St.meld. nr. 46 (2002-2003)

Kvitteringar frå politiet ved visitasjon og annan kontroll

Til innhaldsliste

4 Politidirektoratet sin rapport «Registrering og dokumentasjon i forbindelse med politikontroller»

På oppdrag frå Justisdepartementet leverte Politidirektoratet i desember 2002 rapporten «Registrering og dokumentasjon i forbindelse med politikontroller».

Arbeidsgruppa som greia ut saka på vegne av Politidirektoratet har teke utgangspunkt i at stortingsvedtaket er basert på det overordna føremålet å verne publikum mot grunnlause integritetskrenkingar, og i særleg grad verne etniske minoritetar mot diskriminerande politipraksis. Ein ønskjer å skape tillit og føresjåing i forholdet mellom publikum og politiet. Rapporten understrekar at det ikkje kan utelukkast at politiet vert opplevd som diskriminerande i høve til grupper og personar med minoritetsbakgrunn. I oversendingsbrevet som følgjer rapporten, vert det framheva at «etter Politidirektoratets oppfatning har politiet åpenbart utfordringer og oppgaver å løse i forhold til etniske minoriteter». Politidirektoratet meiner det bør setjast inn ressursar på dette området. Ein viser til arbeidet med oppfølgjinga av regjeringa sin Handlingsplan mot rasisme og diskriminering, og peiker på nokre tiltak som er godt egna til å fremje tillit og samarbeid mellom politiet og etniske minoritetar.

Politidirektoratet stiller spørsmål ved om ein oppnår det som er føremålet ved ei kvitteringsordning, dersom ein kun fokuserer på den einskilde sitt høve til å kunne dokumentere at vedkomande har vore utsett for kontroll.

I rapporten vert det vurdert kva føremål overvakinga av politiet sin praksis skal tene. Ein konkluderer med at ei eventuell kvitteringsordning som berre tek sikte på å gi den einskilde ei kvittering utan at denne vert knytt til informasjon om politiet si grunngjeving for handlinga, ikkje vil kunne gi noko høve til styring eller kontroll. Ei slik ordning vil heller ikkje ha særleg bevisverdi for den einskilde. Det sentrale vil ikkje vere om ein person er blitt stoppa av politiet eller ikkje, men kva som var grunnlaget for at politiet stoppa vedkomande, og om grunnlaget var tilstrekkeleg. Ein meiner at ei registrering og databehandling/overvaking i større grad vil kunne oppfylle Stortinget sitt ønskje om å undersøkje om politiet har ein diskriminerande praksis. Vidare meiner ein at ei løysing med utlevering av kvitteringar basert på papirblokker ikkje er god for nokon av partane. I staden vert det foreslått ei ordning der den som ønskjer kvittering skal kunne få dette på førespurnad. Ein foreslår at politiet si plikt til å levere ut slik kvittering vert avgrensa til seks månader eller eitt år etter hendinga. Ein meiner det vil bli «relativt liten interesse» for tilbodet.

Som vist tidlegare, går innvendingane mot ei kvitteringsordning mellom anna på at ei slik ordning vil bli svært ressurskrevjande. Vidare meiner ein at ei slik ordning vil kunne verke polariserande i forholdet mellom majoritet- og minoritetfolkesetnaden, samt kunne føre til at politiet trekkjer seg vekk frå publikum, med dei negative konsekvensane dette vil kunne få for kampen mot kriminalitet. Ei anna ulempe er at møta med politiet vil ta lengre tid, og slik vil innebere større ulemper for mange.

Vidare tek rapporten føre seg spørsmålet om ei eventuell kvitterings-/registreringsordning vil kunne ha slik effekt som er ønskjeleg, og viser til erfaringar frå England og Skottland.

Det vert peika på den manglande kunnskapen om forholdet mellom politiet og ulike folkegrupper i Noreg, og presisert kor viktig det er å skaffe slik kunnskap. Det som finst av forsking gjev ikkje grunn til å tru at politiet er diskriminerande eller urimeleg i praksisen sin. Ein meiner det er vanskeleg å forsvare ei registreringsordning utan at ein kjenner og kan godtgjere trongen. Dette vert styrkja gjennom den uvissa som knyter seg til om det er mogeleg å nå målet gjennom ei slik ordning.

Rapporten seier at den foreslåtte registreringsordninga der politiet hentar inn og registrerer personopplysningar om svært mange, vil krevje eit særskilt heimelsgrunnlag for ikkje å kome i konflikt med personopplysningslova. Det vert rådd til at ei eventuell registreringsordning får ein særskilt heimel gjennom ei føresegn til politilova.

Sjølv om politiet si behandling av personar med minoritetsbakgrunn ofte har vore fokusert i debatten kring ei kvitterings-/registreringsordning, vert det understreka at ei eventuell registreringsordning må gjelde alle, og at den må kunne gjennomførast på same måten i heile politi-Noreg.

Det heiter i rapporten at det sjeldan blir skriven rapport med utgangspunkt i straffeprosesslova § 199, 2. ledd etter ransakingar som er gjort med grunnlag i § 198 i lova, dersom det ikkje vert funne noko ved ransakinga. Det vert peika på at slik forsøming, i tillegg til sløyfa rapporteringar av visitasjonar og utlendingskontrollar, er uheldig. Ein strekar under politiet si plikt til å rapportere. Det vert likevel sagt at slik manglande rapportering vil kunne vere ei føremon for einskilde, som då slepp å få namnet sitt i politiet sine register.

I samband med utgreiinga har ein rekna ut kor stort ressursbehovet er i høve til ulike løysingar, kva opplysningar som må registrerast, og ei vurdering av kva typer kontakt mellom politiet og publikum som eventuelt bør registrerast. Det vert sagt at det ikkje er mogeleg å gjennomføre noko form for registrering i samband med visitasjonar etter politilova § 7a, som er masseundersøkjingar, fordi dette er kortvarige og intensive aksjonar basert på liten grad av skjønn. Ein ser det også som vanskeleg å inkludere kontrollar etter vegtrafikklovgjevinga og utlendingslovgjevinga, hovudsakeleg fordi ein reknar med at dette vil krevje store ressursar. Utlendingskontrollar høyrer dessutan allereie inn under eit regelverk med rapporteringsrutiner.

I rapporten drøftar direktoratet kva opplysningar ei kvittering bør innehalde, og kva som eventuelt bør registrerast. Ein tek opp problem knytt til kva for etnisk gruppe vedkomande tilhøyrer, og kven som skal definere slik tilhøyrsle. Språkproblem og usemje med omsyn til etnisitet kan føre til at det vil ta tid å få skrive ut kvitteringa.

Generelt konkluderer rapporten med at ei registreringsordning vil vere kostbar og ressurskrevjande.

Ein viser til at ei registreringsordning vil krevje meir personellressursar, og at den minst personalkrevjande løysinga for ei registreringsordning truleg vil vere at kvar tenestemann kan bruke handhaldne terminalar for å leggje inn informasjon i det politioperative systemet. Dette let seg likevel ikkje gjennomføre med den teknologien ein har i dag. Eit system med avanserte handhaldne terminalar vil krevje tid og ressursar til utvikling av terminalar, programvare og analyseverktøy, i tillegg til ein «sambandsberar», som ikkje er tilgjengeleg i dag.

Det vert foreslått at ei eventuell registreringsordning i hovudsak kan løysast teknisk ved å utnytte det politioperative systemet meir eller mindre slik det fungerer i dag. Direktoratet meiner at ei av ulempene ved å leggje informasjon inn i det politioperative systemet er at opplysningar som i Storbritannia kan vere anonyme vil måtte registrerast med namn i Noreg, fordi ein har anna regelverk her. I tillegg vil informasjonen leggjast inn i eit register mange vil ha innsyn i.

Det er viktig å merke seg at ei registrering i det politioperative systemet ikkje åleine vil gi svar på spørsmålet om politiet sin praksis er diskriminerande eller ikkje. Data frå systemet må, lik all anna statistikk, analyserast og tolkast av kunnig personale.

Oppdraget frå Justisdepartementet inkluderte skildring av eit pilotprosjekt. Det vert lagd fram forslag til eit prosjekt over eitt år, lagd til Søndre Buskerud og Agder politidistrikt. Oslo vert rekna som lite høveleg distrikt for prøveprosjekt. Ein tenkjer seg ei ordning der politiet berre skal registrere alle straffeprosessuelle ransakingar som tenestemennene bestemmer i medhald av straffeprosesslova § 198.

Rapporten konkluderer med at føremålet med ordninga gjer at informasjonane som vert skrivne ned må lagrast i eit dataregister. Registreringa må gi informasjon og statistikk som kan granskast for å kunne bli behandla og analysert i ettertid. Eit av spørsmåla prøveprosjektet må finne svar på, er i følgje rapporten kor mange av dei som vert ransaka som ønskjer å få ei kvittering på dette i ettertid.

Som teknisk løysing for pilotprosjektet foreslår utvalet at ein nyttar seg av dei høva som allereie ligg i det politioperative systemet, som fungerer som lokal elektronisk vaktjournal ved alle politidistrikta i landet.

Prøveprosjektet som blir foreslått er rekna ut til å koste ca 2,9 mill kr. Dette vil dekke kostnader til løn og drift:

Prosjektleiing, reiser, informasjonsmateriellkr 1 550 000
Styrking av ressursar lokalt m.m.kr 1 300 000
Sumkr 2 850 000

Eventuelle utgifter til teknisk utstyr kjem i tillegg.

Til forsida