St.meld. nr. 46 (2002-2003)

Kvitteringar frå politiet ved visitasjon og annan kontroll

Til innhaldsliste

6 Departementet sine drøftingar og konklusjonar

Justisdepartementet fekk i 1994 førespurnad om innføring av ei kvitteringsordning for politiet. Departementet uttrykte forståing for problemstillinga, men avviste likevel kravet, av di ein meinte problema kunne motarbeidast betre gjennom andre tiltak. Kritikken mot politiet sitt forhold til etniske minoritetar i åra som har gått sidan forslaget vart presentert, tyder på at Justisdepartementet sine tiltak likevel ikkje har hatt ønskja effekt. Departementet meiner det er nødvendig å setje i verk meir effektive tiltak på dette området.

På bakgrunn av ein rapport frå The European Commission against Racism and Intolerance («Second Report on Norway», 1999) og kritikk frå andre organisasjonar, vart det i 2001 utarbeidd ein rapport i Justisdepartementet om Forebygging av rasisme og diskriminering i politi- og lensmannsetaten - forslag til tiltak. Tiltaka i rapporten vart inkluderte i regjeringa sin Handlingplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006). Tiltaka handlar mellom anna om å auke politiet si merksemd på, og kunnskap om minoritetar, handtering av tillitsproblem, klagebehandling inkludert nye registreringsrutiner for klager, opplæring og rekruttering av fleire med minoritetsbakgrunn til etaten. Følgjande punkt vart også inkludert i handlingsplanen:

«Regjeringen vil vurdere å opprette en registreringsordning i forbindelse med politikontroller, samt følge opp Stortingets vedtak om en kvitteringsordning i forbindelse med visitasjoner.

På bakgrunn av stemmeforklaringene vil regjeringen iverksette arbeidet med de ulike konsekvenser av den vedtatte ordningen, og legge frem forslag for Stortinget så snart som mulig, og senest tidlig i 2003.»

Politidirektoratet fekk i oppdrag å lage ei utgreiing om ei kvitterings-/registreringsordning i tråd med Stortinget sine intensjonar. Politidirektoratet leverte rapporten i desember 2002. Rapporten vart send på høyring slik det er omtald i kapittel 5.

Etter å ha vurdert høyringsuttalane konkluderer Justisdepartementet med at ein snarast bør hente inn meir informasjon og ta initiativ til forsking om politiet sine haldningar til, og måte å opptre på ovanfor personar og grupper med minoritetsbakgrunn. Departementet foreslår at ein startar planlegging av eit prøveprosjekt med kvitterings- og registreringsordning. Politidirektoratet skal lage ei utgreiing om ulike konsekvensar ved bruk av synleg tenestenummer på uniformer, i første omgang i samband med prøveprosjektet. Det vert gjort nærare greie for tiltaka under.

Ein viser til gjennomgang under kapittel 2.3. Der kjem det fram at ikkje alle lover og instruksar for skriving av rapport om ransaking, oppgåve over gjennomførde identitetskontrollar av dei ein trur er utlendingar eller rapportering av visitasjon vert følgde. Departementet har merka seg Riksadvokaten si uttale om at han vil skjerpe inn straffeprosesslova § 199, 2. ledd, som krev at det skal skrivast rapport kvar gong nokon har vore ransaka med heimel i straffeprosesslova § 198, 1. ledd nr. 2 og 3. Det skal også utarbeidast rapport når det ikkje er beslaglagd noko.

6.1 Forsking

I rapporten refererer Politidirektoratet til problemet ved manglande kunnskap om politiet sitt forhold til, og behandling av personar og grupper med minoritetsbakgrunn. Fleire høyringsinstansar tek også opp dette. Rapportar frå The Committee on the Elimination og Racial Discrimination og The European Commission against Racism and Intolerance kritiserer Noreg for manglande dokumentasjon på området. Organisasjonar som Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndighetene, Senter mot etnisk diskriminering og Organisasjon Mot Offentlig Diskriminering rapporterer at dei gjennom arbeidet sitt har kjennskap til mange einskildsaker der personar meiner seg utsette for urettvis eller diskriminerande behandling frå politiet. Dei etterlyser betre dokumentasjon på området.

Departementet foreslår at det vert sett av midlar innan Justisdepartementets rammer til oppstart av eit forskingsprosjekt der det vert gjort kvalitative og kvantitative undersøkjingar av tilhøvet mellom politiet og etniske minoritetar. Ein foreslår at følgjande oppdrag blir gitt til eit etablert forskingsmiljø:

  • Kartleggje tilhøva før prøveprosjektet vert sett i gang. Slik kartleggjing må inkludere ei undersøkjing av tilhøvet mellom politiet og personar/grupper med minoritetsbakgrunn, slik at ein kan vurdere om politiet opptrer annleis i forhold til desse enn til andre.

  • Følgje og evaluere prøveprosjektet i aktuelle politidistrikt

  • Vurdere effekten av prøveprosjekt med kvitterings-/registreringsordning og parallell bruk av tenestenummer

Det er viktig at både politiet og publikum sine reaksjonar på prøveprosjektet vert tekne med i evalueringa. Det må vidare hentast inn synspunkt frå relevante interesseorganisasjoner i samband med evalueringa. Ein vurderer det som føremålstenleg å bruke dei allereie etablerte kontaktfora mellom politiet og organisasjonar som representerer etniske minoritetar sine interesser. Det er viktig at forskingsarbeidet vert sett i verk snarast råd, slik at nå-situasjonen kan kartleggjast før eit prøveprosjekt med kvitterings-/registreringsordning vert sett i verk. Sjølv om Oslo ikkje vert foreslått som prøvedistrikt for registrerings-/kvitteringsordning, er det særleg viktig at tilhøva i Oslo vert kartlagde, sidan mange oppfattar hovudstaden som «problemeigar» i denne samanhengen.

6.2 Prøveprosjekt kvitterings-/registreringsordning

Departementet meiner det bør gjennomførast eit prøveprosjekt med kvittering for, og registrering av einskilde av politiet sine møter med publikum. Prosjektet bør gjennomførast i regi av Politidirektoratet. Forankring i Politidirektoratet er viktig for at prosjektet skal få legitimitet i politi- og lensmannsetaten.

Departementet foreslår eit prøveprosjekt med ei kvitteringsordning med utgangspunkt i Stortinget sitt vedtak. For at Stortinget sitt vedtak skal kunne gjennomførast, og for at ein skal få fullt utbyte av prosjektet, er det nødvendig at relevant informasjon vert registrert i eit eigna system. Namn, personnummer eller annan informasjon som kan førast tilbake til den einskilde, skal ikkje kome fram i registeret. For å kunne vurdere om politiet diskriminerer personar med minoritetsbakgrunn, må ein registrere etnisitet. Registreringa bør vere i tråd med Datatilsynet si høyringsuttale (jf punkt 5.4 over), som åtvarar mot registrering av enkeltpersonar. Datatilsynet gjev uttrykk for at kvalitetsikring av politiet sitt arbeid bør kunne gjennomførast ved at det vert registrert anonyme eller statistiske opplysningar.

Politiets Fellesforbund har peika på leiinga sitt særlege ansvar for den einskilde tenestemannen sin veremåte i kontakt med publikum, og kor viktig dette er for å halde oppe tillita til politiet. Det må vurderast korleis registrert informasjon kan nyttast som styringsverktøy, for å sikre at registrering av informasjon vert lagt til rette i tråd med dette. Departementet meiner dette vil vere god bruk av registrert materiale.

Fleire av høyringsinstansane har peika på verdien av at eit prøveprosjekt med kvitterings- og registreringsordning vert lagd til Oslo. Departementet ser at Oslo av mange blir sett på som «problemeigar», men meiner ei prøveordning i heile Oslo vil bli svært omfattande og ressurskrevjande. Dersom ein skulle velgje ut ein eller to politistasjonar, vil det kunne føre til uheldige forskjellar innanfor byen i handtering av publikum.

Ved val av stad for prøveprosjekt må ein vurdere relevante kriteriar sett i høve til Stortinget sine intensjonar i vedtak av 19. juni 2002. Kriteriar som folketettleik, del av innbyggjarar med minoritetsbakgrunn, kriminalitet, nærleik til asylmottak m.m. skal gå inn i vurderinga. Vidare må det takast omsyn til ressurssituasjonen i politidistriktet. Den ekstra påkjenninga distriktet og dei tilsette vert utsette for må ikkje vere slik at dette påverkar resultatet i stor grad.

For å få eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag bør det gjennomførast prøveprosjekt på to ulike stader. Departementet meiner Søndre Buskerud politidistrikt er godt egna som prøvedistrikt, med Drammen som ein relativt stor by i norsk samanheng, og med innbyggjarar med svært ulik etnisk bakgrunn. Ein foreslår at det andre prøvedistriktet vert vald i samråd med Politidirektoratet og representantar for etniske minoritetar.

Prosjektet bør vere ulikt i dei to politidistrikta. I det eine distriktet bør det gjennomførast ei generell kvitterings-/registreringsordning der politiet uoppfordra og på staden gir kvittering til dei som blir kontrollerte, med etterfølgjande registrering. I det andre distriktet bør ein avgrense kvittering og etterfølgjande registrering til dei som etter å ha blitt gjort kjend med ordninga, ber om det.

Departementet meiner eit prøveprosjekt må inkludere dei møta mellom publikum og politet som kjennest problematiske. Det kjem fram av høyringsuttalane at mange opplever utlendingskontrollar på denne måten. Departementet føreset difor at ordninga famnar kontroll og undersøkjingar etter utlendingslova. Dette vil ikkje gjelde kontrollar og undersøkjingar i samband med grensepassering (Schengen yttergrense) og ved grensenære aksjonar. Det vil heller ikkje vere føremålstenleg å la ordninga gjelde førehandsplanlagde visitasjonar av større grupper der det ikkje er rom for vurdering frå den einskilde tenestekvinne eller tenestemann. Ein foreslår difor at desse vert haldne utanfor.

Departementet foreslår at planleggjing og gjennomføring av prosjektet vert overlete til Politidirektoratet og dei utvalde prøvedistrikta. Dette inneber vedtak om kva for type kontrollar/møte det skal gjevast kvittering ved og som skal registrerast, samt informasjon til publikum om ordninga. Kontaktfora mellom Politidirektoratet og organisasjonar som representerer etniske minoritetar bør trekkjast med i dette arbeidet. Etniske minoritetar bør også trekkjast inn på lokalt nivå.

I særlege situasjonar der det er strengt nødvendig at politiet sine ressursar må kanaliserast til andre oppgåver, bør Justisdepartementet etter forslag frå Politidirektoratet kunne setje ordninga til sides.

Prosjektet skal vere tidsavgrensa, og skal evaluerast før eventuell innføring av ei permanent ordning. For å gje tilstrekkeleg erfaring bør sjølve prosjektperioden gå over minimum eitt år. Planlegging og evaluering av prosjektet kjem i tillegg. Det skal gjerast ei ekstern evaluering, som må planleggjast i god tid før prosjektet startar opp. Forskingsoppdraget må inkludere førebuing og evaluering av prøveprosjektet i tillegg til kartlegging av tilhøvet mellom politiet og personar med minoritetsbakgrunn.

Sidan vurdering av kvitterings-/registreringsordningar er ein del av regjeringa sin Handlingplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006), bør prosjektet gjennomførast innan utgangen av 2006.

6.3 Bruk av synleg tenestenummer på uniformer

I Riksadvokaten si høyringsuttale seier han:

«Dersom kvitteringen skal gi dokumentasjon i forbindelse med senere klage, bør det vurderes om det samme kan oppnås ved å utstyre alle uniformerte polititjenestemenn med synlige tjenestenumre som klageren kan vise til».

Departementet ønskjer ei nærare vurdering av dette, og vil be Politidirektoratet vurdere ulike konsekvensar ved bruk av synleg tenestenummer. Siktemålet skal vere å prøve ut synleg tenestenummer i samband med prøveprosjektet.

Tenestemenn og -kvinner i politet har i dag eit nummer som vert brukt i samband med utbetaling av løn. I einskilde politidistrikt vert dette nummeret også brukt i andre samanhengar. Tenestemannen/-kvinna skal etter politiinstruksen § 5-4 under normal teneste oppgi grad og namn på førespurnad. Måten dette vert praktisert i politidistrikta varierer noko. I Oslo har det vore vanleg at tenestemenn/-kvinner kan oppgi tenestenummer på førespurnad, i staden for grad og namn. I Hordaland oppgjev ein enten namn eller tenestenummer.

Departementet meiner bruk av tenestenummer vil verne den einskilde tenestemann/-kvinne av di det i fleire samanhengar kan erstatte bruk av namn, og såleis redusere sjansen for at vedkomande vert identifisert som privatperson i situasjonar der dette vil vere uheldig. Vidare vil publikum sleppe å måtte spørje om namn eller nummer dersom dei ønskjer å klage på ei tenestehandling. I tillegg meiner departementet det kan opplevast trygt for publikum å kunne identifisere tenestemannen/-kvinna, sidan publikum har plikt til å oppgi namn og personalia når politiet spør om det.

Politidirektoratet vurderer korleis sivilkledd polititenestemann/-kvinne kan nytte tenestenummer i samband med vising av politilegitimasjon.

6.4 Framdrift og økonomiske og administrative konsekvensar

Dersom Stortinget går inn for dei tiltaka Justisdepartementet foreslår, bør planleggjing av forsøksprosjektet setjast i gang snarast råd. Dei nødvendige undersøkjingane må gjerast i 2004. Likeeins må det planleggjast og reknast ut kostnader ved prøveprosjektet og gjerast ei vurdering av bruk av synleg tenestenummer i samband med prøveprosjektet. Prøveprosjektet skal gjennomførast i 2005, med evaluering og rapportskriving i 2006.

I rapporten «Registrering og dokumentasjon i forbindelse med politikontroller» vert det konkludert med at ei registreringsordning vil bli kostbar og ressurskrevjande. Prøveprosjektet som arbeidsgruppa har foreslått, er rekna ut til å krevje om lag 2,9 mill kroner til løn og drift, jf kapittel 4. I tillegg kjem eventuelle utgifter til teknisk utstyr. Politidirektoratet føreset då at sjølve registreringsperioden skal vare 6 månader.

Forslaga som Justisdepartementet fremjer i denne meldinga er så ulike forslaga i Politidirektoratet sin rapport at direktoratet sine tal ikkje kan leggjast til grunn for utrekning av kostnadene ved forslaget. Departementet meiner mellom anna at prøveprosjektet med kvitterings-/registreringsordninga bør gå over eitt år.

Justisdepartementet har, i samråd med Politihøgskulen, rekna ut at kostnadene ved eit forskingsprosjekt over 3 år vil kome til å bli kring 1,8 millionar kroner. Dette inkluderer kartleggjing av tilhøva før eit prøveprosjekt vert sett i verk, innsamling av data under prosjektperioden og evaluering av prosjektet etterpå.

Politidirektoratet får i oppdrag å planleggje eit prosjekt med kvitterings-/registreringsordning og parallell utprøving av synleg tenestenummer innanfor ei ramme på 3,5 millionar kroner.

Ein føreset at både midlar til forskingsprosjektet og til prøveprosjektet vert dekka innanfor Justisdepartementet sine rammer.

Til forsida