tillegg fiske 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske og drive eit direkte prøvefiske med garn på 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb. Hestmakrellkvoten er for 2005 fastsett til 230 tonn.

Med referanse til møtet 4. november 2004 mellom EU, Færøyene og Noreg om ein trepartsavtale om makrell, var partane samde om at alt fiske etter nordaust-atlantisk makrell bør forvaltast i fellesskap og såleis inngå i totalkvoten for jurisdiksjonsområda til partane (den såkalla «referanse-TAC»).

3.2.4 Noreg – Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite, uer og lodde frå EU i grønlandske farvatn.

Etter protokollen av 8. desember 2004 kan grønlandske fiskarar i 2005 ta desse kvantuma i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord om 62ºN: 1.840 tonn norsk arktisk torsk, 300 tonn norsk arktisk hyse, 925 tonn norsk arktisk sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Nord om 62ºN blei kvoten på torsk redusert med 60 tonn, kvoten på hyse redusert med 30 tonn, medan seikvoten er på same nivå som i 2004: 925 tonn. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Også dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde.

I NØS sør om 62ºN: 1.000 tonn sei. Kvoten er på same nivå som i 2004. Andre botnfiskartar kan berre fiskast som bifangst, men avgrensa til 100 tonn og innanfor norske føresegner om bifangst.

Noreg har fått tildelt desse kvantuma i Grønlands sone i 2005:

Ved Vest-Grønland: 650 tonn blåkveite. Denne kvoten er på same nivå som i 2004. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2005 kan trålfiske finne stad sør om 64º30""N eller nord om 68ºN med inntil 6 trålarar i sona samstundes. Noreg må melde frå innan 15. januar kor stor del av kvoten ein ønskjer å fiske nord om 68ºN, maksimum er 200 tonn.

Ved Aust-Grønland: 425 tonn blåkveite, 725 tonn uer fiska med pelagisk trål, 100 tonn uer fiska med bunntrål og 350 tonn kveite. Kvotane av uer fiska med pelagisk trål, uer fiska med bunntrål og kveite er dei same som i 2004. Kvoten av blåkveite blei redusert med 100 tonn.

Ved Vest- og Aust-Grønland: 600 tonn torsk. Kvoten er den same som i 2004.

I tillegg kjem 150 tonn av andre artar som bifangst.

Det var semje mellom Noreg og Grønland om innhaldet i ein avtale om kontrollsamarbeid. Partane tek òg i løpet av 2005 sikte på å gjennomføre eit pilotprosjekt som gjeld elektronisk fangst- og aktivitetsrapportering.

3.2.5 Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet («Smottholsavtalen»), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet («Smottholsavtalen» er gitt ei omtale i St.meld. nr. 49 (1998 – 1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2004/2005 fiske 4.505 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For sesongen 2004/2005 er loddekvoten sett til 17.212 tonn.

3.2.6 Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat blir inngått på grunnlag av trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU blei 26. november 2004 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2005.

Totalkvoten for hyse er redusert med 737 tonn, medan totalkvotane for torsk og kviting er uendra i forhold til kvotane i 2004. Kvoten for raudspette er redusert med 1.900 tonn, medan sildekvoten er auka med 26.000 tonn. Totalkvotene for reker og brisling er uendra samanlikna med 2004.

Etter den tosidige fiskeriavtalen mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen også i Skagerrak. Etter den same avtalen kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak og i EU-sona av Nordsjøen i 2005.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert i forhold til tidlegare. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 24.150 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2005. Som i 2004, vil norske fiskarar også i 2005 kunne fiske inntil 50 % av den norske Skagerrak-kvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

3.2.7 Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri.

Tabell 3.5 Desse kvotane gjeld for 2005 (tonn):

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk3.9001273.773
Hyse4.0181693.849
Kviting1.500271.473
Raudspette7.6001527.448
Reker10.7104.9915.719
Sild96.00012.80483.196
Brisling46.250

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2005 blei underskriven av Noreg og EU i Brussel 26. november 2004.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2005:

I NØS sør om 62ºN: 411 tonn torsk, 761 tonn hyse, 947 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 151 tonn reker, 1.102 tonn sild, 315 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane for torsk, hyse og sei er reduserte frå 2004, medan kvotane for sild og makrell er auka. Dei andre kvotane er ført vidare frå 2004.

3.2.8 Regulering av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren

Det er ikkje kome i stand ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2005.

Partane har vore samla fleire gonger for å nå fram til ei semje. Noreg har i forhandlingane om ein avtale for 2005 framleis eit krav om ein auke i den norske delen av totalkvoten. Noreg grunngir kravet sitt ut i frå prinsippet om sonetilhøyring, og dessutan at Noreg fekk ein urimelig låg del av TAC då den første fempartsavtalen blei inngått i 1997.

Noreg har i mangel av ein fempartsavtale underskrive ein førebels tosidig avtale med Russland for 2005. Avtalen med Russland inneber at russisk fiske kan gjennomførast i NØS i tråd med tradisjonelt fiske.

3.2.9 Regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen blei underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er reforhandla tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen blei det opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane leidde frem til ein ny avtale basert på hovuvedelementa i den tidlegare avtalen. Hovudendringa i den nye avtalen er at den gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare blei artikkel 10 om satellittsporing teken ut, ettersom punktet var forelda. Ingen av partane valde å seie opp avtalen innan fristen. Avtalen vil dermed også gjelde for 2005.

3.2.10 Forhandlingar om eit forvaltningsregime for kolmule

Sidan 1999 har dei landa som er definerte som kyststatar til kolmule – Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland – saman med Russland som spesielt invitert part, arbeidd med å etablere eit forvaltningsregime for heile kolmulebestanden.

Desse partane er samde om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar: eit kyststatsregime og ei separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Partane er såleis samde om at for å få til ei NEAFC-regulering av kolmulefisket i internasjonalt farvatn, må ein først etablere eit kyststatsregime. Sidan Russland er ein viktig aktør i kolmulefisket i internasjonalt farvatn, er Russland spesielt invitert til å delta i desse forhandlingane, sjølv om Russland ikkje er tildelt status som kyststat.

Kyststatane hadde sitt første møte i Brussel 9.-10. februar 2000, og ein har førebels hatt fjorten slike forhandlingar utan å kome til ei endeleg løysing.

3.2.11 Regulering av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn fremja Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget blei vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne begynne forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane blei sluttførte 19. november 1999, då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren i 2000. Partane har inngått tilsvarande avtalar for 2001, 2002, 2004 og 2005. For 2003 inngjekk partane ein ad hoc avtale som gjekk ut på at partane skulle forvalte sitt eige fiskeri på grunnlag av proporsjonalitet mellom fangstavgrensinga på 586.500 tonn i 2002 og 500.000 tonn i 2003.

Fordelinga mellom Noreg og EU forhandlast tosidig. Dette er følgt opp i kvoteavtalen mellom Noreg og EU for 2005 (sjå punkt 3.2.2).

På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 40.185 tonn i 2005. Av denne kvoten blei det sett av 18.887 tonn til Russland, 20.092 tonn til kyststatane og 1.206 tonn til Island. Kvoten til kyststatane er fordelt med 12.905 tonn til Noreg og EU og 7.187 tonn til Færøyane. Både Russland og Island har reservert seg mot NEAFC-reguleringa.

3.2.12 NAFO

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO, fastset kvotar i internasjonalt farvatn i området mellom Grønland, Canada og USA. Konvensjonen som NAFO er grunnlagd på omfattar i prinsippet alle bestandar i området utanom laks, tunfisk, sverdfisk og kval. For bestandar som vandrar mellom kanadisk sone og NAFO-området, fastset NAFO reguleringar og kontrolltiltak i samråd med Canada. Figur 3.2 viser NAFOs konvensjonsområde.

Figur 3.2 NAFOs konvensjonsområde

Figur 3.2 NAFOs konvensjonsområde

Noreg har kvoterettar i NAFOs reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk og lodde er det sett forbod mot eit direkte fiske av desse artane i NAFO-området. Noreg har òg sidan 1993 fiska reker i 3M (Flemish Cap). Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men blir regulert ved at ein avgrensar talet på fartøy og fiskedøgn.

NAFOs vitskapskomité gav i 1998 for første gong ei kvotetilråding for rekefisket ved Flemish Cap. Spørsmålet om å innføre kvoteregulering i staden for å regulere talet på deltakande fartøy og fiskedøgn i rekefisket ved Flemish Cap har sidan vore drøfta fleire gonger, utan at partane hittil har klart å kome fram til ei endeleg avklaring. Derfor er spørsmålet om ei kvoteregulering av reker i 3M for tida ikkje tema i organisasjonen. På årsmøtet hausten 2004 vedtok partane same regulering som tidlegare år, slik at norske fartøy også i 2005 kan fiske i til saman 1.985 fiskedøgn i underområde 3M. 32 norske fartøy kan ta del i fangsten. I underområde 3L har Noreg ein kvote på 144 tonn i 2005, som kan fiskast av eitt norsk fartøy.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som blir forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. For 2003 og 2004 fastsette NAFO ein eigen kvote på 7.500 tonn uer for dei NAFO-medlemmane som ikkje er medlemmar av NEAFC, medan NEAFC-medlemmene kunne fiske inntil 25.000 tonn av NEAFC-kvoten i NAFO-området. Dette innebar at den norske uerkvoten for 2003 og 2004 var ein totalkvote for begge områdene, og at kvotar tekne i eitt område blei rekna mot kvotar tekne i det andre området. (Sjå pkt. 3.2.13). Denne reguleringa er ført vidare i 2005.

Bestanden av blåkveite er dramatisk endra, og Vitskapskomitéen anbefalte eit uttak av blåkveite på 16.000 tonn i 2004, mot ein kvote på 42.000 tonn i 2003. På årsmøtet hausten 2003 blei partane etter til dels lange og vanskelige forhandlingar einige om at dei over ein fireårsperiode skal trappe ned frå 20.000 tonn i 2004 til 16.000 tonn. Dei blei også enige om ein plan for gjenoppbygging av blåkveitebestanden. Planen står fast og gir ein kvote på 19.000 tonn for 2005. Det er særleg Canada og EU, og til ein viss grad Russland og Japan, som desse tiltaka får størst følgjer for, i og med at det er desse statane som har dei største delane av blåkveitekvoten.

Heile kvoten på 19.000 tonn er no delt mellom dei som har fiska mest på blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på på 30.000 tonn. Då gjeninnførast ein «others»-kvote på 1.300 tonn. Dette vil kunne gjere det mogleg for Noreg å fiske blåkveite, då dei fleste andre «konkurrentane» no har faste kvoter.

I kontrollkomiteen, STACTIC (Standing Committee on International Control), blei det i 2003 for første gong gjennomført ein systematisk og altomfattande gjennomgang av korleis medlemmene følgde NAFO-regelverket i 2003. Dette skal skje årleg. Det var mellom anna avdekka direkte fiske på artar under moratorium, feilrapportering og brot på reglane om maskevidde og reglane for VMS (Vessel Monitoring System). Ein har ikkje sett at norske fartøy har brote regelverket. Berre Canada og EU driv kontinuerleg kontroll til havs, og spesielt EU er oppteken av at andre må bidra.

I STACFAC (Standing Committee on the Fishing Activities of Non-Contracting Parties in the Regulatory Area) kom ein på årsmøtet hausten 2004 langt i å gjere ferdig eit system for å svarteliste fartøy som har delteke i eit IUU-fiske i NAFO-området, og som tilhøyrer statar som ikkje er medlemmer av organisasjonen. Systemet byggjer i stor grad på dei ordningane som allereie er vedteke for CCAMLR og ICCAT. Ein tek sikte på å sluttføre dette arbeidet på årsmøtet i 2005, der ein også vil forsøke å komme vidare i arbeidet med eit tilsvarande system for medlemsstatar.

Meir informasjon finst på NAFOs heimesider: http://www.nafo.ca

3.2.13 NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFCs myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak blir sett i verk. Blant bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar det opne hav, finst mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

NEAFC vedtok i 1996 for første gong eit avgrensa uttak på oseanisk uer i Irmingerhavet. Partane i NEAFC blei på årsmøte i 2004 ikkje einige om reguleringstiltak for uer i Irmingerhavet i 2005. Noreg fastsette derfor ein unilateral kvote basert på ein TAC på 82.000 tonn, som er i tråd med det kyststatane Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland) og Island la seg på. Partane har imidlertid etter årsmøtet blitt samde om reguleringstiltak også for uer i 2005, basert på ein TAC på 75.200 tonn.

NEAFC har gjort vedtak om å avgrense fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon i 2004, men vedtaket vil først tre i kraft når ein kyststatsavtale for norsk vårgytande sild er på plass (sjå punkt 3.2.8). Ein slik avtale er hittil ikkje kome i stand for 2005.

På årsmøtet til NEAFC i 2000 vedtok partane for første gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn. Kvoten for dette området blei fastsett til 56.610 tonn makrell i 2003. For 2004 blei denne kvoten redusert til 52.192 tonn, og for 2005 blei kvoten ytterlegare redusert til 40.185 tonn. Island og Russland har reservert seg mot denne reguleringa (sjå punkt 3.2.11).

For 2000 og 2001 blei det fastsett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn, men utan at denne blei fordelt mellom medlemslanda. På årsmøtet til NEAFC hausten 2001 var det fleirtal for å utsetje spørsmålet om totalkvote og eventuell fordeling av kolmulebestanden til eit ekstraordinært årsmøte i april 2002. Partane lykkast ikkje under dette møtet, og heller ikkje i 2003 eller 2004, å bli samde om ei fordeling av kolmulebestanden. Det er derfor ikkje vedteke forvaltningstiltak for kolmule i NEAFC-området for 2005 (sjå punkt 3.2.10).

NEAFC har innleidd ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. Organisasjonen har i den samanheng sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere forslag til reguleringar for desse bestandane. På årsmøtet i 2002 var det semje om å innføre mellombelse forvaltningstiltak som gjekk ut på at partane skulle fryse sin innsats. På eit ekstraordinært møte i mai 2003 drøfta kommisjonen permanente forvaltningstiltak, men partane oppnådde ikkje semje om dette. Partane vedtok på årsmøtet i 2003 å setje ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide vidare med regulering av djuphavsartar. På årsmøtet i 2004 var det semje om at partane i 2005 skal redusere innsatsen i fiske etter djuphavsartar med 30 %. Det var også semje om å utvide talet av artar som skal omfattast av denne reguleringa frå 22 til 49 artar.

NEAFC vedtok på årsmøtet i 2004 å stenge fem område for fiske med bunntrål og fastståande reiskap. Stenginga skal gjelde ut 2007, og ICES skal i denne perioden arbeide vidare med spørsmål knytt til det vitskapelege grunnlaget for stenging av sårbare habitat. Fleire av arbeidsgruppene i NEAFC skal arbeide vidare med saka, mellom anna med spørsmålet om korleis organisasjonen kan få ei meir økosystembasert tilnærming til forvaltninga i NEAFCs myndigheitsområde.

Årsmøtet i 2004 vedtok vidare å etablere ein tvisteløysingsmekanisme for løysing av saker der to eller fleire parter er ueinige om tolkinga av konvensjonen eller vedtak i medhald av konvensjonen. NEAFC er med dette vedtaket den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som har etablert ein eigen og hurtigarbeidande tvisteløysingsmekanisme. Denne gjer det mogleg å løyse tvistar som elles kunne ha ført til at den myndigheita som organisasjonen har til å fastsette reguleringar blei svekka.

Meir informasjon finst på NEAFCs heimesider: http://www.neafc.org/

3.2.14 IWC, NAMMCO og CITES

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC blei oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er derfor ikkje bunden av det. Før IWC vil oppheve moratoriet, vil organisasjonen ha på plass eit revidert forvaltningsregime. Dette har det vore arbeidd med sidan 1994. Det er framleis usikkert om det er mogleg for IWC å utarbeide eit regime som eit fleirtal kan akseptere. Det har vore to møte i ei arbeidsgruppe sidan årsmøtet i fjor, utan at det er teikn til framdrift.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurdering av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteberekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at den kan brukast til å berekne kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten er basert på det arbeidet som er gjort i IWCs vitskapskomité. For 2005 har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 797 dyr.

Stortinget har oppmoda regjeringa om å auke det årlege uttaket av vågekval vesentleg og i tråd med tilrådingar frå norske forskarar. Under årsmøtet i fjor opplyste Noreg at ein vil foreslå ei justering av kvoteberekningsmodellen, slik at den tek omsyn til det som er spesielt for vågekval i norske farvatn. Ein reknar med at det vil medføre høgare kvotar for norsk fangst. Norske forskarar arbeider no med dette, og dei vil orientere om framdrifta i arbeidet på møtet i vitskapskomiteen i juni.

Meir informasjon finst på IWC’s heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, blei etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskapelege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, medan Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lykkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, Canada og USA deltok på eit seminar om jaktmetodar for sel hausten 2004. Resultatet av dette arbeidet gir grunnlag for å revidere delar av det norske regelverket for selfangst. NAMMCOs vitskapskomité driv forsking på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren, blant anna blir det arbeidd med å utvikle fleirbestandsmodellar, noko som er viktig for å oppnå ei økosystembasert forvaltning. Noreg arbeider for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

Meir informasjon finst på NAMMCOs heimesider: http://www.nammco.no/

CITES

Konvensjonen om internasjonal handel av trua dyre- og planteartar, CITES («Convention of International Trade in Endangered Species of Fauna and Flora»), regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som anten er trua av utrydding, eller som kan bli det om ikkje handelen blir regulert. I 1983 blei vågekval ført opp på liste I under CITES. Dette inneber eit forbod mot handel med produkt av vågekval. Noreg har reservert seg mot denne listinga fordi vågekvalen ikkje fyller kravet om å vere trua av utrydding. Noreg har arbeidd for å få opna for kontrollert handel ved å fremje forslag om å endre listinga av vågekval. Dette blei for tredje gong forsøkt oppnådd på CITES’ partskonferanse i april 2000, utan at ein fekk det nødvendige 2/3 fleirtal. Etter ei samla vurdering blei det frå norsk side i januar 2001 likevel gjort vedtak om å opne for eksport av norske produkt av vågekval under bestemte vilkår. Noreg starta å eksportere vågekval til Island i 2002 og til Færøyane i 2003. På partsmøta i CITES i 2002 og 2004 blei det frå norsk side ikkje fremja nye forslag om nedlisting.

Dei siste 10 åra har det vore ei aukande interesse i CITES for å liste fisk og andre marine artar. FAO har, gjennom fiskerikomiteen, engasjert seg i dette spørsmålet. Frå norsk side har ein hatt innvendingar mot at CITES skal ha ei aktiv rolle i fiskeriforvaltinga. Noreg har på prinsipielt grunnlag gått imot listeføring av kommersielle marine artar inntil ein har fått klarlagt kva for konsekvensar ei slik listeføring kan få for fiskeriforvaltinga, sikra at dei kriteria som CITES legg til grunn for listing er høvelege for marine artar og fått på plass ein samarbeidsavtale mellom CITES og FAO, slik at naudsynt kompetanse er involvert.

Noreg har fått aksept for at forslag til listing av marine artar skal vurderast av eit ekspertpanel i FAO før CITES kan ta stilling til dei. Dette skjedde før partsmøtet hausten 2004, men det var fleire land som ikkje la vekt på tilrådingane frå FAO-ekspertane. På møtet i 2004 vedtok CITES samrøystes nye kriterium for listing av artar. Desse blei likevel ikkje avgjerande for alle land, idet dei av politiske omsyn inntok ei anna haldning når ein drøfta artar som opinionen er oppteken av.

Meir informasjon finst på CITES’ heimesider: http://www.cites.org/

3.2.15 CCAMLR

Kommisjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis, CCAMLR, blei oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggarane. «Bevaring» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting av ressursane. I begynnelsen blei CCAMLR omtala som krill-konvensjonen. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonsk tannfisk og makrell isfisk i området.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmene. I utgangspunktet er det såleis ope for eit «olympisk» fiske, men til ein viss grad blir kvotane delte etter avtale mellom dei statane som driv det konkrete fisket.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busett i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. Ein norsk båt dreiv forsøksfiske i CCAMLR-området i 2004. Båten har løyve til å drive forsøksfiske også i 2005.

Noreg deltok på CCAMLRs årsmøte i 2004. Det har lenge vore fokusert på det ulovlege (innanfor dei økonomiske sonene) og uregulerte (på det opne hav innanfor konvensjonsområdet) fisket etter patagonisk tannfisk, såkalla «IUU-fiske». Dette problemet synest ikkje å minke. Fisket gjennomførast både av fartøy som fører flagget til CCAMLR-medlemmer og fartøy under framandflagg. Det har i det siste vore rapportert om «nye» initiativ til direkte å fiske ulovleg og uregulert i området. Blant anna er det avdekt at ei rekkje fartøy er bygde eller kontraherte med dette for auge. CCAMLR har i løpet av dei siste åra skipa ei rekkje tiltak for å motverke denne aktiviteten, men problemet med det uregulerte fisket er enno ikkje løyst.

På årsmøtet i 1999 tok Noreg initiativet til ein resolusjon om «svartelisting» av fiskefartøy. Resolusjonen, som blei vedteke av CCAMLR, oppfordra medlemmer av organisasjonen til ikkje å flagge eller lisensiere fartøy frå ikkje-medlemmer av CCAMLR som har delteke i IUU-fiske. På årsmøtet i 2002 blei det semje om å utbyggje systemet med «svartelisting» til å inkludere medlemmer av CCAMLR, samtidig som resolusjonen blei gjort om til bindande reguleringar.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som blir importert til eit medlem av organisasjonen, er teke i samsvar med CCAMLRs regelverk eller teke utanfor CCAMLR-området. Det blir gjennomført ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000. Det er skipa eit eige fond i CCAMLR der medlemslanda kan overføre verdien av fangstar som blir konfiskert i samband med handheving av systemet.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

3.2.16 ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, blei etablert i 1969. Fiskeriorganisasjonens primære funksjon er bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Middelhavet og Atlanterhavet. ICCATs kompetanseområde omfattar ca. 30 artar, og av desse er makrellstørje av særlig interesse for Noreg.

Noreg møtte som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003, og deltok som offisielt medlem i organisasjonen frå 1. mars 2004, etter at Stortinget hadde ratifisert konvensjonen 17. desember 2003. Bakgrunnen for den norske interessa er at det igjen kan bli aktuelt med fiske etter makrellstørje i norske farvatn. Noreg hadde eit omfattande fiske etter makrellstørje på femti- og sekstitalet, men fisket tok slutt i 1986. Det er no teikn som tyder på at makrellstørja kan ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster i norske farvatn.

ICCAT var lenge dominert av interessene til fjernfiskestatane, og opererte inntil nyleg med kriterium for tildeling av kvotar som var baserte på historisk fiske, og som ikkje tok omsyn til kyststatanes rettar (t.d. sonetilhøyringsprinsippet). På årsmøtet i 2001 vedtok ein nye kriterium for tildeling av kvotar. Dei nye kriteria vernar no interessene til kyststatane slik Noreg har definert dei.

Noreg deltok som observatør på årsmøtet i 2004. Då fekk Noreg aksept for at vi som medlem kan fiske inntil 100 tonn makrellstørje av samlekvoten som er sett for dei som ikkje er tildelt særskilt kvote for inneverande forvaltningsperiode, som går fram til 2006.

I ICCAT vil Noreg arbeide for ei betre forvaltning av makrellstørje, med særleg vekt på vern av ungfisk. Ein vil samarbeide tett med dei medlemsstatane som ønskjer ei berekraftig forvaltning. Dette vil medverke til at bestanden på nytt kan bli så stor at den vandrar ut i Atlanteren på beitevandring i eit slikt omfang at den kan nyttiggjere seg at dei store pelagiske fiskeartane er i god forfatning, slik at den enkelte makrellstørja kan utnytte sitt vekstpotensial.

Totalkvoten for makrellstørje i Nord-Atlanteren og Middelhavet er i 2005 sett til 32.000 tonn.

Meir informasjon finst på ICCATs heimesider: http://www.iccat.es/

3.2.17 SEAFO

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, blei etablert 20. april 2001 og har sitt hovudsete i Namibia.

Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. I tillegg til Noreg er konvensjonen underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Sør-Korea og USA. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003.

Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg også deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gi innsyn i og høve til å påverke i forhold til statspraksis på området. Vidare vil Noregs to- og fleirsidige bistandsengasjement i regionen kunne styrkast gjennom deltaking i SEAFO.

Noreg deltok ikkje på det første årsmøtet i SEAFO som blei halde i Namibia 9.-13. mars 2004. Etter planen skal Noreg vere representert på årsmøtet 3.- 6. oktober i 2005.

Meir informasjon finst på SEAFOs heimesider: http://www.mfmr.gov.na/seafo/seafo.htm

Til forsida