St.meld. nr. 50 (1998-99)

Utjamningsmeldinga

Til innhaldsliste

3 Utvikling i og fordeling av inntekt og formue

3.1 Innleiing

I dette kapitlet blir utviklinga i og fordelinga av økonomiske ressursar i befolkninga i perioden 1986-1996 og til dels 1997 utgreidd og drøfta. Analysane viser at inntektsforskjellane har auka i perioden. Det er likevel ein relativt kort periode, og resultata må tolkast i lys av dette. Ein analyse med eit lengre tidsperspektiv enn ti år ville gitt eit anna bilete enn analysen i dette kapitlet gir, jf. bl.a. avsnitt 1.5.1 i vedlegget til St meld nr 4 (1996-97) Langtidsprogrammet 1998-2001. Det har for eksempel vore ein sterk realinntektsvekst i dette hundreåret kombinert med ei oppbygging av velferdsstaten. Det har gitt ei vesentleg betring av dei økonomiske levekåra for alle og har redusert inntektsforskjellane monaleg.

Avsnitt 3.2 gir ei kort oversikt over datagrunnlag og metodisk tilnærming for analysen. I avsnitt 3.3 blir hovudtrekk ved utviklinga i og fordelinga av inntekt omtala, medrekna utviklinga for ulike grupper og inntektsfordeling etter yrkestilknyting innanfor det enkelte hushaldet. I avsnitt 3.4 blir samansetning av hushaldsinntekta for befolkninga og for ulike inntektsklasser drøfta. Avsnitt 3.5 gir ei nærmare utgreiing for gruppa med lågast inntekt.

Endringar i inntektsfordelinga er eit resultat av ei rekkje ulike forhold. I avsnitt 3.6 har ein gått nærmare inn på enkelte faktorar som kan vere med å forklare endringane i inntektsfordelinga over tid. Det blir peika på faktorar som har ført til at dei faktiske inntektsforskjellane har auka. I tillegg har det vore endringar i skatteregler mv. som har ført til at dei målte inntektsforskjellane har auka meir enn dei faktiske inntektsforskjellane.

Det er fleire forhold enn inntekt som påverkar dei økonomiske levekåra i eit hushald. I avsnitt 3.7 blir det derfor gitt ei kort framstilling av utviklinga i og fordelinga av formuen i hushaldet, verdien av arv og fordelinga av bustadinntekt. I tillegg blir fordelingsverknadene av uløna arbeid i heimen drøfta.

I avsnitt 3.8 er det ein omtale av korleis skattar og overføringar påverkar inntektsfordelingane i kvart enkelt år, medan ein i avsnitt 3.9 ser på skattar og overføringar i eit livsløpsperspektiv. Statistisk sentralbyrå har nyleg publisert inntektsstatistikken for 1997. Det har ikkje vore råd å gjere ein fullstendig analyse på grunnlag av 1997-tala, men i avsnitt 3.10 blir det gitt ei kort oppsummering av enkelte utviklingstrekk frå 1996 til 1997. I avsnitt 3.11 blir det peika på enkelte relevante utviklingstrekk etter 1997. Avsnitt 3.12 gir ei oppsummering.

3.2 Datagrunnlag og metodisk tilnærming

Datagrunnlaget som analysane i dette kapitlet byggjer på, er dei årlege inntekts- og formueundersøkingane for hushald frå Statistisk sentralbyrå. Inntekts- og formueundersøkingane er utvalsundersøkingar som hentar dei fleste inntektsopplysningane frå ei rekkje offentlege register, medan opplysningar om hushaldssamansetning blir innhenta ved hjelp av intervju. Med mindre anna er særskilt nemnt, er tabellane i kapitlet basert på SSB Rapporter 98/17 «Endringer i fordelingen av husholdningsinntekt 1986-1996» og SSB Rapporter 99/32 «Forskjeller i levekår. Hefte 1. Inntekt».

Inntektsomgrepet som blir nytta er i hovudsak inntekt etter skatt. Dette inntektsomgrepet inkluderer dei fleste inntekter som norske hushald mottek og som er registrert i offentlege statistikkar (lønsinntekter, kapital- og næringsinntekter og offentlege overføringar), fråtrekt utlikna skatt mv., jf. boks 3.1 for ei nærmare spesifisering. Sidan norsk statistikk på dette området er relativt god, gir dette eit godt grunnlag for å analysere inntektsfordelinga. Det vil likevel støtt vere statistisk uvisse, særleg dersom ein skal analysere inntektsutviklinga til små grupper av folket.

Boks 3.1 Inntekt etter skatt

Inntektsomgrepet som blir lagt til grunn i dette kapitlet er inntekt etter skatt. Det kjem fram på følgjande måte:

Yrkesinntekt

* løn (inkl. sjukepengar)

* netto næringsinntekt

+ Kapitalinntekter

* renteinntekter

* aksjeutbytte

* netto realisasjonsgevinstar

* andre kapitalinntekter

+ Skattepliktige overføringar

* pensjonar frå folketrygda

* tenestepensjon mv.

* arbeidsløysetrygd

* mottekne bidrag mv.

+ Skattefrie overføringar

* barnetrygd

* bustønad

* stipend

* forsørgjarfrådrag

* sosialhjelp

= Samla inntekt - Utlikna skatt og negative overføringar* utlikna skatt

* bidrag av overføringar (tvungen pensjonspremie i arbeidsforhold og betalt underhaldsbidrag)

= Inntekt etter skatt

Sjå også Notatar 98/43 og Rapportar 98/17 frå Statistisk sentralbyrå for ei nærare utgreiing for dette inntektsomgrepet.

Det er ikkje berre kontantinntekter i det enkelte året som avgjer det samla rommet for forbruk eit hushald har. I prinsippet burde analysar av inntektsfordelinga derfor ha vore basert på eit meir fullstendig inntektsomgrep som også fangar opp verdiendring av formue, mottak av arv og gåver, verdien av bustadtenester og andre varige forbruksgode, verdien av heimeproduksjon mv., medan gjeldsrenter burde vore trekt frå. Det er også berre inntekter som er registrert i offentlege statistikkar som inngår i analysen. Såkalla «svarte» inntekter er sjølvsagt ikkje inkludert, og i tillegg kan resultata bli noko påverka av endringar i skattereglar mv. som fører til endringar i kva slags inntekter som blir registrerte i statistikken. Analysane av inntektsfordelinga i dette kapitlet gir dermed ikkje eit fullstendig bilete av fordelinga av økonomiske levekår i befolkninga. Ein nærmare omtale av nokre slike veikskapar ved inntektsomgrepet inntekt etter skatt gis i boks 3.2.

Ut frå ein levekårssynsmåte kan ein argumentere for at det er betre å bruke person enn for eksempel hushald som analyseeining. Årsaka ligg i at det først og fremst er fordelinga av inntekt og levekår mellom personar som er det interessante i ein fordelingsanalyse.

Når ein skal samanlikne den økonomiske velferda til enkeltpersonar, kan det verke mest nærliggjande å samanlikne inntektene til desse personane. Dei fleste lever i hushald saman med andre, og dei individuelle inntektene vil derfor ofte gi eit misvisande inntrykk av dei samla økonomiske ressursane til den enkelte. Grunnen til dette er økonomiske stordriftsfordelar knytta til å bu i større hushald: Når ein bur saman, kan ein dele mange utgifter på fleire. Eit hushald på fire personar treng meir inntekter enn eit einpersonshushald for at kvar enkelt person i firepersonshushaldet skal ha tilsvarande levekår som den i einpersonhushaldet, men dei treng neppe fire gonger så høg inntekt. I dette kapitlet blir derfor hushald nytta som den økonomiske eininga, sjølv om person er analyseininga.

For å gjere det mogleg å nytte person som analyseeining i inntektsfordelingsanalysar, samtidig som ein tek omsyn til at det er stordriftsfordelar knytt til å leve i eit stort hushald, er det utvikla såkalla ekvivalensskalaer. Dei tek utgangspunkt i den samla hushaldsinntekta og tilordnar kvar person i hushaldet ei inntekt pr forbrukseining. Dette inneber at ein går ut frå at dei økonomiske ressursane i hushaldet blir likt fordelt mellom medlemmene i hushaldet. Ein har liten kunnskap om fordelinga innanfor det enkelte hushaldet, og i dette kapitlet blir ikkje ulik fordeling innanfor det enkelte hushaldet drøfta som ei mogleg kjelde til ulikskap.

Det finst ei rekkje ulike ekvivalensskalaer. I dette kapitlet brukar ein i hovudsak ein skala som tilordnar ei veging som svarar til kvadratrota av talet på personar i hushaldet. Det inneber at det blir rekna med at stordriftsfordelane er relativt store. Tidlegare var det meir vanleg å bruke ein ekvivalensskala med noko lågare stordriftsfordelar enn kvadratrotskalaen (OECD82-skalaen), og denne skalaen blir brukt i avsnitta 3.5.2-3.5.4. Val av ekvivalensskala har mykje å seie når ein skal samanlikne inntektene til ulike grupper av befolkninga, ettersom dei varierer med omsyn til kor store dei økonomiske stordriftsfordelane blir rekna for å vere. Dette kan særleg verke inn på analysar av låginntekt og når ein skal samanlikne inntektsnivået til ulike hushaldstypar. Dette er ein veikskap ved analysar av inntektsfordelinga, ettersom ein ikkje har empirisk grunnlag for å vurdere kor store stordriftsfordelane ved å bu i fleirpersonhushald faktisk er. Ein nærare omtale av ekvivalensskalaer blir gitt i boks 3.3 og 3.4.

Boks 3.2 Veikskapar ved «inntekt etter skatt»

Analysane i dette kapitlet byggjer på inntektsomgrepet inntekt etter skatt som omfattar dei fleste kontante inntekter som hushalda tek mot (yrkesinntekter, kapitalinntekter og offentlege overføringar) fråtrekt utlikna skattar mv, jf. boks 3.1. Alle inntektskomponentane er henta frå offentleg statistikk. Ettersom norsk statistikk på dette området er god, gir dette eit godt grunnlag for å føreta analysar av inntektsfordelinga i Noreg og utviklinga i denne over tid.

Inntekt etter skatt gir likevel ikkje eit fullgodt inntrykk av det samla høvet hushalda har til forbruk. Eit fullstendig inntektsomgrep, som viser storleiken på dei faktiske inntektene og dermed høva til forbruk, inkluderer både kontantar og inntektskomponentar utanom pengar (f.eks. naturalytingar og ikkje-realiserte gevinstar). Dette inneber at alle arbeidsinntekter, netto kapitalinntekter, overføringar, næringsinntekter, verdiendring på realkapital og anna formue (realisert og urealisert), arv og gåver, verdien av bustadtenester og andre varige forbruksgode, frynsegode, verdien av heimeproduksjon mv. i prinsippet burde vore inkludert i inntektsomgrepet.

Verdien av bustadtenester burde ideelt sett vore inkludert i inntektsomgrepet. SN tilrår at leigeverdien skal svare til den marknadsleiga som er lagt til grunn for bustaden, fråtrekt utgifter til vedlikehald og gjeldsrenter. Det er store måleproblem når ein skal rekne ut leigeverdien av eigen bustad i Noreg, bl.a. i høve til variasjonar i leigeverdien grunna storleik, lokalisering, bumiljø og andre kvalitetsforskjellar. Pga. denne utryggleiken om marknadsverdiane på bustader, har Statistisk sentralbyrå valt å ta omsyn til leigeverdien av bustad sjablonmessig, ved å la vere å trekkje frå renteutgifter i inntektsomgrepet. Det blir dermed rekna med at renteutgiftene svarar til leigeverdien av bustad, noko som er om lag rett i tilfelle der bustaden er 100 prosent lånefinansiert. Veikskapen med denne metoden er at den ikkje fangar opp forskjellar i disponibel inntekt mellom hushald med ulik lånepåkjenning. Eksempelvis har unge i etableringsfasa ofte høgare renteutgifter enn eldre, og ved å ikkje trekke renteutgifter frå i inntektsomgrepet, vil en truleg undervurdere dei disponible inntektene til dei eldre i høve til unge. Ein ytterlegare veikskap med denne metoden, er at den ikkje fangar opp verknaden av renteutgifter i næring.

Statistikken baserer seg i hovudsak på skattepliktige inntekter, og det kan vere særskilde forhold knytt til skattereglane som inneber at den skattepliktige inntekta er lågare enn den faktiske inntekta. Eksempelvis vil ikkje skattepliktige næringsinntekter mv. fullt ut avspegle dei faktiske inntektene, bl.a. fordi skattemessige avskrivingar kan vere forskjellige frå reelt økonomisk verdifall. Dette problemet var større før skattereforma i 1992 enn etter, ettersom avskrivingssatsane vart vesentleg redusert i samband med skattereforma.

Eit tilsvarande problem oppstår i samband med fastsetjing av faktiske inntektsendringar for aksjonærar. I statistikken blir berre utdelte aksjeutbyte og realiserte gevinstar/tap registrerte, Overskot i selskapssektoren kan enten haldast tilbake i selskapet, noko som isolert sett fører til at verdien på aksjane stig og som dermed skapar grunnlag for aksjegevinstar ved sal, eller det kan bli delt ut til eigarne som aksjeutbytte mv. Summen av utbetalt utbyte og endringa i marknadsverdien på aksjane er derfor eit betre mål på dei faktiske endringane i det høvet ein aksjonær har til forbruk. Endringar i dei samla forbrukshøva blir i liten grad påverka av valet mellom utbyte og tilbakehald av overskot. Ein skattytar som tek ut lite av overskotet i utbyte kvart år, vil dermed framstå i statistikken som å ha lågare inntekter enn ein som tek ut mykje i utbyte, sjølv om høvet dei har til forbruk reelt sett er likt. Endringar i skattereglane mv. i samband med skattereforma har truleg bidrege til at ein større del av overskotet (selskapsinntekta) blir teke ut som utbyte enn tidlegare, jf. avsnitt 3.6.3. I statistikken vil slike åtferdsendringar framstå som auka inntekter hjå aksjonærane, sjølv i tilfelle der dei samla høva til forbruk er uendra. Dette kan ha stor innverknad på resultata frå fordelingsanalysar, sidan aksjeutbyte er skeivt fordelt (nærare 90 prosent av aksjeutbyta til hushalda tilfall tidelen med høgast inntekt).

Boks 3.3 Nærare om val av ekvivalensskala

Ekvivalensskalaer blir brukte til å rekne om inntektene til hushald av ulik storleik og samansetning, slik at kvar enkelt person i hushaldet blir tilordna ei inntekt pr forbrukseining. Dette gjer det mogleg å nytte person som analyseeining i inntektsfordelingsanalysar, samtidig som ein tek omsyn til at det er stordriftsfordelar knytt til å leve i eit stort hushald.

Det er mange ekvivalensskalaer i bruk, og dei skil seg først og fremst frå kvarandre ut frå kor store stordriftsfordelar dei legg til grunn knytt til det å leve i eit stort hushald samanlikna med eit lite. OECD82-skalaen, som tidligare var mest vanleg å nytte i internasjonale samanlikningar, tilordnar første vaksne i eit hushald ei vekt lik 1, andre personar over 16 år ei vekt lik 0,7, og barn under 16 år ei vekt lik 0,5. Kvadratrotskalaen legg til grunn at alle personar i hushaldet blir tilordna ei vekt tilsvarande kvadratrota av talet på personar i hushaldet. Det finst også skalaer som legg til grunn andre nivå på stordriftsfordelane. I nokre tabellar i kapittel 7 nyttas f.eks. OECD86-skalaen, der stordritsfordelane ligg mellom OECD82 og kvadratrotskalaen. Tabellen nedanfor viser forbruksvektene for OECD82-skalaen og kvadratrotskalaen etter hushaldstorleik:

HushaldsstorleikEkvivalensskala
OECD82-skalaenKvadratrotskalaen
1 vaksen1,001,00
2 vaksne1,701,41
2 vaksne, 2 barn2,702,00
2 vaksne, 4 barn3,702,45

Tabellen viser at etter OECD82-skalaen vil kvar av medlemmene i eit hushald på to vaksne og to barn verte tilordna ein inntekt pr forbrukseining på 100 000 kroner dersom dei har ei samla hushaldssinntekt på 270 000 kroner. Dersom ein i staden brukar kvadratrotskalaen, vil kvar verte tilordna ei inntekt på 100 000 kroner dersom dei har ei samla hushaldsinntekt på 200 000 kroner. Eit éinpersonhushald har ei inntekt pr forbrukseining som er identisk med den faktiske hushaldsinntekta.

Det viser seg at val av ekvivalensskala i liten grad verkar inn på den målte utviklinga i inntektsfordeling generelt. Valet har likevel ein monaleg innverknad på resultata når ein samanliknar inntekt pr forbrukseining i ulike hushaldstypar. Eksempelvis kjem barnefamiliar isolert sett betre ut dersom ein nyttar ein skala med store stordriftsfordelar enn om ein brukar ein skala med små stordriftsfordelar, medan det motsette er tilfelle for éinpersonhushald. Tilsvarande vil ein skala med store stordriftsfordelar innebere at låginntektsgrensa blir høgare enn om ein vel ein skala med mindre stordriftsfordelar. Val av ekvivalensskala vil dermed både påverke kor mange som har inntekter under ei låginntektsgrense og kva for grupper av befolkninga som har inntekter under denne grensa, jf. avsnitt 3.5 og boks 3.4.

3.3 Hovudtrekk ved utviklinga i og fordelinga av inntekt 1986-1996

3.3.1 Utviklinga i inntektsfordelinga 1986-1996

I dette avsnittet blir utviklinga i den generelle inntektsfordelinga i perioden 1986-1996 omtala. Endringar i inntektsfordelinga blir illustrert bl.a. med Gini-koeffisienten, som er eit summarisk mål for ulikskap. Gini-koeffisienten varierer frå 0 til 1; jo nærare den er 0, dess mindre er ulikskapen. Når den er lik 0 har alle lik inntekt, medan når verdien er 1 tilfell all inntekt éin person.

Figur 3.1 viser utviklinga i fordelinga av hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining. Gini-koeffisienten auka frå 0,222 i 1986 til 0,257 i 1996, dvs. med om lag 16 prosent. Forskjellane i dei registrerte inntektene, basert på den metodiske tilnærminga som er omtalt i avsnitt 3.2, har mao. auka i denne perioden.

Figur 3-1 Utviklinga i fordelinga av hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining

Figur 3-1 Utviklinga i fordelinga av hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Gini-koeffisienten gir informasjon om det har skjedd endringar i inntektsfordelinga, men ikkje kvar i fordelinga endringa eventuelt har funnet stad. Ved å dele personane i utvalet inn i ti like store grupper, sortert etter storleiken på inntekta, finn vi korleis inntekta er fordelt på desse ti ulike inntektsklassene (desilar), jf. tabell 3.1. For eksempelet viser tala for 1986 at 4,1 prosent av den samla inntekta i samfunnet dette året tilfall dei 10 prosent med lågast inntekt, medan 18,6 prosent tilfall dei 10 prosent med høgast inntekt.

Tabell 3.1 Hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining fordelt etter inntektsklasser. Del av samla inntekter i befolkninga

Inntektsklasse12345678910Sum
19864,16,17,28,29,19,910,912,113,818,6100,0
19914,06,07,28,29,19,910,912,013,719,0100,0
19963,75,66,97,98,89,710,611,713,421,7100,0

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tabell 3.1 viser at dei største endringane har funne stad blant den tidelen med høgast inntekt. Denne inntektsklassa disponerte ein større del av dei samla inntektene i 1996 enn ti år tidlegare, ved at delen av samla inntekt auka frå 18,6 prosent til 21,7 prosent. Alle dei andre inntektsklassene fekk redusert sin del noko.

Figur 3.2 viser at det har vore ein realinntektsvekst i perioden. I gjennomsnitt auka inntekt pr forbrukseining med om lag 10 prosent frå 1986 til 1996. Figuren viser at tidelen med høgast inntekt har hatt den beste utviklinga. Frå 1986 til 1996 auka gjennomsnittsinntekta for denne gruppa med drygt 28 prosent. I dei midtre inntektsklassane var inntektsveksten 5-7 prosent, medan den var noko lågare i dei tre nedste inntektsklassene. For den tidelen med lågast inntekt, gjekk gjennomsnittsinntekta noko ned (1,8 prosent). Dette blir påverka av auken i studenttalet i perioden. Dersom studenthushalda er haldne utanfor, noko som er naturleg bl.a. fordi studielån ikkje blir rekna som inntekt, var det ein realinntektsvekst også i den nedste inntektsklassa på drygt 1 prosent 1. Årsaka til den svake inntektsveksten i den nedste inntektsklassa ligg dessutan i at det har vore ein auke i delen stønadsmottakarar i perioden, samtidig med at veksten i stønadsnivået i enkelte av overføringane har vore lågare enn lønnsveksten. Delen med kapitalinntekter av dei samla inntektene har også falle i denne inntektsklassen, jf. avsnitt 3.4. Sjå avsnitt 3.5.1 for ei nærare drøfting av denne gruppa.

Det er først og fremst i perioden frå 1991 til 1996 at inntektsveksten har vore svak, og til dels negativ, for dei tre nedste inntektsklassene. I inntektsklassene 2 og 3 har dette bl.a. samanheng med at delen med alders- og uførepensjonistar i desse inntektsklassene har auka, noko som isolert sett truleg trekk i retning av å redusere gjennomsnittsinntekta i desse inntektsklassene.

Figur 3-2 Gjennomsnittleg hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining fordelt etter inntektsklasser. Tusen 1996-kroner1

Figur 3-2 Gjennomsnittleg hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining fordelt etter inntektsklasser. Tusen 1996-kroner1

1Tala er avrunda til nærmaste 500 kroner.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Gjennomsnittsinntekta for tidelen med høgst inntekt var 4,5 gonger høgare enn gjennomsnittsinntekta for tidelen med lågast inntekt i 1986, medan forholdstalet auka til 5,9 i 1996. Dersom studenthushald blir halde utanfor, har auken vore frå 4,3 i 1986 til 5,5 i 1996.

Det er stor spreiing i inntektene i den øvste inntektsklassen. Dette blir illustrert ved at gjennomsnittsinntekta pr forbrukseining blant tidelen med høgast inntekt i 1996 var om lag 370 000 kroner, medan medianinntekta i denne gruppa var om lag 290 000 kroner. Medianinntekta er den inntekta der halvparten i inntektsklassa har høgare inntekt og halvparten lågare inntekt, dvs. at det var berre 5 prosent av befolkninga som hadde ei inntekt pr forbrukseining over 290 000 kroner i 1996. Og det var berre ein prosent av befolkninga som hadde ei inntekt pr forbrukseining i 1996 på over 450 000 kroner. Spreiing av inntekt var større i 1996 enn den var i 1986 både i den øvste og den nedste inntektsklassa.

Det er med andre ord særleg inntekta til dei som er heilt i toppen av den tiande inntektsklassa som er mykje høgare i 1996 enn i 1986, og det er først og fremst desse som har trekt gjennomsnittet for den øvste inntektsklassa opp. Dette blir illustrert blant anna av at medianinntekta pr forbrukseining i den øvste inntektsklassa har auka med under 10 prosent frå 1986 til 1996, dvs. vesentleg lågare enn veksten i gjennomsnittsinntekta i denne inntektsklassa på 28 prosent. Gjennomsnittleg inntekt pr forbrukseining til den halve prosenten med høgast inntekt har derimot auka med om lag 50 prosent i same perioden. Dette er ein konsekvens av at ein relativt liten del av befolkninga tek imot storparten av aksjeutbyte og realisasjonsgevinstar.

Figur 3-3 Utviklinga i fordelinga av høvesvis alle inntekter, alle inntekter ekskl. aksjeutbyte og alle inntekter ekskl. aksjeutbyte og realisasjonsgevinstar, målt pr forbrukseining. Gini-koeffisienten for 1986, 1991, 1996

Figur 3-3 Utviklinga i fordelinga av høvesvis alle inntekter, alle inntekter ekskl. aksjeutbyte og alle inntekter ekskl. aksjeutbyte og realisasjonsgevinstar, målt pr forbrukseining. Gini-koeffisienten for 1986, 1991, 1996

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Figur 3.3 viser at dei auka inntektsforskjellane i perioden i stor grad skuldast auka aksjeutbyte og realisasjonsgevinstar. Dersom ein held både aksjeutbyte og realisasjonsgevinstar utanom, ser ein at det ikkje har vore noka auke i inntektsforskjellane frå 1991 til 1996. Ei viktig årsak til dei auka inntektsforskjellane i perioden, er blant anna at den sterke konjunkturoppgangen sidan 1993 har gitt grunnlag både for auka aksjeutbyte og auka gevinstar ved sal av aksjar mv., jf. avsnitt 3.6.2. Den faktiske auken i inntektsforskjellane er likevel mindre enn det statistikken gir inntrykk av, ettersom skattereforma i 1992 førte til at ein større del av kapitalinntektene er vorte synleggjort som inntekt i statistikken, jf. avsnitt 3.6.3.

Eit interessant aspekt ved utviklinga i inntektsfordelinga, er knytt til inntektsfordelinga innan eit hushald og spesielt inntektsutviklinga til høvesvis kvinner og menn. Som nemnt i avsnitt 3.2 er ikkje dette datagrunnlaget velegna til å føreta slike analysar, sidan ein tek utgangspunkt i den samla inntekta i hushalda. Dette blir illustrert av at i denne analysen blir kvinner tilordna ei inntekt etter skatt pr forbrukseining som utgjer 97 prosent av gjennomsnittet i 1996, medan den tilsvarande inntekta for menn var 103 prosent. Forskjellane i inntektene til kvinner og menn på individnivå er større enn dette. Visse forskjellar i inntektsfordelinga kan likevel bli illustrert i ein slik analyse. Medan 33 prosent av kvinnene var å finne i dei tre lågaste inntektsklassene i 1996, var den tilsvarande delen for menn 27 prosent. Og medan 11 prosent av mennene var i den øvste inntektsklassa i 1996, var det om lag 9 prosent av kvinnene. Det har vore små endringar i dette biletet frå 1986 til 1996, bortsett frå at den delen av mennene som er i den lågaste inntektsklassen har auka frå 6,8 prosent til 7,9 prosent medan delen av kvinner har vorte redusert frå 13,1 prosent til 12,1 prosent. Avsnitt 3.4.3 har ei kort oversikt over utviklinga i lønnsforskjellar mellom menn og kvinner på individnivå.

Når ein studerer utviklinga over tid, er det viktig å hugse på at det ikkje er dei same personane som er i dei ulike inntektsklassene i 1986 og i 1996. Ein del personar har truleg flytta seg frå lågare inntektsklasser til den øvste som følgje av at dei har ein høg del av inntektene frå kapitalinntekter samstundes som andre har flytte seg til lågare inntektsklasser, jf. avsnitt 3.4. Også i dei lågaste inntektsklassene har det vore ein god del rørsle i inntektsfordelinga over tid, jf. avsnitt 3.5.

3.3.2 Utviklinga i og fordelinga av inntekt for ulike hushaldstypar

For å få eit bilete av utviklinga i og fordelinga av inntekt for ulike grupper av befolkninga, ser ein i dette avsnittet på utviklinga i gjennomsnittleg samla hushaldsinntekt over tid for ulike hushaldstypar. Individet er dermed ikkje lenger analyseeining, men hushaldet. Dette inneber at ein ikkje bør samanlikne på tvers av hushaldstypar, ettersom det ikkje er justert for talet på personar i hushalda. Ettersom det ikkje er dei same personane i desse gruppene i 1986 og 1996, kan dessutan ein del av endringane skuldast endringar i samansetninga av dei respektive gruppene.

Tabell 3.2 viser utviklinga i inntekt etter skatt for nokre hovudtypar av hushald. Tabellen viser at alle desse hushaldstypane hadde ein realinntektsvekst frå 1986 til 1996, men at det er til dels store forskjellar i inntektsutviklinga både for dei ulike hushaldstypane og for ulike aldersgrupper innanfor kvar hushaldstype. Blant einslege og par utan barn er det ein tendens til at dei eldste har hatt den beste inntektsutviklinga og dei yngste den svakaste. Dette har samanheng med at det skjer endringar i pensjonistgruppa ved at nye pensjonistar har høgare pensjon frå folketrygda mv. enn dei som døyr. Årsaka til den svake inntektsutviklinga blant unge er bl.a. at det har vorte fleire studentar i perioden, i tillegg til at dei yngre kan ha hatt større problem på arbeidsmarknaden enn andre grupper. Par med yngste barn i alderen 0-6 år er den gruppa som har hatt den sterkaste inntektsveksten i perioden.

Tabell 3.2 Gjennomsnittleg samla hushaldsinntekt etter skatt og utvikling 1986-1996 for ulike hushaldstypar. 1996-kroner1

Nivå 1996Prosentvis endring
Einslege
Under 45 år127 0000,4
45 - 64 år140 5004,4
65 år og over102 50013,0
Par utan barn
Under 45 år284 5009,8
45 - 64 år311 00018,5
65 år og over213 00019,0
Par med barn, alder til yngste barn:
0 - 6 år343 50021,0
7 - 17 år384 5009,2
Einslege forsørgjarar
Yngste barn 0 - 17 år189 0009,5

1 Tala er avrunda til nærmaste 500 kroner.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Gruppa einslege under 45 år har som nemnt hatt ei svak inntektsutvikling, men nærare analysar viser at dette er ei samansett gruppe. Dersom ein held studentar utanfor, var inntektsveksten på 1,5 prosent. Vidare var gjennomsnittsinntekta i 1996 for gruppa under 29 år på om lag 105 000 kroner inklusive og 120 000 kroner eksklusive studentar, medan den var på drygt 150 000 kroner for gruppa 30-44 år (både med og utan studentar). Einslege i aldersgruppa 30-44 år har m.a.o. høgast gjennomsnittsinntekt blant alle i gruppa einslege. Inntektsforskjellane innan gruppa er også store. Gjennomsnittleg inntekt etter skatt i 1996 for dei 25 prosent med høgast inntekt i gruppa var om lag 210 000 kroner og knapt 45 000 kroner for dei 25 prosent med lågast inntekt i gruppa. Spreiinga i inntektene til denne gruppa er m.a.o. så stor at det er vanskeleg å trekke generelle konklusjonar om årsakene til den svake utviklinga i gjennomsnittsinntekta til heile denne gruppa.

Det har skjedd ei endring i inntektssamansetninga til gruppa einslege under 45 år i perioden 1986-1996. Delen av inntektene som i gjennomsnitt kjem frå nærings- og kapitalinntekter har falt frå 13 prosent i 1986 til 7 prosent i 1996, medan delen som kjem frå overføringar er fordobla frå 5 prosent i 1986 til 10 prosent i 1996. Delen som kjem frå lønnsinntekter har vore om lag uendra, og utgjer i gjennomsnitt den klart største delen av dei samla inntektene til gruppa (over 80 prosent). Tala tyder på at det er ein lågare del næringsdrivande i denne gruppa i 1996 enn i 1986, medan det er ein større del stønadsmottakarar. I tillegg til auken i talet på studentar, kan derfor auken i delen stønadsmottakarar blant einslege under 45 år vere ei forklaring på den svake inntektsveksten til gruppa. Det at veksten i grunnbeløpet i folketrygda og sosialhjelpsnivået har vore lågare enn lønnsveksten i perioden, kan også bidra til å forklare kvifor inntektsveksten har vore svakare i denne gruppa enn i befolkninga elles. I gruppa einslege under 45 år har gjennomsnittleg inntekt etter skatt vorte noko redusert for menn i perioden, medan den har auka for kvinner. Det er først og fremst gjennomsnittleg lønnsinntekt som har utvikla seg forskjellig - den er redusert hjå mennene, men har auka hjå kvinnene. Einslege menn under 45 år hadde likevel i gjennomsnitt framleis høgare inntekt etter skatt i 1996 enn kvinner (135 000 kroner mot 112 000 kroner).

Barnefamiliene har jamt over hatt ei god inntektsutvikling i tiårsperioden. Par med yngste barn i alderen 0-6 år har hatt ein realinntektsvekst på over 20 prosent, medan hushaldsinntekta til både par med yngste barn i alderen 7-17 år og einslege forsørgjarar har auka med nærmare 10 prosent. Auke i overføringsordningar til barnefamiliane, bl.a. innføring av småbarnstillegget, er ei viktig årsak til inntektsauken til barnefamiliane generelt og småbarnsfamiliane spesielt. I tillegg er auken i yrkesaktiviteten til kvinner ei anna viktig årsak, jf. avsnitt 3.3.3. Småbarnsfamiliar har jamt over høgare gjeldsrenter enn andre grupper. Dei har såleis i tillegg fått ein sterkare auke i inntekt etter frådrag for gjeldsrenter (disponibel inntekt) enn andre hushaldstypar som følgje av at rentenivået var vesentleg lågare i 1996 enn i 1986. Effekten av lågare gjeldsrenter er ikkje inkludert i tabell 3.2, jf. boks 3.2.

Analysar av inntektsforskjellar innanfor dei enkelte hushaldstypane viser at inntektsulikskapener større blant yngre enn blant eldre for einslege og par utan barn. Årsaka til den høgare ulikskapen blant yngre par enn blant eldre kan ligge i at desse hushalda er samansett av personar med ulik tilknyting til arbeidsmarknaden, frå heiltidsstudentar utan noko yrkestilknyting til heiltidstilsette i godt betalte jobbar. Inntektsfordelinga er relativt jamn innanfor hushaldstypane av par med barn og einslege forsørgjarar. Også blant einslege over 65 år er inntektsfordelinga relativt jamn, medan ulikskapen blant eldre par er noko større.

Analysane viser at utviklinga i ulikskap over tid har vore forskjellig for dei ulike gruppene. Ulikskap har auka blant par utan barn og einslege, medan inntektsfordelinga har vore relativt stabil for par med barn. For einslege forsørgjarar har ulikskapen vorte noko mindre mellom 1986 og 1996.

3.3.3 Verdien av yrkestilknyting

Yrkestilknyting har stor innverknad for inntektsnivå for hushalda. Den sterke auken i yrkesaktiviteten til kvinner i 1970- og 1980-åra trekkjer isolert sett i retning av at delen med hushald med to eller fleire yrkesaktive aukar over tid. For perioden 1986-1996 er likevel ikkje dette tilfelle for hushalda samla sett, jf. tabell 3.3. Dette heng først og fremst saman med at ein i same perioden har hatt ein omfattande auke i talet på stønadsmottakarar. I tillegg har talet på éinpersonshushald auka.

Tabell 3.3 Delen hushald etter talet på yrkestilknytte i hushalda. Prosent. 1986-1996.

198619881990199219941996
Alle hushald100100100100100100
Ingen med yrkestilknyting302934363634
Éin med yrkestilknyting363535353437
To eller fleire med yrkestilknyting353631292929

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Yrkestilknyting blir påverka av demografiske endringar og av kor stor del av hushalda som på ulike tidspunkt er i yrkesaktiv alder. Når yrkestilknytinga blir broten ned på grupper, viser analysane at blant einslege var det noko redusert yrkesaktivitet i perioden 1988-1994, medan den auka frå 1994 til 1996. Dette biletet stemmer godt overeins med den utviklinga arbeidsmarknadsstatistikken viser. Blant eldre einslege er tendensen at færre har yrkestilknyting, noko som truleg heng saman med auka grad av uføre- og annan tidlegpensjonering.

Analysane viser vidare at blant par med små barn har det skjedd ein sterk auke i delen med toinntektsfamiliar, frå 53 prosent i 1986 til 68 prosent i 1996. For par med større barn har auken vore mindre, men det er for denne gruppa at toinntektsfamiliar er mest vanleg (79 prosent av desse hushalda hadde to yrkestilknytte i 1996). Også blant einslege forsørgjarar var det ein noko høgare del med yrkestilknyting i 1996 enn i 1986, og denne auken har kome frå 1994 til 1996. Ei av årsakene til dette kan vere at regelendringar tidleg i 1990-åra har gjort det lettare for einslege forsørgjarar å kombinere trygd og arbeid, noko som kan ha ført til auka innslag av deltid blant einslege forsørgjarar.

For alle grupper er gjennomsnittsinntekta høgare for hushald med to yrkesaktive enn for hushald med èin yrkesaktiv, og den er høgare for hushald med èin yrkestilknytt enn for hushald der ingen er yrkestilknytte. Analysane viser at det er til dels store forskjellar i inntektsnivå, avhengig av talet på yrkestilknytte i hushaldet. Unntaket her er gruppa par med små barn, der hushaldsinntekta til familiar med to yrkesaktive berre er litt høgare enn der det berre er èin yrkesaktiv (380 000 kroner mot 340 000 kroner i 1996), truleg delvis fordi den ene av dei yrkesaktive i småbarnsfamiliane jobbar deltid. Når ein ser på utviklinga over tid, er det likevel liten forskjell i utviklinga for hushald med ulik grad av yrkestilknyting. Èininntektsfamiliane blant par med og utan barn har for eksempel hatt ei like god inntektsutvikling som toinntektsfamiliane.

Inntektsutviklinga har vore betre for einslege forsørgjarar som er definert som ikkje-yrkestilknytte enn for dei som er yrkestilknytte. Årsaka ligg bl.a. i aukande innslag av deltidsarbeid blant einslege forsørgjarar med overgangsstønad som følgje av regelendringane i 1990-åra, og at gjennomsnittleg arbeidstid blant dei som er yrkestilknytte derfor kan vere lågare i 1996 enn i 1986.

3.4 Samansetning og fordeling av ulike inntektskomponentar

3.4.1 Samansetning av hushaldsinntekta

Samla hushaldsinntekt er samansett av fleire ulike inntektskjelder. Det er vanleg å dele hushaldsinntekta inn i fire hovudtypar: lønsinntekt, næringsinntekt, kapitalinntekt og overføringar. Tabell 3.4 viser korleis dei ulike inntektskomponentane har utvikla seg som del av samla hushaldsinntekt, både for dei ulike inntektsklassene og for hushalda samla.

Tabell 3.4 Fordelinga av ulike inntekts- og utgiftspostar innanfor kvar inntektsklasse etter gjennomsnittleg hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining. Prosent av samla bruttoinntekt. 1986 og 1996

1986MottekneBetalteInntekt
Inntekts-Løns-Nærings-Kapital-over-SamlaUtliknaover-etter
klasseInntektinntektinntektføringarinntektskattføringarskatt
129,33,54,562,6100,09,10,490,6
252,37,14,136,5100,015,31,083,7
363,79,33,723,3100,019,10,980,0
470,58,93,716,9100,022,11,176,8
575,06,53,814,6100,022,81,176,1
677,17,33,811,7100,024,11,374,6
777,67,73,810,9100,024,71,174,2
878,49,93,97,8100,026,41,272,5
981,38,04,46,2100,028,11,170,7
1068,520,56,84,3100,027,20,872,0
Alle72,110,54,512,9100,024,21,174,7
1996 Inntektsklasse
129,32,60,867,4100,010,30,789,0
231,45,92,260,5100,013,80,685,6
348,87,72,541,0100,018,30,880,9
463,66,71,927,8100,020,60,878,6
570,76,41,721,2100,022,80,976,3
676,46,41,715,5100,023,91,075,0
778,26,21,913,8100,025,40,973,7
879,57,42,111,0100,026,51,072,5
980,48,13,18,5100,028,20,970,9
1064,212,918,44,6100,030,70,668,7
Alle68,58,36,017,3100,025,20,874,0

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Lønnsinntekt er den dominerande inntektskjelda for hushald sett under eitt. I 1996 utgjorde lønnsinntekt nesten 70 prosent av samla inntekt. Mottekne offentlege overføringar er den nest største inntektskjelda med i underkant av 15 prosent av samla inntekt. Tenestepensjonar og motteke barnebidrag utgjer i tillegg høvesvis drygt 2 prosent og 0,5 prosent, slik at dei samla overføringane utgjer drygt 17 prosent. Næringsinntekter og kapitalinntekter utgjorde høvesvis 8 prosent og 6 prosent. Skatt utgjorde i 1996 vel 25 prosent av den samla hushaldsinntekta, medan betalte overføringar (dvs. betalt underhaldsbidrag og tvungen pensjonspremie i arbeidsforhold) utgjorde mindre enn 1 prosent.

Når ein ser hushalda under eitt, har lønnsdelen av samla inntekt gått noko ned frå 1986 til 1996, frå 72 prosent til 68 prosent, medan overføringsdelen har auka frå 13 prosent til 17 prosent. Delen offentlege overføringar auka frå knapt 12 prosent til knapt 15 prosent. For dei andre inntektskomponentane og skattar har det vore mindre endringar når ein ser på alle hushalda samla.

Endringane i inntektssamansetninga har likevel vore vesentleg større, dersom ein ser på utviklinga i kvar enkelt inntektsklasse. I andre og tredje inntektsklasse, og til ei viss grad også i fjerde og femte, har delen av inntektene som kjem frå overføringar auka vesentleg i perioden, medan delen av inntektene som kjem frå lønn har gått tilsvarande ned. Årsaka er først og fremst at det har vore ein monaleg auke i talet på stønadsmottakarar i perioden, bl.a. har talet på uførepensjonistar auka, samtidig som delen med minstepensjonistar er vorten redusert parallelt med at det kjem til stadig fleire nye pensjonistar med tilleggspensjon. Dei fleste pensjonistar med tilleggspensjon utover særtillegget er ikkje i den lågaste inntektsklassa. Til ei viss grad kan årsaka til den auka overføringsdelen liggje i at realinntekta frå minstepensjonen og barnetrygda er auka i perioden, men på den andre sida har realverdien av ein del andre overføringsordningar auka mindre enn lønnsveksten. Endringar i samansetninga av personar i dei lågaste inntektsklassene er dermed ein viktig forklaringsfaktor for inntektsutviklinga. Eksempelvis fører både veksten i studenttalet og den aukande delen med pensjonistar med relativt høge pensjonar til at det er vesentleg fleire unge og vesentleg færre eldre i den lågaste inntektsklassa i 1996 enn det var i 1986.

Blant tidelen med høgast inntekt har delen med kapitalinntekter auka vesentleg frå 1986 til 1996, i hovudsak grunna at aksjeutbytta har auka vesentleg i perioden. Eksempelvis utgjorde kapitalinntekter over 50 prosent av dei samla inntektene til den eine prosenten med høgast inntekt i 1996. Delen frå lønsinntekter og næringsinntekter har minka, men årsaka til dette ligg til ei viss grad truleg i at ein del næringsdrivande i aukande grad tek ut utbytte framfor løn bl.a. som følgje av endringar i delingsmodellen og auka synleggjering av kapitalinntekter, jf. avsnitt 3.6.3.

Denne utviklinga speglar seg også i den delen av inntekta som blir betalt i skatt i dei ulike inntektsklassene. Gjennomsnittsskatten har vore om lag uendra i dei fleste inntektsklassene i perioden 1986-1996. Den har falle noko i inntektsklasse 2-4. Årsaka ligg truleg i auka innslag av pensjonistar i desse inntektsklassene ettersom desse betalar mindre i skatt enn andre inntektsmottakarar. Ein redusert del med pensjonistar i den nedste inntektsklassa forklarer av same årsak truleg den svake auken i skattedelen i denne inntektsklassa. I den øvste inntektsklassa har skattedelen auka frå 27,2 prosent i 1986 til 30,7 prosent i 1996. Skattlegginga av lønns- og pensjonsinntekter er progressiv, og dette fører isolert sett til auka gjennomsnittsskatt når slike inntekter aukar. Ei anna årsak til dette er truleg at skattereforma har ført til at ein større del av næringsinntektene og realisasjonsgevinstane blir skattlagde. Redusert verdi av rentefrådraget, både som følgje av rentefallet og fordi marginalskatten på kapitalinntekter vart redusert i 1992, har dessutan verka sterkare inn på høginntektsgrupper enn på låginntektsgrupper. Innføring av toppskatten i 1988 er truleg også ei av årsakene til denne utviklinga. Desse effektane har verka sterkare inn enn reduksjonen i dei høgaste marginalskattesatsane i perioden.

3.4.2 Fordeling av ulike inntektskomponentar

Tabell 3.5 viser fordelinga av ulike inntektstypar etter inntektsklasser. Tabellen viser at det er stor variasjon med omsyn til kor stor del av dei ulike inntektskomponentane som fell inn i dei enkelte inntektsklassene. I 1996 mottok for eksempel den tidelen av personane med høgast inntekt pr forbrukseining 22 prosent av all lønnsinntekt, medan den tidelen med lågast inntekt pr forbrukseining mottok 1 prosent. Endå større variasjon er det når det gjeld nærings- og kapitalinntekter, der den nedste tidelen mottok under 1 prosent, medan den øvste tidelen mottok høvesvis 37 prosent og 73 prosent. Forholdet er motsett når det gjeld overføringar, der dei nedste inntektsklassene er dei som mottar mest.

Tabell 3.5 Ulike inntekts- og utgiftspostar fordelt mellom dei lågaste og høgaste inntektsklassene etter gjennomsnittleg hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining. Prosent. 1986 og 1996

1986MottekneBetalteInntekt
Inntekts-Lønns-Nærings-Kapital-over-SamlaUtliknaover-etter
klasseInntektinntektinntektføringarinntektskattføringarskatt
11,00,92,612,52,61,01,03,1
23,73,54,614,45,13,24,95,7
....................................
916,811,414,67,214,917,316,214,1
1018,938,829,86,619,922,415,119,2
Alle1100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0
1996 Inntektsklasse
11,00,70,39,12,31,02,12,8
22,03,11,615,14,32,43,25,0
....................................
916,814,07,37,114,316,115,213,7
1022,136,872,76,223,628,816,721,9
Alle1100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0

1 Delen på 100 er summen for alle ti inntektsklassene.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Fordeling av lønnsinntekter og næringsinntekter har vore relativt stabil i perioden 1986-1996. Når det gjeld kapitalinntekter, har det derimot vore ein sterk tendens til at den rikaste tidelen har teke mot ein større del av kapitalinntektene over tid. Medan tidelen med høgast inntekt mottok om lag 30 prosent av all kapitalinntekt i 1986, auka delen til 73 prosent i 1996. Personar i toppen av fordelinga tek ein stadig større del av alle former for kapitalinntekter, men spesielt har endringar i fordelinga av aksjeutbytte og netto realisasjonsgevinstar hatt stor innverknad. Medan om lag halvparten av alt aksjeutbytte tilfall den tidelen med høgast inntekt i 1986, var delen auka til nær 90 prosent i 1996. Også delen med samla netto realisasjonsgevinstar i den øvste inntektsklassa var vesentleg høgare i 1996 enn i 1986. Effekten av dette på inntektsfordelinga er illustrert i figur 3.3. Den sterke veksten i delen av dei samla kapitalinntektene som fell på den tidelen med høgast inntekt, skuldast at delen der kapitalinntekter utgjer ein stor del av dei samla inntektene har auka samstundes som delen der lønnsinntekter er den klart viktigaste inntektskjelda har falt. Dette illustrerer at det kan ha vore ei viss utskifting av kva for personar som er i denne inntektsklassa over tid.

Det har også skjedd ei endring i kva ulike kapitalinntekter har å seie over tid ved at delen renteinntekta utgjer av samla inntekt er redusert frå 1986 til 1996, som følgje av det kraftige rentefallet i perioden. Aksjeutbytte og netto realisasjonsgevinstar har derimot auka kraftig etter 1993, blant anna som følgje av konjunkturoppgangen.

Medan auken i aksjeutbytte mv. er ei viktig forklaring på dei auka inntektene i den øvste inntektsklassen, er reduserte kapitalinntekter ei av årsakene til den svake inntektsveksten i dei lågaste inntektsklassene. Delen med kapitalinntekter fall frå 4,6 prosent i 1986 til 0,6 prosent i 1996 i inntektsklasse 1, dels som følgje av rentefallet og dels som følgje av eit gjennomsnittleg netto realisasjons tap på 2,8 prosent i 1996. I inntektsklasse 2 gjekk den delen renteinntektene utgjorde av dei samla inntektene ned frå 3,8 prosent til 2,2 prosent. Delen med pensjonistar er relativt høg i dei to nedste inntektsklassene, og desse har det meste av formua si plassert i bank.

Fordelinga av både offentlege overføringar og tenestepensjonar mellom dei ulike inntektsklassene har vore relativt stabil i perioden 1986-1996. Den nedste tidelen tek likevel mot ein noko mindre del i 1996 enn den gjorde ti år tidlegare. Årsaka kan liggje i at nye pensjonistar har tent opp større pensjonar enn eldre pensjonistar, og at det dermed blir stadig færre alderspensjonistar i den lågaste inntektsklassen.

Også når ein ser på dei enkelte overføringane som fall på dei tre nedste inntektsklassene har fordelinga vore relativt stabil i perioden for dei fleste overføringane. Unntaka er arbeidsløysetrygda og sosialhjelpa. Delen av dei samla utbetalingane til arbeidsløysetrygd til dei tre lågaste inntektsklassene auka frå 25 prosent i 1986 til 31 prosent i 1996, medan den tilsvarande delen av dei samla sosialhjelpsutbetalingane auka frå 48 prosent i 1986 til 69 prosent i 1996.

3.4.3 Nærare om fordeling av lønsinntekter

I dette avsnittet drøftar ein nærare korleis lønsforskjellane har utvikla seg i Noreg sidan starten av 1980-åra. Løn er den klart viktigaste inntektskjelda for dei aller fleste hushalda, og lønsutviklinga blir dermed viktig for korleis dei økonomiske vilkåra varierer mellom ulike grupper i befolkninga. Samla sett utgjer lønsinntekta om lag 2/3 av dei samla hushaldsinntektene. Lønsinntektene som del av samla inntekt er minst for dei med lågast inntekt og størst for dei med midlare inntekt, jf. tabell 3.4.

Barth og Kongsgården 2 sin analyse av lønsspreiing viser at lønsforskjellane er redusert i perioden frå 1980 til 1995. Avstanden mellom dei høgaste og dei lågaste løningane, målt ved gjennomsnittleg avvik frå gjennomsnittsinntekta, vart redusert med 12 prosent i perioden. Grunnlaget for denne analysen avvik noko frå analysen tidlegare i kapitlet, blant anna ved at ein ser på spreiinga i lønsinntekta blant individ og ikkje på hushaldsnivå. Analysen tek dessutan utgangspunkt i timeløn. Ettersom arbeidsinnsatsen varierer, vil ein derfor kunne få ulike resultat for spreiinga i løningane avhengig av om ein ser på timeløn eller årsløn.

Ei viktig forklaring på reduksjonen i lønsspreiinga er at i gjennomsnitt har forskjellen mellom løningane til menn og kvinner vorte mindre. Spesielt i starten av 1980-åra skjedde det ei tilnærming, men utviklinga har også halde fram på 1990-talet. Eit anna funn i denne analysen er at det har vorte mindre lønsforskjellar i offentleg sektor i 1990-åra, hovudsakleg ved at det har skjedd ei utjamning mellom dei med middels og dei med høgast timeløn. I privat sektor har både topplønene og dei låge lønene auka, slik at lønsspreiinga der synes å ha vore om lag uendra i perioden.

Andre forhold som har ført til mindre spreiing i løningane er reduserte lønsforskjellar mellom ulike bransjar og at det har vore ein tendens til at lønsforskjellane mellom personar med ulikt utdanningsnivå har vorte mindre. Her har utviklinga vore forskjellig i privat og offentleg sektor i perioden 1991 til 1995. Medan det verkar som om utdanning har fått ein auka innverknad for lønsnivået i privat sektor, ser verdien ut til å ha vorte redusert i offentleg sektor. Arbeidserfaring synes derimot å ha fått auka verknad for lønsnivået i offentleg sektor, medan det har fått redusert verknad i privat sektor.

Som nemnt over, er ei viktig forklaring på reduksjonen i den generelle lønsspreiinga at forskjellen mellom løningane til menn og kvinner har vorte mindre. Schøne (1997) 3 viser t.d. at den gjennomsnittlege lønsskilnaden mellom kvinner og menn tilsette i staten var på 7,6 prosent i 1996, når ein justerer for alder, utdanning, ansiennitet og deltid. Til samanlikning var lønsforskjellane i perioden 1987-1990 på 10,4 prosent når ein justerer for utdanningslengd, yrkeserfaring og ansiennitet.

Ei tilsvarande utvikling har også skjedd i privat og kommunal sektor, jf. NOU 1999:12 Om grunnlaget for inntektsoppgjørene 1999. I kommunal sektor viser tal frå Kommunenes Sentralforbund (KS) at gjennomsnittleg regulativløn for kvinner i høve til gjennomsnittleg regulativløn for menn i KS-området auka frå 84 prosent i 1986 til 88 prosent i 1994, medan tal frå NHO viser at for industriarbeidarane i NHO-bedrifter har gjennomsnittleg løn for kvinner i prosent av gjennomsnittleg løn for menn auka frå 87,5 prosent i 1988 til 90,5 prosent i 1997. For personar som er tilsette i varehandelen auka denne delen frå 76,6 prosent til 82,8 prosent. Lønsskilnaden mellom menn og kvinner i staten innanfor same stilling var vidare berre 1 prosent i 1996. I kommunesektoren var kvinneløna 98 prosent av mannsløna innanfor same stillingskode.

Om ein ser på gjennomsnittsløna for kvinner for heile arbeidsmarknaden under eitt over tid, har likevel tilnærminga til lønsnivået for menn vore svakare enn for enkeltgrupper. Trass i den tilnærminga som har skjedd, har mao. menn i gjennomsnitt framleis høgare løn enn kvinner. Det skuldast at kvinner framleis i større grad enn menn arbeider i næringar med relativt sett låg gjennomsnittsinntekt, og at sysselsetjinga for kvinner har auka mest i område med lågt og middels lønsnivå. Så sjølv om inntektsskilnadene mellom menn og kvinner innanfor samme næring har vorte redusert, så er arbeidsmarknaden framleis kjønsdelt i den forstand at kvinner og menn arbeider i ulike næringer.

3.5 Nærare om gruppa med lågast inntekt

3.5.1 Inntektsutvikling i og samansetning av den lågaste inntektsklassen

Figur 3.2 viser at det frå 1986 til 1996 var ein nedgang i gjennomsnittsinntekta på 1,8 prosent i den lågaste inntektsklassen, dvs. blant tidelen med lågast inntekt. I dette avsnittet blir det peika på enkelte faktorar som kan bidra til å forklare dette.

Det er som tidlegare nemnt, ikkje dei same personane som er i inntektsklasse 1 i 1986 og i 1996, noko som er ein av forklaringane på utviklinga i perioden. Gjennomsnittsalderen til dei som er i den lågaste inntektsklassen er redusert, bl.a. som følgje av auken i studenttalet og at pensjonistane i gjennomsnitt hadde høgre pensjon frå folketrygda i 1996 enn i 1986. Dette blir illustrert ved at delen av pensjonistar/trygda i inntektsklasse 1 fall frå 60 prosent i 1986 til 50 prosent i 1996, og at delen som tok imot studielån auka frå 10 prosent til 15 prosent. Når studenthushald blir halde utanfor analysen, er det ein svak inntektsauke i perioden også i den lågaste inntektsklassen. Som nemnt i avsnitt 3.4 har kapitalinntektene for tidelen med lågast inntekt vorte redusert i perioden. Også auken i talet på sosialhjelpsmottakarar og uførepensjonistar i perioden påverkar dette biletet, jf. avsnitt 3.6.1. Minstepensjonen har auka i perioden, men på den andre sida har auken i sosialhjelpsnivået og grunnbeløpet i folketrygda vore lågare enn lønsveksten i perioden.

Sjølv om alderssamansetninga av inntektsklasse 1 har endra seg frå 1986 til 1996, har delen som tok imot ei eller anna form for overføring halde seg på om lag 90 prosent både i 1986 og 1996. Delen som tok imot overføringar frå folketrygda fall rett nok frå 70 prosent til 52 prosent i 1996. På den andre sida auka delen som tok imot sosialhjelp frå 11 prosent til 16 prosent. Etter 1996 har denne falle noko. Som nemnt auka også den delen som tok imot studielån, og det same gjeld delen som tok imot stipend.

Manglande arbeidsmarknadstilknyting er ei viktig årsak til låg inntekt. Eit bilete på det er at det både i 1986 og 1996 var om lag 20 prosent i inntektsklasse 1 som hadde løn eller næringsinntekt som viktigaste inntektskjelde. Trass i at det er få som hadde løn som viktigaste inntektskjelde, var det vel 40 prosent som hadde lønsinntekt både i 1986 og i 1996.

Effekten av manglande yrkestilknyting blir også illustrert ved at 60 prosent av alle einslege under 65 år utan yrkestilknyting var i den lågaste inntektsklassa i 1996, mot berre 9 prosent av einslege med yrkestilknyting. På same måte utgjorde einslege forsørgjarar utan yrkestilknyting ein vesentleg høgare del av den lågaste inntektsklassa enn dei med yrkestilknyting. Delen med einslege forsørgjarar utan yrkestilknyting som var i den lågaste inntektsklassen, vart kraftig redusert i perioden, frå 66 prosent i 1986 til 47 prosent i 1996.

Innvandrarar er overrepresenterte i den lågaste inntektsklassen, og spesielt innvandrarar frå Øst-Europa, Asia, Afrika, Mellom- og Sør-Amerika og Tyrkia. I 1996 var om lag 9 prosent av personane i den lågaste inntektsklassa frå desse områda, medan gruppa utgjorde drygt 3 prosent av heile befolkninga. Også for denne gruppa er svak arbeidsmarknadstilknyting ein viktig grunn.

3.5.2 Delen med låginntekt 1986-1996

Ovanfor vart det gitt ein kort gjennomgang av kjenneteikn ved den tidelen av befolkninga som har lågast inntekt. I dette avsnittet ser ein berre på dei som har inntekt under ei nærmare fastsett låginntektsgrense. Analysen av omfang og utvikling i låginntekt legg moderate stordriftsfordeler til grunn (OECD82-skalaen), dvs. at ein i dette og dei to neste avsnitta nyttar ein annan ekvivalensskala enn elles i kapitlet. Årsaka er at Statistisk sentralbyrå ikkje har analysert gruppa med vedvarande låginntekt basert på kvadratrotskalaen, jf. avsnitt 3.5.4.

Både samansetninga av og talet på dei som blir omfatta av låginntektsgruppa, er svært avhengig av føresetnader om kor store stordriftsfordelar det er, jf. boks 3.4. Bruk av OECD82-skalaen inneber at det vil vere ein mindre del einslege og ein større del barnefamiliar i låginntektsgruppa enn dersom ein brukar kvadratrotskalaen. Så lenge ein har lite kunnskap om kor store stordriftsfordelane faktisk er, må ein derfor vere varsam med å trekkje eintydige konklusjonar om låginntektsgruppa berre basert på ein analyse av denne typen.

Omgrepet låginntekt

Sjølve valet av låginntektsmål har sjølvsagt også stor innverknad. Ei absolutt låginntektsgrense er uavhengig av inntektsnivået og inntektsfordelinga i resten av samfunnet, og ved ei slik grense, vil talet på dei med låginntekt normalt falle over tid dersom det er realinntektsvekst i økonomien. Ei relativ låginntektsgrense vil derimot auke med det generelle inntektsnivået. Det medfører at talet på personar med låginntekt kan auke over tid, sjølv om denne gruppa isolert sett har ei positiv inntektsutvikling. Bakgrunnen for at ein ofte opererer med relative låginntektsmål, er at ein ønskjer å sjå låginntekt i samband med det generelle inntektsnivået i samfunnet, bl.a. fordi det krev større økonomiske ressursar å kunne delta i samfunnslivet i eit rikt land enn i eit fattig. På den andre sida vil det offentlege tenestetilbodet som regel vere større i eit rikt land enn i eit fattig, slik at låginntektsgrupper av den grunn vil ha større tilgang til mange tenester i rike land enn i fattige. Det er vanleg å nytte halvparten av medianinntekta for gjeldande år som låginntektsgrense. Medianinntekta er den inntekta som deler befolkninga i to like store delar, der den eine halvparten har lågare inntekt enn dette nivået og den andre halvparten har høgare inntekt. I dette avsnittet blir eit slikt relativt låginntektsmål nytta.

Utviklinga i låginntekt

Tabell 3.6 viser utviklinga blant personar med ei hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining under høvesvis 50 prosent og 60 prosent av medianinntekta for alle personar. I 1996 hadde 4,5 prosent av alle personar ein hushaldsinntekt som var under halvparten av medianinntekta, medan 10,6 prosent hadde inntekter under 60 prosent av medianinntekta, når ein reknar med moderate stordriftsfordeler (OECD82-skalaen). For perioden 1986-1996 sett under eitt har det vore ein viss auke i delen med låg inntekt, frå 3,1 prosent i 1986 til 4,5 prosent i 1996. Andelen av kvinner i låginntektsgruppa var litt høgare enn andelen av menn i 1996. I perioden har delen av menn med inntekt under låginntektsgrensa auka, medan andelen av kvinner har vore stabil. Som nemnt i avsnitt 3.3.1 er ikkje dette datagrunnlaget velegna til å analysere inntektsforskjellar mellom menn og kvinner, og resultata må derfor tolkast med varsemd.

Tabell 3.6 Del med personar med hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining under 50 prosent og 60 prosent av medianinntekta. OECD82-skalaen.1986-1996. Prosent

50 prosent av medianinntekta60 prosent av medianinntekta
inkl. studentarekskl. studentarinkl. studentarekskl. studentar
19863,12,68,98,5
19883,22,98,88,6
19903,52,98,98,3
19924,13,39,78,8
19944,63,610,810,0
19964,53,710,69,8

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Prosentdelen med låginntekt auka mot slutten av 1980-åra, og auken heldt fram i første halvdel av 1990-åra for så å stabilisere seg. Auken har truleg dels samanheng med lågkonjunkturen som starta på slutten av 1980-åra. Ei anna viktig årsak til auken er at det har vore ei kraftig realauke i låginntektsgrensa i kroner i perioden, jf. tabell 3.7. Dersom ein legg til grunn moderate stordriftsfordelar (OECD82-skalaen), har låginntektsgrensa auka med 9,4 prosent frå 1986 til 1996 (frå ei inntekt etter skatt pr forbrukseining på 55 500 kroner til 60 800 kroner). Dersom medianinntekta veks kraftigare enn gjennomsnittsinntekta til dei med lågast inntekt, bidreg dette til å auke delen med inntekt under låginntektsgrensa. Vidare kan noko av denne auken ha årsaka si i auken i talet på stønadsmottakarar og studentar.

Inntektsundersøkinga overvurderer likevel i noko grad auken i delen av personar med låginntekt frå 1991 til 1992. Det kjem av at skattereforma i 1992 førte til innstrammingar i avskrivingsreglane, og det førte til at sjølvstendig næringsdrivande vart registrerte med høgare inntekter i 1992 enn i 1991. Dette førte igjen til ein auke i låginntektsgrensa, utan at det kom av ein reell inntektsvekst for husholdningane. Det forklarer noko av auken i låginntektsgrensa, og dermed auken i andelen med låginntekt i perioden 4.

Den delen som har låginntekt eitt enkelt år gir dessutan avgrensa informasjon om delen av befolkninga med eit reelt låginntektsproblem, jf. omtalen av vedvarande låginntekt i avsnitt 3.5.4

Boks 3.4 Verknader av val av låginntektsgrense og ekvivalensskala

Kor stor del av befolkninga som blir framstilt med låg inntekt pr forbrukseining, er avhenging av val av låginntektsgrense. Nedanfor blir tre moglege låginntektsgrenser presenterte: minstepensjon og høvesvis 50 prosent og 60 prosent av medianinntekta (P50 og P60). Låginntektsgrensa i kroner blir påverka også av kva ekvivalensskala som blir nytta i analysen, dvs. kva for føresetnader som blir gjort med omsyn til stordriftsfordelar i hushaldet.

Tabell 3.7 viser låginntektsgrensene i 1996-kroner ved høvesvis OECD82-skalaen og kvadratrotskalaen samanlikna med satsane for minstepensjon for einslege i 1986 og 1996. Ved kvadratrotskalaen er minstepensjonen lågare enn både P50 og P60. Ved OECD82-skalaen er minstepensjonen lågare enn P60, men høgare enn P50. Dette forklarer dei store utslaga i den delen med personar som har låginntekt i gruppa einslege pensjonister ved å gå over frå OECD82-skalaen til kvadratrotskalaen.

Tabell 3.7 Låginntektsgrensa i 1996-kroner. 1986 og 1996

OECD82-skalaenKvadratrotskalaen
1986199619861996
P5055 50060 80073 10078 300
P6066 60072 90087 70094 000
Minstepensjon61 70065 30061 70065 300

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tabell 3.8 viser at dette fører til at nivået på delen med låginntekt gjennomgåande er høgare med kvadratrotskalaen enn med OECD82-skalaen. I 1996 er f.eks. 4,5 prosent av befolkninga registrert med låginntekt med OECD82-skalaen og 7,5 prosent med kvadratrotskalaen. Forklaringa på dette er at medianinntekta aukar når personar som høyrer til fleirpersonshushalda blir tilordna ei høgare inntekt pr forbrukseining pga. høgare overslag over stordriftsfordelar, jf. tabell 3.7. Dersom minstepensjonen blir nytta som låginntektsgrense, vil delen med låginntekt i 1996 vere 5,6 prosent ved OECD82-skalaen og 3,4 prosent ved kvadratrotskalaen.

Tabell 3.8 Del personar med hushaldningsinntekt etter skatt pr forbrukseining under 50 og 60 prosent av medianinntekta. OECD82-skalaen og kvadratrotskalaen. 1986-1996

50 prosent av medianen60 prosent av medianen
OECD82KvadratrotskalaenOECD82Kvadratrotskalaen
19863,16,48,912,4
19883,26,28,811,9
19903,56,78,912,4
19924,17,69,713,2
19944,68,410,814,8
19964,57,510,614,1

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Også samansetninga av låginntektsgruppa blir påverka av val av ekvivalensskala. Ved bruk av kvadratrotskalaen vil det isolert sett vere ein større del einslege og ein mindre del barnefamiliar i låginntektsgruppa enn dersom ein brukar OECD82-skalaen. Tabell 3.9 viser eksempel på korleis val av ekvivalensskala kan påverke delane med låginntekt innanfor enkelte hushaldstypar. Blant einslege over 65 år, som utgjer 6,5 prosent av befolkninga , aukar eksempelvis delen med låginntekt frå 2,2 prosent til 30,6 prosent når en skifter frå OECD82-skalaen til kvadratrotskalaen, dvs. avhengig av kva føresetnader ein gjer om stordriftsfordelane. Blant par med barn har endringa motsett forteikn, ved at desse utgjer en liten del av låginntektsgruppa ved kvadratrotskalaen, men ein relativt stor del ved OECD82-skalaen. En må ta omsyn til at fleire personar er med i låginntektsgruppa ved bruk av kvadratrotskalaen enn ved bruk av OECD82-skalaen.

Tabell 3.9 Samansetning av hushaldstypar med hushaldsinntekt under 50 prosent av medianinntekta i 1996 ved OECD82-skalaen og kvadratrotskalaen. Prosent

OECD82KvadratrotskalaenDel av befolkninga
Einslege under 30 år28,621,74,6
Einslege, 30-45 år8,07,04,0
Einslege, 46-64 år4,87,33,9
Einslege over 65 år2,230,66,5
Par med barn, 0-6 år21,57,923,1
Par med barn, 7-17 år8,33,118,0
Einslege forsørgjarar med barn, 0-17 år12,712,67,1
Par uten barn, eldste over 65 år1,12,28,7
Andre12,77,624,1
I alt100,0100,0100,0

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

3.5.3 Personar med låg inntekt etter alder og hushaldstype

Tabell 3.10 viser korleis personane som hadde ei inntekt pr forbrukseining under låginntektsgrensa i 1986 og 1996 er fordelt på hushaldstypar når ein legg moderate stordriftsfordelar (OECD82-skalaen) til grunn. Både i 1986 og i 1996 var yngre einslege og einslege forsørgjarar overrepresentert i låginntektsgruppa. Delen med einslege forsørgjarar er relativt høg uavhengig av ekvivalensskala. Kvar fjerde person i låginntektsgruppa kjem inn under småbarnsfamiliane, men dette svarar til om lag den delen denne gruppa utgjer av befolkninga.

Samansetninga av denne gruppa er svært avhengig av val av ekvivalensskala, jf. tabell 3.9. Dersom ein i staden nyttar kvadratrotskalen, dvs. at ein reknar med noko større stordriftsfordelar, vil delen med barnefamiliar i låginntektsgruppa vere vesentleg lågare enn delen dei utgjer av befolkninga. Derimot vil gruppa einslege over 65 år bli sterkt overrepresentert, noko som skuldast at alle minstepensjonistar vil bli rekna med i låginntektsgruppa dersom ein nyttar kvadratrotskalaen. Dette illustrerer at ein bør vere svært varsam med å trekkje konklusjonar om kva for hushaldstypar som er mest vanleg i låginntektsgruppa.

Tabellen avdekkjer at gjennomsnittsalderen til dei einslege med lågast inntekter har vorte redusert i løpet av perioden. Denne utviklinga er uavhengig av val av ekvivalensskala. Den største auken i del med låginntekt har skjedd i gruppa einslege under 30 år. Dette har samanheng med auken i talet på studentar i løpet av perioden. Einslege over 65 år har derimot redusert sin del kraftig, truleg som ei følgje av at talet på minstepensjonistar har vorte redusert. Nye pensjonistar har i gjennomsnitt høgare pensjon frå folketrygda enn dei som døyr. Også par over 65 år har redusert sin del av låginntektsgruppa kraftig, og er i 1996 underrepresentert i forhold til delen av befolkninga, uavhengig av kva ekvivalensskala ein vel. Delen med einslege forsørgjarar i låginntektsgruppa har hatt ein svak nedgang frå 1986 til 1996.

Tabell 3.10 Hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining under 50 prosent av medianinntekta, fordelt på hushaldstypar. 1986 og 1996. OECD82-skalaen

19861996Del av befolkninga (1996)
Einslege under 30 år20,728,64,6
Einslege, 30-45 år3,98,04,0
Einslege, 46-64 år2,54,83,9
Einslege 65 år og over6,42,26,5
Par med barn, 0-6 år27,621,523,1
Par med barn, 7-17 år5,28,318,0
Einslege forsørgjarar m/barn 0-17 år14,812,77,1
Par utan barn, 65 år og over3,51,18,7
Andre15,512,724,1
I alt100100100

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Manglande arbeidsmarknadstilknyting er den viktigaste årsaka til låg inntekt. I tabell 3.11 er hushalda delt inn etter alderen til hovudinntektstakaren og talet på yrkestilknytte i hushaldet. Par med barn er delt inn etter alderen til barna. I denne tabellen viser ein delane innanfor dei ulike hushaldstypane som er definerte inn under låginntektsgruppa i 1986 og 1996.

Tabell 3.11 Del personar innanfor ulike hushaldstypar med hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining under 50 prosent av medianinntekta. Fordeling etter talet yrkestilknytte i hushaldet. OECD82-skalaen. 1986 og 1996.

19861996
0 yrk1 yrk2 yrk0 yrk1 yrk2 yrk
Einslege
<30 år82,30,0-80,23,0-
30-45 år36,80,8-35,02,7-
46-64 år7,10,0-11,51,6-
>65 år3,50,0-1,60,0-
Par utan barn
<45 år60,04,30,059,07,60,0
46-64 år0,00,70,08,50,50,0
>65 år1,50,80,00,70,00,0
Par med barn
0-6 år50,56,10,345,19,10,4
7-17 år14,81,30,329,15,60,3
>18 år18,24,60,414,60,50,1
Einslege forsørgjarar23,51,9-19,32,4-

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I alle hushaldsgruppene er det dei utan yrkestilknyting som har høgast del med låginntekt. Særleg blant yngre einslege utan yrkestilknyting er det ein høg del som blir definert med låg inntekt. Men ettersom denne gruppa bl.a. inkluderer studentar, er delen med personar der låginntekt er eit reelt problem truleg mindre. Delen med personar med låginntekt i gruppa einslege under 30 år utan yrkestilknyting blir redusert frå om lag 80 prosent til i overkant av 70 prosent når studenthushalda er tekne ut av datamaterialet. Blant par under 45 år utan barn og utan nokon yrkesaktive, blir låginntektsdelen redusert frå 60 prosent til om lag 40 prosent når studenthushald blir fjerna frå datamaterialet. Som nemnt i avsnitt 3.3.1 blir dessutan effekten av auken i studenttalet truleg undervurdert i dette datamaterialet.

Blant småbarnsfamiliar der ingen har yrkestilknyting, har om lag 45 prosent ei inntekt pr forbrukseining under låginntektsgrensa. Også blant småbarnsfamiliar med èin yrkestilknytt er det ein relativ høg del med låg inntekt, om lag 9 prosent i 1996. Delen med svært låg inntekt er svært låg i hushald med to yrkestilknytte.

Også blant einslege forsørgjarar er det stor inntektsforskjell mellom dei som har arbeidsmarknadstilknyting og dei som ikkje har det. Einslege forsørgjarar utan yrkestilknyting er overrepresentert i låginntektsgruppa. Blant desse hadde om lag 19 prosent inntekt under låginntektsgrensa i 1996. Den tilsvarande delen for einslege forsørgjarar i arbeid var på 2,4 prosent same år.

3.5.4 Nærmare om gruppa med vedvarande låginntekt

Det at mange har låg inntekt i eit enkelt år treng ikkje innebere at dei har eit låginntektsproblem dersom perioden er kort. Ein måte å finne ut i kor stor grad låginntekt er eit vedvarande problem, er å sjå inntekt pr forbrukseining til dei same personane over ein periode på fleire år. I dette avsnittet blir gruppa med vedvarande låginntekt i perioden frå 1991 til 1995 analysert. Denne perioden er vald fordi det er kun for denne at ein har inntektsdata som inkluderer sosialhjelp og grunn- og hjelpestønad 5.

Dersom ein nyttar 50 prosent av medianinntekta for hele perioden 1991-1995 som låginntektsgrense, er delen med personar med låginntekt på 2,1 prosent når ein legg moderate stordriftsfordelar (OECD82-skalaen) til grunn. I 1995 var delen med låginntekt til samanlikning 4,7 prosent. Dette illustrerer at det i dei låginntektsmåla som er særskilde for eitt år, er det ein relativt stor del som berre forbigåande har låge inntekter, dvs. at det er relativt stor inntektsmobilitet blant dei som har låg inntekt i eit enkelt år.

Blant dei som vart registrert med låg samla femårsinntekt er det derimot relativt liten variasjon i dei årlege inntektene. Litt under halvparten av desse vart registrert med låginntekt i minst fire av dei fem åra i perioden 1991-1995. Den relativt låge inntektsmobiliteten blant dei med låge femårsinntekter ligg truleg i at det er liten variasjon i tilknytinga deira til arbeidsmarknaden, enten ved at dei ikkje er yrkesaktive eller ved at dei har vedvarande låg yrkesinntekt.

Tabell 3.12 viser samansetninga av gruppa med vedvarande låg inntekt. Tabellen viser at enkelte grupper er overrepresentert blant dei med vedvarande låg inntekt i høve til delen dei utgjer av befolkninga. Dersom ein legg moderate stordriftsfordelar (OECD82-skalaen) til grunn, gjeld dette par med små barn og einslege under 45 år. Einslege forsørgjarar, par med barn i alderen 7-19 år og eldre er derimot klart underrepresentert. Som peika på i avsnitt 3.5.3 blir samansetninga av låginntektsgruppa i svært stor grad påverka av val av ekvivalensskala. Dersom ein hadde lagt større stordriftsfordelar til grunn, f.eks. ved å nytte kvadratrotskalaen, ville truleg delen med småbarnsfamiliar med vedvarande låginntekt vore monaleg lågare og delen med einslege forsørgjarar høgare enn i tabell 3.12. Ein må derfor vere svært varsam med å trekkje eintydige konklusjonar om denne gruppa utelukkande basert på tabell 3.12.

Tabell 3.12 Personar med femårsinntekt 1991-1995 etter skatt pr forbrukseining under 50 prosent og 62,5 prosent av medianinntekta1. Fordeling på hushaldstypar. OECD82-skalaen. Prosent

Del av befolkninga (1995)Del av dei med femårsinntekt under 50 prosent av medianenDel av dei med femårsinntekt under 62,5 prosent av medianen
Inkl. sosialhjelpEkskl. sosialhjelpInkl. sosialhjelpEkskl. sosialhjelp
Einslege under 45 år8,245,547,019,719,4
Einslege 65 år og over6,52,11,411,69,9
Par 65 år og over9,12,42,410,99,8
Par med barn 0-6 år23,630,823,030,827,2
Par med barn 7-19 år20,68,36,87,26,5
Einslege forsørgjarar6,23,26,88,613,8
Andre25,87,712,611,213,4
I alt100100100100100

1 Årsgjennomsnittet av låginntektsgrensa (50 prosent av medianinntekta) var 61 260 kroner (1995) når sosialhjelp m.m. ikkje var inkludert i inntekta, og 61 830 kroner når sosialhjelp m.m. var inkludert i inntekta.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tabellen viser at personar som tilhøyrer hushald der hovudinntektstakar er 65 år eller eldre, nesten ikkje er representert i gruppa med vedvarande låginntekt når låginntektsgrensa blir sett til 50 prosent av medianen. Når låginntektsgrensa aukar med 25 prosent, går eldre par og eldre einslege over til å utgjere til saman om lag 20 prosent av låginntektsgruppa. Årsaka er at mange pensjonistar ligg berre litt over låginntektsgrensa. Når låginntektsgrensa blir sett til 62,5 prosent av medianinntekta, fell minstepensjonen for einslege under låginntektsgrensa.

I avsnitt 3.5.1 vart det peika på at innvandrarar frå ikkje-vestlege land var overrepresenterte blant tidelen med lågast inntekt. Denne gruppa er også overrepresentert i gruppa med vedvarande låginntekt. Om lag 20 prosent av desse hadde ei femårsinntekt i perioden 1991-1995 som var lågare enn 50 prosent av medianinntekta i same periode.

I gjennomsnitt over femårsperioden mottok om lag ein fjerdedel av dei med vedvarande låginntekt sosialhjelp. Sosialhjelp reduserer delen med femårsinntekt under låginntektsgrensa frå 3,3 prosent til 2,1 prosent, og aukar den årlege inntekta til dei som framleis blir plassert i låginntektsgruppa med om lag 10 000 kroner i gjennomsnitt. Når ein inkluderer sosialhjelp, blir samansetninga av låginntektsgruppa endra noko, i retning av relativt færre einslege under 45 år og einslege forsørgjarar og relativt fleire par med barn og eldre einslege.

Statistisk sentralbyrå har også analysert låginntektsdelen over heile perioden 1986-1995. I denne analysen er ikkje sosialhjelp inkludert i inntektsomgrepet, noko som isolert sett truleg trekk i retning av at delen med låg tiårsinntekt er overvurdert. Analysen illustrerer likevel verknadene frå mobilitet og inntektsutjamning. Delen med tiårsinntekt under halvparten av medianinntekta for tiårsinntekter er 1,5 prosent, mot 3,3 prosent med låge femårsinntekter når sosialhjelp ikkje er inkludert. Vidare aukar delen med barnefamiliar, både par med barn og einslege forsørgjarar, i låginntektsgruppa når ein ser på tiårsinntekter i staden for femårsinntekter. Dette kan indikere at desse gruppene har hatt det betre med omsyn til inntekter i siste halvdel av perioden enn i første. I analysen av dei årlege fordelingane fann ein også at delen med småbarnsfamiliar og einslege forsørgjarar i låginntektsgruppa var lågare i 1996 enn i 1986, jf. avsnitt 3.5.3.

3.6 Årsaker til auka inntektsforskjellar i perioden 1986-1996

Dei registrerte inntektsforskjellane har auka i perioden 1986-1996. Mesteparten av denne auken skjedde i perioden 1991-1996. Den viktigaste årsaka til dette er den sterke inntektsveksten blant tidelen med høgast inntekt. Det var ei følgje av at aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar auka kraftig i denne perioden, jf. figur 3.3. Avsnitta 3.6.2 og 3.6.3 gir ei kort drøfting av sentrale faktorar som kan bidra til å forklare den sterke veksten i kapitalinntektene i den øvste inntektsklassa i perioden. Inntektsforskjellane auka likevel også noko i perioden 1986-1991, og i figur 3.3 går det fram at dette ikkje kan bli forklart med endringar i aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar. Moglege årsaker til dette blir drøfta i avsnitt 3.6.1.

Dei auka inntektsforskjellane i perioden har også sitt utspring i at inntektsveksten har vore svak blant dei med låge inntekter. I avsnitt 3.5 ovanfor er det bl.a. ei drøfting av årsakene til dette.

3.6.1 Endringar i perioden 1986-1991

Figur 3.2 viser at det var ein svak auke i inntektsforskjellane i perioden 1986-1991, og figur 3.3 viser at endringar i kapitalinntektene ikkje kan forklare denne utviklinga. Det er vanskeleg å finne eintydige årsaker til dette utelukkande med utgangspunkt i statistikken om inntektsfordeling frå Statistisk sentralbyrå. Delen av dei samla inntektene som kjem frå løn gjekk ned frå 72,1 prosent i 1986 til 67,6 prosent i 1991 for befolkninga som heilskap. Samstundes auka delen frå overføringar frå 12,9 prosent i 1986 til 17,8 prosent i 1991. Reduksjonen i lønsdelen og auken i overføringsdelen var likevel vesentleg større for dei tre nedste inntektsklassene enn for dei sju øvste. For tidelen med lågast inntekt, gjekk f.eks. delen frå løn ned frå 29,3 prosent i 1986 til 22,3 prosent i 1991, medan den tilsvarande endringa for tidelen med nest lågast inntekt var frå 52,3 prosent i 1986 til 40,7 prosent i 1991. Delen frå overføringar auka tilsvarande i desse to inntektsklassene.

Det er fleire årsaker til denne utviklinga, men den kraftige auken i arbeidsløysa som var ei følgje av lågkonjunkturen i delar av perioden, er truleg ei av dei viktigaste. Arbeidsløysa auka frå i overkant av 2 prosent i 1987 til om lag 6 prosent i 1992, og særleg auka talet på dei som var arbeidslause i meir enn 26 veker. Ein annen, om enn relatert årsak til dei auka forskjellane, er at talet på uførepensjonistar og sosialhjelpsmottakarar også auka kraftig i same periode. Talet på uførepensjonistar auka f.eks. med over 20 prosent frå 1986 til 1990, medan talet på sosialhjelpsmottakarar auka med om lag 50 prosent i same periode. Sjølv om utviklinga i talet på sosialhjelpsmottakarar og uførepensjonistar kan ha delvis samanheng med auken i arbeidsløysa, kan den auka arbeidsløysa ikkje forklare heile veksten i talet på mottakarar av desse overføringane. Det blir illustrert bl.a. av at talet på sosialhjelpsmottakarar i 1997 var om lag på same nivå som i 1990, medan talet på uførepensjonistar er høgare enn i 1990, trass i at arbeidsløysa er vesentleg lågare.

Overgang frå å vere yrkesaktiv til å bli stønadsmottakar gjev ein inntektsreduksjon for dei fleste, ettersom arbeidsløysetrygd og uførepensjon utgjer ein del av tidlegare yrkesinntekt. Trass i dette er gjennomsnittsinntekta i alle inntektsklassane i 1991 høgare enn den var i 1986, men veksten har vore svakast i dei nedste inntektsklassene. Årsaka ligg i at delen med arbeidslause, uførepensjonistar m.m. er større i dei lågare enn i dei høgare inntektsklassene, og at det dermed var ein samanheng mellom auken i inntektsforskjellane og auken i talet på arbeidslause og uførepensjonistar. At inntektsforskjellane ikkje auka meir frå 1986 til 1991, trass i den kraftige veksten i arbeidsløysa, tyder på at trygdeordningane i Noreg gir ein relativt høg grad av sikring mot inntektsbortfall.

3.6.2 Endringar i perioden 1991-1996

Også i perioden 1991-1996 har inntektsutviklinga vore relativt svak i dei lågaste inntektsklassene. Årsaka ligg truleg i dei same tilhøva som er nemnte i avsnitt 3.6.1, først og fremst auken i studenttalet og talet på uførepensjonistar og sosialhjelpsmottakarar, og dessutan at nivået på sosialhjelpssatsane og grunnbeløpet i folketrygda auka mindre enn lønsveksten i perioden.

Den viktigaste årsaka til dei auka inntektsforskjellane i perioden er likevel auka kapitalinntekter, bl.a. som følgje av oppgangskonjunkturen etter 1993. Fordi utbytte frå aksjeselskap og realisasjonsgevinstar truleg svinger sterkare med konjunkturforløpet enn andre inntekter, er dette ei viktig årsak til at inntektsforskjellane auka kraftig i den oppgangskonjunkturen ein har hatt etter 1993. Dette kan illustrerast ved at den øvste inntektsklassa tok mot nesten 75 prosent av kapitalinntektene i 1996 mot berre 30 prosent i 1986. Tilsvarande mottok denne inntektsklassa over 90 prosent av alt aksjeutbytte i 1996 mot 50 prosent i 1986. Realisasjonsgevinstane var tilsvarande skeivt fordelt 6. Dersom konjunkturane blir dårlegare, vil på den andre sida utbytteutbetalingane truleg falle og enkelte vil ha omfattande realisasjonstap. Næringsdrivande og aksjonærar vil dermed få monaleg auke i inntekter i år der konjunkturane er gode, medan dei same personane kan ha relativt sett mykje lågare inntekter i år der verksemda går dårleg - og at dei i enkelte år er i lågare inntektsklasser. Konjunkturutviklinga har såleis stor innverknad på utviklinga i inntektsforskjellane.

Tabell 3.13 Utbytte frå norske selskap. Inntekter i hushalda frå utbytte og realisasjonsgevinstar. Mill. 1996-kroner

Utbetalt utbytte1Utbetalt utbytte ikkje-børs1Utbetalt utbytte børsInntekter i hushalda frå utbytte2Inntekter i hushalda frå realisasjonsgevinstar2
198612 4639 4742 9901 950900
198710 4468 2712 1752 4003 400
19888 3065 9942 3021 850750
198910 9558 5442 4101 350-3
199013 56810 2213 3471 5501 350
1991--2 4871 550550
1992--2 2691 6001 750
1993--2 6107 7192 868
1994--3 9808 7203 126
199526 32419 5596 76510 8204 683
199633 88225 8897 99311 2668 641

1 Tal for utbetalt utbytte for perioden 1991-94 er førebels ikkje tilgjengeleg.

2 Tal for 1986-1992 er avrunde til nærmaste 50 mill. fordi dei er basert på ein utvalsundersøking. Tall etter 1993 er frå registerstatistikk.

3 Talet for 1989 er ikkje med, fordi det er sterkt påverka av ein ekstremobservasjon.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Tabell 3.13 illustrerer at aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar varierer over tid. Eksempelvis fall dei utbetalte utbytta med over 30 prosent frå 1986 til 1988. Inntektene i hushalda frå utbytte auka vesentleg frå og med 1993, noko som bl.a. har samanheng med auka lønsemd i næringslivet på grunn av oppgangskonjunkturen. Konjunkturane kan likevel ikkje forklare det kraftige spranget i inntektene til hushalda frå utbytte frå 1992 til 1993 og i realisasjonsgevinstar frå 1991 til 1992. Det er meir sannsynleg at årsaka delvis ligg i ei auka synleggjering av kapitalinntekter i statistikken som følgje av skattereforma m.m. og ikkje ein reell vekst i eigarinntektene, jf. avsnitt 3.6.3.

Sidan 1993 har det vore ei kraftig betring i lønsemda i næringslivet, og som nemnt er auken i kapitalinntekter hovudårsaka til at inntektsfordelinga har vorte noko skeivare i perioden 1986-1996. Den auka lønsemda skriv seg først og fremst frå følgjande tre økonomiske tilhøve: Generell økonomisk vekst, endringar i den funksjonelle inntektsfordelinga og rentefallet. Desse effektane er illustrert i tabell 3.14 for eit utval av selskap (ikkje-finansielle føretak).

Tabell 3.14 Utvalde rekneskapstal for ikkje-finansielle føretak. Mrd. 1996-kroner

1993199419951996Endring 1993-1996 i prosent
Faktorinntekt. Av dette:289,2279,2321,4372,428,8
- lønnskostnader201,3205,1216,1236,617,5
- driftsresultat1:87,892,7105,0135,854,6
Driftsresultatet utgjer:
- netto finanskostnader21,96,26,15,2- 76,2
- resultat før skattekostnad66,086,499,0130,297,4

1 Driftsresultat + resultat av ekstraordinære poster

Kjelde: Statistisk sentralbyrå. Rekneskapsstatistikk for ikkje-finansielle foretak

Tabell 3.14 viser at den generelle økonomiske oppgangen frå hausten 1993 har ført til at den samla faktorinntekta har auka, dvs. den inntekta som netto er tilgjengeleg til løning av produksjonsfaktorane arbeid og kapital. For ikkje-finansielle føretak har auken vore nesten 30 prosent frå 1993 til 1996. I løpet av denne perioden har med andre ord inntektene til næringslivet auka vesentleg, noko som i seg sjølv gir eit grunnlag for ein auke av både kapitalinntektene og løningane til arbeidskraft.

I perioden har dei samla lønskostnadene for desse føretaka auka med drygt 17 prosent, dels som følgje av auka sysselsetjing og dels som følgje av lønsvekst. Driftsresultatet har auka med knapt 55 prosent, dvs. relativt sett vesentleg meir enn auken i den samla faktorinntekta. I perioden 1993 til 1996 har det m.a.o. skjedd ei endring i den funksjonelle inntektsfordelinga, ved at driftsresultatet (delen av faktorinntekta som kan nyttast til å løne kapitalen) har auka medan den delen som går til løning av arbeidskraft er redusert 7.

Det er truleg mange årsaker til dette, men ei viktig årsak er at driftsresultatet normalt svingar vesentleg meir i takt med konjunkturane enn lønskostnadene. Den delen av faktorinntekta som kan nyttast til å løne kapital aukar dermed normalt i oppgangskonjunkturar og fell i nedgangskonjunkturar. Det såkalla «solidaritetsalternativet» har også bidrege til ei slik endring i den funksjonelle inntektsfordelinga. Då sysselsetjingskommisjonen la fram ugreiinga si (NOU 1992: 26), hadde det vore eit kontinuerleg fall i industrisysselsetjinga dei siste 20 åra. Utvalet foreslo å sette i verk tiltak for å betre lønsemda i store delar av næringslivet for å få opp sysselsetjinga. Eit viktig formål med «solidaritetsalternativet», som har hatt brei oppslutning både politisk og blant partane i arbeidslivet, er å styrke sysselsetjinga blant anna gjennom moderat lønsvekst og tiltak som bidreg til auka lønsemda i næringslivet. Sysselsetjinga har hatt ein omfattande auke dei siste åra samtidig med auken i lønsemda i næringslivet.

Det tredje forholdet som har bidrege til ein auke i inntektene som tilfell eigarane (eigenkapitalen), er at rentenivået i 1996 var vesentleg lågare enn i 1993. Dette bidrog til eit vesentleg fall i betalinga til framandkapitalen (lån) i bedriftene, noko som blir illustrert ved at nettofinanskostnader vart redusert med over 75 prosent reelt frå 1993 til 1996.

Resultatet før skatt for ikkje-finansielle føretak vart nesten fordobla frå 1993 til 1996. Dette var ei følgje av auken i driftsresultatet og reduksjonen i nettofinanskostnadene. Denne omfattande auken i lønsemda i næringslivet er den viktigaste årsaka til auken i utbytteutbetalingar og realisasjonsgevinstar. Det har samtidig vore ein vesentleg reallønsvekst for dei aller fleste i perioden. I tillegg har sysselsetjinga hatt ein omfattande auke, samtidig som arbeidsløysa har falle. Utviklinga i 1990-åra har dermed også komme andre enn eigarane til gode.

3.6.3 Auka synleggjering av kapitalinntekter etter 1992 som følgje av skattereforma m.m.

Analysane av inntektsfordelinga i avsnitt 3.3 baserer seg på inntekts- og formuesundersøkinga, som er ei utvalsundersøking som hentar dei fleste inntektsopplysningane frå sjølvmeldinga. Endringar i skattereglane som fører til at ein større eller mindre del av dei faktiske inntektene blir skattepliktige, kan dermed påverke resultata frå slike analysar. Vidare kan endringar i skattereglar eller rekneskapsreglar påverke åtferda til skattytarane, noko som også kan påverke resultata i slike analysar sjølv i tilfeller der dei faktiske inntektsforskjellane ikkje har endra seg. Eksempelvis er det grunn til å tru at skattereforma m.m. har ført til at skattytarane tek ut ein større del av overskotet frå bedrifter som utbytte enn tidlegare, noko som gjer sitt til at ein større del av kapitalinntektene blir synleggjort som inntekt i statistikken. Auka synleggjering kan føre til at auken i dei registrerte inntektsforskjellane gir overvurdering av auken i dei faktiske inntektsforskjellane.

I perioden 1986-1996 skapar skattereforma i 1992 problem når ein skal analysere utviklinga i inntektsfordelinga over tid, sidan inntektstala ikkje fullt ut kan samanliknast over tid. Årsaka ligg dels i at fleire frynsegode vart gjort skattepliktige i 1987 og 1988, bl.a. privat bruk av firmabil, billig lån i arbeidsforhold mv., sjølv om dette isolert sett har hatt ein relativt liten effekt på inntektsfordelinga. Det er likevel særleg skattereforma som fører til at statistikken før og etter 1992 ikkje kan samanliknast direkte. Det var først og fremst skattlegginga av kapitalinntekter som vart endra i 1992, blant anna ved at skattesatsane vart redusert og skattegrunnlaget monaleg utvida. Dette er eit problem i høve til å tolke resultata frå analysen, fordi det først og fremst er veksten i kapitalinntektene i den øvste inntektsklassa som er årsaka til auken i dei registrerte inntektsforskjellane. Skattereforma kan også ha ført til at auken i delen med låginntekt er noko overvurdert i statistikken, jf. avsnitt 3.5.2.

Dei mest sentrale forholda ved skattereforma i 1992 (og tilhøyrande endringar i rekneskapsreglane) som kan ha ført til at ein større del av kapitalinntektene er vorte synleggjort i statistikken er:

  • Avskrivningssatsane vart monaleg redusert, i tillegg til at ein rekkje andre frådrags- og skattekredittordningar vart innskjerpa eller fjerna. Dette har bl.a. ført til at ein større del av næringsinntekta blir synleggjort i statistikken.

  • Gevinstar ved sal av aksjar som var eigd meir enn 3 år var skattefrie før 1992, og vart derfor heller ikkje registrert som inntekt i statistikken. Etter skattereforma vart alle aksjegevinstar gjort skattepliktige, slik at ein større del av gevinstane blir synleggjort i statistikken. Tilsvarande vart også gevinstar ved sal av obligasjonar og opsjonar i større grad gjort skattepliktige i 1992.

  • Skattlegginga av delar i kommandittselskap og ansvarlege selskap vart kraftig skjerpa i 1992.

  • Skattereforma innførte full skattemessig likebehandling av overskot og aksjeutbytte som er halde tilbake(RISK-reglane, inga dobbeltskattlegging av utbytte og same skattesats på kapitalinntekter for bedrifter og personar). Det kan sjå ut til at dette, saman med endringar i rekneskapsreglane knytt til kor mykje ein kunne ta ut som utbytte av selskapet, har ført til at aksjonærane tek ut ein større del av overskotet i selskapet som utbytte enn tidlegare, framfor at det blir verande i selskapet som overskot som er halde tilbake. Dette vil bidra til å auke delen av kapitalinntektene som blir registrerte som inntekt hjå aksjonærane i statistikken.

  • På grunn av at kapitalinntekter blir skattlagde med ein lågare sats enn lønsinntekter, vart det innført ein delingsmodell for aktive eigarar for å rekne ut kor stor del av avkastinga som skal skattleggjast som lønsinntekt. Etter 1992 er fleire endringar i delingsmodellen vedtekne. Desse har i praksis gjort det enklare å få ein større del av avkastninga definert som kapitalinntekt framfor som lønsinntekt. Dette har truleg ført til at aktive eigarar tek ut ein større del av overskotet som utbytte framfor som løn enn tidlegare.

Skattereglane før skattereformen gjorde det mao. mogleg å redusere dei skattepliktige (og dermed dei registrerte) kapitalinntektene vesentleg gjennom ulike avsetningsordningar, investeringar i kommandittselskap mv. Dei faktiske kapitalinntektene i 1986 var derfor truleg høgare enn tala i statistikken viser. Sidan det fyrst og fremst var personer med høge inntekter som nytta desse ordningane, var truleg dei faktiske inntektsforskjellene i 1986 større enn desse tala syner. Auken i dei faktiske inntektsforskjellane frå 1986 til 1996 vert dermed truleg overvurdert.

Eit viktig formål med skattereforma var å få større samsvar mellom dei skattepliktige og dei faktiske inntektene. Spesielt vart det fokusert på å sikre skattemessig likebehandling av ulike investeringar, slik at samfunnsøkonomisk lønsemd i større grad er styrande for kvar ein investerer, framføre omsynet til å spare skatt. Eit av verkemidla for å få til det, var å sikre skattemessig likebehandling av utbytte og overskot som er halde tilbake, slik at det ikkje er skattemessige motiv til å halde kapitalen «innelåst» i eit selskap i tilfelle der det finst andre investeringsalternativ som er meir lønsame før skatt.

Det er vanskeleg å illustrere effekten av dei nemnde forholda empirisk. Tabell 3.13 illustrerer likevel at inntektene til hushalda frå utbytte vart femdobla frå 1992 til 1993, og at dette hovudsakleg kom frå ikkje-børsnoterte selskap. Dette er ein klar indikasjon på at omlegginga av skatte- og rekneskapsreglane i 1992 førte til ei omlegging av utbyttepolitikken i slike selskap, ved at ein større del av overskotet i selskapet vart utdelt som utbytte enn tidlegare.

Auken i utbytte og realisasjonsgevinstar medfører ikkje nødvendigvis at desse inntektene blir brukte til å auke det private konsumet. Aksjonærane kan også bruke slike inntekter til investeringar i anna verksemd. Den betydelige auken i investeringane i perioden kan tyde på at skattereforma har bidrege til ein mindre grad av binding av kapital i selskapa, og at kapitalen i større grad blir flytta til prosjekt med høgare venta avkasting. Når kapital først blir delt ut som utbytte for deretter å bli investert i nye selskap, vil resultatet vere at den registerte inntekta til kapitaleigarane aukar.

Det er med andre ord grunn til å tru at skattereforma har bidrege til at analysane i dette kapitlet overvurderer den faktiske auken i inntektsforskjellane i perioden 1986-1996, ved at tala undervurderer dei faktiske inntektsforskjellane i 1986. Årsaka til auken i dei registrerte inntektsforskjellane ligg delvis at ein større del av inntektene frå selskapssektoren er synleggjort i statistikken, men utan at dei faktiske eigarinntektene har auka i same grad. Auka synleggjering kan derimot i mindre grad forklare auken i inntektsforskjellane etter 1992.

3.7 Formue, arv, bustadinntekt og uløna arbeid i hushaldet

Avsnitta 3.3-3.5 handlar om fordeling og samansetning av inntekt. Sjansane til forbruk, og dermed levekåra, til ulike hushald blir også påverka av (endringar i) formue og arv, jf. avsnitt 3.2. Til dømes opparbeider mange seg ei viss formue i løpet av den yrkesaktive karrieren sin for å kunne ha større høve til forbruk som pensjonistar enn den årlege pensjonsinntekta gir grunnlag til. I tillegg vil levekåra vere påverka av bustandard, men verdien av bustadtenester er ikkje inkludert i inntektsomgrepet som er nytta i analysane ovanfor. Det er rimeleg å rekne med at personar med høg inntekt gjennomgåande også har høgare formue og bustandard enn personar med låg inntekt, og at fordelinga av formue og bustadstandard truleg er skeivare enn fordelinga av inntekt. Tilsvarande kan arv forsterke levekårsforskjellar ved at det er personar som i utgangspunktet har høg inntekt og formue som tek mot størst arv. Desse aspekta er gjort nærmare greie for i avsnitta 3.7.1-3.7.3.

Ein familie med to yrkesaktive har normalt høgare hushaldsinntekt enn ein familie der den eine er heimeverande. I ein analyse av fordelinga av registrerte inntekter vil dermed toinntektsfamiliar normalt framstå med betre økonomiske levekår enn eininntektsfamiliar. Dei samla levekåra blir også påverka av omfanget av uløna arbeid i heimen, jf. avsnitt 3.2. Eksempelvis har familiar der den eine er heimeverande ofte lågare utgifter, bl.a. til pass og stell av barn, og i tillegg har arbeid i heimen ein verdi sjølv om arbeidet er ulønt. I avsnitt 3.7.4 gjer ein greie for fordelingskonsekvensane av å inkludere verdien av uløna arbeid i heimen.

3.7.1 Fordeling av bruttoformue og gjeld

Tabell 3.15 gir ei oversikt over skattepliktig bruttoformue og gjeld i hushalda, fordelt etter inntekta i dei same hushalda. I tabellen er hushald analyseeininga, ikkje person. Tabellen viser at både skattepliktig formue og gjeld er skeivt fordelt, ved at tidelen av hushalda med høgast inntekt i 1996 i gjennomsnitt hadde om lag ti gonger så høg skattepliktig bruttoformue og åtte gonger så høg gjeld som tidelen av hushalda med lågast inntekt. Det tilsvarande forholdstalet for inntekt (med person som analyseeining) var om lag seks, noko som illustrerer at bruttoformue og gjeld er truleg skeivare fordelt enn inntekt.

Tabell 3.15 Fordelinga av skattepliktig formue og gjeld fordelt på hushald i kvar inntektsklasse. I tusen 1996-Kroner1

InntektsklasseBruttoformueGjeld
198619911996198619911996
18281137575298
2178157215666391
3234272243144112132
4306298299209195202
5329321336226285283
6398350377281290312
7430370405336331370
8498460470384398419
9596598620464488499
101 0581 0831 334968946
I alt408399443313316316

1 Tal avrunda til nærmaste 1 000 kroner.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I tabell 3.15 blir forskjellane i fordelinga av bruttoformue undervurderte, ettersom ein berre har opplysningar om skattepliktig formue. Eksempelvis blir både aksjar og bustader verdsette til langt under marknadsverdi, og tilsvarande er også formuesverdsetjinga av varige forbruksgode lågare enn reell verdi. I 1996 var det f.eks. ein aksjerabatt på 70 prosent på ikkje-børsnoterte aksjar og 25 prosent på børsnoterte aksjar. Aksjerabattane kjem først og fremst personar med dei høgaste inntektene til gode, ettersom det i hovudsak er desse som har høge formuar og ein stor del av formuen i form av aksjar. På same måten har personar med høg inntekt gjennomgåande større verdiar i form av varige forbruksgode, fritidseigedommar, bustader mv. Personar med lågare inntekter har gjennomgåande ein større del av eigen formue plassert i bankinnskot enn personar med høge inntekter, og bankinnskot blir rekna til marknadsverdi. Enkelte pensjonistar med relativt låg inntekt, har f.eks. ein relativt stor formue plassert som bankinnskot.

Det er derfor grunn til å tru at den skattepliktige formuen til personar med låge inntekter er betre i samsvar med den faktiske verdien av formuen enn den skattepliktige formuen til høginntektsgrupper. Dette trekkjer i retning av at bruttoformue rekna til marknadsverdi er monaleg skeivare fordelt enn det tabell 3.15 viser.

Tabellen viser også at personar med høg inntekt i gjennomsnitt har vesentleg høgare gjeld enn personar med låg inntekt. Gjeld blir rekna til marknadsverdi, og bidreg til at forskjellane i skattepliktig nettoformue mellom tiande og første inntektsklasse er vesentleg mindre enn forskjellen i bruttoformue. Formuesskatten verkar likevel utjamnande, ved at tidelen med høgast inntekt i gjennomsnitt betalte 15 gonger meir i formuesskatt enn tidelen med lågast inntekt i 1996.

Tabellen viser vidare at gjennomsnittleg bruttoformue har auka frå 1986 til 1996 i dei to nedste og i den øvste inntektsklassen, medan det er relativt små endringar i dei andre. Relativt sett har auken vore størst blant tidelen med lågast inntekt, medan den absolutt sett har vore klart størst i den øvste inntektsklassen. Gjennomsnittleg gjeld har auka i dei to nedste inntektsklassene frå 1986 til 1996, medan den er kraftig redusert i den øvste inntektsklassen. For dei andre inntektsklassene har det vore relativt små endringar. Dette har ført til at den skattepliktige nettoformuen har auka vesentleg i den øvste inntektsklassa frå 1986 til 1996, og den har auka noko også i dei fleste andre inntektsklassene.

3.7.2 Fordeling av arv

Det finst få empiriske undersøkingar om fordelingsverknader av arv i Noreg. Det finst heller ingen statistikk som fangar opp kva for reelle verdiar som årleg blir overførde gjennom arv. Arveavgiftsregisteret gir berre ei oversikt over storleiken på arveavgifta, noko som inneber at bu der det ikkje kjem til avgift, blir sett til null (nullbu). Statistisk sentralbyrå har nyleg laga ein analyse basert på denne statistikken 8.

Analysen viser at overføringane av arv og gåver er konsentrert på relativt få hender, ved at den tidelen som tek mot mest i arv og gåver mottok høvesvis 33 prosent og 41 prosent av dei samla overføringane i arv og gåver i 1996. Dei fleste arvemottakarane er i aldersgruppa 45-59 år. Gåvemottakarane er noko yngre, noko som truleg har samanheng med at dei har motteke forskott på arv.

Analysen gir ein viss indikasjon på at arv forsterker forskjellar. Tabell 3.16 viser at personar med høg inntekt fekk gjennomsnittleg mest i arv, i tillegg til at dei er overrepresentert blant mottakarane av arv og gåver.

Tabell 3.16 Talet på mottakarar og gjennomsnittleg arv eller gåve i 1996 fordelt etter storleiken på bruttoinntekta til mottakaren. 1996-kroner

ArvGåve
BruttoinntektTal på mottakararGjennomsnittTal på mottakararGjennomsnitt
0 - 199 9999 000287 00013 100142 000
200 000 - 399 9996 800317 00011 500155 000
400 000 - 599 9991 000386 0001 600233 000
600 000 og over520524 000770376 000

Kjelde: Breivik (1998)

Analysen viser at arvemottakarar med ei bruttoinntekt på 600 000 kroner eller meir, gjennomsnittleg mottok om lag dobbelt så mykje i avgiftspliktig arv og drygt 2,5 gonger så mykje i avgiftspliktige gåver som dei som har under 200 000 kroner i bruttoinntekt. I befolkninga var det 1,4 prosent som hadde bruttoinntekt på over 600 000 kroner, medan den tilsvarande delen blant arvingane var 3 prosent. Det var dermed ein overrepresentasjon av arvingar i dei høgaste inntektsgruppene. Også blant gåvemottakarar er høginntektsgrupper overrepresentert. Ei viktig årsak til dette er truleg at dei fleste tek mot arv når dei er middelaldrande, dvs. i den perioden av den yrkesaktive karrieren då inntekta normalt er høgast.

Tabell 3.16 undervurderer dei faktiske forskjellane i fordelinga av arv, fordi formuesverdiar for arveformål ofte er lågare enn dei faktiske verdiane. Eksempelvis vart ikkje-børnoterte aksjar i 1996 verdsett til 30 prosent av likningsverdien på ikkje-børsnoterte aksjar, og likningsverdien er igjen vesentleg lågare enn marknadsverdien. Denne lempelege verdsetjinga kjem i første rekkje dei med høgast inntekt til gode, sidan det først og fremst er desse som eig aksjar.

3.7.3 Fordeling av bustadinntekt

Som nemnt i boks 3.2, tilrår SN at ein i fordelingsanalysar nyttar eit inntektsomgrep som omfattar leigeverdien av egen bustad, der renteutgiftene knytt til næringsverksemd og investering i eigen bustad blir trekt frå. Som følgje av store måleproblem nyttar ein i Noreg likevel inntekt etter skatt, der leigeverdien av bustad ikkje er inkludert og der gjeldsrenter ikkje er trekt frå. Det kan likevel gi ei viss innsikt å studere fordelingsverknader av skattepliktig bustadinntekt, sjølv om denne er rekna ut på grunnlag av bustadverdiar som i liten grad samsvarar med den faktiske verdien på bustaden. Av same grunn kan ein ikkje trekkje konklusjonar om endringar i verdien av bustadformue over tid frå tabell 3.17. Årsaka er i hovudsak endringar i skattereglene, bl.a. gjennom auke av likningstakstar og botnfrådrag.

Tabell 3.17 Gjennomsnittleg inntekt av eigen bustad fordelt etter hushaldsinntekt etter skatt pr forbrukseining i ulike inntektsklasser. 1995-kroner1

Inntektsklasse19862199121995
1500500600
21 4001 4001 500
31 8002 4002 000
42 1002 5002 400
52 1002 9003 000
62 2003 0003 100
72 5003 1003 400
82 7003 5003 900
92 9004 3004 300
103 5005 0005 800
Alle2 2002 9003 000

1 Tala er avrunda til nærmaste 100 kroner.

2 I 1986 og 1991 var det progressiv skattlegging av nettoinntekt, slik at marginalskatten på inntekt frå eigen bustad auka med inntekt.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tabell 3.17 viser den skattepliktige inntekta av eigen bustad og fritidseigedom fordelt etter inntektsklasser. Denne inntekta dannar grunnlaget for skattlegging av fordelen ved eigen bustad mv. Tabellen viser at den utrekna inntekta av eigen bustad og fritidseigedom i 1995 var om lag 9 gonger så høg i den øvste inntektsklassa som i den nedste. Dette illustrerer at skatt på bustadinntekt etter gjeldande reglar aukar med inntekt trass i at likningsverdiane på bustad i liten grad samsvarar med den faktiske verdien til bustaden.

Dersom den utrekna bustadinntekta hadde vore basert på marknadsverdien av bustaden, ville denne inntekta spegla leigeverdien. Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå av verdien på omsette bustader viser at i gjennomsnitt utgjorde likningsverdien om lag 25 prosent av omsetningsverdien. Det er stor og usystematisk variasjon i takstane, slik at likningsverdien på ein bustad med låg marknadsverdi kan vere høgare enn likningsverdien på ein annen bustad med høg marknadsverdi. Ein kan derfor ikkje trekkje endelege konklusjonar om fordelinga av den faktiske leigeverdien av bustader basert på tabell 3.17.

3.7.4 Fordelingsverknader av uløna arbeid

Som påpeika i NOU 1996: 13 «Offentlege overføringer til barnefamiliene» representerer uløna arbeid økonomisk sett ei verdiskaping i hushalda. Denne verdiskapinga, bl.a. i form av uløna omsorgsarbeid og vare- og tenesteproduksjon som innkjøp, matlaging og reingjering, gir eit bidrag til det samla høvet til forbruk og velferd i hushalda utover det som kan kjøpast for kontantinntekter, jf. boks 3.2. Dette kan bli illustrert ved at eit hushald som må betale for å få slike tenester utførte, må ha ein høgare inntekt enn eit hushald som ikkje må betale for slike tenester for å ha same inntekt tilgjengeleg til kjøp av andre varer og tenester.

I analysane i avsnitta 3.3-3.5 er det berre kontantinntekt etter skatt som inngår i analysane av inntektsfordelinga. Blant fleirpersonshushalda har èininntektsfamiliar normalt lågare hushaldsinntekt enn toinntektsfamiliar, samtidig som omfanget av uløna arbeid i heimen truleg er størst i eininntektsfamiliar. Inntektsfordelinga ville derfor truleg vorte jamare dersom ein inkluderte verdien av uløna arbeid i heimen i inntektsomgrepet.

I NOU 1996: 13 har ein gjort fordelingsanalysar for inntektsåret 1990 både ved bruk av inntekt etter skatt og ved bruk av eit utvida inntektsomgrep der ein også har inkludert ein utrekna verdi av uløna arbeid i heimen. Verdien av uløna arbeid i heimen er rekne ut på grunnlag av informasjon om tidsbruk frå Tidsutnyttingsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå for 1990 og faktisk lønssats knytt til betalt hushaldsarbeid i heimen (såkalla husmorvikarløn).

Desse utrekningane viser at inntektsforskjellane målt ved Gini-koeffisienten blir reduserte med 12 prosent for befolkninga som heilskap når ein bruker utvida inntekt som inntektsomgrep framfor kontantinntekt etter skatt. For å illustrere storleiken på dette, så auka til samanlikning Gini-koeffisienten i perioden 1986-1996 med 16 prosent, jf. avsnitt 3.3.1. Effekten varierer naturleg nok mellom ulike hushaldstypar. Innan gruppa par med barn 0-6 år var f.eks. inntektene vesentleg jamnare fordelt når ein nytta det utvida inntektsomgrepet framfor kontantinntekt etter skatt (Gini-koeffisienten var hele 43 prosent lågare). Forskjellen var monaleg mindre for par utan barn og par med barn i alderen 7-17 år. Dette illustrerer at barnepass utgjer ein stor del av verdiskapinga i hushaldet.

Slike utrekningar er sjølvsagt svært usikre. Det er stor utryggleik knytt til kor mykje tid som faktisk blir brukt på slike aktivitetar og til verdsetjinga av denne tidsbruken (val av lønssats). Det er for eksempel ikkje enkelt å skilje mellom hushaldsarbeid og fritid eller kva ein treng personleg. For eksempel er barnepass ein jobb som andre i prinsippet kan utføre, men som samtidig har i seg element av nærleik og samvær som ein ønskjer å oppleve sjølv. Vidare er det eit element av frivillige val knytt til kor mykje tid ein ønskjer å nytte på reingjering og matlaging mv. i høve til å nytte denne tida til ulike former for fritidsaktivitetar, og det er også usikkert i kva grad toinntektshushald faktisk bruker mindre tid på slike aktivitetar enn éinpersonhushald.

På denne bakgrunnen bør ein vere varsam med å trekkje eintydige konklusjonar om inntektsfordelinga basert på analysar der utvida inntekt blir nytta som inntektsomgrep. På den andre sida viser analysane i NOU 1996: 13 at ein analyse av inntektsfordeling som utelukkande er basert på fordelinga av kontantinntekt etter skatt også må tolkast med monaleg varsemd. Ein lågare kontantinntekt som følgje av at den eine ektefella eller sambuaren har vald å vere heimeverande, inneber m.a.o. ikkje nødvendigvis at dei har dårlegare faktiske økonomiske levekår enn hushald der begge er yrkesaktive.

3.8 Nærmare om skatt, overføringar og økonomisk utjamning

Både skatte- og overføringssystemet bidreg til å jamne ut inntektsforskjellar som oppstår i marknaden. Progressiviteten i skattesystemet bidreg til at skattytar med høge inntekter betaler ein større del av inntektene i skatt enn skattytarar med låge inntekter. Progressiviteten blir teken vare på gjennom botnfrådrag (minstefrådrag og klassefrådrag), satsstrukturen (ved at skattesatsane aukar med inntekt) og særskilde frådrag og særordningar knytt til inntektsevna og forsørgjaransvaret til skattytaren. Skatteavgrensingsregelen sikrar at trygda med låg inntekt og låg formue betaler mindre skatt enn andre med tilsvarande inntekter, og pensjonistar har generelt lågare skatt enn lønstakarar med tilsvarande inntekter. Skattytarar med forsørgjarbyrde blir skattlagt lågare enn skattytarar utan forsørgjaransvar. Det gis bl.a. forsørgjarfrådrag i skatt og i tillegg kan barnetrygda reknast som ein negativ skatt. Ektepar der den eine ektefellen har låg inntekt og einslege forsørgjarar kan bli likna i skatteklasse 2, og betaler dermed mindre i skatt enn andre skattytarar med tilsvarande inntekter. Nokre av overføringsordningane er ein tryggleik mot inntektsbortfall, sjukdom mv. (sosialhjelp, arbeidsløysetrygd, bustønad, sjukepengar, uførepensjon mv.). I tillegg er det monalege overføringar til alderspensjonistar og barnefamiliar, det er særskilde stønadsordningar for einslege forsørgjarar mv.

I tabell 3.18 gjer ein greie for den omfordelande verknaden av skatte- og overføringssystemet ved å sjå på korleis inntektsfordelinga blir endra når dei offentlege overføringane inngår i inntektsomgrepet og når ein samanliknar inntekta før og etter skatt.

Tabell 3.18 Fordeling av marknadsinntekta til hushalda, samla inntekt og inntekt etter skatt pr forbrukseining. Gini-koeffisientar og prosentvis reduksjon i Gini-koeffisienten av høvesvis offentlege overføringar og skattar.

Prosentvis bidrag til utjamning
Marknads-inntekt1Samla inntekt2Inntekt etter skattOffentlege overføringarSkattarTotalt
Alle
19860,3510,2590,22226,210,536,8
19910,3860,2740,23329,010,639,6
19960,4150,2980,25728,29,938,1
Hovudinntektstakar 25-55 år
19860,2640,2260,20014,49,824,2
19910,3140,2500,21620,410,831,2
19960,3340,2670,23320,110,230,2

1 Summen av lønnsinntekter, kapitalinntekter og private overføringar som tenestepensjon og underhaldsbidrag

2 Marknadsinntekt pluss offentlege overføringar

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tabellen illustrerer at både skattar og overføringar bidreg til å utjamne inntektsforskjellane, ved at Gini-koeffisienten er lågare når overføringar blir inkludert (frå marknadsinntekt til samla inntekt) og ytterlegare lågare når også skatteinnbetalingane blir inkludert (frå samla inntekt til inntekt etter skatt). I 1996 vart inntektsforskjellane målt ved Gini-koeffisienten redusert med 28 prosent når ein inkluderer offentlege overføringar, og med ytterlegare 10 prosent når ein inkluderer skattar. Skatte- og overføringssystemet bidreg dermed til ein vesentleg reduksjon i inntektsforskjellane, ved at Gini-koeffisienten, rekna ut i høve til inntekt etter skatt, er redusert med 38 prosent samanlikna med ei utrekning basert på marknadsinntekta (dvs. inntekt før offentlege overføringar og skattar).

Blant hushald der hovudinntektstakaren er mellom 25 og 55 år, er den inntektsutjamnande verknaden av overføringane noko mindre, medan den utjamnande verknaden av skattar er om lag som for hushalda samla. Grunnen er at det er færre pensjonistar og andre trygda i denne gruppa. Overføringane har likevel fått ein stadig større utjamnande funksjon også i denne gruppa, medan effekten skattane har på fordelinga har vore stabil i heile perioden. Dette har truleg samanheng med auken i talet på uførepensjonistar og sosialhjelpsmottakarar frå 1986 til 1996.

Ein omfattande del av overføringane er i realiteten overføringar mellom generasjonar i ulike livsfasar (særleg barnetrygda og alderspensjonen). Dei fleste personar tek mot barnetrygd i ein fase av livet og alderstrygd i ein annan, og i den tydinga går ein del av skatteinnbetalingane til å finansiere overføringsordningar som ein sjølv nyt godt av. Det kan derfor hevdast at oversikten i tabell 3.18 overvurderer den faktiske omfordelande verknaden av overføringar mellom personar med ulik livsinntekt. Dette blir drøfta nærmare i avsnitt 3.9.

3.9 Fordeling og omfordeling av inntekt i eit livsløpsperspektiv

3.9.1 Innleiing

Inntekta følgjer i stor grad eit mønster over livsløpet som er relativt likt for dei fleste personar. Litt forenkla kan ein dele dette i tre fasar: etableringsfase, yrkesaktiv fase og pensjonistfase. Dei fleste har lågare inntekt når dei er unge enn når dei har vore yrkesaktive nokre år. Inntekta aukar normalt i større eller mindre grad i løpet av den yrkesaktive perioden. I pensjonsalderen har ein gjerne lågare inntekt igjen.

Ein mangel ved å måle levekår etter årsinntekt, er at ein ikkje fullt ut fangar opp dei faktiske høva til forbruk som personane har i dei ulike fasane av livsløpet. Kredittmarknaden gjer det mogleg å flytte inntekt frå ein fase av livet og til ein annan ved hjelp av sparing og lån, slik at forbruket i eit år kan vere høgare eller lågare enn inntekta i det same året.

I etableringsfasen med låg eller ingen inntekt, har dei fleste til dømes negativ skattepliktig nettoformue fordi dei har teke opp store lån til utdanning eller bustad. Bustad- og utdanningslån gjer det såleis mogleg for unge å ha eit høgare forbruk enn kva den årlege inntekta åleine tillet. På same måten kan pensjonistar ha eit høgare forbruk enn kva den årlege alderstrygda tilseier, ved å tære på oppspart formue. For at dette skal gå, må forbruket vere lågare enn inntekta i den mellomliggjande fasen (dei yrkesaktive åra), sidan ein i denne fasen først må nedbetale gjeld opparbeidd i etableringsfasen og deretter må byggje opp formue som ein kan tære på i pensjonistfasen.

Ein kan derfor vente at ein analyse av inntektene over ein lengre periode gir ei jamnare fordeling enn analysar av tverrsnitt av befolkninga på eit gitt tidspunkt. Til dømes kan studentar og pensjonistar som har låg inntekt i tverrsnittsanalysane vise seg å ha høge livsløpsinntekter fordi dei har høge inntekter i andre fasar av livet. Ein må derfor vere varsam med å trekke eintydige konklusjonar om levekår berre ut frå dei årlege inntektene til for eksempel pensjonistar, småbarnsforeldre og unge einslege. Personar blir venteleg forskjellig rangert i inntektsfordelinga i ulike fasar av livet.

3.9.2 Fordeling av livsinntekt

Andersen og Sannarnes 9 har analysert fordelingsverknadene av inntekter, skattar og overføringar i eit livsløpsperspektiv. Eit av siktemåla med analysen er å sjå kor mykje av omfordelinga av inntekt via skatte- og overføringssystemet som er mellom personar, og kor mykje som i realiteten kan reknast som flytting av inntekt mellom ulike fasar av livet til eit og same individ.

Problemet med å analysere livsløpsinntekta til eit utval, er at det ikkje finst data som strekker seg over heile levetida til personane. Andersen og Sannarnes løyser dette problemet ved å bruke ein såkalla mikrosimuleringsmodell. Dei simulerer livsløpet til 2 000 kvinner og 2 000 menn frå dei er 15 år og under utdanning og til dei døyr. I modellen legg ein til grunn at alle personane lever til dei er 80 år. Personane blir plasserte i sju ulike tilstandar etter kva tilknyting dei har til arbeidsmarknaden (overføringar, fulltid, utdanning, deltid, arbeidssøkjande, død/emigrasjon, anna). Analysane er mellom anna basert på detaljert informasjon om eit sett med personar i kvart av åra frå 1989 til og med 1992. Frå datamaterialet får ein informasjon om sannsynet for er at eit individ går frå ein tilstand til ein annan. Ved hjelp av denne informasjonen simulerer ein så livsløpet til individa.

I analysen tek Andersen og Sannarnes utgangspunkt i inntekta til enkeltpersonane i staden for i den samla hushaldsinntekta, slik ein gjer i analysane ovanfor. I dette ligg det at ein ikkje justerer for storleiken på hushaldet som personen høyrer til, slik at kvar person blir tilordna ei inntekt etter skatt pr forbrukseining. Enkelte av resultata blir påverka av dette. Det inneber mellom anna at ein ikkje får teke omsyn til at ein del av overføringane mellom menn og kvinner kan vere overføringar innanfor same hushaldet. I analysen nyttar ein dessutan eit ufullstendig inntektsomgrep, noko som ein må ta omsyn til når ein skal tolke resultata. Til dømes er kapitalinntekter og sosialhjelp ikkje inkludert, og begge desse inntektskjeldene er sentrale i ein analyse av inntektsfordelinga. Vidare er resultata basert på ein simuleringsmodell, der dei ulike hypotesane (mellom anna at alle lever like lenge) vil påverka resultata. Til dømes lever låginntektspersonar i gjennomsnitt kortare enn høginntektspersonar, og dette påverkar kor mykje dei får i overføringar samla sett under livsløpet. Desse forholda gjer at ein ikkje kan samanlikne resultata i dette avsnittet direkte med resultata elles i dette kapitlet.

Analysen viser at livsinntekta er vesentleg jamnare fordelt enn årsinntekta. Andersen og Sannarnes finn at ulikskap målt ved Gini-koeffisienten blir om lag halvert når ein går over frå å sjå på årsinntekt til å sjå på livsløpsinntekt. Gjennomsnittleg inntekt pr person over heile levetida er 5,5 mill. kroner. Dei to øvste inntektsklassene har 2,5 gangar så høg livsinntekt som dei to nedste inntektsklassene. Til samanlikning har dei to øvste inntektsklassene i tverrsnittsanalysen i gjennomsnitt 18 gonger høgare inntekt etter skatt enn dei to nedste inntektsklassene i analysen til Andersen og Sannarnes.

Overføringane er nokså jamt fordelte over alle inntektsklassene. Overføringar til barnefamiliar er høgast i den nedste delen av inntektsrangeringa. Årsaka ligg dels i at overføringar til barn blir tilordna kvinner, og at kvinner generelt har lågare inntekt enn menn. Alderspensjonen aukar med livsinntekta, men auken er prosentvis mindre enn auken i livsinntekt. Over levetida er arbeidsinntekta meir ujamt fordelt enn inntekta etter overføringar og skattar. Det tyder på at skattar og overføringar bidreg til større likskap, jf. avsnitt 3.9.3.

Livsløpsinntekta til menn er vesentleg høgare og jamnare fordelt enn livsløpsinntekta til kvinner. Årsaka til dette er at menn utgjer ei meir homogen gruppe der dei fleste har ei sterk tilknyting til arbeidsmarknaden. Blant kvinner er det fleire som arbeider deltid. Vidare er det mange ikkje-yrkesaktive kvinner som ikkje mottek overføringar (heimeverande) eller som mottar lågare overføringar enn menn. Menn som er utan arbeid har i gjennomsnitt høgare overføringar enn kvinner i same situasjon. Grunnen er at overføringane ved arbeidsløyse er avhengig av arbeidsinntekta.

Inntektsfordelinga for alle personar sett under eitt er meir ujamn enn inntektsfordelinga for kvinner og menn kvar for seg. Årsaka til dette er at hovudparten av mennene er i den øvste halvparten av inntektsfordelinga, medan dei fleste kvinnene er i den nedste halvparten. Det skjer såleis tilsynelatande ein stor grad av omfordeling frå dei øvre inntektsklassene til dei nedre inntektsklassene, og frå menn til kvinner via skatte- og overføringssystemet. Delar av dette er overføringar mellom mann og kvinne i same hushald.

3.9.3 Omfordeling av livsinntekt gjennom skattar og overføringar

Som nemnt i avsnitt 3.8 er det ein betaler i skatt og det ein får i overføringar i stor grad avhengig av kor ein er i livsløpet. Ein del av det ein betaler i skatt får ein att i form av overføringar i andre fasar av livet. Overføringar som er knytte til ulike fasar av livet er mellom anna alderspensjon og barnetrygd. Slike overføringar mellom generasjonar blir finansierte mellom anna gjennom skattar og avgifter. Ein kan seie at ein del av innbetalingane av skatt på denne måten er ei form for tvungen sparing til eigen alderdom. Men i motsetning til privat pensjonssparing, samsvarar ikkje det ein betalar inn og det ein får i alderspensjon gjennom folketrygda fullt ut. For det første blir folketrygda i dag finansiert av dei generelle skatteinntektene til staten, og det er ingen klar samanheng mellom inntektene frå folketrygdavgifta og utbetalinga av trygd. For det andre er det i Noreg, som i mange andre land, bygd inn eit sterkt omfordelande element i folketrygda.

Figur 3-4 Gjennomsnittleg årleg nettoeffekt (overføringar - skatt) etter alder. Kroner

Figur 3-4 Gjennomsnittleg årleg nettoeffekt (overføringar - skatt) etter alder. Kroner

Kjelde: Andersen og Sannarnes (1997)

Analysen av dei årlege inntektene i avsnitt 3.8 gir inntrykk av at skatte- og overføringssystemet inneber ei omfattande overføring av inntekt frå dei med høgast inntekt til dei med lågare inntekt. Denne livsløpsanalysen viser derimot at ein monaleg del av overføringane er overføringar mellom ulike livsfasar for dei same personane. Figur 3.4 viser at i gjennomsnitt betaler folk meir i skatt enn dei får i overføringar pr år fram til dei er om lag 62 år, medan dei får meir i overføringar enn dei må betale i skatt når dei er over 62 år. Vidare viser figuren at den gjennomsnittlege netto innbetalinga av skatt (skatt fråtrekt overføringar) aukar med alder fram til om lag 45 år. Sett over livsløpet, vil kvar person i gjennomsnitt få att om lag 70 prosent av eigne innbetalingar av skatt i form av overføringar. Sjølv for dei 10 prosent av mennene med høgast inntekt, vil nær halvparten av innbetalingane av skatt svare til overføringar dei får i ein annan fase av livet.

Figur 3-5 Fordeling av skattar, overføringar og nettoeffekt (overføring - skatt) etter inntektsklaser etter samla livsinntekt etter skatt. Mill. kroner

Figur 3-5 Fordeling av skattar, overføringar og nettoeffekt (overføring - skatt) etter inntektsklaser etter samla livsinntekt etter skatt. Mill. kroner

Kjelde: Andersen og Sannarnes (1997)

Figur 3.5 viser at skattar og overføringar likevel bidreg til økonomisk utjamning. Figuren viser at i gjennomsnitt er personar i dei seks nedste inntektsklassene netto overføringsmottakarar, dvs. at dei tek mot meir i overføringar over livsløpet enn det dei betaler i skatt. Dei tre øvste inntektsklassene betaler meir i skatt enn dei får i overføringar. Den øvste inntektsklassa betalar til dømes i gjennomsnitt 4 mill. kroner i skatt i løpet av livsløpet, medan dei tek mot om lag 2 mill. kroner i overføringar. Den nedste inntektsklassa får i gjennomsnitt nesten 2 mill. kroner i overføringar, og betalar drygt 0,5 mill. kroner i skatt i løpet av livsløpet. I følgje tabell 3.18 har overføringane ein sterkare omfordelande verknad enn skattane når ein ser på dei årlege inntektene. Dette biletet må ein nyansere når ein ser på livsinntekta. Figur 3.5 viser at innbetaling av skattar er vesentleg skeivare fordelt enn kva ein får att av overføringar, noko som kan indikere at skattane i vel så stor grad som overføringane jamnar ut inntektsforskjellar over livsløpet. Årsaka er som nemnt mellom anna at barnetrygd og pensjonar er overføringar mellom personar på ulike fasar i livsløpet, meir enn overføringar mellom personar med ulik livsinntekt. Dei med høgast livsinntekt betaler derimot vesentleg meir i skatt enn dei med lågast livsinntekt.

Som nemnt i avsnitt 3.9.2 er hovudparten av mennene i den øvste halvparten av inntektsfordelinga, medan dei fleste kvinnene er i den nedste halvparten. Blant kvinnene er fleirtalet netto mottakarar over levetida i denne analysen, mellom anna fordi dei er registrerte som mottakarar av barnetrygda. I analysen tek Andersen og Sannarnes utgangspunkt i inntekta til dei enkelte personane i staden for i den samla hushaldsinntekta. Med dette utgangspunktet er truleg ein del av omfordelinga frå dei øvre inntektsklassene til dei nedre inntektsklassene i realiteten overføringar mellom mann og kvinne i det same hushaldet. Alle inntekter er dessutan ikkje inkludert. Den faktiske omfordelande verknaden av skattar og overføringar mellom hushald blir dermed ikkje fullt ut fanga opp av denne analysen.

3.10 Kort om utviklinga frå 1996 til 1997

Det har vore ein relativt stor inntektsvekst i alle inntektsklasser frå 1996 til 1997. I gjennomsnitt auka realinntekta, rekna som inntekt etter skatt pr forbrukseining, med vel 3 prosent frå 1996 til 1997, slik at realinntektsveksten i perioden 1986 til 1997 var på 13 prosent. Tidelen med lågast og tidelen med høgast inntekt hadde den sterkaste inntektsveksten frå 1996 til 1997, med høvesvis 2,9 prosent og 4,9 prosent. I dei andre inntektsklassene auka inntektene med mellom 2,2 prosent og 2,9 prosent. I perioden 1986 til 1997 auka inntektene til tidelen med lågast inntekt med 5,6 prosent dersom ein held studenthushalda utanfor (1 prosent dersom studenthushalda er rekna med), det vil seie ei vesentleg betre inntektsutvikling enn det som kjem fram i figur 3.2 for perioden 1986 til 1996. Inntektene auka med om lag 34 prosent for tidelen med høgast inntekt, mot 28 prosent for perioden 1986 til 1996.

Etter som inntektsveksten frå 1996 til 1997 var sterkare for tidelen med høgast inntekt enn for befolkninga elles, auka inntektsulikskapane målt ved Gini-koeffisienten frå 0,257 i 1996 til 0,261 i 1997. Det inneber at inntektsforskjellane målt på denne måten auka med 17,5 prosent i perioden 1986 til 1997. Den viktigaste grunnen til dei auka inntektsforskjellane er at realisasjonsgevinstane auka med over 50 prosent frå 1996 til 1997, men også utbetalt aksjeutbytte til hushalda auka med om lag 10 prosent. Vel 75 prosent av kapitalinntektene og 43 prosent av næringsinntektene gjekk til tidelen med høgast inntekt i 1997, mot høvesvis 73 prosent og 37 prosent i 1996. Dette illustrerer at det er auka eigarinntekter som er den viktigaste drivkrafta bak auken i inntektsforskjellane, og oppgangskonjunkturen er den viktigaste årsaka til denne auka. Delen av lønsinntekter som gjekk til tidelen med høgast inntekt gjekk derimot noko tilbake frå 1996 til 1997, medan den auka i dei fleste av dei andre inntektsklassane. Det illustrerer at oppgangskonjunkturen også har ført til ein monaleg realinntektsvekst også for lønstakarar.

Alle hushaldstypane med unntak av einslege under 45 år og par utan barn over 65 år hadde til dels kraftig realinntektsvekst frå 1996 til 1997. Veksten var sterkast for einslege 45-64 år og for par utan barn 45-64 år, med ein realinntektsvekst på høvesvis 5 prosent og 5,5 prosent. Par med yngste barn 0-6 år og einslege forsørgjarar hadde ein realinntektsvekst frå 1996 til 1997 på høvesvis 3,9 prosent og 2,9 prosent. Einslege under 45 år og par utan barn over 65 år hadde derimot ei gjennomsnittleg inntektsreduksjon på høvesvis 1,5 prosent og 0,7 prosent. Grunnen til det er uklar.

For perioden 1986 til 1997 hadde par med yngste barn 0-6 år og par utan barn 45-64 år den sterkaste inntektsveksten, på om lag 25 prosent. Også einslege over 65 år og par utan barn over 65 år hadde ein realinntektsvekst i perioden på nærmare 20 prosent. Einslege under 45 år hadde derimot ein inntektsreduksjon i perioden på vel 1 prosent, når studentar er rekna med. Hushaldstypane elles, medrekna einslege forsørgjarar, hadde ein realinntektsvekst på frå 10 prosent til 14 prosent.

Delen med låginntekt, det vil seie dei som hadde ei inntekt på under 50 prosent av medianinntekta, auka svakt - frå 4,5 prosent i 1996 til 4,7 prosent i 1997 ved moderate stordriftsfordelar (OECD82-skalaen). Delen einslege under 30 år i denne gruppa auka frå 29 prosent til 32 prosent, medan delen einslege forsørgjarar gjekk ned frå 13 prosent til 10 prosent. Begge gruppene er likevel framleis overrepresenterte i denne gruppa i høve til deira del av befolkninga, som i 1997 var høvesvis 4,7 prosent og 6,5 prosent. For dei andre hushaldstypane var det relativt små endringar.

3.11 Kort om utviklingstrekk etter 1997 som kan påverke inntektsfordelinga

Som nemnt i avsnitt 3.1, omhandlar analysen i dette kapitlet ein kort tidsperiode og ein bør tolke resultata i lys av dette. Det finst dessutan førebels ikkje nyare tal enn for 1997, og det har vore utviklingstrekk etter dette som vil påverke både utviklinga i inntektsnivå og inntektsfordelinga. I dette avsnittet blir det peika på enkelte faktorar som kan ha verka inn.

Konjunkturutviklinga har verka sterkt inn på den relative inntektsutviklinga til ulike grupper, og dermed på resultata i ein analyse av inntektsforskjellar. Det er likevel ikkje ein eintydig samanheng mellom konjunkturutvikling og inntektsforskjellar, og det er derfor vanskeleg å trekkje konklusjonar på generelt grunnlag om korleis utviklinga etter 1997 verkar inn på utviklinga i inntektsforskjellane over tid. Nedanfor blir to faktorar nemnde:

  • Den viktigaste årsaka til dei auka inntektsforskjellane i perioden, er auken i aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar i perioden 1992-1997, noko som blant anna kan bli forklart med den kraftige oppgangskonjunkturen etter 1993 og fallet i rentenivået. Oppgangskonjunkturen har halde fram etter 1997. Isolert sett kan dette bidra til at tala for 1998 vil vise ytterlegare auke i dei registrerte inntektsforskjellane. Eksempelvis var utbetalte aksjeutbytte i 1997 høgare enn i 1996, og totalindeksen på Oslo Børs med heile 31,5 prosent i 1997. I løpet av 1998 snudde utviklinga. Pengemarknadsrentene vart f.eks. meir enn dobla i løpet av 1998, frå om lag 3,9 prosent til om lag 8,2 prosent ved utgangen av året. Totalindeksen på Oslo Børs fall kraftig hausten 1998, slik at totalindeksen fall med 26,5 prosent i løpet av 1998. Sjølv om rentenivået har falle og Oslo Børs har stige hittil i 1999, kan dette vere teikn på redusert lønsemd i næringslivet og dermed reduserte eigarinntekter. I den grad eigarinntektene blir lågare framover enn dei har vore dei siste åra, vil dette isolert sett trekkje i retning av reduserte inntektsforskjellar.

  • Lønsveksten har vore sterk i perioden. Førebels tal tyder f.eks. på at lønsveksten i 1998 var på 6,25 prosent nominelt. Den sterke lønsveksten kan isolert sett trekkje i retning av reduserte inntektsforskjellar, sjølv om den også kan føre til auka forskjellar mellom yrkesaktive og ikkje-yrkesaktive. Også auken i sysselsetjinga etter 1997 bidreg truleg isolert sett til å redusere inntektsforskjellane.

Endringar i samansetninga av befolkninga og/eller i trygdereglane verkar også inn på inntektsfordelinga, spesielt dersom det fører til ein auke i talet på pensjonistar. Årsaka ligg bl.a. i at dei fleste går ned i inntekt når dei blir pensjonert/trygda, samanlikna med det dei hadde som yrkesaktive. Det har vore ei auke i talet på pensjonistar etter 1997, dels pga. ei generell aldring i befolkninga og dels som følgje av ein auke i talet på uføre- og tidlegpensjonistar. Denne auken i pensjonisttalet relativt til talet på personar i arbeidsstyrken vil isolert sett truleg trekkje i retning av auka inntektsforskjellar. Innføring av ytterlegare velferdsordningar, f.eks. i form av å gjere det enklare å førtidspensjonere seg, kan også påverke inntektsfordelinga. Ordninga med Avtalefesta Pensjon (AFP) har f.eks. ført til ein auke i talet på tidlegpensjonistar. Om det fører til auka eller reduserte inntektsforskjellar, er avhengig av kor høge inntekter dei som blir tidlegpensjonert har høvesvis før og etter pensjonstidspunktet, samanlikna med gjennomsnittsinntekta i befolkninga.

Også endringar i trygdeytingar, kontantoverføringar og skattereglar vil verke inn på inntektsfordelinga. Nedanfor blir nokre slike endringar som er innført etter 1997 nemnde:

  • Stønadsordninga for einslege forsørgjarar vart lagt om med verknad frå 1. januar 1998. Omlegginga innebar bl.a. ein auke i stønadsnivået kombinert med ein innstramming i stønadsperioden. Vidare fekk einslege forsørgjarar rett på eit ekstra småbarnstillegg, men det blir prøvd etter inntekt. Denne omlegginga har ført til auka inntekter for gruppa einslege forsørgjarar med overgangsstønad, noko som isolert sett bidreg til å redusere inntektsforskjellane. Dersom omlegginga fører til auka yrkesaktivitet blant einslege forsørgjarar, vil også dette bidra i same retning.

  • Med verknad frå 1. mai 1998 auka minstepensjonen med 12 000 kroner, noko som isolert sett vil bidra til reduserte inntektsforskjellar samla sett, sidan denne gruppa er blant dei med lågast inntekt.

  • Med verknad frå 1. august 1998 vart det innført kontantstøtte for 1-åringar og for 2-åringar frå 1. januar 1999. Det er grunn til å tru at dette isolert sett trekkjer i retning av reduserte inntektsforskjellar, ettersom småbarnsfamiliar normalt har lågare inntekt enn gjennomsnittet. Vidare vil dette gi den relativt sett største fordelen for familiar der det berre er ein yrkesaktiv, og èiinntektshushald har normalt lågare inntekter enn toinntektshushald. Kontantstøtta kan også føre til ein auke i talet på èiinntektshushald, noko som isolert sett truleg trekkjer i retning av auka inntektsforskjellar.

  • Med verknad frå 1998, vart aksjerabatten i formuesskatten for børsnoterte aksjar oppheva, medan han vart redusert frå 70 prosent til 35 prosent for ikkje-børsnoterte aksjar. Samtidig vart formueskattesatsane redusert. Ettersom det i hovudsak er dei med dei høgaste inntektene som eig aksjar, vil desse endringane bidra til auka skatt for denne gruppa. Vidare vil satsreduksjonen relativt sett ha mest å seie for dei med ein stor del av formuen plassert i bank. Mange av alderspensjonistane høyrer til denne gruppa. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 1998 vart det bl.a. vedteke visse innstrammingar i delingsmodellen, bl.a. å oppheve taket for liberale yrke. Dette fører til auka skatt for dei med dei aller høgaste inntektene. Regjeringa foreslo også auka bruk av grønne skattar kombinert med redusert skatt på arbeid i St prp nr 54 (1997-98) «Grønne skatter». I den samanhengen vedtok ein å auke satsen og øvre grense i minstefrådraget med verknad frå 1999, noko som først og fremst reduserer skatten på låge løns- og pensjonsinntekter.

3.12 Oppsummering

I dette kapitlet ser ein nærare på inntektsutviklinga i perioden 1986-1996 og til dels 1997. Det er ein relativt kort tidsperiode, og resultata må tolkast i lys av dette.

Analysen viser at dei fleste har hatt ei positiv inntektsutvikling, men at inntektsforskjellane har auka noko i perioden. I gjennomsnitt auka inntekt etter skatt pr forbrukseining med nærmare 13 prosent reelt frå 1986 til 1997, men auken var relativt sett størst for dei høgaste inntektene og minst for dei lågaste inntektene. I 1997 var inntekta for tidelen med høgast inntekt om lag 34 prosent høgare enn i 1986, medan ho auka med berre 5,6 prosent blant tidelen med lågast inntekt når studenthushalda blir haldne utanom (1 prosent når studenthushalda er inkluderte). Veksten var klart størst for dei aller høgaste inntektene. Det blir illustrert ved at inntekt etter skatt pr forbrukseining til den halve prosenten med høgast inntekt auka med 50 prosent i åra 1986 til 1996. I same tidsrom auka medianinntekta i den øvste inntektsklassa med 10 prosent.

Det har vore ein viss auke i dei registerte inntektsforskjellane som følgje av at inntektsveksten var sterkare for høginntektsgruppene enn for låginntektsgruppene i perioden. Inntektsforskjellane målt ved Gini-koeffisenten auka frå 0,222 i 1986 til 0,267 i 1997, dvs. ein auke på 17,5 prosent. Den viktigaste årsaka til dei auka inntektsforskjellane var den omfattande auken i aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar etter 1992, bl.a. som følgje av konjunkturoppgangen. Dersom ein held aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar utanfor, er det kun ein liten auke i inntektsforskjellane i perioden.

Dei fleste hushaldstypane hadde til dels sterk realinntektsvekst i perioden, men den varierte monaleg mellom dei ulike hushaldstypane. Par med barn i alderen 0-6 år, par utan barn over 45 år og einslege over 65 år har hatt den klart beste inntektsutviklinga frå 1986-1997 (20-25 prosent). Einslege under 45 år har derimot hatt ein inntektsreduksjon på vel 1 prosent frå 1986 til 1997. Det kjem delvis av auken i talet på studentar, men auken i antall stønadsmottakarar i denne aldersgruppa har også verka inn. Dei andre hushaldstypane, medrekna einslege forsørgjarar, hadde ein realinntektsvekst i perioden på frå 10 prosent til 14 prosent.

Analysen viser at tilknyting til arbeidsmarknaden verkar sterkt inn på kvar i inntektsfordelinga ein plasserer seg. Lønsinntekter utgjer i gjennomsnitt over 2/3 av dei samla inntektene, men dei utgjer relativt sett minst for dei med dei lågaste inntektene. For tidelen med lågast inntekt, utgjer f.eks. lønsinntekter under 30 prosent og overføringar om lag 70 prosent av dei samla inntektene. Lønsforskjellane har likevel vorte noko mindre i perioden. Årsaka ligg i hovudsak i at det i gjennomsnitt har vore ein utjamning løningane til kvinner og menn, sjølv om arbeidsmarknaden framleis er kjønnsdelt i den forstand at kvinner og menn arbeider i ulike næringar. Lønsspreiinga i offentleg sektor har vorte redusert, medan den har vore om lag uendra i privat sektor.

Kapitalinntektene har vorte vesentleg skeivare fordelt i perioden, og det er den viktigaste enkeltfaktoren som forklarar dei auka inntektsforskjellane. For tidelen med høgast inntekt er delen med kapitalinntekter vesentleg høgare enn for gjennomsnittet. I 1997 gjekk over 75 prosent av dei samla kapitalinntektene og 43 prosent av dei samla næringsinntektene til denne inntektsklassen. Ein grunn er m.a. at storparten av alt aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar går til tidelen med høgast inntekt.

Årsaka til den svake inntektsutviklinga for tidelen med lågast inntekt ligg blant anna i auken i talet på sosialhjelpsmottakarar og uførepensjonistar i perioden, men auken i studenttalet verkar også inn. Samstundes har auken i sosialhjelpssatsane og grunnbeløpet i folketrygden vore mindre enn lønsveksten i perioden. Ein del andre overføringar har derimot auka meir, og det har og vorte noko enklare å kombinere arbeid og trygd. Manglande tilknyting til arbeidsmarknaden er den viktigaste årsaka til låg inntekt, og om lag 90 prosent av personane blant tidelen med lågast inntekt mottok ein eller annen form for offentleg overføring i 1996. Om lag 40 prosent hadde lønsinntekt, men berre 20 prosent hadde løn som den viktigaste inntektskjelda si. Om lag 15 prosent i denne gruppa mottok studielån, medan ein om lag tilsvarande del mottok sosialhjelp.

Delen av personar med låginntekt, definert som personar med ei inntekt etter skatt pr forbrukseining på mindre enn 50 prosent av medianinntekta, auka frå 3,1 prosent i 1986 til 4,7 prosent i 1997. Nivået på låginntektsgrensa målt på denne måten auka relativt sterkt i perioden. Den viktigaste årsaka til auken i talet på personar under låginntektsgrensa er dermed ikkje at desse har fått redusert inntekta i perioden, men at dei hadde ein svakare inntektsvekst enn gjennomsnittet. Skattereforma fører til at auken i delen med låginntekt i perioden blir litt overvurdert.

Manglande yrkestilknyting er som nemnt den viktigaste årsaka til låginntekt. Analysen viser at særleg einslege under 30 år, men også einslege forsørgjarar er overrepresentert i låginntektsgruppa. Par med små barn utgjer ein relativt stor del av låginntektsgruppa dersom ein reknar med at det er moderate stordriftsfordelar (OECD82-skalaen) knytta til å bu i fleirpersonhushald, men delen er like stor som den delen denne gruppa utgjer av befolkninga. Dersom ein reknar med at stordriftsfordelane er større, utgjer derimot småbarnsfamiliane berre ein liten del av låginntektsgruppa. I dette tilfellet vil derimot einslege over 65 år utgjere ein stor del av låginntektsgruppa, som følgje av at låginntektsgrensa i så fall blir liggjande over minstepensjonen.

Analysen viser at det er ein svært liten del av befolkninga som har låg inntekt over ein lang tidsperiode. For dei fleste er m.a.o. låg inntekt eit kortvarig problem. Om lag 2,1 prosent av befolkninga har ei gjennomsnittleg inntekt i femårsperioden 1991-1995 som er lågare enn 50 prosent av medianinntekta over same femårsperioden, medan 4,7 prosent av befolkninga hadde låg inntekt i 1995. Berre 1,5 prosent av befolkninga hadde låginntekt i tiårsperioden 1986-1995. Analysen viser at låginntektssituasjonen er relativt stabil for denne gruppa. Av dei med vedvarande låginntekt over femårsperioden, hadde nesten halvparten låg inntekt i minst fire av dei fem åra i perioden.

Analysen viser at inntektsforskjellane auka både i perioden 1986-1991 og i perioden 1992-1997. Årsaka til dei auka inntektsforskjellane i perioden 1986-1991 er truleg i hovudsak auken i arbeidsløysa i perioden, men kjem òg av at det var ein monaleg vekst i talet på uførepensjonistar. Det var også ein auke i talet på sosialhjelpsmottakarar i perioden.

Den viktigaste årsaka til auken i dei registrerte inntektsforskjellane etter 1992 er den kraftige auken i aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar. Auken i aksjeutbyta mv. har i stor grad samanheng med den sterke konjunkturoppgangen etter 1993, samtidig som moderate lønsoppgjer og rentefallet også har medverka til å auke eigarinntektene. Men noko av auken i dei registerte inntektsforskjellane kjem òg av auka synleggjering av eigarinntekter (særleg aksjeutbytte og realisasjonsgevinstar) i statistikken som følgje av skattereforma mv. Skattereglane før 1992 gjorde det mogleg å redusere dei skattepliktige kapitalinntektene vesentleg ved å investere i kommandittselskap mv., og desse ordningane vært fyrst og fremst utnytta av høginntektsgrupper. Dei faktiske inntektsforskjellene i 1986 var derfor truleg større enn statistikken viser. Auken i dei registrerte inntektsforskjellane overvurderer dermed den faktiske auka i perioden.

Inntekt etter skatt omfattar dei fleste kontante inntektene som er registrert i statistikken fråtrekt utlikna skatt. Dette inntektsomgrepet gir ikkje eit fullstendig bilete av endringar i dei samla høva til forbruk, bl.a. fordi reell inntekt frå egen bustad ikkje er inkludert og at gjeldsrenter som følgje av dette ikkje er trekt frå. Effekten av formue, arv og verdien av uløna arbeid i heimen påverkar også dei samla høva til forbruk. Både arv, formue og inntekt frå bustad er skeivt fordelt, i tydinga at personar med høg inntekt også tek mot meir i arv, har høgare formue og høgare inntekt frå bustad enn personar med låg inntekt. Dei faktiske forskjellane er truleg større enn det som kjem fram av statistikken som følgje av at verdsetjinga for skatteføremål er til dels vesentleg lågare enn marknadsverdiane. Dersom verdien av uløna arbeid i heimen hadde vorte inkludert i inntektsomgrepet, hadde dette truleg redusert inntektsforskjellane, samanlikna med ein analyse der berre kontantinntekter inngår.

Både offentlege overføringar og skattar gjer at inntektsfordelinga er jamnare enn ho ville vore dersom ein berre tok utgangspunkt i marknadsinntekter. Overføringane har ein noko større utjamnande effekt enn skattane når ein ser på inntektsfordelinga i kvart enkelt år. Ein omfattande del av overføringane er likevel pensjonar mv., som dels svarar til det ein tidlegare har betalt inn i skatt. Fordelinga av livsinntekt er dermed vesentleg jamnare enn fordelinga av inntekt i kvart enkelt inntektsår. Gjennom livsløpet, gir skattesystemet eit vel så stort bidrag til inntektsutjamning som overføringssystemet.

I avsnitt 3.10 blir det peika på ei rekkje endringar som har skjedd etter 1997 og som isolert sett kan påverke ein analyse av inntektsutvikling og inntektsfordeling. Det er førebels usikkert korleis dette samla sett vil slå ut.

Fotnotar

1.

Den faktiske effekten av auken i studenttalet på inntektsutviklinga i inntektsklasse 1 er truleg endå større. Grunnen er at det berre er studenthushald, dvs. hushald der hovudinntektsmottakaren er student, som kan fjernast frå dette materialet. Dette utgjer under halvparten av det samla studenttalet.

2.

Barth, E. og M. Kongsgården (1996): Lønsspredningen i Norge 1991-1995. I Søkelys på arbeidsmarkedet 1996 , s. 167-173.

3.

Schøne, P. (1997): Lønsforskjeller i staten . Oslo: ISF-rapport 97: 20.

4.

I 1992 ville delen med låginntekt målt med kvadratrotskalaen vore om lag 0,4 prosentpoeng lågare dersom avskrivingar ikkje blir trekt frå.

5.

Dei faktiske kapitalinntektene i 1986 var truleg høgare enn desse tala tilseier. I 1986 gjorde skattereglane det mogleg å redusere dei skattepliktige kapitalinntektene vesentleg ved å investere i kommandittselskap mv., og desse ordningane blei først og fremst utnytta av dei med høgast inntekt. Auken i kapitalinntektene frå 1986 til 1996 overvurderes derfor i desse tala, jf. avsnitt 3.6.3.

6.

Dei faktiske kapitalinntektene i 1986 var truleg høgare enn desse tala tilseier. I 1986 gjorde skattereglane det mogleg å redusere dei skattepliktige kapitalinntektene vesentleg ved å investere i kommandittselskap mv. Desse ordningane blei fyrst og fremst benytta av dei med høgast inntekt. Auken i kapitalinntektene frå 1986 til 1996 blir derfor overvurdert i desse tala, jf. avsnitt 3.6.3.

7.

Delen faktorinntekta utgjer av lønskostnadene vil variere mellom sektorar. Tabell 3.15 gir berre ei oversikt over ikke-finansielle aksjeselskap mv. Utviklinga for disse selskapa gir ein god illustrasjon av korleis endringane i den funksjonelle inntektsfordelinga kan ha påverka aksjeutbyta.

8.

Breivik, E. (1998): Arv og gaver. De som har skal få. I Samfunnsspeilet 6/98, s. 27-33.

9.

Andersen, C. og J.G. Sannarnes (1997): Fordelingseffekter av det norske skatte- og overføringssystemet i et livsløpsperspektiv . Bergen: SNF-rapport nr. 17/97.

Til forsida