St.meld. nr. 5 (2000-2001)

Kredittmeldinga 1999

Til innhaldsliste

3 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

3.1 Regelverksutvikling på finansmarknadsområdet

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 1999, og dessutan ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same år. Omtalen er i hovudsak avgrensa til 1999, men enkelte stader har ein ført framstillinga fram utover årsskiftet. Kredittmeldinga 1998 inneheld òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 1999. Enkelte av desse sakene blir kort omtala på ny her. Ein viser elles til Kredittmeldinga 1998 kapittel 3.

3.1.1 Bank- og finansieringsverksemd

Finansdepartementet fastsette 9. februar 1999 ei ny forskrift om grunnfondsbevis i sparebankar, jf. forskrift 9. februar 1999 nr. 202 «Om grunnfondsbevis i sparebanker». Gjeldande forskrift blei oppheva. Endringane i høve til den tidlegare forskrifta var i det vesentlege knytte til endringar i aksjelova. Finansdepartementet fastsette 10. januar 2000 endringar i grunnfondsbevisforskrifta som følgje av nye reglar om rekneskap.

Finansdepartementet fremma 26. mars 1999 Ot.prp. nr. 45 (1998 - 99) «Om lov om endringer i lov om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (selveiende institusjoners adgang til å danne finanskonsern mv)». Stortinget vedtok lovendringa slik at ein sparebank og eit gjensidig forsikringsselskap kan avtale seg imellom å skipe ei konserngruppe ved at føretaka har eitt felles styre (konsernstyre). Lovendringa blei sanksjonert og sett i kraft 4. juni 1999. Konsernstyret skal stå for forvaltninga av dei føretaka som inngår i konserngruppa. Paragrafen inneheld nærare føresegner om korleis konsernstyret skal vere samansett, og om kompetansen til styret. Dernest er det fastsett føresegner for verksemdstyre i sparebanken og det gjensidige forsikringsselskapet som inngår i konserngruppe. Departementet kan i forskrift gi nærare føresegner som fyller ut desse reglane. Paragrafen blei teken inn som § 2a-16 i lova, men er seinare endra til § 2a-17.

Finansdepartementet fastsette 10. mai 1999 endringar i forskrift 1. juni 1990 nr. 435 «Om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak». Endringane innebar ei oppmjuking av frådragsreglane for krysseige for livsforsikringsselskap, jf. forskrifta § 7 tredje delen bokstav f). Forsikringsselskap som sel livsforsikring med investeringsval, er fritekne frå føresegnene i § 7 tredje delen bokstav e) og f) om det ikkje er gitt avkastningsgaranti. Finansdepartementet fastsette 11. januar 2000 endringar i same forskrift som følgje av nye rekneskapsreglar.

Finansdepartementet fastsette 10. mai 1999 endringar i forskrift 25. mars 1991 nr. 214 «Om anvendelse av kapitaldekningsregler på konsolidert basis mv», som tek sikte på å avklare kapitalkravet for blanda konsern der morselskapet er eit forsikringsselskap. Finansdepartementet fastsette forskrift 12. mai 2000 nr. 436 «Om endring av forskrift 25. mars 1991 nr. 214 om anvendelse av kapitaldekningsregler på konsolidert basis mv». Endringa sikrar at dei endra krava knytte til krysseige blant forsikringsselskap, som blei innførte ved forskriftsendring 10. mai 1999, får like mykje å seie for forsikringsselskap i og utanfor konsern. Endringa er omtala under punkt 2.2.2 i denne meldinga og i Revidert nasjonalbudsjett 2000.

Finansdepartementet la 20. august 1999 fram Ot.prp. nr. 96 (1998 - 99) «Om lov om betalingssystemer m.v». Lova, som blei sanksjonert 17. desember 1999 og tok til å gjelde 4. april 2000, regulerer system for avrekning, oppgjer og overføring av betalingar mellom kredittinstitusjonar (interbanksystem). Lova regulerer også system for betalingar frå eller mellom kundekonti i bankar og finansieringsføretak (system for betalingstenester). I tillegg er det gitt reglar om rettsvern og tryggleik for avreknings- og oppgjersavtalar i interbanksystem og verdipapiroppgjerssystem.

Finansdepartementet fremma 29. oktober 1999 Ot.prp. nr. 9 (1999 - 2000) «Om lov om endringer i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (eierbegrensningsregler og holdingmodell)». Stortinget vedtok lovforslaget som så blei sanksjonert og sett i kraft 17. desember 1999. Den nye føresegna gir generalforsamlinga i morselskap i finanskonsern moglegheit til, med fleirtal som for vedtektsendring, å vedta at konsernet skal organiserast med eit holdingselskap som morselskap. Etter føresegna vil generalforsamlinga sitt vedtak om omdanning til ein holdingmodell innebere at aksjar i det operative (tidlegare) morselskapet blir bytte om i aksjar i eit nyoppretta holdingselskap.

Det blei i Ot.prp. nr. 9 (1999 - 2000) òg foreslått å gi unnatak frå den generelle eigaravgrensingsregelen på 10 prosent for finansinstitusjonar, slik at det kan givast løyve til at andre finansinstitusjonar i samband med strategiske samarbeidsavtalar, kan eige inntil 25 prosent i ein norsk finansinstitusjon. Stortinget vedtok lovforslaget, som så blei sanksjonert og sett i kraft 17. desember 1999.

Finansdepartementet fastsette forskrift 17. desember 1999 nr. 1358 «Om organisering av finanskonsern etter etablering av morselskap», i medhald av finansieringsverksemdslova § 2a-16. Det heiter mellom anna at det kan ytast kreditt ved overføring av aksjar i konsernselskap til morselskapet.

3.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar

Finansdepartementet fremma Ot.prp. nr. 47 (1998 - 99) «Lov om foretakspensjon» i statsråd 9. april 1999. Proposisjonen byggjer på NOU 1998: 1 «Utkast til lov om foretakspensjon» og høyringa til denne, og forslaget til lov om føretakspensjon er dermed i stor utstrekning ei oppfølging av Stortingets retningslinjer ved handsaminga av Velferdsmeldinga, jf. St.meld. nr. 35 (1994 - 95). Lova blei vedteken av Stortinget 24. mars 2000, med visse endringar i høve til framlegget frå Regjeringa, og tek til å gjelde frå 1. januar 2001, jf. kongeleg resolusjon av 25. august 2000.

Lova, som regulerer ytingsbaserte kollektive tenestepensjonsordningar med skattefavorisering for tilsette i skattepliktige føretak, vil etter ein overgangsperiode avløyse reglar om tenestepensjonar fastsette i forskrift frå 1968 og utfyllande forskrift frå 1969. Ytingsbaserte pensjonsordningar som føretakspensjon er pensjonar som i hovudsak blir finansierte av arbeidsgivaren, og som kjem i tillegg til ytingar frå folketrygda. Arbeidsgivaren får inntektsfrådrag for premiar og tilskot til ordninga. Ordningane må vere organiserte gjennom forsikringsselskap eller pensjonskasse. Kjenneteikn ved dei ytingsbaserte pensjonsordningane er at pensjonsinnretninga garanterer ytinga, og at denne, saman med ytingar frå folketrygda, skal utgjere ein fastsett del av den tidlegare løna. Vidare blir det stilt krav til at pensjonsytingane samla, det vil seie føretakspensjonen og pensjonen frå folketrygden, ikkje skal utgjere ein høgre del av pensjonsgrunnlaget for arbeidstakarar med høg løn enn dei utgjer for arbeidstakarar med lågare løn. Lova gjer lineær opptening obligatorisk.

Ved kongeleg resolusjon 5. mars 1999 oppnemnde regjeringa eit offentleg utval leidd av professor Erling Selvig. Dette utvalet hadde som mandat å utarbeide forslag til lovverk om innskotsbasert tenestepensjon i arbeidsforhold. Arbeidet skulle mellom anna byggje på dei retningslinjene for utforminga av slike ordningar som var gitt i Nasjonalbudsjettet 1999. Sentrale, felles hovudretningslinjer for tenestepensjonsordningar som er lagt til grunn i forslaget til lov om føretakspensjon, skulle òg bli lagt til grunn i arbeidet med innskotsbaserte ordningar. Utvalet gav 3. november 1999 si innstilling med tittelen «Utkast til lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold», til Finansdepartementet, jf. NOU 1999: 32. Departementet sende utkastet på høyring same dag.

Finansdepartementet fremma 16. juni 2000 Ot.prp. nr. 71 (1999 - 2000) «Om lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold». Proposisjonen byggjer på NOU 1999: 32 og høyringa av denne. I ei innskotspensjonsordning skal arbeidsgjevaren kvart år setje av eit spesifisert beløp til alderspensjon for sine tilsette. Føretaket kan fastsetje desse innskota innanfor visse rammer. Innskota skal vere forvalta av ein institusjon fram til pensjonsalder, og endeleg pensjon er avhengig av summen av innskot gjennom det yrkesaktive livet til medlemmen, og den faste avkastninga som er oppnådd på denne pensjonskapitalen. Den endelege pensjonen frå ordninga er difor ikkje kjend på førehand, som følgje av at avkastninga er uviss. Det er intensjonen at innskotspensjon innanfor dei rammene som er foreslått, skal kunne gi ytingar av om lag same storleik som føretakspensjon, og at hovudprinsippa om at pensjonsytingane ikkje skal utgjere ein høgare del av pensjonsgrunnlaget for arbeidstakarar med høg løn enn dei utgjer for arbeidstakarar med lågare løn, skal takast omsyn til. Forsikringsselskap, pensjonskasser, bankar og forvaltningsselskap for verdipapirfond skal kunne tilby innskotspensjon.

Ei arbeidsgruppe som blei leidd av professor Erling Selvig, gav ein rapport til Finansdepartementet 23. mai 2000, kalla «Årlig kjøp av ferdig betalt alderspensjon - Innskuddssikret foretakspensjon», jf. NOU 2000: 13. Arbeidsgruppa foreslår regler for investeringsval i ytingsbaserte føretakspensjonsordningar. Rapporten inneheld dessutan utkast til lovreglar om årleg kjøp av ferdig betalt alderspensjon i pensjonsordning oppretta etter lov om føretakspensjon. Ei slik ordning inneber at den årlege premien til føretaket blir fastlagd på førehand, mens pensjonen til dei tilsette er avhengig av innskota og avkastninga på desse. Rapporten blei send på høyring med frist 1. august 2000. Saka er til vidare behandling i departementet.

Kredittilsynet fastsette forskrift 2. august 1999 nr. 878 «Om lokalisering av eiendeler som skal dekke forsikringsmessige avsetninger».

Finansdepartementet fastsette forskrift 12. august 1999 nr. 889 «Om endring av forskrift 19. februar 1993 nr. 117 om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond». Endringa opna for at pensjonskasser òg for skatteåra 1999 og 2000 kan gjennomføre tilleggsavsetningar i forsikringsfondet etter reglar som svarar til dei som gjeld for livsforsikringsselskap i medhald av forsikringsverksemdslova § 8-2.

Kredittilsynet gjorde i 1998 ei vurdering av om andre livsforsikringsselskap enn KLP kan tilby kommunale pensjonsordningar som tilfredsstiller krava til tilslutning til «Overføringsavtalen». Spesielle problemområde i kommunale pensjonsordningar er pensjonsalderreglane, bruttogarantien og G-regulering av oppsette ytingar og pensjonar under utbetaling. Kredittilsynet legg til grunn at det må vere forsikringsteknisk dekning for ytingane frå pensjonsordninga, og at det ikkje er høve for livsforsikringsselskapa til å gi garantiar eller anna form for sikring av ytingar som ikkje er forsikringsbare, eller ytingar/krav som det ikkje er mogleg å leggje inn føresetnader om i premiefastsetjinga etter forsikringstekniske prinsipp. Kredittilsynet har konkludert med at det er mogleg å etablere kommunale pensjonsordningar i andre livsforsikringsselskap enn KLP som tilfredsstiller krava i Overføringsavtalen (og tariffavtalen). Jf. òg omtale under punkt 2.1 i denne meldinga.

Kredittilsynet har i løpet av 1999 sluttført gjennomgangen av meldingar frå fire livselskap om pensjonsforsikring for kommunalt tilsette, med basis mellom anna i den vurderinga som er referert ovanfor. I hovudtariffavtalen for kommunal sektor var det før 30. april 2000 ein føresetnad at produktløysingane til dei respektive selskapa skal vere «tatt til etterretning» av Kredittilsynet før tilbodet deira kan bli godteke av kommunane. Det har difor vore naudsynt med ein verifikasjon av produkta frå Kredittilsynet si side, sjølv om uttrykket «tatt til etterretning» i seg sjølv ikkje er reflektert i meldepliktforskrifta. Produktløysingar til dei nemnde fire selskapa innanfor kommunal tenestepensjon er no operative.

Kredittilsynet arbeider for tida med revisjon av standardvedtektene for kommunale pensjonskasser. Dette har bakgrunn i endra krav til pensjonsordningane i tariffavtalen i kommunal sektor, framlegg til nye reglar i lov om Statens Pensjonskasse og endringar i samordningslova. Vidare er det innanfor kommunal sektor, spesielt innanfor kraftsektoren, gjort omfattande organisatoriske/selskapsmessige endringar. Det måtte difor gjerast ei vurdering av reglane i standardvedtektene i relasjon til dei krava som må vere oppfylte for konsernliknande organisasjonar. Omlegginga av skattetilhøva innanfor kraftsektoren medfører òg behov for å tilpasse kraftverka sine pensjonsordningar til forskrift av 28. juni 1968 om private tenestepensjonsordningar etter skattelova. Desse forholda har reist fleire prinsipielle problemstillingar. Ein reknar med at arbeidet vil vere sluttført i løpet av 2000. Kredittilsynet arbeider òg med revisjon av standardvedtektene for private pensjonskasser. Det er den nye lova om føretakspensjon som har gjort ein slik revisjon naudsynt. Dette arbeidet vil òg venteleg vere sluttført i løpet av 2000.

3.1.3 Verdipapirhandel

Finansdepartementet fastsette 20. januar 1999 forskrift nr. 26 «Om verdipapirforetaks plikt til å gi melding til børsen om handel i ikke-børsnoterte opsjoner og terminer som gjelder kjøp eller salg av finansielle instrumenter børsnotert i Norge».

Ved lov av 21. mai 1999 nr. 28 om endringar i verdipapirhandellova blei reglane om eigenhandel blant tilsette endra ved at tilsette i finansinstitusjonar og liknande fekk avgrensa tilgang til å føreta handel i finansielle instrument for eiga rekning. Endringane tok til å gjelde 1. september 1999. Dei nye reglane er samla i verdipapirhandellova kapittel 2a. Arbeidet resulterte i ei ny forskrift for rapportering av eigenhandel blant tilsette. Kredittilsynet fastsette forskrift 20. oktober 1999 nr. 1096 «Om rapportering av ansattes og tillitsvalgtes egenhandel med finansielle instrumenter». Etter dei nye reglane skal ein del tilsette og tillitsvalde rapportere månadleg handel for eiga rekning. Meir om bakgrunnen for lovendringa står i Kredittmeldinga 1997.

Varederivatutvalet, som blei nedsett i september 1998, gav si utgreiing til Finansdepartementet 28. september 1999 i form av NOU 1999: 29 «Varederivater». Utvalet har kartlagt handel med varederivat i Noreg. Ei av hovudoppgåvene har vore å vurdere om ein treng offentleg regulering av handel i varederivat og oppgjersverksemd i samband med slik handel, og å lage konkrete forslag til regelverk. Utvalet konkluderer med at varederivatverksemd bør bli gjenstand for regulering og lagt under offentleg tilsyn. Kredittilsynet er foreslått som tilsynsorgan.

Verdipapirsentrallovutvalet blei nedsett i desember 1998. Utvalet har mellom anna vurdert moglege strukturendringar som følgje av EØS-avtalen, den teknologiske utviklinga og problemstillingar knytte til internasjonal konkurranse. Utvalet har no gitt ei innstilling i NOU 2000: 10 «Lov om registrering av finansielle instrumenter». Mellom anna foreslår utvalet å gjere om VPS til aksjeselskap. Innstillinga er send på høyring med frist 23. september 2000. Saka er til behandling i departementet.

Børslovutvalet, som leverte NOU 1999: 3 «Organisering av børsvirksomhet m.m.», fekk ein nærare omtale i Kredittmeldinga 1998. I utgreiinga var det mellom anna forslag om at børsar og regulerte marknader for verdipapir skulle leggjast under tilsyn av Kredittilsynet. Finansdepartementet fremma forslag til ny børslov i Ot.prp. nr. 73 (1999 - 2000) i statsråd 16. juni 2000. Børsar og andre marknadsplassar for finansielle instrument står framfor viktige internasjonale utfordringar som følgje av mellom anna auka økonomisk integrasjon og teknologisk utvikling. Lovforslaget er utforma med tanke på at norske marknadsplassar skal kunne delta på ein tenleg måte i dei strukturendringar som må ventast å gjere seg gjeldande. Lovforslaget opnar for større grad av konkurranse mellom marknadsplassane. Det er også foreslått ein heimel for departementet til å gi føresegner om at børslova heilt eller delvis skal gjerast gjeldande for føretak som driv eller organiserer ein marknad for varederivat. Det er i same proposisjon også foreslått endringar i einskilde andre lover som følgje av forslaget til ny børslov, mellom anna i verdipapirhandellova og kredittilsynslova.

Kredittilsynet fremma forskrift 23. november 1999 nr. 1183 «Om endring i regelverk for handel med derivatkontrakter ved Oslo Børs og clearing av handel med derivatkontrakter i Norsk Oppgjørssentral ASA».

Finansdepartementet fremma 25. februar 2000 forslag om lov om endringar i verdipapirfondlova, jf. Ot.prp. nr. 30 (1999 - 2000). Lova blei vedteken av Stortinget 25. mai 2000 og sanksjonert 16. juni 2000. Endringa i verdipapirfondlova, som tok til å gjelde frå 1. juli 2000, opnar for etablering av såkalla ideelle verdipapirfond. Høve til å dele ut midlar frå slike ideelle verdipapirfond til andre enn deleigarane er avgrensa til utdeling til frivillige organisasjonar med eit nasjonalt omfang som må reknast for å ha eit breitt allmennyttig formål. Den nærare avgrensinga av kva for organisasjonar som er aktuelle, er knytt opp mot frivillige organisasjonar som nemnt i skattelova § 6-50 første ledd. Det er ikkje sett noka øvre eller nedre grense for kor stor del av fondsmidlane som kan delast ut til ideelle formål, men det blir stilt krav om at det må givast nærare opplysningar om utdeling av midlar til ideelle formål i prospekta og vedtektene for fondet.

I løpet av 1998 gjekk Kredittilsynet gjennom lov om verdipapirfond på grunnlag av dei erfaringar ein har hatt sidan innarbeidinga av UCITS-direktivet i 1993. Samstundes var dette ein gjennomgang som var naudsynt i lys av endringar i verdipapirhandellova. På denne bakgrunn gjorde Kredittilsynet framlegg til endringar i verdipapirfondlova. Etter at forslaget har vore på høyring, er saka til behandling i departementet.

Kredittilsynet la i 1999 stor vekt på å følgje opp forbodet mot innsidehandel. Eit framlegg til endringar i innsidereglane i verdipapirhandellova blei oversendt frå Kredittilsynet til Finansdepartementet i januar 2000.

3.1.4 Anna regelverk

Kredittilsynet fastsette 8. februar 1999 forskrift «Om autorisasjon av regnskapsførere mv». Forskrifta inneheld mest presiseringar og forenklingar. Endringane har mellom anna sin bakgrunn i at Kredittilsynet fekk ansvaret for forvaltning og tilsyn med rekneskapsførarar frå 1. januar 1999.

Finansdepartementet fremma 26. mars 1999 Ot.prp. nr. 43 (1998 - 99) «Om forslag til lov om endringer i regnskapsloven mv». Endringa blei vedteken av Stortinget 10. juni 1999. Lova blei sanksjonert 18. juni 1999, og trådte i kraft dels same dag og dels 1. oktober 1999.

Finansdepartementet la den 11. desember 1998 fram Ot.prp. nr. 24 (1998 - 99) «Om lov om endringer i eiendomsmeglingsloven mv.». Lova blei vedteken 23. april 1999, og tok til å gjelde 1. januar 2000. Gjennom lovendringa blei det innført krav om at eigedomsmeklarføretak skal vere suffisiente, dvs. ha positiv eigenkapital. Nytt er òg at bustadbyggjelag som medverkar ved omsetjing av andelar i tilknytte burettslag, skal følgje saksbehandlingsreglane i lov om eigedomsmekling og vere under tilsyn av Kredittilsynet. Dei såkalla «reine oppgjersoppdrag» blir etter lovendringa rekna som eigedomsmekling, sjølv om kjøpar og seljar har funne kvarandre på eige hand. Det er òg vedteke reglar om godkjenning av utanlandsk eigedomsmeklarutdanning og praksis (EØS-tilpassing).

Finansdepartementet fastsette forskrift 6. mai 1999 nr. 544 «Om regnskapssystemer, dokumentasjon, registrering og oppbevaring av regnskapsopplysninger». Forskrifta gir utfyllande reglar til rekneskapslova kapittel 2, og fastset særskilde reglar for enkelte bransjar. Forskrifta trådte i kraft 1. juli 1999. Av § 9-2 i rekneskapslova følgjer det likevel at fram til 1. januar 2001 kan rekneskapspliktige velje å nytta reglane om registrering og dokumentasjon av rekneskapsinformasjon (bokføring) i rekneskapslova av 1977 med forskrifter, i staden for reglane i rekneskapslova kapittel 2. Da det er behov for noko meir tid til å førebu innføringa av nytt lovverk, kjem likevel departementet til å foreslå at overgangsperioden for rekneskapslova kapittel 2 med forskrifter blir forlenga eitt år.

Finansdepartementet fastsette i 1999 følgjande forskrifter i medhald av den nye rekneskapslova som tok til å gjelde ved årsskiftet 1998/99:

  • Forskrift 28. mai 1999 nr 654 «Om årsregnskap m.m. for verdipapirfond»

  • Forskrift 28. mai 1999 nr 655 «Om årsregnskap m.m for inkassovirksomhet»

  • Forskrift 5. juli 1999 nr 795 «Om årsregnskap m.m. for pensjonskasser»

  • Forskrift 23. august 1999 nr 957 «Om årsregnskap m.m. for verdipapirforetak»

  • Forskrift 14. oktober 1999 nr 1084 «Om årsregnskap m.m. for eiendomsmeglere»

Kredittilsynet vedtok forskrift 20. mai 1999 nr. 673 «Om rapporteringsplikt for eiendomsmeglervirksomhet» og forskrift 20. mai 1999 nr. 674 «Om rapporteringsplikt for inkassovirksomhet». Endringane gjekk i første rekkje ut på å redusere rapporteringsfrekvensen frå kvart tertial til kvart halvår.

Finansdepartementet fastsette 25. juni 1999 forskrift «Om revisjon og revisorer» i medhald av den nye lova om revisjon og revisorar som tok til å gjelde 1. august 1999. Forskrifta inneheld utfyllande reglar om mellom anna godkjenning av revisorar, etterutdanning og sikringsordninga.

Finansdepartementet fastsette 19. juli 1999 forskrift om avvikande rekneskapsår for filial og dotterselskap av utanlandsk føretak som bruker avvikande rekneskapsår i medhald av rekneskapslova § 1-7. Forskrifta inneber at rekneskapspliktige som er filial eller dotterselskap av utanlandsk føretak, kan nytte eit rekneskapsår som ikkje følgjer kalenderåret, dersom det utanlandske føretaket bruker eit avvikande rekneskapsår.

Finansdepartementet fremma 24. september 1999 Ot.prp. nr. 1 (1999 - 2000) «Om endring i regnskapsloven». Stortinget vedtok på bakgrunn av forslaget ny § 1-2 tredje ledd den 9. desember 1999. Lova tok til å gjelde frå 1. januar 2000.

Finansdepartementet fastsette 14. oktober 1999 forskrift om årsrekneskap o.a. for eigedomsmeklarar. Etter forskrifta skal midlar som eigedomsmeklarføretak har, men som tilhøyrer klientane, ikkje rekneskapsførast i balansen til føretaket. Det skal opplysast i note kor mykje føretaket har i si varetekt av midlar som tilhøyrer klientane, og om kor stort klientansvar føretaket har.

Finansdepartementet fastsette 3. november 1999 forskrift «Om adgang til å unnta visse utenlandske foretak fra regnskapsplikt i Norge».

Kredittilsynet fastsette forskrift 16. desember 1999 nr. 1511 «Om rapporteringsplikt for advokaters eiendomsmekling».

Finansdepartementet fremma den 17. desember 1999 forslag til lov om endringar i rekneskapslova, jf. Ot.prp. nr. 19 (1999 - 2000). Lova blei vedteken av Stortinget 7. mars 2000. Lova blei sanksjonert 10. mars 2000, og trådte i kraft same dag.

Finansdepartementet fremma 25. februar 2000 Ot.prp. nr. 30 (1999 - 2000) med forslag om endring i revisorlova slik at det blir opna for overføring av revisjonsoppdrag ved samanslåing eller omorganisering av revisjonsselskap med verknad frå 1. januar 2000. Lova blei vedteken av Stortinget 25. mai 2000 og sanksjonert 16. juni 2000. Føresegna er ei gjeninnføring av ein regel som følgde av forskrift 19. september 1990 nr. 766 som blei oppheva då den nye revisorlova blei vedteken.

3.2 Oversikt over forvaltningssaker

Finansdepartementet gav 22. januar 1999 FöreningsSparbanken AB (publ) løyve til å eige 25 prosent av aksjane i SpareBank 1 Gruppen AS. Det blei også gitt løyve til at Sparebanken Midt-Norge, Sparebanken Nord-Norge, Sparebanken Vest, Sparebanken Rogaland og Samarbeidende Sparebanker AS kvar kan eige 15 prosent av aksjane i SpareBank 1 Gruppen AS. Samstundes godkjende Finansdepartementet ein samarbeidsavtale mellom FöreningsSparbanken AB (publ) og SpareBank 1 Gruppen AS.

Vidare gav departementet 13. juni 2000 SpareBank 1 Gruppen AS løyve til å eige 100 prosent av aksjane i VÅR Gruppen ASA. Det blei gitt løyve til at Sparebanken Midt-Norge, Sparebanken Nord-Norge, Sparebanken Vest, Sparebanken Rogaland og Samarbeidende Sparebanker AS kan eige 13 prosent, FöreningsSparbanken AB kan eige 25 prosent, og Landsorganisasjonen i Norge (LO) og LO-tilknytte forbund kan eige 10 prosent av SpareBank 1 Gruppen. Det blei gitt mellombels løyve til at dei sparebankane som eig SpareBank 1 Gruppen, kan halde fram si verksemd i Oslo og Akershus.

Finansdepartementet gav 4. mars 1999 løyve til at Spectra Finans AS kan drive finansieringsverksemd ved å tilby finansiering ved kjøp av finansielle instrument som Spectra Kapitalforvaltning AB eller andre føretak innanfor Spectra-gruppen sel, og som er skrivne ut av føretak innanfor Spectra-gruppa.

Finansdepartementet gav 23. mars 1999 OBOS løyve til å drive verksemd som finansieringsføretak og danne finanskonsern.

Finansdepartementet fatta 15. april 1999 vedtak om at differansen mellom pålydande verdi/eventuell overkurs og produksjonskostnadene til minnemyntprosjektet i samband med FN sitt 50-årsjubileum skal disponerast til allmennnyttige formål. Blant anna på bakgrunn av fråsegn frå Noregs Bank og Utanriksdepartementet blei det vedteke at overskotet skulle fordelast med ein halvpart til FN-sambandet i Noreg og ein halvpart til fondet for finansiering av Nansen-prisen, som blir delt ut i samband med den årlege utdelinga av Nansen-medaljen til humanitære prosjekt for flyktningar. Sjølve tildelinga av pengane skal skje i løpet av 2000.

Finansdepartementet gav den 20. april 1999 Assuranceforeningen Gard løyve til å etablere selskapet Gard AB i Sverige og Gard Asia Ltd. i Hong Kong.

Finansdepartementet gav 27. april 1999 Postbanken BA konsesjon til å etablere finanskonsern med livsforsikring. Det blei mellom anna gitt løyve til at Postbanken Livsforsikring AS kan drive forsikringsverksemd innanfor livsforsikringsklasse I. I departementet sitt vedtak 14. oktober 1999 om løyve til fusjon mellom Den norske Bank ASA og Postbanken AS (tidlegare BA) blei det sett som vilkår at det nemnde løyvet som Postbanken Livsforsikring AS hadde til å drive forsikringsverksemd, fell bort. Sjå nærare omtale nedanfor.

Kredittilsynet vedtok 11. november 1998 å ileggje Oslo Kommunale Pensjonskasse ei fast dagleg mulkt på kroner 100 000 med verknad ifrå 1. januar 1999, inntil reviderte vedtekter blei sende til Kredittilsynet i tråd med reglane i forskrift av 19. februar 1993 nr. 117 «Om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond (pensjonskasseforskriften)». I vedtak av 29. april 1999 tok Finansdepartementet klagen frå Oslo Kommunale Pensjonskasse delvis til følgje ved at den faste daglege mulkta blei redusert frå kroner 100 000 til kroner 50 000. Mulkta blei sett til å gjelde frå 7. mai 1999. Oslo kommune søkte 30. april 1999 om løyve til at eit selskap, som i søknaden er omtala som Oslo Pensjonskasse AS, kan drive livsforsikringsverksemd, jf. omtale nedanfor.

Finansdepartementet gav 29. april 1999 løyve til at Stiftelsen Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse blei omdanna til ein allmennyttig stiftelse. Løyvet inneber at stiftelsen ikkje lenger er underlagd lova om finansieringsverksemd eller tilsyn frå Kredittilsynet, berre stiftelseslova.

Finansdepartementet gav 7. mai 1999 Den Danske Bank/DDB Fokus Invest løyve til å kjøpe alle aksjane i Fokus Bank. Sjå nærare omtale i Kredittmeldinga 1998 kapittel 3.

Finansdepartementet gav 2. juni 1999 Trygg-Hansa Forsikring AS løyve til å avvikle forskringsverksemda, og dessutan løyve til å avhende alle aktiva til Trygg-Hansa Norge, filial av Trygg-Hansa Försäkringsbolag.

Finansdepartementet gav 3. juni 1999 Telenor Mobil AS løyve til å drive finansieringsverksemd som består i å formidle plasseringar eller ta imot midlar frå andre for vidare plassering i finansinstitusjon i samband med tenesta «Mammon» (forskotsbetaling av kjøp med mobiltelefon). Løyva og dispensasjonen var mellombels for tre år.

Finansdepartementet gav 4. juni 1999 Trafikanten Midt-Norge AS løyve til at det kan drivast finansieringsverksemd knytt til eit nærare omtala elektronisk billettsystem.

Finansdepartementet gav 4. juni 1999 løyve til Gjensidige Skadeforsikring, Gjensidige Livsforsikring og Sparebanken NOR til å etablere finanskonsernet Gjensidige NOR. Sjå nærare omtale i Kredittmeldinga 1998, og i punkt 3.1.1 over der lovendringa er omtala.

Finansdepartementet gav 11. juni 1999 Sparebanken NOR løyve til å overta aksjane i Gjensidige Bank AS. I samband med overtakinga blei det gitt ei rekkje løyve.

Finansdepartementet gav 30. juni 1999 Storebrand ASA løyve til å kjøpe alle aksjane i Finansbanken AS. Det blei sett som vilkår at spørsmålet om det kunne vere to bankar i Storebrand-konsernet, skulle vurderast på nytt innan to år. Godkjenninga av konsernstrukturen gjeld for to år, og deretter må Storebrand-konsernet på nytt søkje om godkjenning av konsernstruktur etter dei reglar som måtte gjelde på dette tidspunktet med omsyn til å ha to bankar i same konsern.

Finansdepartementet avslo i vedtak av 2. juli 1999 klage frå Storebrand Livsforsikring AS på Kredittilsynet sitt vedtak om at Storebrand Livsforsikring måtte stoppe vidare sal av produktet «Kollektiv pensjonsforsikring med fleksibel investeringsprofil («Flex»)». I vedtaket blei Storebrand også pålagt ikkje å føreta separat porteføljeforvaltning for midlar knytte til etablerte og framtidige forsikringskontraktar i Storebrand Livsforsikring AS. Det blei likevel overgangsordningar for kontraktar som allereie er inngått.

Finansdepartementet gav 12. juli 1999 dispensasjon frå kravet om at ingen kan eige meir enn 20 prosent av aksjekapitalen i ein oppgjerssentral, slik at eit nystifta holdingselskap kan eige 100 prosent av aksjekapitalen i Norsk Oppgjørssentral ASA.

Finansdepartementet gav 15. september 1999 Gjensidige Forsikring løyve til å tileigne seg alle aksjane i Lokal Forsikring AS.

Finansdepartementet gav 14. oktober 1999 Den norske Bank ASA og Postbanken AS løyve til å fusjonere. Fusjonen er omtala i Kredittmeldinga 1998 kapittel 2 punkt 2.1.1. Samtidig gav Finansdepartementet løyve til at Den norske Bank ASA kunne auke aksjekapitalen som følgje av fusjonen med Postbanken AS. Den norske Bank ASA fekk også løyve frå Finansdepartementet til å eige alle aksjane i Postbanken Verdipapirfond AS og Postbanken Eiendomsmegling AS.

Finansdepartementet gjorde 14. oktober 1999 unntak frå eigaravgrensingsregelen i finansieringsverksemdslova slik at Fokus Bank ASA kan eige 39 prosent av aksjane i Nordenfjeldske Livsforsikring AS.

Finansdepartementet gav 28. oktober 1999 løyve til at Kommunalbanken AS kan drive verksemd som finansieringsføretak.

Finansdepartementet gav 8. november 1999 Svenska Handelsbanken AB løyve til å etablere Handelsbanken Norge AS, og Handelsbanken Holding AS fekk løyve til å kjøpe alle aksjane i Bergensbanken ASA.

Finansdepartementet gav 15. desember 1999 løyve til Eika-Gruppen AS (opphavleg «Sparebankenes Investeringsselskap AS») til å vere morselskap i finanskonsern. Det er 85 lokale sparebankar som eig Eika-Gruppen. Departementet gav vidare Eika-Gruppen løyve til å eige 100 prosent av aksjane i Terra Skadeforsikring AS og løyve til at Terra Skadeforsikring AS driv skadeforsikringsverksemd. Med i Terra-konsernet er òg Terra Fonds, Terra Forvaltning, Terra Aktiv Forvaltning og Eika Kort.

Finansdepartementet gav 20. desember 1999 Den norske Bank ASA løyve til å danne om konsernet etter ein holdingmodell i samsvar med den nye føresegna i lova om finansieringsverksemd § 2a-16.

Finansdepartementet gav 20. desember 1999 Storebrand løyve til å eige inntil halvparten av aksjane i det irske holdingselskapet Fair Financial Ireland Ltd. Selskapet skal drive skadeforsikring i dei nordiske landa, eventuelt òg i Tyskland. Same dag blei det dessutan gitt løyve til at Storebrand ASA kan eige 100 prosent av aksjane i Oslo Reinsurance Company ASA.

Finansdepartementet gav 20. desember 1999 Storebrand ASA løyve til å ha ein mindretals eigardel i eit nytt svensk skadeforsikringsselskap med namnet «if...Skadeförsäkring AB». Samtidig fekk Storebrand Skadeforsikring AS løyve til å eige inntil 33 prosent av kapitalen i holdingselskapet if... Skadeförsäkring Holding AB. if... har etablert filial i Noreg, og verksemda i Storebrand Skadeforsikring AS er ført over til denne filialen. Storebrand eig if... saman med Skandia-konsernet i Sverige. Departementet sette difor mellom anna som vilkår at Skandia-konsernet måtte selje seg ut av den ordinære skadeforsikringsverksemda i Vesta-konsernet.

Finansdepartementet gav 23. desember 1999 løyve til å fisjonere Vesta Forsikring i til saman fire aksjeselskap. Vedtaket hadde samanheng med søknad frå Tryg-Baltica A/S om løyve til å tileigne seg alle aksjane i Vesta Forsikring AS. Vidare godkjende Finansdepartementet 25. februar 2000 mellom anna fisjon av og endring i konsernstrukturen i Vesta-konsernet. Vidare gav Finansdepartementet 6. april 2000 løyve til at danske Tryg-Baltica AS kunne tileigne seg alle aksjane i Vesta Forsikring AS. Samstundes gav Finansdepartementet løyve til at Tryg-Baltica AS kunne tileigne seg aksjane i Skandia LTS Holding Norge AS, som hadde løyve til å eige aksjane i Vesta Liv Holding AS, og som igjen åtte aksjane i Vesta Liv AS.

Finansdepartementet gav 23. desember 1999 Industriforsikring AS mellombels løyve til å tileigne seg alle aksjane i Saga Petroleum Forsikring AS. Mellombels godkjenning av organisering av finanskonsernet beståande av Industriforsikring AS og dotterselskapet Saga Petroleum Forsikring AS gjeld inntil 31. desember 2000.

Mot slutten av 1999 gjorde Kredittilsynet vedtak om å trekkje tilbake to av konsesjonane til Fondspartner ASA. Dette gjaldt i realiteten retten til å drive verksemd i annanhandsmarknaden for aksjar. Vedtaket var ein konsekvens av funn ved tilsyn i føretaket, der det mellom anna blei lagt vekt på svikt i interne rutinar og brot på krava i verdipapirhandellova om god forretningsskikk. I vurderinga blei det særleg lagt vekt på at føretaket ikkje hadde følgt opp tidlegare merknader frå Kredittilsynet.

Finansdepartementet gav 9. mars 2000 Den norske Bank løyve til å nytte fondsobligasjonar (Perpetual Capital Securities) som kjernekapital. Løyva blei gitt med heimel i forskrift av 1. juni 1990 nr. 435 «Om utregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak» § 3 nr. 12. Det blei stilt enkelte krav til fondsobligasjonane. Avgjerda bygde mellom anna på retningslinjer frå Baselkomiteen. I høve til Kredittilsynet la Finansdepartementet til grunn at dei vilkåra som blei stilte for Den norske Bank, vil gjelde generelt ved søknader om godkjenning av fondsobligasjonar som kjernekapital.

Finansdepartementet gav 30. mai 2000 løyve til at eit selskap som i søknaden er omtala som Oslo Pensjonskasse AS, kan drive forsikringsverksemd innanfor livsforsikringsklasse 1b og c, og dessutan klasse V. Selskapet søkte òg om å drive forsikringsverksemd innan klasse 1a, men det blei avslått. Løyvet blei avgrensa til å gjelde teikning av forsikring for og forvaltning av midlane i pensjonsordningar for Oslo kommune og selskap der Oslo kommune har avgjerande innverknad. Det blei i vedtaket gitt løyve til at Oslo kommune eig 100 prosent av aksjane i selskapet. Selskapet sin søknad om unntak frå forsikringsverksemdlova § 7-6 blei avslått.

Finansdepartementet mottok 5. september 2000 eit brev frå Gjensidige NOR av 31.08.2000 om omstrukturering av finanskonsernet Gjensidige NOR. Gjensidige NOR ynskjer å danne om selskapa Sparebanken NOR og Gjensidige NOR Spareforsikring til aksjeselskap. I denne samanheng ber Gjensidige NOR om at reglane i finanslovgjevinga endrast for å leggje til rette for ei slik omstrukturering. Saka er til behandling i departementet.

Til forsida