St.meld. nr. 50 (1998-99)

Utjamningsmeldinga

Til innhaldsliste

4 Utvikling og fordeling av sentrale levekår i befolkninga

4.1 Innleiing

Dette kapitlet omhandlar fordeling og utvikling av levekår i befolkninga, især på områda utdanning, arbeid, helse og buforhold. I tillegg blir kva tenester har å seie for levekår og fordeling omtala.

Utdanning er eit viktig verkemiddel for å oppnå gode levekår. I avsnitt 4.2 gjer ein greie for utdanningsnivået i befolkninga og fordelinga av utdanning etter alder, kjønn og sosial bakgrunn. Her blir endringar i høve til utdanning det siste tiåret og talet på personar på ulike utdanningsnivå i perioden frå 1981 og fram til 1997 omtala. Forskjellar i utdanningsval blir omtala etter alder, kjønn og sosial bakgrunn. I dette avsnittet blir dessutan fordelingsverknader av utdanning vurdert; m.a. ved å vise samanhengen mellom utdanningsnivå og inntekt, og kva utdanning inneber for å kunne etablere seg på arbeidsmarknaden og dermed sikre seg inntekt og betre levekår.

Deltaking i arbeidslivet er avgjerande for spesielt dei økonomiske levekåra, men også for den sosiale kontaktflata til den enkelte. I avsnitt 4.3blir det gjort greie for det generelle biletet av sysselsetjingsutviklinga frå 1980 til 1998 etter kjønn, alder og i eit livsløpsperspektiv. Vidare blir samanhengen mellom utdanningsnivå og utviklinga i yrkesfrekvensen vurdert. Her blir også val av yrke hjå kvinner og menn greidd ut; og dessutan korleis dette kjem til utrykk i kjønnsforskjellar på arbeidsmarknaden. Vidare blir endring og fordeling av arbeidstid, undersysselsetjing, og i tillegg arbeidsløysetal i perioden frå 1980 til 1998 omtala. Ein ser også nærmare på fordelinga av sysselsetjing med omsyn til arbeidstid og arbeidsløyseerfaring, og korleis dette fordeler seg mellom personar med høge og låge inntekter. Utviklinga for enkelte indikatorar på arbeidsmiljøforhold blir omtala til sist i dette avsnittet.

Avsnitt 4.4 tek opp helsesituasjoneni befolkninga. Helsa blant folk er vurdert ut frå utviklinga i venta levealder og spedbarnsdødsrate. Vidare blir status for og utbreiing av ulike sjukdommar i befolkninga viste. For å utfylle dei objektive måla for helse, gjer ein også greie for sjukdom og sjukdomstilfelle, målt ved sjølvrapportering og eigenvurdert helse, og dessutan forbruk av sjukdomsrelaterte trygdeytingar. Ein ser også spesielt på kjønnsforskjellar i helse. Til slutt blir sosial ulikskap og helse vurdert.

I avsnitt 4.5 tek ein for seg buforhold og nærmiljø.Her blir bustadsituasjonen i dag omtala, med vekt på buforholda og utviklinga i bustadmassen. Eige- og leigeforhold, storleik og standard ved bustadene blir omtala og gjort greie for i eit tiårsperspektiv. Bustadmarknaden blir dessutan analysert med omsyn til prisar på eine sida og inntekter, kostnader og gjeldsproblem i hushalda på den andre sida. I tilnærminga til nærmiljøet ser ein særleg på fordelinga av påkjenningar overfor miljø; som trafikk, støy og ureining.

I avsnitt 4.6 blir utviklinga i sosiale relasjonar ogdeltaking i det lokale organisasjonslivet og politiske aktivitetaromtala. I analysane av sosiale relasjonar og fritid, ser vi på endringar i det sosiale kontaktmønsteret og bruk av fritid blant folk. Levekårsproblem knytt til manglande tryggleik og kriminalitet kjem ein også inn på, og til slutt i dette avsnittet får deltaking og medverknad i politiske aktivitetar, frivillige lag og organisasjonar ein kort omtale.

I avsnitt 4.7omtalar vi korleis offentlege tenesterpåverkar levekåra til folk . Verdien av offentlege tenester for inntektsutvikling og -fordeling til folk blir vurdert generelt. Til slutt i avsnittet blir omfordelande sider ved barnehagesektoren og pleie- og omsorgstenestene vurderte.

Det har vist seg at levekårsfordelar og - ulemper samlar seg i delar av befolkninga. I avsnitt 4.8 ser ein nærmare på dette. Først er det gjort greie for den metodiske framgangsmåten for å komme fram til eit samla mål for levekår. Deretter blir det gjort greie for kva for levekår som tenderer til å hope seg saman. Utviklinga i dei samla levekåra i befolkninga i perioden 1980 til 1995 blir også vurderte; saman med fordelinga av samla levekår for ulike hushald, og til slutt samla levekår i ulike typer av hushald og for gruppene med høvesvis høg og låg inntekt.

For å gi ei heilskapleg framstilling av fordeling og utvikling i befolkninga innan dei mest sentrale levekårsområda, er det i all hovudsak nytta data frå nasjonale utvalsundersøkingar, som levekårsundersøkingane til Statistisk sentralbyrå og administrative register som registeret til Arbeidsdirektoratet over arbeidsledige. Datagrunnlaget opnar for, ved sida av å kaste lys over fordelinga, å sjå på utviklinga både i levekåra til folket og for enkelte grupper blant folk. Som for kapittel 3 har ein her valt å sjå på fordeling og utvikling av levekår i hovudsak i eit tiårsperspektiv. På enkelte levekårsområde er det supplert med andre undersøkingar.

4.2 Utdanning

4.2.1 Utdanning i eit levekårsperspektiv

Utdanning er eit sentralt verkemiddel for utjamning av levekår i befolkninga. I eit levekårsperspektiv verkar utdanning inn på fordelinga av inntekt m.a. gjennom deltaking på arbeidsmarknaden. Utdanning er også viktig i høve til likestilling og demokratisk deltaking. Samfunnsøkonomisk sett verkar kompetansen til befolkninga inn på verdiskapinga i landet, og dermed for kor store ressursar som samla er til fordeling. Kunnskap og kompetanse har ein eigenverdi for den enkelte.

Framveksten av utdanningssamfunnet har kanskje meir enn noko anna prega samfunnsutviklinga dei siste tiåra. Det har vore ein markert utbygging av det norske utdanningssystemet. Kapasiteten ved utdanningsinstitusjonane har auka, høvet til val av utdanning er vorte betre og det er gjennomført store utdanningsreformer dei siste 10-15 åra. Gjennom den lovfesta retten og plikta til 10 år grunnskule, den lovfesta retten til treårig vidaregåande opplæring og auken i talet på studieplassar ved universitet og høgskular, har ein lagt til rette for at stadig fleire kan få utdanning, uavhengig av sosial bakgrunn.

4.2.2 Utdanningsnivået i befolkninga

Utdanningsnivået i befolkninga er kontinuerleg betra gjennom heile etterkrigstida. Framveksten av utdanningssamfunnet er m.a. eit resultat av det auka behovet for kompetanse i arbeidslivet og offentleg satsing på utdanning. Også dei siste tiåra har det vore ei markert betring i utdanningsnivået til befolkninga. For folk mellom 25-66 år samla (jf tabell 4.1), har delen som berre har grunnskule gått ned frå drygt 30 pst. i 1986 til 18 pst. i 1996. Den delen som har utdanning på vidaregåande skolenivå som høgaste utdanning auka i same periode frå 48 til 53 pst. Delen med fullført utdanning ved universitet og høgskular auka frå 18 pst. til vel 25 pst.

Tabell 4.1 Personar 25-66 år, etter alder, kjønn og høgste fullførte utdanning. Pr. 1. oktober 1996. Prosent

I altAlder
25-39 år40-59 år60-66 år
Begge kjønn100,199,9100,0100,0
Grunnskulenivå18,48,622,441,4
Vidaregåande skulenivå53,054,150,442,3
Universitets- og høgskulenivå25,229,124,214,0
Inga eller ikkje oppgjeven utdanning3,54,23,02,3
Menn100,0100,0100,0100,0
Grunnskulenivå17,39,220,737,0
Vidaregåande skulenivå53,860,450,143,2
Universitets- og høgskulenivå25,426,526,217,4
Inga eller ikkje oppgjeven utdanning3,54,13,22,4
Kvinner100,0100,0100,099,9
Grunnskulenivå19,58,024,245,4
Vidaregåande skulenivå52,155,850,741,5
Universitets- og høgskulenivå25,031,822,310,9
Inga eller ikkje oppgjeven utdanning3,44,42,92,1

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Utviklinga i retning av stadig høgare utdanning syner seg tydeleg i ulikskapen i utdanningsnivået mellom ulike aldersgrupper. Det er framleis ei omfattande utdanningskløft mellom generasjonane. Om lag 30 pst. av alle i alderen 25-40 år har i dag utdanning på universitets- og høgskulenivå, medan dette gjeld berre 9 pst. av dei over 67 år. Skilnaden mellom generasjonane fører til at utdanningsnivået i befolkninga som heilskap stadig aukar i dei kommande åra.

Samla sett har menn i gjennomsnitt noko høgare utdanning enn kvinner. Det er framleis fleire kvinner enn menn som har grunnskule som høgste utdanning. Delen som har vidaregåande opplæring og universitets- og høgskuleutdanning som høgste utdanning er også lågare for kvinner enn for menn. Det er derimot ein større del av kvinnene som har utdanning på høgskulenivå og universitetsutdanning med lågare grad enn menn. Grunnen til dette er at kvinner i mykje større grad enn menn vel utdanning innan helse, omsorg og undervisning.

Det har skjedd ei utjamning mellom kvinner og menn samstundes som utdanningsnivået i befolkninga er betra. I aldersgruppene under 40 år er det meir vanleg med universitets- og høgskuleutdanning blant kvinner enn blant menn. Desse utviklingstrekka reflekterer den sterke auken i søking til høgare utdanning hjå kvinner; særleg dei siste 10-20 åra. I dei høgare aldersgruppene er det framleis langt fleire kvinner enn menn som berre har grunnskuleutdanning, og færre som har utdanning på universitets- og høgskulenivå.

Utdanningsnivået varierer med fødeland. Dei som er fødde i dei andre nordiske landa og i andre vestlege land har ein større del med universitets- og høgskuleutdanning enn dei som er fødde i Noreg. Dei som er fødde i Aust-Europa og ikkje-vestlege land har gjennomgåande lågare utdanning enn dei som er fødde i Noreg (for nærmare omtale sjå 5.5).

4.2.3 Talet på personar i utdanning

Høvet samfunnet gjev til å ta utdanning har endra seg monaleg i 1980- og 1990-åra.

Tabell 4.2 Talet på elevar, lærlingar og studenter i grunnskulen, vidaregåande skole og ved universitet og høgskular1

1981199019941997
Grunnskulen583 664473 078463 3092558 257
Vidaregåande oppl.3184 334251 386244 938233 818
Univers. og høgskular79 491128 765164 242

1 Tabellen inneheld fleire elevar/lærlingar enn dei som omfattast av lov om vidaregåande opplæring, mellom anna elevar ved folkehøgskoler og personar på arbeidsmarknadskurs.

2 Tal for 1995.

3 I 1981 vart ein person som på teljingstidspunktet deltok i to utdanningsaktivitetar, rekna med som elev under begge. For tallene f. o. m. 1990 er ein elev rekna med berre ein gang. F. o. m. 1990 er også lærlingar tekne med i elevtalet for vidaregåande utdanning.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Grunnskolens informasjonsssystem og Database for statistikk om høgare utdanning.

Elevtalet i grunnskulen, som har gått ned i perioden 1981-1997, blir primært påverka av demografiske forhold. Frå skuleåret 1997-1998 vart det innført rett til 10-årig grunnskule og skulestart for seksåringane (Reform 97). Auken i elevtalet på vel 70 000 frå 1996 til 1997 kjem i hovudsak av denne reforma.

Elevtalet i vidaregåande opplæring, som steig frå skuleåret 1981 til 1990, kjem bl a av storleiken på årskulla og situasjonen på arbeidsmarknaden. Frå og med 1994 vart det innført lovfesta rett til tre års vidaregåande opplæring (Reform 94). Elevtalet har gått ned med nærmare 30 000 frå 1990 til 1997. Årsaka til dette er i hovudsak at det har vore ein nedgang i talet på personar i aldersgruppene 16 til 18 år.

Studenttalet er meir enn dobla i perioden 1981-1997. Det var ein markert auke i talet på studentar i slutten av 1980-åra, både på grunn av sterk auke i personar i aldersgruppa 20 til 29 år og ein ikkje liten stigning i studiefrekvensen. Ein må sjå denne auken i samanheng med problema på arbeidsmarknaden i denne perioden, og at det av den grunn vart vanskelegare å gå direkte frå vidaregåande skole og ut i arbeidslivet. Det vart frå styresmaktene si side samtidig satsa på arbeidsmarknadstiltak og auka studietilbod på høgskule- og universitetsnivå for å redusere arbeidsløysa.

Utflatinga i talet på studenter frå 1994 må ein sjå i samanheng med nedgang i talet på personar i aldersgruppa 20 til 29 år som følgje av små årskull. Hausten 1997 var det også ein nedgang i studiefrekvensane i aldersgruppa 18 til 19 år, og det samla studenttalet gjekk ned med 1000 personar (0,5 pst) i forhold til året før. Dette er første gang sidan 1977 at talet på studenter har gått ned.

4.2.4 Forskjellar i utdanningsval

Etter kjønn

I vidaregåande skole vel menn og kvinner framleis ulike utdanningsvegar, sjølv om det sidan 1986 har skjedd ei viss utjamning innanfor enkelte studieretningar. Både i 1986 og 1996 var det nesten like mange jenter som gutar som tok utdanning under lov om vidaregåande opplæring. Andelen som vel allmennfagleg studieretning har gått markert ned det siste tiåret, sjølv om det framleis er flest elevar som vel denne studieretninga. I 1986 valde halvparten av gutane og 70 pst. av jentene allmennfag, medan delen som valde denne studieretninga i 1996 gjekk ned til vel 45 pst. for gutane og 57 pst. for jentene. Blant jentene skjer den største dreiinga frå allmennfag over til studieretningar som musikk, dans, drama og formgiving og helse- og sosialfag. Helse- og sosialfag er framleis kvinnedominert, men frå 1986 til 1996 gjekk delen med kvinner ned frå 98 pst. til 92 pst. Delen av gutar i tradisjonelle mannsdominerte utdanningar som til dømes landbruksfag, fiskeri- og sjøfag vart i same tidsrom redusert frå 90 pst. til 70 pst. 1 I 1997 framstod dei tekniske studieretningane som mest mannsdominerte (95 pst. menn), og her har forskjellane auka sidan 1986.

Det er no fleire kvinner enn menn som søkjer seg til og som tek høgare utdanning, jf. figur 4.1, som viser prosentdel av kvinner og menn 19-24 år som er i høgare utdanning i perioden 1980-1996. Mens det i 1980 var like mange menn som kvinner som tok høgare utdanning - om lag 10 pst. - var delen dobla for menn, (20 pst) og tredobla for kvinner, (30 pst) i 1996.

Figur 4-1 Prosentdelen av kvinner og menn 19-24 år i høgare utdanning. Prosent 1980-1996

Figur 4-1 Prosentdelen av kvinner og menn 19-24 år i høgare utdanning. Prosent 1980-1996

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Etter sosial bakgrunn

Utdanningsnivået og posisjonen i yrkeslivet til foreldra har tradisjonelt sett vore viktige årsaker til forskjellar i rekruttering til og gjennomføring av utdanning. I 1980 hadde ungdomsskuleelevar med bakgrunn i høg sosial status 2 meir enn tre gonger så stor utsikt til å ta høgare utdanning som dei med bakgrunn i låg sosial status. Dette gjaldt både kvinner og menn, sjølv om sannsynet for å ta høgare utdanning var litt høgare for kvinner i alle sosiale grupper. Seks av ti barn av akademikarar valde allmennfagleg studieretning etter avslutta grunnskule i 1980, medan det same gjaldt berre for to av ti barn av foreldre i gruppa med ufaglærte arbeidarar.

Etter innføringa av Reform 94 er utdanninga til foreldra framleis ein viktig bakgrunnsfaktor for kvadei unge vel (NIFU-rapport 18/98). Elevar med far som har høg utdanning vel i større grad allmennfag enn elevar med far som har låg utdanning - uavhengig av karakterane til elevane.

Utdanninga til foreldra verkar også inn på vidare val av studiar. Halvparten av avgangselevane som fullførte vidaregåande kurs II allmenne fag våren 1997, var i utdanning per 1. oktober 1997. Om lag 35 pst. av elevane som hadde foreldre med lang høgare utdanning (minst 4,5 år), begynte ved ein høgskule eller eit universitet same hausten. Blant elevane som hadde foreldre med berre grunnskuleutdanning, var tilsvarande del 28 pst. Forskjellane i høve til utdanninga til foreldra kjem endå tydelegare til utrykk når det gjeld kva type utdanning elevane vel utover vidaregåande opplæring (jf. fig. 4.2). Blant dei elevane som starta på ei høgare utdanning og som sjølve hadde foreldre med lang høgare utdanning, valde 75 pst. å studere ved eit universitet og 25 pst. ved ein høgskule. Blant elevane med foreldre med berre grunnskule, begynte derimot 27 pst. å studere ved eit universitet og 73 pst. ved ein høgskule.

Figur 4-2 Elevar som var ferdige med VKII allmenne fag, og skulevalet deira den påfølgjande hausten, etter utdanningsnivået foreldra. 1997. Prosent

Figur 4-2 Elevar som var ferdige med VKII allmenne fag, og skulevalet deira den påfølgjande hausten, etter utdanningsnivået foreldra. 1997. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Aktuell utdanningsstatistikk 1/99.

At utdanningsbakgrunnen til foreldra er viktig for utdanningsvalet til barna, går fram også når ein ser på heile befolkninga under eitt - uavhengig om dei er under utdanning eller ikkje. Den delen av befolkninga i aldersgruppa 20-39 år der ein av eller begge foreldra har lang høgare utdanning, har oftare enn andre sjølv fullført ei høgare utdanning. Av personar med foreldre med minst 4,5 år høgare utdanning har 66 pst. sjølv fullført høgare utdanning, mot 47 pst. av dei med foreldre med kort høgare utdanning (maksimum 4 år). Blant personane med foreldre med berre grunnskule, var tilsvarande del 11,5 pst.

4.2.5 Livslang læring

Auka offentleg satsting på utdanning har m.a. ført til at dei formelle kvalifikasjonane blant arbeidstakarane har auka. Samtidig skjer ein stor del av kunnskapsutviklinga og kompetansehevinga i samfunnet som livslang læring på arbeidsplassen. Den enkelte bedrifta er ein viktig lærestad for arbeidstakarane, og opplæringsverksemda som skjer her har fått eit stort omfang. Etter- og vidareutdanning er meir utbreidd i det offentlege enn i privat sektor. Størstedelen av opplæringa internt i bedriftene skjer i tilknyting til dei faste arbeidsoppgåvene, men også som organisert opplæring. I ei undersøking frå 1993 svarte kvar tredje arbeidstakar at dei hadde fått tid til opplæring siste året. I ei utvalsundersøking frå 1996 hadde 3/4 av alle arbeidstakarar delteke på eitt eller fleire kurs dei siste fem åra. Kursaktivitetane aukar m.a. med storleiken på bedrifta, og kursdeltakinga varierer også etter næring. Tenesteytande næringar har høgast kursdeltaking, medan det er minst i industri, bygg, anlegg og varehandel.

Det er dei som har svakast utdanning som tek minst del i kompetanseutvikling. I perioden 1990-1993 deltok 60 pst. av arbeidstakarar med høgare utdanning i etter- og vidareutdanning, mot under 20 pst. av arbeidstakarar med grunnskule som høgaste utdanning. Heiltidstilsette tek oftare del i opplæring enn deltidstilsette. NOU 1997:25 «Ny kompetanse» reknar med at om lag 9000 vaksne står utan fullført grunnskole og vel 80 000 vaksne har uoppgitt utdanning. Det er grunn til å anta at mange av dei med ikkje oppgitt utdanning, har lågt utdanningsnivå. Ei undersøking av Norsk Gallup viser at ca. 265 000 vaksne ønskjer vidaregåande opplæring. Blant dei er det like mange kvinner som menn.

Tabell 4.3 Hushaldningsinntekt etter utdanningsnivået til dei med høgast1 og lågast2 inntekt og gjennomsnittet i befolkninga i alderen 16 år og eldre for 1986,1991 og 1995. Prosent

198719911995
AlleHøg inntektLåg inntektAlleHøg inntektLåg inntektAlleHøg inntektLåg inntekt
Del med utd. på grunnskulenivå453068403054281447
Del med utd. på vidaregåande nivå404228433533514740
Del med utd. på univ./høgskulenivå15284173513213913
100100100100100100100100100

1 Dei med høgst inntekt er her den tidelen som har høgst inntekt etter skatt rekna per forbrukseining, dvs. inntekt etter skatt delt med kvadratrota av talet på personar i hushaldet. I 1987 var dette 224 667 kroner, i 1991 234 639 kroner og i 1995 utgjorde dette 244 848 kroner, alt omrekna til faste 1995-kroner.

2 Dei med lågast inntekt er her dei som har lågare inntekt enn 50 pst. av medianen i fordelinga av inntekt etter skatt per forbrukareining (rekna ut på same måte som for dei med høgast inntekt). I 1987 utgjorde dette 72 258 kroner, i 1991 75 655 kroner og i 1995 var dette 75 309 i faste 1995-kroner.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

4.2.6 Fordeling og utdanning

Tabell 4.3 viser ein klar samanheng mellom utdanning og hushaldningsinntekt. Det er ein langt større del med høgare utdanning blant dei med høg inntekt enn i befolkninga generelt, og blant dei med låg inntekt spesielt. Tilsvarande er dei med berre grunnskoleutdanning overrepresentert blant dei med låg inntekt. Ser ein nærmare på utviklinga i perioden frå 1987 til 1995, er samansetninga i høginntektsgruppa blitt endra i favør av dei med høgare utdanning, mens dei med låg utdanning er blitt endå meir underrepresentert. Samtidig har delen med vidaregåande og høgare utdanning, auka i låginntektsgruppa.

Tala i tabellen er basert på tverrsnittdata, d.v.s. at gruppene ikkje er sett saman av dei same personane frå år til år. Vidare er kategoriane høg og låg inntekt basert på hushaldningsinntekt. Tala er ikkje justert for endringar i alderssamansetning i befolkninga. Det vil seie at tabellen må tolkast med varsemd. Som nemnt i kapittel 3 har samansetninga av gruppa med låg inntekt endra seg i tiårsperioden 1986-96, m.a. ved at det har vorte fleire studenter i låginntektsgruppa, medan ein del av alderspensjonistane, som gjennomgåande har låg utdanning, har flytta seg frå gruppa med låg inntekt og oppover i inntektsfordelinga. Auken i inntekta til alderspensjonistane kan til ein viss grad forklare kvifor delen med utdanning berre på grunnskolenivå har gått ned blant dei med låg inntekt. Auken i talet på studentar kan til ei viss grad forklare at delen med utdanning på universitets- og høgskulenivå har auka i gruppa med låg inntekt.

Det er vanskeleg å seie sikkert kva verknader utdanning har for fordelinga av ulike gode og byrder i samfunnet. Det er likevel ingen tvil om at eit auka utdanningsnivå har positive ringverknader for den enkelte. Når utdanningsnivået i befolkninga aukar, aukar til dømes statusen og kompetansen til den enkelte ved sida av kompetansen i samfunnet. Det er også slik at personar med høg utdanning har større sjanse for å vere sysselsette og mindre sjanse for å bli arbeidslause enn personar med låg utdanning på alle alderstrinn.

4.3 Arbeid

4.3.1 Arbeidsmarknaden som levekårsarena

Yrkesinntekt, som omfattar lønn og næringsinntekter, utgjer hovudinntektskjelda for størstedelen av befolkninga. Arbeidsmarknaden er derfor ein viktig arena for fordeling av økonomiske levekår, og samtidig for sosial forankring for den enkelte. Kva arbeidet har å seie for levekåra, er ikkje berre avhengig av om og kor mykje ein arbeider, men også av når ein arbeider. Korleis ein opplever arbeidstida er avhengig av m.a. livsfase og preferansar hjå den enkelte. Det finst også negative forhold knytt til deltaking i arbeidslivet, t.d. opplever enkelte å ha helsefarleg arbeid, stressande miljø og liten grad av handlefridom.

4.3.2 Utviklinga av sysselsetjinga

I perioden frå 1980 til 1998 har det vore stor variasjon i etterspørselen etter og tilbodet av arbeidskraft (jf. avsnitt 2.4.2). Sysselsetjinga auka fram til 1987, men gjekk så tilbake i åra fram til 1993. Sidan andre halvdel av 1993 har det vore ein sterk auke i talet på sysselsette. I perioden frå 1980 til 1998 auka sysselsetjinga med 17,5 pst. frå 1,90 mill. og nådde i 1998 eit førebels toppnivå på 2,24 mill. personar i følgje arbeidskraftsundersøkingane til SSB.

Det er markerte kjønns- og aldersforskjellar blant dei sysselsette (jf. tabell 4.4). I 1996 var 74,5 pst. av mennene og 66,5 pst. av kvinnene i alderen 16 til 66 år i arbeid. Delen med sysselsetjing er lågare for kvinner enn for menn i alle aldersgrupper, bortsett frå i gruppa 16-19 år, og kjønnsforskjellane er størst i aldersgruppa 50-59 år.

Tabell 4.4 Sysselsetjingsdel etter alder og kjønn i 1998. Prosent

Alder16-74 år16-19 år20-24 år25-29 år30-49 år50-59 år60-74 år
Menn75,541,873,687,191,187,730,9
Kvinner65,942,464,877,482,775,121,1

Sysselsetjinga blant menn har i større grad enn for kvinner svinga i takt med konjunkturane. Under lågkonjunkturen i 1987-1993 vart sysselsetjinga blant menn kraftig redusert, medan det berre var ein svak nedgang blant kvinner. At sysselsetjingsutviklinga varierer slik etter kjønn, heng til ein viss grad saman med at menn i større grad enn kvinner arbeider i konjunkturutsette næringar, som t.d. bygg- og anleggsverksemd. Kvinner har ein større del som er sysselsette i offentleg sektor, i 1998 var talet høvesvis 46 pst. av kvinnelege sysselsette mot 21 pst. av mannlege sysselsette.

Den yrkesaktive delen av livsløpeter vorte kortare for mange. Stadig fleire ungdommar tek høgare utdanning, noko som fører til at gjennomsnittsalderen for overgang til arbeidslivet aukar. Auken i talet på studentar mot slutten av 1980-åra må sjåast på bakgrunn av aukande problem på arbeidsmarknaden og auka opptak av studentar til høgare utdanning. Delen med sysselsetjing blant ungdom gjekk derfor ned frå siste halvdel av 1980-åra og i starten av 1990-åra. Nedgangen i heiltidsarbeid blant ungdom skjedde samtidig med at ein aukande del av studentane tok til å arbeide ved sidan av studiane. Frå 1995, samtidig med at arbeidsmarknaden betra seg har yrkesdeltakinga blant ungdom stige att.

Blant personar over 60 år har sysselsetjinga gått ned både for menn og kvinner. Det har vore ein særleg stor nedgang i yrkesdeltakinga for menn i aldersgruppa 60-66 år. I 1980 var 72 pst. av desse i arbeidsstyrken, mot 55 pst. i 1997. Også blant kvinner har det i dei seinare åra vore ein relativt omfattande avgang frå arbeidslivet før ordinær pensjonsalder. Nedgangen i yrkesfrekvensen, som følgje av dette, meir enn vegen opp av den generelle tendensen til auka yrkesaktivitet blant kvinner.

Dei aller fleste i alderen 60-66 år som sluttar i arbeidet, går av med pensjon. I 1997 utgjorde uføre- og AFP-pensjonistar 85 pst. av dei nye pensjonistane i denne aldersgruppa. Den årlege tilgangen var om lag like stor til kvar av dei to ordningane.

4.3.3 Samanhengen mellom arbeid og utdanning

Det er generelt ein sterk samanheng mellom utdanning og sysselsetjing både for kvinner og menn. I 1998 var yrkesprosenten blant personar med universitetsutdanning høg (90 pst) og om lag lik for kvinner og menn. Blant personar med grunnskule som høgste utdanning, var yrkesfrekvensane langt lågare (50 pst) og forskjellen mellom kvinner og menn var stor (høvesvis 43 pst. for kvinner og 58 pst. for menn).

Differansen i sysselsetjinga mellom dei med høg og låg utdanning har auka frå 1980 til 1998 for begge kjønn. Målt i absolutte tal er det vorte færre sysselsette med berre grunnskule 3. Samtidig har talet på sysselsette med fullført vidaregåande skule/fagbrev auka med 90 pst, talet som har 1 - 4 års høgare utdanning har auka med 130 pst, medan delen av sysselsette med meir enn 4 års utdanning på universitets- og høgskulenivå har auka med 82 pst.

Ser ein på yrkesfrekvensane 4 har det berre vore auke for kvinner med vidaregåande skole og høgare utdanning (jf. figur 4.3). Menn med berre grunnskuleutdanning har hatt den mest markante nedgangen. Yrkesdeltakinga for menn er framleis høgare enn for kvinner, uansett utdanningsnivå, men differansen mellom kjønna minkar med aukande utdanning.

Mellom anna som følgje av det auka utdanningsnivået i befolkninga, er det vorte fleire arbeidstakarar med høgare utdanning i alle næringar. I offentleg sektor er det særleg mange med høg utdanning. Mens to av fem tilsette i offentleg sektor har høg utdanning, er det tilsvarande talet ein av fem i privat sektor.

Figur 4-3 Utviklinga i yrkesfrekvens i perioden 1980-1988 etter høgste fullførte utdanning til menn og kvinner. Prosent

Figur 4-3 Utviklinga i yrkesfrekvens i perioden 1980-1988 etter høgste fullførte utdanning til menn og kvinner. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Arbeidskraftundersøkinga.

Personar med lite utdanning har generelt større vanskar med å omstille seg til nye kompetansekrav enn personar med høgare utdanning. Nedgangen i sysselsetting blant gruppa med berre grunnskole har såleis truleg nær samanheng med omstruktureringa i næringslivet og særleg den nedbygginga i industrien som skjedde i perioden frå 1980 til byrjinga på 1990-talet. Dette har ført til redusert behov for arbeidarar med grunnskoleutdanning. Jobbar som stilte små krav til formelle kvalifikasjonar blei borte. Etter 1993 har sysselsetjinga også auka i industrien. Nye arbeidsoppgåver som vert skapt, krev i større grad enn tidlegare arbeidstakarar med høg utdanning.

Personar med lite utdanning er også meir utsett for arbeidsløyse og konjunktursvingning enn personell med høgare utdanning, og dette mønsteret går att i alle aldersgrupper. Som det går fram av figur 4.3 vart sysselsetjingsprosenten redusert for alle, uavhengig av utdanningsnivå, i perioden frå 1986 til 1993. Menn med grunnskule som høgaste utdanning vart hardast råka av konjunkturnedgangen, og sysselsetjinga i denne gruppa vart redusert med over 13 prosentpoeng, mot berre om lag 3 prosentpoeng for personar høgare utdanning. Under oppgangskonjunkturen frå 1993 var nedgangen i arbeidsløysa størst for dei med berre grunnskole. Det kan dermed sjå ut til at personar med låg utdanning er meir avhengig av gode tider for å få seg jobb enn dei med høg utdanning. Men framleis er arbeidsløysa monaleg høgare blant personar med utdanning på universitets- og høgskulenivå, blant dei med utdanning berre på ungdomsskulenivå høvesvis 2.3 pst. og 6.9 pst. i 1997.

Samanhengen mellom langtidsarbeidsløyse 5og utdanningsnivå er endå sterkare. Gjennom heile perioden med lågkonjunktur har det vore relativt låg langtidsarbeidsløyse blant dei med høgast utdanning.

Delen med sysselsette ikkje-vestlege innvandrarar er langt lågare enn i blant folk elles. Årsaka ligg mellom anna i at mange av dei ikkje-vestlege innvandrarane har manglande utdanning frå heimlandet eller problem med godkjenning av utdanning frå heimlandet. Yrkesaktiviteten er likevel lågare og den registrerte arbeidsløysa høgare blant innvandrarar uavhenging av utdanningsnivå. Den registrerte arbeidsløysa er også mykje høgare blant innvandrarar enn for befolkninga totalt. Dette gjeld særleg afrikanarar, etterfølgd av innvandrarar frå Aust-Europa, Asia og Sør- og Mellom-Amerika.

Framskrivingar av utdanningsnivået i arbeidsstyrken viser at utviklinga held fram i retning av ein stadig mindre del med berre grunnskuleutdanning og ein veksande del med utdanning; enten frå vidaregåande skole eller frå universitet og høgskular (jf. NOU 1997:25 «Ny kompetanse»). På den andre sida vil dette kunne føre til at det blir knapt med personar til jobbar som krev minst utdanning, og at det dermed kan bli lettare for dei med låg utdanning å finne seg jobb i tenestesektoren som for eksempel i varehandelen og restaurantbransjen.

4.3.4 Kjønnsforskjellar i yrkesval og posisjon på arbeidsmarknaden

Det har tradisjonelt vore klare forskjellar i yrkesval til kvinner og menn. Val som blir gjort i dag, avvik i liten grad frå dette mønsteret. Yrkesvala følgjer i stor grad dei kjønnsspesifikke utdanningsvala (jf. 4.3.5 om forskjellar i val av utdanning).

I 1970-åra og fram til midten på 1980-talet auka yrkesdeltakinga for kvinner. Kvinnene gikk stort sett ut i næringar som frå før var dominert av kvinner, og i 1995 var 3/4 av kvinnene sysselsette innan helse- og undervisningssektoren, kontor, handel og serviceverksemd som for eksempel i hotell- og restaurantbransjen. 30 pst. av alle menn var sysselsette i industrien.

Figur 4-4 Delen kvinner og menn innan utvalde yrke. Prosent

Figur 4-4 Delen kvinner og menn innan utvalde yrke. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Arbeidsmarknadsstatistikk 1996-97.

Figur 4.4 viser delen av kvinner og menn innanfor avgrensa yrkesgrupper. Over 90 pst. av dei sysselsette innan sjukepleie og anna helsearbeid var i 1995 kvinner. Til samanlikning var berre 28 pst. av dei sysselsette innan medisinsk arbeid (dvs. legar) kvinner. Kontor- og servicearbeid er også typiske kvinneyrke og her er kjønnsforskjellane endå større. Sysselsetjinga blant kvinner i industrien er konsentrert til nokre få yrkesgrupper som t.d. tekstil-, konfeksjons- og næringsmiddelindustrien.

I samband med at yrkesdeltakinga blant kvinner har stige det siste tiåret, har også fleire av nykomarane på arbeidsmarknaden begynt i mannsdominerte yrke som teknisk, vitskapelege, kjemisk og juridisk arbeid. Vidare har delen med kvinner i offentleg administrasjon stege frå 40 pst. 1985 til 50 pst. i 1995 og innan t.d. bedriftsleiing har kvinner auka delen dei har med sysselsetjing frå 15 pst. til 20 pst. i denne tiårsperioden.

Biletet som blir teikna tyder på at kvinner framleis arbeider innanfor typiske kvinneyrke, samtidig som det er visse teikn på at fleire kvinner er på veg inn i tradisjonelt mannsdominerte yrke.

I 1980- og 1990-åra har delen av arbeidarar blant dei sysselsette gått ned, samtidig som delen av funksjonærar på middels- og høgare nivå har auka sterkt. I denne perioden har det også vore ei endring i fordelinga av menn og kvinner i arbeider- og funksjonæryrke. Ein langt større del menn er framleis arbeidarar, medan det er ein større del av kvinnene som er i funksjonærsjiktet. Frå 1981 til 1995 har delen med menn blant faglærte og ufaglærte arbeidarar gått tilbake, medan delen med kvinner har stege raskare enn delen med menn blant funksjonærane på mellomnivå.

Undersøkingar frå eit utval bedrifter og område innan offentleg sektor tyder på at det både ved tilsetjingar og opprykk er ein tendens til at kvinner kjem dårlegare ut enn menn, sjølv med same utdanningsbakgrunn og/eller plassering i stillingsstrukturen 6. Menn får oftare opprykk til høgare stillingar, og opprykket er ofte større enn for kvinner, sjølv når personane har tilnærma likt utdanningsnivå, er i same alder og har vore tilsett like lenge. Ulikskapen i opprykk gjeld særleg mellom menn og kvinner med relativt låg utdanning:

Det er også fleire menn enn kvinner i leiarstillingar, og forskjellane mellom kjønna aukar dess høgare opp i stillingshierarkiet ein kjem. Det finst svært få kvinner i toppleiarstillingar, både i privat og offentleg sektor, sjølv om det i den seinare tida har vore ei viss utjamning på dette området. Det er ingen einsretta svar på kvifor menn rykkjer raskare opp i stillingshierarkiet enn kvinner. Årsaka kan blant anna ligge i at kvinnedominerte yrke har færre karrierestigar enn yrke som er meir mannsdominerte. Det kan og skuldast diskriminering av kvinner, at kvinner i mindre grad satsar på opprykk og karriere eller ein kombinasjon av desse faktorane.

4.3.5 Endringar i arbeidstid

Mens sysselsetjinga auka med 16 pst. frå 1980 til 1998, auka delen av utførte vekeverk med berre 8 pst. i den same perioden. Årsaka er mellom anna at den gjennomsnittlege årlege arbeidstida har vorte redusert både for menn og kvinner på grunn av utviding av ferien i 1982 (Gro-dagen), arbeidstidsreforma i 1987 og lengre fødselspermisjonar. Utviklinga i arbeidstid i høve til talet på sysselsette varierer mellom ulike næringar. Innan t.d. oljeutvinning var auken i utførte timeverk høgare enn auken i talet på sysselsette. Innan forretningsmessige tenester og helse- og sosialtenester var auken i vekeverk om lag på høgde med sysselsettingsauken.

I 1990-åra har det vore ein svak nedgang i den delen som arbeider deltid samla sett (jf. tabell 4.5), men denne nedgangen har ikkje vore stor nok til å vege opp arbeidstidsreduksjonen som følgje av nemnde reformer.

Tabell 4.5 Fordeling av deltid for 1985, 1990 og 1996. Prosent.

Del som arbeider deltid1985119901996
Alle28,426,626,5
Menn10,68,810,2
Kvinner52,348,245,8

1 Tala frå 1985 kan ikkje samanliknast heilt med seinare målingar av deltid pga endra utrekningsmåte.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Mens auken i sysselsetjinga av kvinner i 1970-åra i stor grad skjedde i form av deltidstilsette, viser utviklinga dei siste 10 år at stadig fleire kvinner i 1990-åra går over i heiltidsarbeid. Det verkar som om det er i ferd med å avleire seg generasjonsforskjellar i arbeidstidsmønstra til kvinner. Det ser ut til at dei mødrene som kom inn på arbeidsmarknaden i 1970-åra, har vorte verande i deltidsarbeid, medan mødrene i 1980-åra og særleg i 1990-åra, i større grad har tilpassa seg ein yrkesaktivitet på heiltid. Den auka yrkesaktiviteten må mellom anna sjåast i samanheng med auken i delen av kvinner med høgare utdanning. Blant kvinner med to eller fleire barn under 16 år er det likevel framleis ei overvekt av deltidsarbeidande. Både for kvinner med eitt og med fleire barn, er delen på heiltid høgast blant dei med barn under tre år. Deltidsarbeid er altså ikkje ei utprega tilpassing for kvinner i småbarnsfasen.

80 pst. av dei deltidstilsette er kvinner. Deltidsarbeid blant menn er framleis etter måten uvanleg, og er stort sett avgrensa til ungdom under utdanning og til aldersgruppa over 60 år som ledd i ei nedtrapping fram til pensjoneringstidspunktet.

Mange deltidssysselsette ønskjer lenger arbeidstid enn dei har. Når dei også har gjort forsøk på å få det, og dessutan kan påta seg lenger arbeidstid innan ein månad, blir dei sett på som undersysselsette. Årsaker til undersysselsetting kan vere at det ikkje finnest supplerande deltidsarbeid som passar i forhold til situasjonen til den enkelte, eller at det ikkje er mogleg å auke stillingsdelen i deltidsarbeidsforholdet. I følgje AKU-undersøkingane var det 78 000 undersysselsette i 1998, eller 13 pst. av dei som arbeidde deltid. Dette er nær 2000 fleire enn ti år tidlegare, og vel 10 000 færre enn i 1993 då arbeidsløysa var på topp. Samtidig er det mange som arbeider meir enn ein normalarbeidsdag enten gjennom overtid eller bijobbing. Det har vore ein tendens til aukande bi-jobbing. Bi-arbeidet er nokså jamt fordelt mellom menn og kvinner, og er mest utbreidd blant dei som har hovudarbeidsforholdet sitt som gardbrukarar, legar, lærarar og blant reingjeringspersonale.

Både overtidsmønster og deltidsarbeid varierer etter utdanning. Av heiltidstilsette med utdanning frå høgskule eller universitet arbeidde 35 pst. overtid mot 24 pst. av dei med lågare utdanning. Deltidsarbeid er mest utbreidd blant kvinner med lågare utdanning.

4.3.6 Arbeidsløyse

Boks 4.1

I Noreg blir to offisielle mål for arbeidsløyse brukt: Dei som er registrert ledige i registra til Arbeidsdirektoratet, og dei som i arbeidskraftsundersøkingane (AKU) til Statistisk sentralbyrå er arbeidssøkjarar utan arbeidsinntekt. Registra til Arbeidsdirektoratet omfattar heilt arbeidslause alle arbeidssøkjarar som er registrert ved arbeidskontora utan inntektsgivande arbeid, ungdom som søkjer feriejobb og deltidsarbeidarar som ønskjer lenger arbeidstid blir registrerte som arbeidssøkjarar, og ikkje som heilt ledige.

Arbeidskraftsundersøkingane til Statistisk sentralbyrå er utvalgsundersøkingar som viser tilknytinga til arbeidsmarknaden for befolkninga i arbeidsfør alder (16-74 år). Som arbeidsledige reknar ein her personar utan inntektsgivande arbeid som freista å skaffe seg arbeid dei siste fire vekene, og som kunne påteke seg arbeid dei to neste vekene. Arbeidsløysetala i AKU ligg oftast noko høgare enn registrert arbeidsløyse ved arbeidskontora. I hovudsak er årsaka at AKU-tala også omfattar personar som søkjer arbeid utanom arbeidsformidlinga, og dessutan at ein del av dei som tek del på kvalifiseringstiltak reknar seg sjølve som arbeidslause.

Ein grunn til forskjell mellom tala til Arbeidsdirektoratet og AKU, er at personar som ikkje har rett til dagpengar kan vere lite motiverte for å stå oppførde som ledige, spesielt dersom dei ikkje har noko tru på at arbeidskontoret kan skaffe dei arbeid. Blant dei eldste arbeidstakarane, viser ofte AKU lågare tal enn det Arbeidsdirektoratet har registret som ledige, sidan enkelte eldre ledige med dagpengar ikkje oppfattar seg som arbeidssøkjarar.

Arbeidsløysa har hatt ein ikkje liten variasjon frå 1980 til 1998. Frå 1980 til 1983 vart arbeidsløyserata fordobla til 3,4 pst. av arbeidsstyrken (69 000 personar). I neste treårs periode fall den til 2 pst. Mot slutten av 1980- og i starten av 1990-åra oppstod det på ny store problem på arbeidsmarknaden. I 1993 var arbeidsløysa oppe i 5,9 pst, men har sidan gått ned til 3,2 pst. av arbeidsstyrken i 1998.

Normalt har arbeidsløysa vore høgare blant ungdom enn blant eldre arbeidstakarar. Den stigande arbeidsløysa frå 1987 ramma ungdom sterkast og førte til at mange unge fekk store problem på arbeidsmarknaden. Arbeidsløysa er framleis høgare blant ungdom enn for eldre aldersgrupper. AKU-undersøkingane viser at arbeidsløysa totalt var på 3,2 pst. av arbeidsstyrken i 1998, for 20-24-åringene var talet 7,5 pst, medan den var 13,7 pst. for ungdom under 20 år 7. Ungdom under 20 år fell inn under ungdomsgarantien. Hovuddelen av aldersgruppa har rett til tre års vidaregåande opplæring. Dei som er utan skuleplan er garantert tilbod om jobb eller arbeidsmarknadstiltak. Perioden som arbeidslaus varer som regel kortare for ungdom enn for eldre, mellom anna fordi dei yngre ofte vekslar mellom jobb og utdanning og av di dei er meir mobile i starten på yrkeskarriera si.

Sidan 1980 har arbeidsløysa blant kvinner vore høgare enn arbeidsløysa blant menn, med unntak av perioden 1989 til 1995, då arbeidsløysa var klart høgare i mannsdominerte næringar.

Delen med arbeidslause ikkje-vestlege innvandrarar er fire gonger høgare enn blant folk elles. Arbeidsløysa rammar særleg dei som kjem frå Afrika og Aust-Europa (sjå nærmare omtale 5.5).

4.3.7 Arbeid og ulikskapar i inntekt

Som vist i kapittel 3 er det ein sterk samanheng mellom sysselsetjing og inntekt. I det følgjande ser ein nærmare på om ulikskapen i sysselsetjing har auka eller gått ned mellom dei delane av befolkninga som har høgast og lågast inntekt.

Tabell 4.6 Sysselsetjingssituasjon, arbeidstid og arbeidsløyseerfaring for dei med høgast og dei med lågast inntekt1 i befolkninga . Prosent.

19871995
AlleHøg inntektLåg inntektAlleHøg inntektLåg inntekt
Del av sysselsette698625658625
Med kort deltid1382613831
Med lang deltid1511414716
Med lang arbeidstid i veka2203325213717
Del av tilsette som føretrekkjer lang arbeidstid55127419
Del av yrkesaktive med arbeidsløyseerfaring i løpet av året1172313531
Del av yrkesaktive som har vore arbeidslaus meir enn 5 måneder dei siste 5 år:51912424

1 Dei med høgast inntekt er den tidelen som har høgast inntekt etter skatt rekna per forbrukseining, mens dei med låg inntekt er personar som har lågare inntekt enn 50 pst. av medianen i fordelinga av inntekt etter skatt per forbrukseining (sjå 4.3.7 for nærmare utgreiing).

2 At heile 25 pst. blant dei sysselsette i låginntektsgruppa i 1987 hadde lang arbeidstid, kan blant anna skuldast ein del låginntektsfamilier med fleire barn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Det er ein klar samanheng mellom sysselsetting, deltidsarbeid og arbeidsløyseerfaring på den eine sida og inntektsnivå til hushalda på den andre sida (jf. tabell 4.6). I 1995 var 86 pst. av dei med høgast inntekt og 25 pst. av dei med lågast inntekt sysselsett, og denne delen har halde seg stabil over tid. Det er ein høgare del som arbeider deltid blant sysselsette i gruppa med lågast inntekt enn blant sysselsette i høg inntektsgruppa, medan det er ein høgare del med lang arbeidstid kvar veke blant sysselsette med høgast inntekt. Det ser ut til å vere ein aukande ulikskap i arbeidstid blant dei sysselsette i desse to inntektsgruppene. Den delen som arbeidde deltid blant sysselsette med lågast inntekt har auka med 17 prosentpoeng frå 1987 til 1995, medan delen er nærast uendra for dei med høgast inntekt. Fordi det er så få sysselsette i låginntektsgruppa utgjer auken i deltidsarbeidande berre om lag 4 pst. av heile gruppa med låg inntekt. Delen med lang arbeidstid i veka har auka blant sysselsette med høgast inntekt, og minka blant sysselsette med lågast inntekt. Samtidig har den delen som føretrekkjer lengre arbeidstid, med tilsvarande høgare lønn, auka blant dei med lågast inntekt. Også her handlar det om små endringar når ein ser dei i høve til heile gruppa med låg inntekt.

Blant dei som reknar seg som yrkesaktive, ser det også ut til å ha vore ein aukande ulikskap i arbeidsløyseerfaring mellom dei med høgast og dei med lågast inntekt. Blant dei med lågast inntekt er det ein høgare del i 1995 enn i 1987 som både har hatt arbeidsløyseerfaring i løpet av det siste året og som har vore arbeidslaus meir enn fem månader dei siste fem åra. Den delen som meiner at dei står i fare for å miste jobben, er klart størst blant dei med lågast inntekt, men den har auka for begge gruppene i løpet av perioden. Denne auken må sjåast på bakgrunn av erfaringa med lågkonjunkturen og den høge arbeidsløysa i starten av 1990-åra. Tala i tabellen stadfestar at grupper med låg inntekt ofte har ein forholdsvis marginal arbeidstilknyting og står svakt på arbeidsmarknaden. Endringane som går fram kan til ei viss grad ha årsaka si i forskjellig samansetning av gruppene med høg og låg inntekt på dei to tidspunkta. At yrkesdeltakinga blant dei med låg inntekt har gått ned frå 1987 til 1995, trass i ein generell vekst i sysselsetjinga, kan skuldast ein aukande del med studenter i gruppa som trekk sysselsetjinga ned. På den andre sida gir ein minkande del med alderspensjonistar i låginntektsgruppa motsett effekt. Også auken i bruk av deltid i låginntektsgruppa kan til ei viss grad bli forklart med veksten i studenttalet.

Tabellen må tolkast med varsemd, av di grunnlaget for høg og låg inntekt er basert på hushaldsinntekt per forbrukseining i løpet av perioden. Det er heller ikkje teke omsyn til endringar i alderssamansetninga til befolkninga.

4.3.8 Arbeidsmiljø

To sider ved arbeidsmiljøet er viktig i levekårssamanheng. Det er det fysiskearbeidsmiljøet, som m.a. omfattar ureining, fysiske påkjenningar og stor ulykkesrisiko. Vidare er det det organisatoriske eller det psykososiale arbeidsmiljøet, som mellom anna seier noko om kva høve ein har til å kontrollere eller påverke sin eigen arbeidssituasjon.

Det har vore små endringar i det fysiske arbeidsmiljøet på 1980- og første halvdel av 1990-åra. Eit viktig unntak er at det klimatiske arbeidsmiljøet er vorte betre, i hovudsak ved at færre blir utsette for trekk eller kulde i arbeidet. I kor stor grad ein er utsett for fysiske arbeidsmiljøproblem heng mellom anna saman med posisjonen på arbeidsplassen. Arbeidarar er langt oftare utsette for fysiske miljøpåkjenningar enn funksjonærer. Det gjeld ureining, støy, varme og kulde. Sidan delen med arbeidarar har gått ned i perioden 1980-1995, skulle ein vente at også arbeidsmiljøet totalt sett hadde vorte betre. Det kan derfor sjå ut til at enkelte sider ved det fysiske arbeidsmiljøet har forverra seg for visse grupper av arbeidarar og lågare funksjonærer.

Ein tendens ved det organisatoriske arbeidsmiljøet dei seinare år er at fleire no kan planleggje arbeidet. Delen med menn som i høg grad kan planleggje eige arbeid, auka med 4 prosentpoeng til 52 pst. frå 1991 til 1995, medan for kvinnene auka delen med 2 prosentpoeng til 40 pst.

I 1990-åra opplever fleire at dei har mykje å gjere på jobben. På den andre sida har det vore ein stabil del på 10 pst. som opplever stort arbeidspress eller stress i arbeidet. Delen som opplevde at dei hadde mykje å gjere var i 1995 lik for menn og kvinner, men har auka mest blant menn. Personar med høg utdanning gir sterkast uttrykk for at påkjenninga i arbeidet er for stor.

Dei siste tiåra har arbeidstida vorte meir fleksibel, men høva til å nytte seg av dette er avhengig av inntekt, yrke og utdanning. Over dobbelt så mange personer med høg utdanning og høg inntekt som dei med låg utdanning og låg inntekt har fleksibel arbeidstid. Tilsvarande ulikskapar finn ein mellom funksjonærar og arbeidarar.

4.4 Helse - utviklingstrekk og ulikskap

4.4.1 Innleiing

Det er ein nær samanheng mellom sosiale og økonomiske faktorar, levekår og helse. Arbeidsløyse kan til dømes føre til helseproblem, samstundes som helseproblem kan auke sannsynet for å bli arbeidslaus, og for å hamne permanent utanfor arbeidslivet. Dårleg helse har store negative konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet, og helsa til folk blir oppfatta som ei av dei viktigaste sidene ved levekåra til folk. Omgrepet helse er svært samansett, og det finst ingen enkel måte å måle helsetilstanden til befolkninga på. Ulike datakjelder gir forskjellige bilete og kan til dels supplere kvarandre.

4.4.2 Situasjon og utviklingstrekk

Venta levealder og spedbarnsdødsrate

Dødsratener ein viktig indikator på helsetilstand i ein folkesetnad, og er den indikatoren ein har dei beste data på. Dei same mål for dødsraten er samtidig i bruk i dei fleste land og gjer at det er lett å føreta samanlikningar når det gjeld status og utviklingstrekk. Venta levetid som er att (venta levealder)8og spedbarnsdødsrate (første leveår) blir rekna som gode indikatorar på den generelle levekårssituasjonen i eit samfunn.

I løpet av dei siste 100 åra har venta levealder ved fødsel stege kraftig. Frå 1891-95 til 1991-95 har levealderen auka med 25 år for menn og 28 år for kvinner (jf. tabell 4.7).

Tabell 4.7 Utviklinga i venta levetid som er att etter ulik alder for ulike tidsperioder.1891-1995

MennKvinner
Tidsperiode0 år20 år40 år60 år80 år0 år20 år40 år60 år80 år
1891-189549.143.130.316.25.652.646.031.917.26.1
1911-191556.345.531.416.75.859.648.133.217.96.3
1931-193563.849.533.217.26.066.651.534.718.46.3
1951-195571.154.135.518.56.474.757.037.819.96.6
1971-197571.453.234.417.46.277.758.939.421.27.1
1991-199574.455.336.318.76.580.461.141.523.28.3

Mens det for kvinner har vore ei positiv utvikling for alle alderstrinn over heile perioden, illustrerer tabellen ei negativ utvikling i venta levealder for vaksne menn frå 1951 til 1975. Dette har særleg samanheng med utbreiinga av hjarte- og karsjukdommar. I 1980- og 1990-åra har det vore ein positiv utvikling også for menn. Menn har på alle alderstrinn i 1990-åra omtrent same venta levetid att som kvinner hadde for 40-50 år sidan. Samtidig har menn nærma seg levealderen til kvinnene det siste tiåret (1986 - 1996): Auken i levealder var på 2,5 år for menn og 1,4 år for kvinner. Venta levealder i 1997 var 75,5 år og 81,0 år for høvesvis menn og kvinner.

Vel ein firedel av den samla auken i venta levealder kan forklarast ved ein sterk nedgang i spedbarnsdødsraten, som har minka sidan starten av hundreåret. Etter ein markant nedgang i krybbedød dei siste ti åra, var den samla spebarnsdødsraten i Noreg i 1995 halvert samanlikna med midt i 1980-åra, og var på same nivå som i Sverige og Finland (4.1 per 1000 levandefødde).

Status og utbreiing av ulike sjukdommar

Elles når det gjeld dødsårsaker, er dei alderstandardiserte dødsratene for hjarte- og karsjukdom (som står for noko under halvparten av dødsfalla) og ulykker klart redusert dei siste ti åra, medan dødsratane for kreft (som står for nesten fjerdedelen av dødsfalla) har auka. Figur 4.5 viser tapte leveår 9i befolkninga fordelt på ulike sjukdomsårsaker.

Figur 4-5 Tapte leveår av ulike sjukdomsårsaker per 1000 innbyggjar i alderen 1-74 år fordelt på kjønn

Figur 4-5 Tapte leveår av ulike sjukdomsårsaker per 1000 innbyggjar i alderen 1-74 år fordelt på kjønn

Kjelde: Folkehelserapporten 1999.

Biletet av samla helsesvikt er i hovudsak prega av stabilitet. For visse sjukdommar er det likevel teikn til endringar i perioden 1985 til 1995. Levekårsundersøkingane viser ein nedgang i andelen med hjarte- og karsjukdomar både for menn og kvinner. Om lag 15 pst. av den vaksne befolkninga rapporterer om hjarte- og karsjukdom. Det varierer frå ein liten del for personar under 45 år, til nesten halvparten blant pensjonistane.

Talet på nye krefttilfelle aukar. Prostatakreft er vanlegast for menn og brystkreft er vanlegast for kvinner. Også når ein justerer for endringar i alderssamansetninga blant folk, har det vore ein auke i nye tilfelle av desse krefttypane på om lag fire prosentpoeng for både menn og kvinner i tidsrommet 1990-1995.

I følgje levekårsundersøkingane, oppgir i underkant av 20 pst. av alle vaksne at dei har ein muskel- eller skjelettsjukdom. Særleg blant eldre og middelaldrande, er det avgjort fleire kvinner enn menn som oppgir slike sjukdommar. Det er usikkert om det har vore reelle endringar i førekomst dei siste 10-15 åra. Muskel- og skjelettlidingar dominerer dei sjukdomsbaserte trygdeytingane. Menneske med slike lidingar omfatta i 1998 kvar tredje uførepensjonist, 45 pst. av dei som mottek rehabiliteringspengar - og dei sto for over halvparten av dei erstatta sjukepengedagane utover arbeidsgjevarperioden. Det har vore ein sterk auke i talet på nye uførepensjonistar med muskel- eller skjelettlidingar dei seinare åra, spesielt blant middelaldrande kvinner.

I Noreg manglar ein systematisk og representativ registrering av psykiske lidingar. På bakgrunn av etter måten konsistente hovudmønster i ei rekkje norske og utanlandske studiar, reknar ein utbreiinga til å liggje på 15-20 pst. i ein normalfolkesetnad. Dette inneber at om lag 800 000 menneske har ei psykisk liding i mildare eller alvorlegare grad. Overslag viser at om lag 50 000 har alvorlege kroniske lidingar. I opptrappingsplanen for psykisk helse er det lagt til grunn eit omfang av psykiske lidingar på ca. 25 000 personar som vil kunne ha eit omfattande behov for ulike kommunale tenester. I tillegg kjem noko over 8 000 personar med noko mindre alvorlege lidingar, men som også har eit visst behov for enkelte kommunale tenester. Ca. 16 300 personar var i 1996 innlagde ein eller fleire gonger i vaksenpsykiatriske institusjonar. For barn og unge er det rekna til at ca. 50 000 treng spesialiserte tenester. Det manglar data over eventuelle endringar i omfang av psykiske lidingar over tid.

Trygdestatistikken viser at 22,2 pst. av alle uførepensjonistar ved inngangen til 1998 hadde psykose, nevrose eller personlegdomssforstyrring som hovuddiagnose. Delen med nye uføre med diagnosen «sinnslidingar» auka frå 18,5 til 23 pst. i perioden 1992-1997. Dei seinare åra har det vore ein spesielt stor auke i tilgangen på yngre uførepensjonistar (16-24 år) med slike lidingar.

I Helseundersøkinga (1995) svarte 70 pst. at dei hadde sjukdommar eller lidingar av meir varig karakter (som varer meir enn seks måneder eller nye sjukdommar som ein reknar med blir varige), medan 55 pst. av den vaksne befolkninga i Levekårsundersøkinga same år gav opp ein eller fleire langvarige sjukdommar på intervjutidspunktet. Undersøkingane har relativt inkluderande, men noko ulike definisjonar. I Levekårsundersøkinga gav 20 pst. opp (om lag 750 000 personar) at dei hadde langvarig sjukdom som i høg grad påverka kvardagen deira. 4 pst. menn og 9 pst. kvinner rapporterte om rørslehemming,mens nær fjerdeparten av dei over 68 år rapporterte om dette.

Levekårsundersøkinga gir også tal for nedsett funksjonsevne som omfattar både nedsett arbeidsevne, rørsleevne og syn, hørsel og evne til å bere. Undersøkinga viser at om lag 15 pst. menn og vel 20 pst. kvinner (vaksne) rapporterer om dette. Definisjonen er svært inkluderande og fangar også opp eldre personar som får redusert funksjonar som følgje av aldringsprosessen. Delen med nedsett funksjonsevne varierer frå 5-10 pst. blant 16-24-åringar til 60-70 pst. blant dei eldste (80 år og over).

Både når det gjeld funksjonsevne, sjølvrapportert helsesvikt og redusert fysisk aktivitet, verkar det som om det generelle biletet er relativt stabilt frå midten av 1980-åra til midten av 1990-åra.

Trass i den relativt store delen som rapporterer om sjukdommar eller lidingar av meir varig art, teiknar eigenvurderinga av helsa eit noko anna bilete. Nær åtte av ti vurderte helsa si som god eller svært god i Helseundersøkingane i 1985 og 1995 - menn litt oftare enn kvinner. Dette tilsynelatande paradokset kan henge saman med at forståinga og vurderinga folk har av helse, omfattar langt meir enn fråver av sjukdom. Ei ytterlegare forklaring kan vere at svært mange varige sjukdommar ikkje nødvendigvis blir opplevd som alvorlege (allergiar osv.).

Mykje tyder på at det er store skilnader i rapportert helsesvikt blant innvandrarar, og ulikskap i helse mellom ulike innvandrargrupper er truleg større en mellom innvandrarar og befolninga elles. Sjå avsnitt 5.5 for nærmare om helse blant innvandrarar.

Spesielt om kjønnsforskjellar i helse

Ei nyleg avgitt offentleg utgreiing «Kvinners helse i Norge» (NOU 1999:13), gir ein omfattande analyse av kjønnsforskjellar i helse. Det blir vist at sjukdommar og plager har ulik utbreiing, verknad og konsekvensar for kvinner og menn; at dei må møtast og handsamast forskjellig, og vidare at helsevesenet ikkje fangar opp dette på ein god nok måte.

Blant barn og ungdom viser gutar høgast førekomst av kroniske lidingar, men trenden snur i ungdomsåra. Kvinner lever lenger enn menn, og sjølv om norske kvinner er blant dei friskaste i verda, rapporterer dei samstundes hyppigare om helseproblem. Fleire kvinner enn menn oppgir at dei har varige sjukdommar, og sjukdommar som i avgjerande grad verker inn på kvardagen deira i form av smerter, angst og aktivitetsavgrensingar.

Blant sjukdommane vi oftast døyr av, er dødsraten av hjarte- og karsjukdommar framleis langt høgare for menn enn for kvinner. Det er ein større del med kvinner som får kreft i aldersgruppa 30-60 år, noko som i hovudsak kjem av brystkreft. Det blir registrert ein auke av lungekreft hjå kvinner, og prognosane tilseier at auken held fram pga. røykmønsteret.

I følgje eigenrapporteringa i Helseundersøkingane er særleg to lidingar som vi i stor grad «lever med» dominerande blant kvinner: (lettare) psykiske lidingar og muskel- og skjelettlidingar. Mens halvparten av kvinnene over 45 år rapporterte om varige plagar i muskel- og skjelettsystemet i 1995, gjaldt dette tredjeparten av mennene.

Kvinner, særleg i dei yngre aldersgruppene, blir uførepensjonert hyppigare enn menn. Mens 8,6 pst. av kvinnene i førtiåra er uførepensjonert, gjeld dette 5,6 pst. for menn. Også statistikken over sjukefråver viser ein større del med sjukmelde kvinner. Kvinner har høgare medisinforbruk, og fleire kontaktar med legar og andre som driv behandling i primærhelsetenesta.

Kombinasjonen av høgare levealder og høgare rapportert helsesvikt blant kvinner er ikkje enkel å tolke. Dei rapporterte helseforskjellane kan ha samanheng med biologiske ulikskapar og forskjellar i levemåte, samtidig som dei kan knytast til andre levekårskomponentar som yrke, inntekt og utdanning. Helseforskjellane kan også ha samanheng med kjønnsforskjellar når det gjeld tolkings- og rapporteringsmønster.

4.4.3 Sosial ulikskap og helse

Heilt sidan hundreårsskiftet har ein omtala samanhengar mellom sosial situasjon og helse her i landet. Ei lang rekke undersøkingar har vist at helsetilstanden følgjer eit sosialt trappetrinnsmønster: Dei best stilte har betre helse enn dei nest best stilte som igjen har betre helse enn dei tredje best stilte osv.

Tabell 4.8 viser korleis eigenvurdert helse varierer med sosioøkonomisk posisjon, målt i forhold til utdanningsnivået. Dess lågare utdanning ein person har, dess større er sannsynet for at personen vurderer eigen helsetilstand som svært dårleg eller dårleg.

Tabell 4.8 Relativ risiko for å vurdere helsa som dårleg/svært dårleg etter utdanningsnivå - justert for alder og kjønn (Helseundersøkinga 1995).

UtdanningsnivåRelativt sannsyn
Under 9 år5.3
10-12 år3.8
13-16 år2.0
17 år og meir1.0

Kjelde: Kjelde; Folkehelserapporten 1999

Også dødsrate, blodtrykk, kolesterol og konsekvensar av sjukdom som smerter og nedsett aktivitet, varierer etter forskjellar i sosial status. Det verkar ikkje som om det er avgjerande om ein nyttar yrke, utdanning eller inntekt som uttrykk for sosial status. T.d. har undersøkingar i Sverige nyleg påvist at dødsraten i 1990-åra systematisk følgjer utdanningsnivået - for alle aldersgrupper og begge kjønn.

Sosial ulikskap i helse finnest i heile livssyklusen, også blant barn og eldre. Men det verkar som om den er eit særmerkt trekk i den yrkesaktive fasen av livet. I dei norske helse- og levekårsundersøkingane rapporterer særleg dei med grunnskule som høgaste utdanning meir varig sjukdom, fleire langvarige sjuketilfelle og oftare rørslehemmingar enn dei med vidaregåande eller høgare utdanning. I Helseundersøkingane i 1985 og 1995 var det omlag seks av ti med berre grunnskule og åtte av ti med vidaregåande skole som oppgav god eller særs god helse.

Forskjellar i sjølvrapportert helse mellom ulike yrke er tydelege, m.a. når det gjeld funksjonsnivå. Mens 7 pst. av ufaglærte arbeidarar og jordbrukarar/fiskarar rapporterte om sterkt nedsett arbeidsevne i 1995, gjaldt dette mellom 2 og 4 pst. blant funksjonærane og sjølvstendige utanom primærnæringane. Det verkar som om psykiske lidingar er jamnare fordelt mellom yrkesgruppene.

Tabell 4.9 Sjølvrapportert helsetilstand for personar 16-79 år etter inntekt1. 1995. Prosent

AlleHøg inntektLåg inntekt
Del med langvarig sjukdom554361
Del med hjerte- og karsjukdommar12620
Del med sjukdom i skjelett- og muskelsystemet211422
Langvarig sjukdom med monalege konsekvensar221328
Del med hyppige symptom på nervøse lidingar6313

1 Dei med høgast inntekt er den tidelen som har høgast inntekt etter skatt rekna per forbrukseining. Mens dei med låg er personar som har lågare inntekt enn 50 pst. av medianen i fordelinga av inntekt etter skatt per forbrukseining (sjå 4.3.5 for nærmare utgreiing).

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tabell 4.9 illustrerer ulikskapar langs sjølvrapporterte helsevariablar etter inntekt. Delen som oppgir hjarte- og karsjukdommar blant dei med lågast inntekt er meir enn tre ganger større enn blant dei med høgast inntekt, og over fire ganger større når det gjeld hyppige symptom på nervøse lidingar. Tilsvarande data frå levekårsundersøkingane i 1987 og 1991 viser dei same ulikskapane i sjukdom etter inntekt, men det er vanskeleg å seie på bakgrunn av tala, om helseforskjellane mellom inntektsgruppene har vorte mindre eller større i denne tidsperioden.

Tabell 4.10 Tapte leveår pr. 1000 personar blant menn (20-64 år) i ulike yrkesklassar, 1960 til 1985.

1960-651970-751980-85
1. Ufaglærte arbeidarar663635529
2. Faglærte arbeidarar662577463
3. Lavere funksjonærer757642542
4. Midlare funksjonærer654538409
5. Høgare funksjonærer522424349
Variasjonsbreidde mellom gruppe 1 og 5141211180
Forholdet mellom gruppe 1 og 51.271.501.52
Variasjonskoeffisient12.915.817.7

Aldersstandardisert per 1000 mellom 20 og 75 år.

Kjelde: Dahl og Kjærsgaard, 1993.

Tabell 4.10 tyder på at forskjellane i helse mellom menn i ulike yrkesgrupper kan ha auka frå 1960 til byrjinga av 1980-åra, målt i såkalla tapte leveår. Ei slik utvikling er også påvist i ei rekkje andre vestlege land. Analysar på yrkes- og levekårsdata frå 1983 og 1995 tyder på at delen med helseproblem blant yrkesaktive (25-66 år) har gått ned i perioden, men har auka blant ikkje-yrkesaktive (tidlegare yrkesaktive) i same aldersgruppe. Tilsvarande endringar er påviste når det gjeld dødstal. Forskjellane mellom yrkesaktive og ikkje-yrkesaktive har auka sjølv om sjukdomsnivået har halde seg relativt stabilt for heile befolkninga i yrkesaktiv alder. For dei yrkesaktive er det ein klar tendens i perioden til reduserte forskjellar i helse mellom yrkesklassar og i 1995 synest forskjellane på det nærmaste å vere utviska. Dette gjeld i store trekk både for menn og kvinner. Som nemnt i avsnitt 4.3.3 har samstundes delen med låg utdanning blant dei sysselsette og især talet på ufaglærte arbeidarar gått sterkt ned. Auken i helseproblem synest dermed særleg knytt til personar med relativt låg utdanning og (tidlegare) yrkesstatus. Dersom ein ser utviklinga i helsetilstand for ikkje-yrkesaktive og yrkesaktive samla tyder resultata såleis på klare skilnader i helse mellom yrkesklassar også i 1995.

Forskningsresultat tyder også på at forskjellane mellom ulike område av Oslo, målt i dødsrate og venta levealder, ikkje har vorte mindre dei siste hundre åra, og at det verkar som om forskjellane har auka frå 1970- til 1990-åra. Dette tyder på at forskjellane held seg sjølv om sjukdomsbiletet og årsakstilhøva er endra. Mens dårleg helse tidlegare hadde ein berrsynt samanheng med sosial naud, er det i dag vanskelegare å forklare dei same ulikskapane.

Forklaringar på sosiale forskjellar i helse

Årsakene til sosiale forskjellar i helse er kompliserte. Helsetilstanden verkar m.a. inn på deltaking på andre levekårsområde (t.d. utdanning, tilgangen til arbeidsmarknaden og lengda av eit arbeidsforhold) - og situasjonen når det gjeld andre levekårsvariablar (arbeid, sosialt nettverk m.v.) verkar tilbake på helsa.

Det er truleg mange forklaringar på observerte sosiale ulikskapar i helse. Den «klassiske» forklaringa legg vekt på seleksjon, d.v.s. at personar som har dårleg helse, blir pressa nedover i det sosiale systemet, medan personar med god helse vert førte oppover i det sosiale systemet. Dette kan forklare noko av førekomsten av yrkesmessig ulikskap i helse. Det er vidare peika på at dei sosiale helseforskjellane kan henge saman med forskjellar i eksponering for ei lang rekke risikofaktorar - både fysiske, psykososiale og økonomiske/materielle. Utsette grupper risikerer t.d. oftare enn betre stilte grupper å kome ut for vanskelege oppvektstilhøve. Ugunstige oppvektstilhøve, sosialt, materielt eller kulturelt, kan i vaksen alder bli følgde av sosiale problem, mangelfull utdanning og dårleg arbeidsmiljø, som igjen verkar negativt inn på helsa.

Sosiale forskjellar i helseåtferdhar vore ei vanleg forklaring på kvifor sosiale ulikskapar i helse framleis er til stades - også etter at levekåra i samfunnet generelt har betra seg. Helseåtferd eller helsevanar omfattar m.a. ete- og kostvanar, drikke-, røyke- og mosjonsvaner. Det er grunn til å rekne med at denne forklaringa har stor innverknad, men den strekk truleg ikkje til for å forklare forskjellane fullt ut.

Internasjonale studiar tyder på at det i land med liten grad av ulikskap i inntektene er større samhald, og at dei sosiale relasjonane - både lokalt og i storsamfunnet - er viktige for helsetilstanden hjå medlemmane. Samstundes peikar ny internasjonal forsking i retning av at graden av helseforskjellar ikkje nødvendigvis følgjer av graden av sosiale forskjellar. Ei nyare internasjonal undersøking tyder på at Noreg og Sverige, som gjerne blir rekna som homogene i sosial og økonomisk forstand, faktisk har større sosiale forskjellar i helse enn dei fleste andre europeiske land når det gjeld sjølvrapportert helse og dødsrate. Ein må her ta atterhald om at denne undersøkinga, som ved alle internasjonale samanlikningar, har sine metodiske avgrensingar.

Kunnskapsgrunnlaget er ikkje godt nok til å seie noko presist om styrken i forklaringsmodellane når det gjeld norske forhold. Det er naudsynt å betre kunnskapsgrunnlaget på dette område både når det gjeld årsaker og utvikling over tid. Ulike tiltak som Regjeringa tilrår i kap 9 er m.a. meint å bidra til å utjamne sosiale helseforskjellar. Årsaksfaktorane bak dei nasjonale sosiale helseforskjellane varierer mellom land. I Noreg og Sverige kan dei, i forhold til andre europeiske land ein har samanlikna med, i større grad bli tilskrivne større sosiale forskjellar i dødsrate av hjarte- og karsjukdommar. I land som Sveits, Italia og Spania finn ein nesten ikkje sosiale forskjellar i hjarte- og kardødsraten.

4.5 Butilhøve, bustadmarknad og bumiljø

4.5.1 Innleiing

Butilhøva, som bustandard, eigenskapar ved bumiljøet, buøkonomi og -tryggleik i eige- og leigetilhøve er grunnleggjande levekårsfaktorar. Befolkninga bruker mykje tid både i bustaden og i nærmiljøet, særleg barn, eldre og funksjonshemma. Samtidig er bustaden den strategiske lokaliseringa til hushalda overfor arbeidsmarknad, utdanningsinstitusjonar og andre offentlege og private tenester. Generelt prioriterer norske hushald bustaden høgt, noko som kjem til uttrykk i den store delen av inntekta, om lag 20 pst, som hushalda i gjennomsnitt brukar på buutgifter. Butilhøva i Noreg er jamt over gode og statistikken viser at dei også har betra seg dei siste ti åra. Samstundes har det alltid vore store variasjonar i butilhøva til folk, m.a. avhengig av økonomiske ressursa, livsfase og forsørgjarbyrde til den enkelte.

4.5.2 Gode og dårlege butilhøve

Bustadmengde og bustadsamansetting

Utviklinga innan bustadsektoren har gitt gode bustadtilhøve for dei aller fleste. Bustadbygginga går i bølgjer, og i 1990-åra har talet på nye bustader lege i underkant av 20 000 per år. Ein har ikkje noko fullstendig register over bustadmassen, men overslag viser nær 1,9 millionar bustader. Med eit innbyggjartal på 4,4 millionar får ein i gjennomsnitt 2,3 personar per bustad.

Butilhøveundersøkinga 1995 10 viser at småhus er den dominerande bustadforma (om lag 80 pst. av bustadmassen) og at vel halvparten av alle hushald bur i einebustader. Dei siste ti åra har delen med småhus og einebustader endra seg lite. Statistikken syner også at småhus er vanleg blant alle typar hushald, men at relativt fleire einslege og einslege forsørgjarar bur i blokk.

Eige eller leige

I hovudsak bur norske hushald i bustader som dei eig sjølve. I 1995 var 62 pst. av hushalda sjølveigarar, medan 14 pst. eigde bustaden gjennom burettslag o.l. I 1981 var 56 pst. sjølveigarar, 14 pst. eigarar i burettslag, medan ein av fire leigde bustad privat eller gjennom kommunen. Leigebuarane er i stor grad yngre og einslege personar. Såleis var nær seks av ti einslege under 45 år i 1995 leigebuarar. Delen som leiger er litt mindre blant einslege forsørgjarar (under 45 år), der vel tre av ti var leigebuarar. Av par med barn under sju år leigde nær to av ti bustad. Delen barnefamiliar som leiger minkar med alderen til barna. Eldre heimebuande (over 64 år) leiger i mindre grad enn før, men blant dei eldste er det vanleg å leige offentlege eldrebustader o.l. I 1981 leigde nær halvparten av dei eldre bustad, medan talet var 30 pst. i 1995. Tala kan tyde på at leige er eit generasjonsfenomen og at dei fleste hushald startar som leigebuarar og endar opp som sjølveigarar.

Butilhøveundersøkinga 1995 tyder på at det er ein klar samanheng mellom inntekt og om bustaden er eigd eller leigd. Hushald som leiger, har i gjennomsnitt klårt lågare inntekt enn eigarar og dette har vorte meir markert frå 1988 til 1995. Denne utviklinga må sjåast på bakgrunn av den sterke auken i talet på studentar som er i gruppa med låg inntekt.

Storleiken på bustadene

Norske bustader er jamt over store. I 1995 var gjennomsnittleg areal per bustad 112 kvm, noko som utgjorde eit bustadareal per innbyggar på 49 kvm. Dette talet syner i utgangspunktet ein stor arealkapasitet i bustadmassen, og heng naturleg saman med den store delen med einebustader og andre typar småhus. Med endringane i storleiken på hushald dei seinaste 10-15 åra, har bustadmassen vorte romslegare. Dette kjem av at familiebustader i stadig større omfang blir nytta som bustad for einslege og par.

Som venta bur flest einslege under 45 år (23 pst) i bustader på under 50 kvm. Blant par med barn bur berre ein pst. i bustad under 50 kvm. Relativt fleire par med barn, einslege forsørgjarar over 45 år, og par over 45 år uten barn, bur i bustader over 120 kvm i høve til andre hushald.

Bustandard

Utnyttinga av bustadareala er ei viktig side av butilhøva. Om folk bur romsleg eller trongt kan indikere bustandarden til hushalda. Butilhøveundersøkinga 11 for 1995 viser at berre ein pst. av hushalda bur svært trongt, dvs. at hushaldet har to eller fleire medlem enn talet på rom. 5 pst. av hushalda bur trongt, dvs. at det er ein person meir enn talet på rom. Alle hushald med ein person som berre har eit rom blir også rekna blant dei som bur trongt. Elles blir alle hushald som har like mange medlemmar som rom eller eitt rom meir, rekna for å bu normalt. Dette gjeld nær tre av ti hushald. Nær to av ti hushald bur romsleg, dvs. at dei rår over to rom meir enn talet på busette. Nær halvparten av alle hushald bur særs romsleg, dvs. dei rår over tre rom eller meir enn talet på busette. Sidan 1980-åra har delen som bur særs romsleg auka. Delen som bur trongt gjekk ned fram til 1987, men har sidan vore uendra. Dermed har ulikskapen i mellom storleiken på bustadene og hushalda auka etter 1987.

Tabell 4.11 syner variasjonen når det gjeld trongbudde hushald og hushald med normal og romsleg bustandard. Om ein ser bort frå einslege som bur på eit rom, er det få som bur trongt. I hovudsak gjeld dette ein del par med born. Av einslege forsørgjarar under 45 år bur 6 pst. trongt. Vidare går det fram at par utan barn har romslegare plass enn andre typar hushald. Det går og tydeleg fram at eldre personar/hushald gjennomgåande har større plass enn yngre.

Tabell 4.11 : Trangbuddleik etter type hushald og alder på hovudpersonen1. 1995

Svært romsleg/romslegNormaltSvært trongt/trongt
Alle67286
Einslege
Yngre enn 45 år483517
45-64 år74233
65 år og over73252
Par uten barn
Yngre enn 45 år43552
45-64 år8515
65 år og over7921
Par med barn
Yngre enn 45 år325513
45-64 år55405
Eine-forsørgjarar
Yngre enn 45 år37576
45-64 år70273

1 Hovudpersonen er som regel den med høgast inntekt i hushaldet. Tala er vekta.

Kjelde: Butilhøveundersøkinga 1995

Standarden på bustaden er vanlegvis vurdert ut frå om bustaden har kalde/fuktige rom, om den manglar kjøkken, bad eller wc. Sidan 1980 har standarden vorte betra og det har skjedd ei utjamning i bustandarden til befolkninga. Framleis finn ein konsentrasjonar av bustader med låg teknisk standard innanfor delar av den eldre bustadmassen, til dømes i dei større byane. Men berre 1 pst. av hushalda er utan tilgang til kjøkken. I hovudsak er det einslege under 45 år, til dømes studentar, som manglar kjøkken. Dette er samstundes den vanlegaste gruppa som leiger hyblar o.l. Tilgangen til bad og wc er betra frå 1981 til 1995. I 1995 mangla berre 1 pst. av hushalda sanitærrom, medan 3 av 10 hushald har minst 3 sanitærrom. Her er det også einslege under 45 år som noko meir enn andre grupper manglar wc/bad.

Ulikskapen i samla butilhøve mellom ikkje-vestlege innvandrarar og befolkninga elles ser ut til å vere stor, også etter kontroll for alder, sosio-økonomisk status og hushaldstype. (sjå nærmare omtale 5.5)

Fordeling av dårlege butilhøve

Alvorlege levekårsproblem i bustadsamanheng får ein når dei same hushalda til dømes har både dårleg standard, usikre og dårlege leigeforhald og dårleg buøkonomi. Med ein bustadmarknad utan monaleg regulering, blir fordelinga av butilhøve styrt av dei økonomiske ressursane til hushalda og evna til å finne fram i marknaden. Buutgiftene for dei enkelte hushalda minkar over livsløpet. Vanlegvis er kapitalutgiftene høge i ein tidleg fase av livsløpet, ein har lite eigenkapital og må låne mykje, medan ein seinare i livsløpet har spart gjennom nedbetaling av lån. Grupper som på lengre sikt klarer seg bra på bustadmarknaden kan derfor ha mellombels ulemper knytt til butilhøva.

Dårlege butilhøve for grupper som eldre, funksjonshemma og barnefamiliar er særleg viktige i ein levekårssamanheng, ettersom dei meir enn andre kan vere bundne til bustaden og har viktige funksjonelle behov for ein god bustad. For dei som har låg inntekt, tek buutgiftene særs stor del av inntektene, og endringar i buutgiftene - t.d. ved renteauke - gjer derfor butilhøva utrygge.

Tabell 4.12 viser fordelinga av ulemper i butilhøva fordelt på husholdningstypane. Det går der fram at det særleg er blant einslege og einslege forsørgjarar vi finn hushald med dårleg standard og dårleg buøkonomi. Dårleg buøkonomi er her definert som en disponibel inntekt etter skatt og bustadutgifter som er lågare enn 80 prosent av minstepensjonen. Det er i dei samme gruppene vi finn størst del som opplever fleire sider ved butilhøva som er dårlege. Ei slik hoping av ulemper har vel 13 prosent av dei einslege og noko under 9 prosent av einslege forsørgjarane. Blant dei yngre hushalda (24-34 år) finn vi og hoping av ulemper for 13 prosent. For alle husstandar er det ei gruppe på vel 7 prosent som gir informasjon om ei hoping av ulemper i butilhøva.

Tabell 4.12 Butilhøve - ulemper og hoping av ulemper. Alle hushald og ulike typer hushald

Type hushaldDårleg standardSvake burettar1Dårleg utemiljøDårleg buøkonomiHoping av ulempar
Einslege11.916.511.722.313.2
Par utan barn2.35.414.86.62.8
Einsl. forsørgarar7.117.114.26.79.5
Barnefamiliar11.95.011.74.54.3
Alle hushald9.210.312.611.67.6

1 M.a. usikre og dårlege leigeforhold

Kjelde: NBI - spesialkjøring av Boforholdsundersøekslen 1995

4.5.3 Bustadøkonomi og bustadmarknad

Prisar, kostnader og inntekter

Kostnadene ved å bu har alltid stått sentralt i den bustad- og velferdspolitiske debatten. For ein del hushald er utgiftene til bustaden den utgiftsposten som tek den største delen av inntekta og samstundes står for den største delen av gjelda.

Det har vore store svingingar i bustadprisane dei siste tjue åra. I starten av 1980-åra hadde hushalda større fordringar enn gjeld. Saman med låg realrente etter skatt og dereguleringa av kredittmarknaden bidrog dette til ein svært kraftig auke i bustadprisane på midten av 1980-åra. Frå slutten av 1980-åra og litt inn i 1990-åra gjorde høgare rentenivå og nedbetaling av gjeld sitt til nedgang i bustadprisane. Etter 1993 har bustadprisane teke seg markert opp att, m.a. som følgje av rentefall, konjunkturoppgang og sterk inntektsvekst.

Buutgifter og inntekt

Statistisk Sentralbyrå sine forbruksundersøkingar syner at mellom ein femdel og ein firedel av dei samla utgiftene til hushalda går til bustaden. Dette overslaget inneheld renter og utgifter til kommunale avgifter, lys og oppvarming, men ikkje avdrag på lån til bustad, som blir rekna som sparing. Den største delposten er renteutgifter, og renteutviklinga dei seinare åra viser seg tydeleg i buutgiftene. I 1986 utgjorde buutgiftene vel 20 pst. av samla utgifter. I 1989 og 1990 auka delen i takt med renteauken til vel 25 pst. I 1996 var delen redusert til vel 20 pst, også i takt med renteutviklinga. Bustadkonsumet utgjer no om lag 20 pst. av samla privat konsum, eller ti pst. av BNP.

I butilhøveundersøkingane har ein også lagt stor vekt på å kartleggje bustadutgiftene. Her tek ein med avdrag på bustadlån i dei samla buutgiftene. Avkastning frå alternative plasseringar av kapitalen som er bunden i bustaden eller endring i verdien til bustaden er ikkje inkludert. Skattereglane som gjeld bustad verkar også inn på bustadkostnadene, og for å få eit meir heilskapleg bilete av kva bustaden kostar, burde desse faktorane og ha vore med. Dette gjeld særleg om ein reknar bukostnader over tid. Butilhøveundersøkinga for 1995 syner at for året 1994 var gjennomsnittlege buutgifter per hushald nær 50 000 kroner. Av dette var vel 10 pst. ulike kommunale avgifter og forsikring. I overkant av 20 pst. var utgifter til elektrisitet og anna oppvarming, nær 15 pst. var husleige, nær sju pst. gjekk til vedlikehald og vel 45 pst. gjekk til renter og avdrag.

Butilhøveundersøkinga 1995 viser at gjennomsnittshushaldet bruker 19 pst. av inntekta til å dekkje buutgifter (jf. tabell 4.13). Einslege har jamt over litt høgare påkjenningar knytt til buutgifter enn par har, men om lag på line med yngre par med barn. Einslege forsørgjarar under 45 år har dei klart høgaste gjennomsnittlege buutgiftene i høve til inntekta. Vel 70 pst. av desse hadde buutgifter som utgjorde meir enn 25 pst. av inntekta og vel 1/3 hadde buutgiftspåkjenningar på minst 35 pst. I hovudsak heng dette saman med at denne gruppa har låge inntekter. Over halvparten hadde mindre enn 180 000 kroner i brutto årsinntekt.

Tabell 4.13 Buutgiftspåkjenning (buutgift i pst. av brutto inntekt), etter type hushald og alder på hovudpersonen.

Gj.snittUnder 15%15-24%25-34%Minst 35%Sum prosent
Total19,147271511100
Einslege
Under 45 år21,341271913100
45-64 år20,944251318100
65 år og over23,535291620100
Par uten barn
Under 45 år19,04036177100
45-64 år12,9701965100
65 år og over12,6751753100
Par med barn
Under 45 år21,33041209100
45-64 år12,9692173100
Eineforsørgjarar
Under 45 år31,911183734100
45-64 år19,047311012100

Kjelde: Butilhøveundersøkinga 1995.

Gjeldsproblem på bustadmarknaden

Frå 1981 til 1995 har dei fleste hushaldstypene opplevd til dels sterk auke i buutgiftene. Delen av hushald med meir enn 25 pst. i buutgifter auka i følgje SSB frå i gjennomsnitt 15 pst. i 1981 til 24 pst. i 1995. Her verka særleg rentenivået inn på det aktuelle tidspunktet. Det var særleg einslege forsørgjarar og par med barn som har hatt den største auken i denne perioden.

Ulike undersøkingar syner at norske bustader jamt over er lågt lånebundne. I 1995 hadde tre av ti hushald inga bustadsgjeld. Småbarnsforeldre hadde høgast bustadgjeld både i 1980, 1987 og i 1995 (Bustadgjeld er rekna i pst. av inntekta til hushaldet). Delen med bustadgjeld større eller lik 70 pst. av inntekta blant småbarnsforeldre auka frå 46 til 91 pst. i den nemnde perioden. I befolkninga generelt steig delen med bustadgjeld over 70 pst. av inntekt i hushaldet frå 20 pst. i 1980 til 60 pst. i 1995. Årsakene til auka gjeld kan vere at hushalda kjøper seg større og dyrare bustader enn tidlegare, at bustadprisane auka meir enn inntekta eller at hushalda tek opp høgare lån når rentenivået er lågt.

Konjunkturnedgangen på slutten av 1980-åra og starten av 1990 talet med eit høgt rentenivå og stor arbeidsløyse, førte til at mange etter kvart fekk problem med å dekkje renter og avdrag på bustadlån. Ein del hushald vart råka så hardt av den sterke auken i rentenivået at dei ikkje makta buutgiftene og måtte selje bustaden. Eit lite mindretal av alle hushalda tapte ikkje berre eigenkapitalen, men vart sitjande med restgjeld som kravde rentebetaling. Slike gjeldsfeller råka mellom anna enkelte som var med på kostbare byfornyingsprosjekt. Undersøkingar viser at 0,15 pst. av hushalda, fekk så alvorlege gjeldsproblem at dei måtte gå frå bustaden sin.

Ei undersøking av bygging og kjøp av nye bustader 1996-1997 ( Norges byggforskningsinstitutt) syner at bustadene dei siste åra jamt over har lån godt i underkant av rekna marknadsverdi. Undersøkinga har ikkje med anna gjeld som hushaldet har tatt opp og gjev såleis ikkje noko fullt bilete av gjelda til hushalda.

4.5.4 Bu- og nærmiljø

Det fysiske miljøet som trafikktilhøve og uteareal for barn, bustadstrukturen, samansetjinga av folket, sosiale relasjonar og tryggleik i nærmiljøet er viktige delar av bumiljøet. Avstanden til offentlege og private tenestetilbod spelar også ei vesentleg rolle for det enkelte hushaldet. Desse eigenskapane ved bumiljøet påverkar pristilhøva i bustadmarknaden, og den økonomiske situasjonen i hushalda er avgjerande for tilpassingar i bustadmarknaden og dermed for val av bumiljø.

Levekårsundersøkinga for 1997 har for første gang med spørsmål både om utsett stilling og plagar og om daglege ulemper knytt til støy og luftureiningar. I ei undersøking (Trafikkøkonomisk institutt 1997, TØI) som er basert på data frå levekårsundersøkinga, framgår det at 21 pst. av personar over 16 år er plaga av eitt eller fleire miljøproblem som vegtrafikken medfører, ute eller inne i bustaden. Det er ein klar tendens til at miljøplagene aukar etter storleiken på staden. I spreiddbygde strok og i dei aller minste tettstadene, er relativt få plaga av miljøproblem. Storleiken på staden er særleg avgjerande for problem som har grunnlag i vegtrafikken. I byar med over 100 000 innbyggjarar er det 21 pst. som er plaga av støy frå gate eller veg utanfor bustaden, 19 pst. er plaga av støv og 12 pst. er plaga av lukt/eksos frå biltrafikk. 12 Delen som er plaga er særleg stor blant dei som bur i bygardar som har fasade mot veg, der det er 41 pst. som er plaga av støy frå gata.

Levekårsundersøkinga gir også høve til å sjå på samanhengar med hushaldsinntekt og miljøpåkjenningar. Tabell 4.14 viser at personar med låg inntekt er klart meir utsette for miljøpåkjenningar enn personar med høg inntekt. For befolkninga generelt har det vore ei lita endring i miljøpåkjenningar i perioden frå 1987 og fram til 1995. For dei med høg inntekt har også endringane vore små, medan dei med låg inntekt oppgav auka miljøpåkjenningar på alle områda som er viste i tabellen i 1991. I 1995 var miljøpåkjenningane for dei med låg inntekt tilbake på nivået for 1987. Det er samtidig ikkje slik at den delen som er plaga, minkar jamt med aukande inntekt. Blant hushalda med inntekt over 500 000 kroner er det likevel, med unntak av flystøy, klart færre som er plaga av ulike miljøproblem enn i andre grupper. Vidare opplever ikkje-yrkesaktive i større grad plager som følgje av miljøureiningar enn yrkesaktive. Det er nærliggjande å rekne med at årsaka ligg i at ikkje- yrkesaktive jamt over har lågare inntekt, og derfor i mindre grad enn andre kan velje seg bort frå problema. Men forklaringa kan også vere at dei vel å bu på meir miljøtynga stader, av di dei legg større vekt på andre sider ved bumiljøet, eller at dei er meir eksponert av di dei oppheld seg heime på dagtid (til dømes pensjonister og heimeverande).

Tabell 4.14 Miljøpåkjenningar for dei med høgast og lågast inntekt1. 1995. Prosent

I altHøg inntektLåg inntekt
Miljøpåkjenningar
Del som er utsatt for;
Støy frå gate eller veg i bustaden131217
Støy frå gate eller veg som forstyrrar samtalar i bustaden2538
Støy i bustaden3242331
Ureining frå trafikk, industri og liknande161219
Støy eller ureiningar322938
Talet på svar3721417356

1 Dei med høgast inntekt er den tidelen som har høgast inntekt etter skatt, rekna per forbrukseining. Mens dei med låg er personar som har lågare inntekt enn 50 pst. av medianen i fordelinga av inntekt etter skatt per forbrukseining (sjå 4.3.7 for nærare utgreiing).

2 Når støyen utanfor er så sterk at det er vanskeleg å føre ein normal samtale på delar av dagen, med vindauget ope eller lukka.

3 Ein person som til vanleg er utsett for støy frå nabohusværet og liknande, frå gate og veg, frå tog, fly eller industri- og anleggsverksemd.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Det verkar som om miljøproblem har fått eit større omfang frå 1995 til 1997. I følgje TØI har den delen som opplever miljøproblem, og då særleg dei som oppgir at dei er utsette for ureining frå vegtrafikk, auka. 21 pst. gav opp at dei var utsette for trafikkureining (støv/lukt/eksos) i 1997, mot 12 pst. ti år tidlegare. Delen som er utsett for støy frå veg/gate inne i bustaden har auka frå 12 pst. i 1987 til 16 pst. i 1997.

4.6 Andre levekårsområder

4.6.1 Innleiing

Formelle og uformelle nettverk er viktige trivselsfaktorar og kan gi tilgang på både informasjon og høve til hjelp og støtte. Deltaking i lokalsamfunnet, i frivillige og politiske organisasjonar kan også vere viktig for den enkelte, i tillegg til at det er nødvendig for å sikre levande lokalsamfunn og eit levedyktig demokrati. Gjennom ulike tiltak kan offentlege styresmakter til ein viss grad påverke rammeføresetnadene for nærmiljøet og lokale nettverk.

4.6.2 Sosiale relasjonar

Studiar av levekårsutviklinga viser at det har skjedd ei forskuving i det sosiale kontaktmønsteret dei siste 15 åra. I 1980- og 1990-åra har det vorte meir vanleg å bu aleine. Som følgje av at fleire bur aleine, er det naturleg å rekne med at fleire også føler seg einsame. Skilte og separerte er også grupper som i større grad enn andre oppgir at dei er einsame. Samtidig oppgir fleire å ha nære og fortrulege relasjonar utanfor hushaldet enn tidlegare. Fleire kvinner enn menn har fortrulege venner og denne forskjellen har auka dei siste 15 åra. Kontakten med nære familiemedlemmer har halde seg stabil. Det er derfor vanskeleg ut frå undersøkingane som ligg føre, å fastslå kva verknad endringane i familiemønster og sosial kontakt har hatt for kjensla av einsemd i befolkninga.

Levekårsundersøkinga 1995 tyder på at dei som opplever einsemd og isolasjon, har mindre økonomiske ressursar enn andre. Dårleg økonomi set grenser for den sosiale aktiviteten. I tillegg kan dårleg økonomi bidra til at ein mister sjølvtillit og sosial status. Sosialhjelpsmottakarar er ei gruppe som har økonomiske problem, og mange i denne gruppa gir utrykk for kjensle av einsemd. Ikkje-vestlege innvandrarar som har foreldre eller søsken i Noreg har langt hyppigare kontakt med familien enn det som er vanleg elles i befolkninga. Dei har også hyppigare kontakt med naboar utan slektskapstilknyting.Likevel oppgir ikkje-vestlige innvandrarar oftare enn nordmenn at dei føler seg einsame, høvesvis 19 pst. mot 3 pst.

Ein rapport frå Byggforsk (1996) ser på omfanget av sosial kontakt mellom naboar i fire ulike urbane bustadområde i Noreg. Det går fram at naboar i ytre by oftare har vennekontakt enn naboar i indre by. Grupper som til vanleg blir sett på å vere lite integrerte i andre delar av samfunnslivet, samhandlar også mindre innanfor bustadområda enn andre grupper. Hovudbildet er at eldre, arbeidsledige og andre meir marginaliserte bebuargrupper er mindre integrerte i dei sosiale organisasjonane i bustadområdet enn andre bebuarar, men det ser ut til at dette må nyanserast dersom området har fleire bebuarar i same situasjon.

4.6.3 Fritidsaktivitetar, organisasjonsdeltaking og liknande

Folk har fått meir fritid sidan hundreårsskiftet. Kortare normalarbeidsdag, lengre feriar og redusert pensjonsalder er endringar som alle har bidrege i denne retninga. Også dei siste tiåra har folk fått meir fritid. Reknar vi fritid som den tida som er att når nødvendige gjeremål (som inntektsgivande arbeid, utdanning, søvn, husarbeid, barnepass og personleg stell) er trekt frå, viser SSBs tidsnytteundersøkingar at fritid til nordmenn har auka med omtrent éin time frå 1970 til 1990 - dvs. til 6 timar og 11 minutter for ein gjennomsnittsdag. Menn og kvinner har hatt same vekst, men menn har litt meir fritid enn kvinner. Både i 1970 og 1990 hadde menn 20 minutt meir fritid per dag enn kvinner. Sjølv om tida vi har fri frå nødvendige gjeremål har auka, opplever mange at dei har knapt med tid. Dette må m.a. sjåast i samanheng med den dobbeltarbeidande familien. Det verkar dessutan som om krava som ein stiller til korleis ein skal bruke fritida er endra, og langt dei fleste ser ut til å trivast med en litt meir hektisk kvardag enn det som var vanleg tidlegare. Personar som lever i parforhold har mindre fritid enn personar som lever aleine. Det å ha småbarn reduserer fritida ytterlegare. Sosialt samver og fjernsynssjåing bind opp meir enn halvparten av fritida. Deretter følgjer lesing, idrett og friluftsliv, fritidsreiser, og dessutan underhaldning og anna fritid.

Norske foreldre endra tidsbruken sin monaleg i 1970- og 1980-åra. Mødre auka den tida som vart brukt til lønna arbeid og reduserte den tida som vart brukt til arbeid i hushaldet. fedrar endra tidsbruken sin i motsett retning. Trass i dette utførte fedrar i 1990 framleis mykje meir yrkesarbeid enn mødre, medan mødre utførte meir ulønna arbeid enn fedrar. Begge foreldre brukte meir tid til aktiv barneomsorg i 1990 enn 20 år tidligare. Analysar med utgangspunkt i levekårsundersøkingane til Statistisk sentralbyrå viser at utviklinga i retning av at mødre bruker kortare tid til husarbeid, medan fedrar bruker meir, har halde fram i 1990-åra.

I følgje levekårsundersøkingane er det fleire som driv med idrett og mosjonsaktivitet no enn i 1987. Den tida som går med til kulturelle aktivitetar er langt mindre enn den tida vi bruker til medier. På fleire område har det dei seinare åra likevel vore ein aukande kulturell aktivitet. Auken kan ligge i at økonomien til folk er vorte betre, at utdanningsnivået i befolkninga har auka, og at tilbodet har auka. Kino og idrettsarrangement er dei kulturtilboda flest nordmenn nyttar. Personar med innvandrarbakgrunn går sjeldnare enn folk elles i teater, på kino, på museum og liknande. Barn og ungdom er gjennomgåande ivrigare brukarar av kulturtilbod enn vaksne. Kvinner bruker dei fleste tilbod oftare enn menn.

Politisk deltaking kan omfatte deltaking ved val, medlemsskap i parti og deltaking i anna politisk aktivitet, som til dømes brukarstyre, foreiningar, demonstrasjonar, aksjonar o.l. på avgrensa område.

Valdeltakinga har dei seinare 10 åra vore avtakande. Særleg er nedgangen stor når det gjeld kommune- og fylkestingsvala. Deltaking ved kommune- og stortingsval er lågare blant innvandrarar med røysterett enn elles i befolkninga. Undersøkingar tyder på at personar med innvandrarbakgrunn som er politisk organisert sjeldnare enn andre blir nominerte til val og at dei finn det vanskeleg å kome i leiande posisjonar i organisasjonar.

Undersøkingar viser at det i 1985 var 19 pst. som skreiv under opprop, deltok i underskriftskampanjar o.l. for å fremje bestemte politiske saker, medan talet i 1993 var om lag 24 pst. Når det gjeld deltaking i demonstrasjonar, aksjonar o.l. for å fremje bestemte politiske saker ligg dette rundt ti pst. i perioden 1977 til 1993. 13

Deltaking i frivillige lag og organisasjonar kan også vere eit uttrykk for politisk aktivitet. I dette ligg deltaking i partiorganisasjonar, faglegpolitisk arbeid, idrettslag, arbeid i trussamfunn og deltaking i nemnder, råd og utval. Vel halvparten av den vaksne befolkninga er aktive i organisasjonar. Mens delen av befolkninga som er aktive medlemmer i til dømes idrettslag har auka litt, har det vore nedgang i den partipolitiske deltakinga. Menn er noko meir aktive i organisasjonar enn kvinner, ein forskjell som har vore uendra dei siste 15 åra. Kvinner deltek likevel hyppigare enn menn i visse organisasjonstypar som religiøse, humanitære og sosiale foreiningar. Ikkje-vestlege innvandrarar har gjennomgåande lågare deltaking i organisasjonar enn befolkninga elles, men er oftare aktive medlemmer.

4.6.4 Risiko for å verte utsett for kriminalitet

Kontroll og tryggleik i kvardagen er ein viktig velferdsdimensjon. Kriminalitet, spesielt valdskriminalitet, har sterk negativ innverknad på ofra, men også på befolkninga elles. Ved sidan av eventuelle materielle, fysiske og økonomiske konsekvensar for ofra, fører valdskriminalitet ofte til større generell utryggleik og uro. Viss frykta for å bli utsett for valdskriminalitet er stor, trass i at risikoen for å bli utsett er liten, blir frykta i seg sjølv eit velferdsproblem.

Dei fleste lovbrota som vart politimelde av privatpersonar i 1997, var tjuveri og naskeri (74 pst), medan 8 pst. var valdskriminalitet. Valdsofra var gjennomsnittleg litt over 30 år. Menn er oftare registrert som offer enn kvinner (65 pst. mot 35 pst), sett vekk frå utuktskriminalitet der vi finn dobbelt så mange kvinner som menn.

Samla sett opplever nær éin av tre i befolkninga hærverk eller kriminalitet i nabolaget. Også her er det sosiale forskjellar - høvesvis knapt 30 pst. blant dei 20 pst. med høgast inntekt i befolkninga og nær 40 pst. blant dei 20 pst. med lågast inntekt i 1995 opplever hærverk og kriminalitet. Somme former for vald og truslar er vanskelege å registrere i intervjuundersøkingar. Det gjeld særleg dei tilfella der valdsutøvaren og offeret står kvarandre nær, som når dei er i slekt. Det er også stort sannsyn for at utsette grupper, som t.d. tunge rusmisbrukarar ofte blir utsette for valdshandlingar som verken blir politimelde eller registrerte. I følgje Levekårsundersøkinga for 1997 var det blant personar som hadde vorte utsett for vald utan synleg skade, berre 12 pst. som politimelde lovbrotet.

Delen som er utsett for vold, avtar med aukande alder. Det er likevel ikkje så stor skilnad i frykta for vald mellom dei yngste og eldste aldersgruppene. Nesten kvar fjerde person over 80 år er engsteleg for å bli utsett for vald, sjølv om risikoen er svært liten. Kvinner er meir engsteleg for vald enn menn.

4.7 Verknaden offentlege tenester har på levekår og fordeling

Tilbodet av offentlege tenester påverkar levekåra til folk på ulike måtar. For det første kan tilgangen til tenester verke inn på høvet til arbeid og inntekt, og dermed påverke inntektsfordelinga i samfunnet. For eksempel vil høva til å ta høgare utdanning kunne vere med på å avgjere framtidige arbeids- og inntektshøve. Lik tilgang til utdanningssystemet, uavhengig av kjønn, bustad, sosial bakgrunn etc., bidreg derfor til å gi alle rom for å skaffe seg eit arbeid tilpassa eigne interesser og føresetnader. Om dette samstundes fører til ei jamnare fordeling av inntekt og levekår, er avhengig av mange forhold som ligg utanfor kontrollen til styresmaktene (normer og verdiar, individuelle val og tilpassingar) og er derfor meir usikkert. Det er til dømes tendensar til at val av utdanning i stor grad blir påverka av utdanningsnivået til foreldra, noko som kan tyde på at sosiale forskjellar til ein viss grad blir reproduserte, trass i formelt sett like høve innanfor utdanningssystemet.

Barnehagar og andre tilsynsordningar for barn er eit anna døme på korleis offentlege tenester har verka inn på høve til arbeid og inntekt. Dette har verka inn på likestillinga mellom kvinner og menn i yrkeslivet, og dermed inntektsfordelinga mellom kjønna. Andre tiltak har verka i same retning, som t.d. utvida permisjonsrettar og betra utdanningshøve. Det er såleis eit samspel mellom ulike typar tenester, og mellom tenester og overføringsordningar, som i sum har bidrege til likestilling og auke i yrkesdeltakinga hjå kvinner dei siste 15-20 åra. Nokre offentlege tenester er direkte retta inn mot å betre høvet enkeltpersonar og grupper har på arbeidsmarknaden, medan andre tenester som til dømes helse- og omsorgstenester verkar meir indirekte inn på arbeids- og inntektshøva til den enkelte. Spørsmålet er om tilgangen til nødvendige helsetenester kan vere av avgjerande rekkjevidd for opninga for å halde på eller komme tilbake i inntektsgjevande arbeid. Men det mest vesentlege formålet med slike tenester er å betre livssituasjonen og funksjonsevna til den enkelte, uavhengig av spørsmålet om tilknyting til arbeidslivet. Det kan i slike tilfelle til ei viss grad vere snakk om ein "dobbelt" levekårseffekt, avhengig av tilbodet (eller mangel på tilbod) av nødvendige tenester: i tillegg til at handsaming/hjelp kan påverke livskvaliteten til den enkelte direkte, kan tenestetilbodet også vere avgjerande for inntektshøva og materielle levekår på lengre sikt.

Bruk av gratis eller sterkt subsidierte offentlege tenester er eit gode som i prinsippet burde vore teke omsyn til i analysane av inntektsutvikling og inntektsfordeling. Alternativet til offentleg forsyning av individuelle gode som helse, utdanning barnetilsyn o.a., er at tenestene blir bydde fram på ein privat marknad. For å kunne få tilgang til tilsvarande gode på den private marknaden, måtte brukarane betale marknadspris, og dermed ha tilsvarande høgare inntekt for å ha dei same opningane for konsum som når tenestene blir offentleg finansierte. Fordelingsverknadene av offentleg tenesteyting verkar såleis inn på vurderinga av dei reelle forskjellane i inntekt og levekår. Stor grad av tilgang på offentleg finansierte tenester kan "kompensere" for låg inntekt. Det er likevel problem knytt både til verdifastsetjinga av offentlege tenester og mangelfull oversikt over bruken av offentlege tenester, slik at det er vanskeleg å føreta ei korrigering av inntektsfordelinga der det blir teke omsyn til dette.

I Danmark er inntektsfordelinga analysert, og her har ein, i tillegg til verknader av omfordeling av skattar og overføringar, freista å ta omsyn til verdiane av offentlege tenester (utdanning, barnetilsyn, helsetenester og omsorgstenester). Denne analysen viser at bruken av offentlege tenester for det enkelte inntektsåret har ein sterkare omfordelande effekt enn skattesystemet, men noko svakare enn overføringsordningane. I dette ligg det at inntektsfordelinga blir jamnare når verdien av offentlege tenester blir inkluderte i inntektsomgrepet. Årsaka ligg primært i aldersfordelinga av brukarane av sentrale offentlege tenester. Det største forbruket av offentlege tenester foregår for det meste i periodar av livet der inntekta er høvesvis låg (forbruk av helse- og omsorgstenester blant eldre og pensjonistar og forbruk av utdanningstenester blant ungdom). Offentleg subsidierte tenester inneber dermed i særleg grad ei omfordeling mellom generasjonane, frå dei som er yrkesaktive eller på høgda av den yrkesaktive karrieren sin, og til dei som har avslutta eller er heilt i starten av yrkeskarrieren. Dette kan langt på veg sjåast som ei overføring mellom personar i ulike livsfasar. Om offentleg tenesteyting samtidig inneber ei omfordeling av inntekt innanfor kvar generasjon, gir ikkje denne analysen svar på.

Mykje tyder på at resultata frå den danske undersøkinga også kan vere gyldig her i landet. I NOU 1997:8 Om finansiering av kommunesektoren vart det gjennomført ein analyse av fordelingsverknadene av gratis eller subsidierte tenester innanfor delar av den kommunale tenesteytinga. Ein har her sett på fordelingsverknader av offentleg finansiering av barnehage, pleie- og omsorgstenester (heimehjelp og heimesjukepleie), og dessutan til ein viss grad somatiske sjukehustenester. I analysen blir det skilt mellom om subsidiane har ein "svakt" omfordelande eller sterkt omfordelande verknad. "Sterk" omfordeling inneber at subsidiane er høgst blant hushald med lågast inntekt og minkar med stigande hushaldsinntekt. I "svak" omfordeling ligg det at subsidiane i absolutte tal stig med stigande hushaldsinntekt, men at delen subsidiane utgjer av inntekta minkar. Det vil seie at subsidiane er jamnare fordelt enn inntekta og bidreg dermed til ein jamnare inntektsfordeling.

For barnehagesektoren kan ein konkludere med at offentleg subsidiering er svakt omfordelande, dvs. at subsidieringa har ein noko jamnare fordeling enn inntektsfordelinga. Sjølv om subsidiesummen aukar med aukande husstandsinntekt, verkar altså barnehagesubsidiane etter denne studien svakt omfordelande. I utgreiinga blir det reist spørsmål om denne samanhengen som er observert i eit enkelt inntektsår gjeld i eit livsløpsperspektiv, m.a. på bakgrunn av at småbarnsforeldre med barnehageplass gjennomgåande har høgare utdanningsnivå enn foreldre utan barnehageplass og dermed truleg har utsikter til høgare framtidig inntektsnivå. Men sjølv innanfor gruppa av foreldre med barn i barnehagealder verker barnehagesubsidiane svakt omfordelande, dvs. at den delen subsidiane utgjer av inntekt, minkar med aukande inntektsnivå.

Pleie- og omsorgstenestene verkar "sterkt" omfordelande, dvs. at det er ein klar tendens til at den offentlege subsidieringa minkar med aukande inntektsnivå. Datagrunnlaget er usikkert, men utvalet finn at dette er dokumentert når det gjeld brukarar av heimehjelp, og at det er sannsyn for at det same er tilfellet når det gjeld heimesjukepleie og institusjonstenester 14. Når det gjeld somatiske sjukehustenester har ein i analysen ikkje funne nokon klar samanheng mellom hushaldsinntekt og subsidiebeløp. Utvalet oppsummerer analysen med at fordelingsverknadene av brukarbetalingsordningar er avhengig av kva inntektsgruppe som nyttar ordningane: "Offentleg subsidiering» av barnehagar, som i stor grad blir nytta av høginntektsgrupper, har til dømes ein svakare omfordelande verknad enn brukarsubsidiering av pleie- og omsorgstenester som i større grad blir nytta av låginntektsgrupper. Inntektsgraderte betalingssatsar bidreg til å forsterke den omfordelande effekten av brukarsubsidiering.

Det kan reisast spørsmål ved kor relevant det er å sjå på fordelingsverknader av offentleg finansiering av tenesteyting. Føremåla med den offentlege finansieringa er ofte andre enn å bidra til ei jamnare fordeling av inntekt og materielle levekår. I forhold til barnehagesektoren, er til dømes mål som tryggare oppvekst for små barn, pedagogiske tilbod til barn i førskulealder, tilrettelegging for yrkesdeltaking hjå foreldra etc., meir særmerkt enn målsetjingar om jamnare fordeling av inntekt. Eit likeverdig tenestetilbod (lik tilgang til velferdsgode uavhengig av sosial bakgrunn, bustad, kjønn osv) står sentralt i fordelingspolitikken og dette kan verke omfordelande. Fordelinga av helsetenester og pleie- og omsorgstenester skal i prinsippet bli styrte av individuelle behov; det er den faglege vurderinga av helsepersonell som skal sikre at tilbodet går til dei som har størst behov. Om dette samstundes inneber at tilbodet i større grad også går til dei med lågast inntekt, kan ein sjå på som eit samantreff og ikkje ein tilsikta verknad av finansieringsforma. Formålet med den offentlege finansieringa er at ingen av økonomiske årsaker skal vere utelukka frå å nytte seg av tenestene.

4.8 Opphoping av levekår

I Velferdsmeldinga, St meld nr 35 for 1994-95, vart det gjort ein opphopingsanalyse av heile befolkninga for åra 1981 og 1991. Analysen for 1991 er i dette kapitlet supplert og oppdatert med tal for 1995. 15

Ideen bak opphopingsanalyse er å sjå levekår på ulike område som ein samla storleik, sidan levekårsulemper og - fordelar tenderer til å klumpe seg systematisk saman i spesielle delar av befolkninga. Årsaka til dårlege levekår ligg som oftast ikkje i ein enkelt faktor, men er heller eit komplekst samspel mellom ressursmanglar på fleire område. Kombinasjon av dårlege levekår på fleire område kan gi sterkt redusert livskvalitet for dei som er ramma. På same måte kan gode levekår på eitt område ofte auke sjansen til å betre levekåra på andre område.

4.8.1 Metodisk tilnærming

Opphopingsanalyse kan ein gjere ved å telje opp kor mange levekårsulemper kvar enkelt har, og vurdere summen av levekårsulemper for den enkelte opp mot gjennomsnittet av levekårsulemper hjå folk elles. Vidare kan ein sjå på kva levekårsfaktorar som opptrer samtidig, eller med andre ord, kva slag levekår som har tendens til å hope seg saman. Ein opphopingsanalyse freistar altså å finne eit mønster eller gi eit bilete av tilstand til folk på ein levekårsindeks som inneheld fleire ulike indikatorar. Indeksen for samla levekår byggjer på sju delindeksar, nemleg indeksar for materiell standard, økonomi, arbeidsmarknad, helse, sosiale relasjonar, bumiljø og fritidsaktivitetar. Delindeksane for kvart område er sett saman av ein rekke spørsmål (verdiar) som inngår i levekårsundersøkingane (sjå boks 4.2).

Med utgangspunkt i desse delindeksane skil ein på kvart område ut ei lita gruppe (5-15 pst) med dårlege levekår og ei lita gruppe med gode levekår 16. For kvar person tel ein opp kor mange av dei sju områda personen har dårlege levekår. På same måten tel ein opp på kor mange av områda materiell standard, økonomi, sosiale relasjonar og fritidsaktivitetar personen har gode levekår ( helse, arbeidsmarknad og bumiljø tel altså ikkje med). Målet for samla levekår blir konstruert ut frå forholdet mellom gode og dårlege levekår 17. (Sjå boks 4.3)

Ei viss grad av opphopinga kan vere grunna i statistiske samantreff, og resultat frå hopningsanalysar må derfor bli tolka med ei viss varsemd. Det bør også takast omsyn til at dei ulike delindeksane ikkje er vekta i forhold til kvarandre (det vil seie at ein ikkje har vurdert om nokre område kan vere viktigare enn andre i ein levekårssamanheng, eller om nokre problem er meir alvorlege enn andre). Opphopingsanalyse er dessutan best eigna til å sjå på utviklinga i levekår for ulike grupper og mindre brukande som grunnlag for å trekkje konklusjonar for det gjeldande nivået.

Boks 4.2

Materiell standard: Indeksen målt først og fremst med standard på bustaden, dvs. om bustaden har kalde eller fuktige rom, er trong eller romsleg eller manglar bad eller wc. Vidare om hushaldet eid bustaden, har bil eller fritidshus.

Helsetilstand: Indeksen byggjer på opplysningar om funksjonsevne. Rørsle, syn, hørsel, arbeidsevne og evne til daglege gjøremål. Vidare inngår langvarige sjukdommar og psykisk helse.

Bumiljø: Indeksen byggjer på opplysningar om i kva grad ein er utsett for ulike støykjelder i nærmiljøet.

Arbeidsmarknad: Her inngår sysselsetjing og utdanning, erfaring med arbeidsløyse, arbeidstid. Langtidsarbeidsløyse tel mest i negativ retning.

Fritidsaktivitet: Indeksen målt ved graden av aktivitet i organisasjonar, fysisk aktivitet og deltaking i underhaldningsaktivitetar.

Sosiale relasjonar: Indeksen byggjer på opplysningar om personar bur aleine eller er gift/sambuande, om ein har barn og ulike former for sosial kontakt med familie, venner og naboar.

Økonomi: Fordeling av disponibel inntekt per forbrukseining. Posisjonen til hushaldet i inntektsfordelinga har størst innverknad på indeksverdien. Også frynsegode i jobben og bruk av sosialhjelp inngår i indeksen.

Boks 4.3

Svært dårlege levekår har personar der talet på område med dårlege levekår minus område med gode levekår er større enn ein.

Dårlege levekår har personar der talet på område med dårlege levekår minus område med gode levekår er lik ein.

Gode levekår har personar der talet på område med gode levekår minus område med dårlege levekår er lik ein.

Svært gode levekår har personar der talet på område med gode levekår minus område med dårlege levekår er større enn ein.

Normale levekår har alle andre. Det er stort sett personar som verken har gode eller dårlege levekår på noko av dei sju områda.

4.8.2 Kva for levekår tenderer til å hope seg saman

Analysane frå Velferdsmeldinga viser samla sett at det forholdet den enkelte har til arbeidsmarknaden som oftast heng saman med andre levekårsområde, særleg helsetilstand, økonomi og fritidsaktivitetar. Områda det er sterkast innbyrdes samanheng mellom, er økonomi og materiell standard. Det verkar som om dårleg arbeidsmiljø i liten grad er kopla saman med dårleg økonomi. Det er også ein svak samanheng mellom tryggleik for liv og eigendom og dårlege butilhøve og helse.

I hopingsanalysen frå 1995, der ein mellom anna ikkje har vurdert arbeidsmiljø og tryggleik for liv og eigedom, finn ein dei sterkaste samanhengane mellom hushaldsøkonomi og materiell standard, men også samanhengen mellom hushaldsøkonomi og helse, sosiale relasjonar og arbeidsmarknad er av ein viss storleik. Samanhengane er likevel ikkje svært sterke 18, men tyder på at god hushaldsøkonomi har samanheng med gode levekår også på andre område.

Elles har området fritidsaktivitet samanheng både med helse og bustad. Dette har til ein viss grad årsak i at alle desse områda har ein klar alderseffekt. I tillegg kjem sjølvsagt at helse i seg sjølv er ein viktig faktor for aktivitetsnivået.

Dei fleste samanhengar mellom levekårsområde har endra seg svært lite frå 1991 til 1995. Dei største endringane finn vi i samanhengen mellom hushaldsøkonomi på den eine sida og sosiale relasjonar, og mellom helse og fritidsaktivitet på den andre. Dette resultatet er uavhengig av kva mål på samanheng ein bruker. Endringane av samanhengen mellom hushaldsøkonomi og sosiale relasjonar og helse frå 1991 til 1995 fører ein trend frå 1980-åra vidare. I 1980 var samanhengen mellom helse og hushaldsøkonomi ikkje signifikant, og samanhengen mellom hushaldsøkonomi og sosiale relasjonar var svakt negativ.

Det er vanskeleg å seie kva som er årsaka til desse endringane utan ein nærmare analyse. Når det gjeld den sterke samanhengen mellom hushaldsøkonomi og sosiale relasjonar, er ein mogleg hypotese at det er vorte fleire som bur aleine. Desse har i gjennomsnitt både dårlegare økonomi og dårlegare sosiale relasjonar enn andre.

Det er sterk samanheng mellom livskvalitet, synet på framtida og trivnad på ulike levekårsområde. Undersøkingar viser at personar som er uroa for framtida i avgjerande større grad enn andre, oppgir å vere lite tilfredse på dei fleste levekårsområde, spesielt på områda samliv, arbeid/utdanning og økonomi - men også på område som fritidsaktivitetar, nærmiljø og bustad 19.

I undersøkingar av livskvalitet har ein sett på kva levekårsområde som heng saman, og som ofte er avhengige av kvarandre. Ved å gjere ein analyse av ei rekkje levekårsområde, har ein kome fram til at områda kan bli reduserte til to dimensjonar ved livskvalitet. For det første forhold knytt til nærmiljø og personlege forhold (familiar, venner, samliv, naboar, bustad, fysisk nærmiljø og fritidsaktivitetar). Den andre dimensjonen er knytt til arbeid, utdanning og økonomi. Analysane tyder på at helse er den faktoren som har størst innverknad på opplevinga av livskvalitet målt etter dimensjonane som er nemnde ovanfor. 20

4.8.3 Utviklinga i samla levekår for befolkninga 1980 til 1995

Opphopingsanalysa i Velferdsmeldinga konkluderer med at det har vore ein positiv utvikling i levekåra til folk frå 1980 til 1991, først og fremst ved ein klar betring i materiell standard. Auken i delen med gode eller svært gode levekår har halde fram i perioden 1991 til 1995, slik figur 4.6 viser. I denne perioden har det vore ein mindre auke i delen med høg materiell standard.

Delen av befolkninga med dårlege levekår (svært dårlege, dårlege og litt dårlege levekår) var på 28 pst. i 1995, og dette er ein nedgang på 3 prosentpoeng frå 1980. I perioden 1991 til 1995 har delen med dårlege levekår vore tilnærma uendra. I forhold til 1980, var det i 1991 ein klar auke i delen som hadde problem på arbeidsmarknaden. Det er først og fremst redusert sysselsetjing blant eldre menn som ligg bak. Vidare verkar det som om det er ein auke i den delen som ikkje er tilfreds med arbeidstida. Elles er det ingen signifikante endringar på dei områda som inngår i analysen frå 1991 til 1995.

Figur 4-6 Samla levekår i befolkninga , 1991 til 1995

Figur 4-6 Samla levekår i befolkninga , 1991 til 1995

Samla levekår etter alder og kjønn

Dei samla levekåra er noko betre for menn enn for kvinner. Dette gjeld både i 1980, 1991 og 1995. Det er vanskeleg ut i frå denne analysen å fastslå at det har skjedd ei utjamning mellom menn og kvinner i perioden. I 1995 hadde 35 pst. av mennene gode eller svært gode samla levekår, medan det for kvinner gjaldt 29 pst. Både kvinner og menn opplevde ei svak betring i samla levekår.

For både kvinner og menn er det aldersgruppene 30-59 år som har dei beste levekåra samla sett. Både eldre og yngre (med unntak av de yngste 16-19 år, der fleirtalet bur heime) har dårlege samla levekår.

Dei samla levekåra for menn blei betra i alle aldersgrupper, med unntak av 20-29-åringar i 1980-åra. Årsaka til den svake forverringa i denne aldersgruppa ligg først og fremst i ei monaleg forverring i arbeidsmarknadssituasjonen, som delvis vart motverka av ei betring i dei materielle levekåra. Betringa i samla levekår var særleg sterk i aldersgruppene over 60 år. Betringa skjedde på dei fleste levekårsområda. I perioden 1991 - 1995 betra dei samla levekåra for menn seg berre blant 30-39-åringane. Det vart fleire med gode levekår, medan delen med dårlege levekår var omtrent uendra. Dei samla levekåra for menn i alderen 60-69 år forverra seg i perioden. Det blei litt fleire (5 prosentpoeng) med dårlege samla levekår og tilsvarande færre med gode samla levekår.

I 1980-åra forverra dei samla levekåra for kvinner under 40 år seg svakt. Som for unge menn låg årsaka først og fremst i endringane på arbeidsmarknaden. Som blant menn var det ei monaleg forbetring i samla levekår i dei to eldste aldersgruppene. For kvinner liknar utviklinga i 1990-åra den ein fann for menn, ei betring i samla levekår for 30-39-åringar og en forverring for 60-69-åringar.

Det har vorte fleire i aldersgruppa 60-69 år med høg materiell standard, endringa er svak for kvinner, meir omfattande for menn. På fleire andre område har levekåra forverra seg. Klarast er endringane i indeksen for arbeidsmarknadsposisjon for menn. Færre har høg verdi på indeksen (har ingen verknad for samlemålet for levekår). Men også for kvinner er det ei lita svekking. For både kvinner og menn er det vorte litt fleire med dårlege verdiar på økonomiindeksen, og vesentleg færre med gode verdiar. Vi ser også endringar i indeksen for helse. Blant menn er det vorte fleire med dårleg helse og færre med god helse. Blant kvinner er det vorte færre med god helse (har ingen verknad for samlemålet for levekår)

I dei andre aldersgruppene blant kvinner og menn er det berre mindre endringar i dei samla levekåra. Eit unntak er 16-19-åringar. Levekårssituasjonen deira er nært knytt til foreldra sin (både indeksane for materiell standard, økonomi, bumiljø er på hushaldsnivå).

Oppsummeringsvis viser analysen at både menn og kvinner i dei fleste aldersgruppene har hatt ei positiv utvikling i dei samla levekåra på 1980- og 1990 tallet, bortsett frå aldersgruppa 20-29 år for begge kjønn som har hatt ei dårleg utvikling gjennom det meste av perioden. Menn og kvinner i 60-åra har hatt ei negativ utvikling i dei samla levekåra i 90-åra, etter ei positiv utvikling i tiåret før. Forhold på arbeidsmarknaden er ei viktig forklaring på denne utviklinga og vedkjem begge aldersgruppene. Den svake utviklinga for 20-åringane har også samanheng med auken i talet på studenter i perioden.

Livskvalitetsstudien viser at kvinner er noko meir tilfredse enn menn på dei fleste levekårsområda, spesielt på område som har med sosiale relasjonar og bustad å gjere. Kvinner oppgir å vere noko mindre tilfredse på områda økonomi, arbeid og utdanning.

Livskvalitetsundersøkingar viser vidare at trivnad på ulike levekårsområde stig med alderen, og at eldre over 65 år oppgir å vere meir tilfredse enn andre, sett vekk frå på områda arbeid. Dette kan henge saman med at tidlegare generasjonar gjer vurderingar ut i frå dei rammevilkåra som var til stades då dei vaks opp, og at dei har andre forventingar og erfaringar enn yngre generasjonar. 21

Samla levekår i ulike hushald

Best samla levekår i perioden 1980 til 1995 har par i alderen 45-66 år utan barn, og par med barn, særleg der barna er over 7 år gamle. I desse gruppene er det fleire med gode enn med dårlege levekår. I 1980-åra vart dei samla levekåra også betra for middelaldrande og eldre, både par utan barn og einslege.

Den klaraste endringa i samla levekår i perioden 1980 til 1995 har likevel skjedd for par med små barn. Delen av desse med gode levekår har auka med 16 prosentpoeng, medan delen med dårlege levekår vart redusert med 8 prosentpoeng i perioden frå 1991 til 1995. Det er betring i økonomi og materiell standard som ligg bak denne positive utviklinga.

Einslege har i heile perioden hatt jamt over dårlegare levekår enn hushald med to eller fleire personar. I 1995 er det einslege i alderen 60-79 år som har dei dårlegaste levekåra, og desse har også fått dei samla levekåra forverra med 8 prosentpoeng frå 1991 til 1995. Vidare har einslege unge i alderen 16-24 år som ikkje bur heime hjå foreldra dårlege samla levekår. Denne gruppa har hatt den klaraste forverringa av samla levekår i perioden. Delen med svært dårlege levekår i denne aldersgruppa auka frå 17 til 31 pst. frå 1991 til 1995. Årsakene ligg først og fremst i forverra økonomi og materiell standard.

Einslege mellom 45 og 66 år og einslege forsørgjarar har også hatt samla dårlege levekår i hele perioden. For einslege forsørgjarar var det særleg ein tendens til auka grad av opphoping av dårlege levekår i perioden 1980-1991, medan etter 1991 har talet på einslege forsørgjarar som har samla dårlege levekår vorte redusert med 12 prosentpoeng. 22 Også blant unge par uten barn kan det sjå ut som at det har funnet stad ein viss forverring i levekåra 23.

Samla levekår i ulike sosioøkonomiske grupper

Det går eit klart skilje i samla levekår mellom grupper med yrkesaktive personar og grupper som ikkje er yrkesaktive. Dei yrkesaktive har som venta dei beste levekåra samla sett, sjølv om det også har vore ei viss betring for dei ikkje-yrkesaktive i perioden 1980 til 1995.

Det er også forskjellar i samla levekår mellom personar med ulike posisjonar i arbeidslivet. Analysane i Velferdsmeldinga viser at høgare funksjonærar og funksjonærar på mellomnivå har avgjerande betre levekår samla sett blant ufaglærte arbeidarar, men at det har vore tendensar til utjamning i 1980-åra. Frå 1991 til 1995 har derimot betringane vore størst blant høgare funksjonærer med ein auke i delen med gode og svært gode levekår på 10 prosentpoeng. Dette har samanheng med at fleire i denne gruppa har fått høgare materiell standard.

Blant dei ikkje-yrkesaktive skil pensjonistane seg ut med klart dårlegast samla levekår. Dette har, som nemnt tidlegare, i stor grad si årsak i naturlege forhold knytt til alder.

Grupper med høg og låg inntekt

Plasseringa til den enkelte i inntektsfordelinga har naturlegvis stor innverknad på dei samla levekåra, mellom anna av di plassering i inntektsfordelinga inngår i indeksen for økonomi. Det er derfor ikkje særleg overraskande at tidelen med høgast inntekt i befolkninga har monaleg betre samla levekår enn resten av befolkninga. Heile 70 pst. av tidelen med høgast inntekt har gode eller svært gode levekår og 24 pst. har "normale" levekår i 1995. Blant personar med inntekt under halvparten av medianinntekta har heile 90 pst. dårlege levekår, og berre 9 pst. "normale" levekår same år.

4.9 Oppsummering

Utdanning

Utdanningsnivået i befolkninga har betra seg monaleg dei siste tiåra, særleg sidan midten av 80-åra. Samtidig som utdanningsnivået i heile befolkninga har betra seg, har det skjedd ei utjamning i utdanningsnivået til menn og kvinner. Sjølv om menn samla sett har høgare utdanning enn kvinner, tek no kvinner oftare høgare utdanning enn menn. Den eldre del av befolkninga har lågare utdanning enn dei yngre aldersgruppene, og forskjellane mellom generasjonane bidreg til at utdanningsnivået i befolkninga aukar i dei kommande åra. Med Reform 94 er alle sikra rett til vidaregåande opplæring. Dei aller fleste fullfører vidaregåande opplæring og mange går vidare ved høgskule eller universitet. Frå 1981 til 1997 vart studenttalet meir enn fordobla, noko som delvis kan knytast til situasjonen på arbeidsmarknaden.

Kvinner og menn vel i hovudsak tradisjonelle studievegar. Vi finn flest kvinner på helse- og sosialfag, medan mennene dominerer dei tekniske studieretningane. Dei tradisjonelle vala av studieretning hjå kjønna kjem også til uttrykk når dei seinare vel yrke, sjølv om det verkar som om det har skjedd ei viss utjamning mellom kjønna innanfor enkelte studieretningar. Sosial bakgrunn påverkar også rekruttering til og val av utdanning. Elevar med fedrar med høg utdanning vel i større grad allmennfagleg studieretning, enn elever med fedrar med låg utdanning. Av dei elevane som startar på ei høgare utdanning og som har foreldre med lang høgare utdanning, vel majoriteten å studere ved eit universitet og minoriteten å studere ved høgskule. Blant dei elevane med foreldre med berre grunnskule, valde majoriteten høgskule og minoriteten universitet.

Analysane viser vidare ein klar samanheng mellom utdanningsnivå og inntekt i befolkninga. Vi finn ein langt større del med høg inntekt blant dei med høg utdanning enn i befolkninga generelt og blant dei med låg inntekt spesielt.

Arbeid

I perioden frå 1980 til 1998 har sysselsetjinga sett under eitt auka. Det er i hovudsak kvinnene som står for veksten i sysselsetjing, sjølv om yrkesdeltakinga til mennene framleis er noko høgare enn kvinnene si. Sysselsetjinga hjå menn svingar i større grad i takt med konjunkturane, medan sysselsetjing til kvinner er meir stabil m.a. som følgje av at dei i større grad jobbar i offentleg sektor. Vidare har den yrkesaktive perioden vorte kortare over livsløpet, mellom anna av di fleire tek høgare utdanning enn før, og fordi det har vore ein auke i førtidspensjonering i aldersgruppa over 60 år.

Samanhengen mellom utdanningsnivå og sysselsetjing har vorte sterkare i perioden frå 1980-1998. Personar med låg utdanning har lågare yrkesdeltaking og er meir utsett for arbeidsløyse enn personar med høgare utdanning. Det er også ein sterk samanheng mellom utdanningsnivå og langtidsarbeidsløyse. Dette heng m.a. saman med at personar med låg utdanning har større problem med å omstille seg til nye kompetansekrav og at dei oftare jobbar i konjunkturutsette yrke enn personar med høg yrkesdeltaking. Yrkesdeltakinga er stadig høgare hjå menn enn hjå kvinner, uansett utdanningsnivå, men differansen mellom kjønna avtek med aukande utdanning.

Kjønnsspesifikke studieval hjå både menn og kvinner viser seg også i yrkesvala deira. Sjølv om det er teikn til at fleire kvinner er på veg inn i mannsdominerte yrke, er tekniske yrke framleis mannsdominerte, medan omsorgsyrke er kvinnedominert. Dei tradisjonelle yrkesvala får vidare konsekvensar for den relative lønnsutviklinga mellom kvinner og menn totalt sett, då det er dei typiske mannsnæringane som har sterkast lønnsvekst. Sysselsetjinga auka med 16 pst. frå 1980-1998, medan talet på vekeverk auka med berre 8 pst. Trass i nedgangen i deltidsarbeid og ein aukande tendens til heiltidsarbeid, vart den gjennomsnittlege arbeidstida redusert, dels som følgje av ulike arbeidstidsreformar. Dette bidrog derfor til at mange fleire kom inn i arbeidslivet.

Arbeidsløysa har hatt ein ikkje liten variasjon dei siste 10-15 åra. I 1993 var arbeidsløyseprosenten 5,9 pst. mens den i 1998 var redusert til 3,2 pst.

Helse

Helsetilstanden til befolkninga er stort sett stabil og ein kan berre rekne med små endringar over ein tiårsperiode. Frå 1986 til 1996 auka venta levealder med 2,5 år for menn til 74,4 år og med 1,4 år for kvinner til 80,4 år. Spedbarnsdødsraten gjekk samtidig ned frå 8,5 promille i 1985 til 4,1 promille i 1995, og dette er den viktigaste forklaringa på den generelle auken i levealderen.

Hjerte- og karsjukdommar (som står for nær halvparten av dødsfalla) og ulykker er redusert dei siste ti åra, men ikkje dødsprosenten for kreft. Sjukdommar og plager rammar ulikt og har ulike konsekvensar for kvinner og menn. Kvinner rapporterer oftare enn menn om varige sjukdommar og sjukdommar som i avgjerande grad verkar inn på kvardagen deira i form av smerter, angst og aktivitetsavgrensingar, samtidig som at dei blir uføretrygda.

Dødsrate, sjølvrapportert sjukdom og konsekvensar av sjukdom som smerter og nedsett aktivitet varierer med sosial status. Om ein tek utgangspunkt i utdanning, yrke eller inntekt som uttrykk for sosial status, viser dei ulike helsemåla det same mønsteret. Dei best stilte har betre helse enn dei nest best stilte som har betre helse enn dei tredje best stilte. Den positive opplevinga ein person har av eiga helse stig i takt med stigande utdanningsnivå. Vidare rapporterer personar med låg inntekt om dårlegare helse enn personar med høg inntekt. Forskjellar i helse mellom yrkesgrupper kan ha auka frå 1960-åra til 1980-åra, målt i såkalla tapte levekår. Årsakene til sosiale forskjellar i helse er kompliserte. Mens dårleg helse tidlegare hadde ein berrsynt samanheng med sosial naud, er det i dag vanskelegare å forklare dei same ulikskapane. Ei forklaring er at personar med god helse blir pressa oppover i det sosiale systemet, medan personar med dårleg helse blir pressa nedover. Ei anna forklaring er at nokre grupper er meir utsette for ei rekkje risikofaktorar gjennom heile livet. Ei tredje forklaring legg vekt på sosiale forskjellar med omsyn til ete-, kost-, alkohol-, røyke- og mosjonsvaner.

Bustad og nærmiljø

Utviklinga på bustadsektoren dei siste tiåra har gitt gode bustadforhold for dei aller fleste. Norske bustader er jamt over store, og standarden er stort sett god. I hovudsak bur norske hushald i småhus (80 pst) som dei eig sjølve. Seks av ti eig og 24 pst. leiger bustad. Mykje tyder på at det å eige og det å leige er eit generasjonsfenomen og at majoriteten av hushalda startar som leigebuarar og endar opp som sjølveigarar.

Butilhøva blir i stor grad påverka av dei økonomiske ressursane i hushalda, men livsfase og preferansar har også stor innverknad for val av butilhøve. Sjølv om dei fleste bur bra, er det framleis ein del hushald som har dårleg standard, utrygge leigeforhald eller høge buutgifter i høve til inntekta. Om bustaden har kjøkken, sanitærrom og fuktige eller kalde rom blir ofte brukt som indikator på standard. I dag er det eit fåtal som bur i bustader med låg standard, og sidan 1980 har standarden betra seg monaleg parallelt med ei utjamning i butilhøva til folk. Eit fleirtal i befolkninga bur objektivt sett svært romsleg, men talet på trongbudde har ikkje vorte redusert i perioden 1980-1995. Om ein ser bort frå einslege som bur på eitt rom, er det likevel få som bur trongt. I hovudsak gjeld dette ein liten del av familiar med fleire barn. Det er i særleg grad einslege, unge hushald (25-34 år), og einslege forsørgjarar som har ein kombinasjon av dårleg standard, usikre og dårlege leigeforhald og dårleg buøkonomi.

For ein del hushald er utgiftene til bustaden den utgiftsposten som tek den største delen av inntekta og samtidig står for den største delen av gjelda. I 1995 brukte gjennomsnittshushaldet om lag 20 pst. av inntekta til hushaldet til å dekkje buutgifter. Einslege forsørgjarar under 45 år har i snitt høgast buutgiftspåkjenning, med 32 pst.

Bustadmarknaden har vore svært turbulent dei siste ti-åra, og konjunkturnedgangen på slutten av 1980- og starten av 1990-åra, med eit høgt rentenivå og stor arbeidsløyse, førte til at mange fikk problem med å dekkje renter og avdrag på bustadlån. Men det var eit fåtal som fekk så alvorlege gjeldsproblem at dei måtte gå frå bustaden sin.

Delen som opplever miljøproblem i nærmiljøet har auka over tid. Den mest markante auken finn vi blant dei som oppgir å vere utsett for ureining av vegtrafikk.

Sosiale relasjonar og deltaking i ulike organisasjonar

Dei siste 15 åra har det skjedd endringar både i familie- og kontaktmønster. For det første bur fleire aleine. For det andre har fleire nære og fortrulege relasjonar utanfor hushaldet enn tidlegare. Mens den delen av befolkninga som er aktive medlemmer i t.d. idrettslag har auka, har det vore ein nedgang i den partipolitiske deltakinga. Menn er generelt noko meir aktive i organisasjonar enn kvinner, og denne forskjellen har vore uendra sidan 1980.

Offentlege tenester

Fordelingsverknader av offentlege tenester verkar inn på dei reelle forskjellane i inntekt og levekår, men det er stor forskjell med omsyn til dei ulike tenesteområda. Mykje tyder på at den offentlege subsidieringa i barnehagesektoren verkar svakt omfordelande. I dette ligg det at subsidieringa har ei noko jamnare fordeling enn inntektsfordelinga. Dette skjer trass i at subsidiebeløpet i barnehagane aukar med aukande husstandsinntekt. Pleie- og omsorgstenester verkar sterkt omfordelande, sidan den offentlege subsidieringa minkar med aukande inntektsnivå, og dels fordi det er overvekt av låginntektsgrupper som mottek tenester.

Opphoping

Talet på levekårsfordelar og -ulemper fordeler seg ikkje jamnt, men tenderer til å klumpe seg saman i delar av befolkninga. I løpet av perioden 1980 til 1995 var det samla sett ei positiv utvikling i levekåra til folk, sjølv om delen med dårlege levekår var uendra frå 1991 til 1995. I heile perioden hadde menn samla sett betre levekår enn kvinnene. Par i alderen 45-66 år og som er utan barn har hatt dei beste samla levekåra i 1980 til 1995, men også par med barn har fått det betre, særleg med omsyn til økonomi og materiell standard. Einslege i alderen 60-79 år har hatt ei forverring av levekåra i perioden, og hadde i 1995 dei dårlegaste samla levekåra. Den klaraste forverringa i samla levekår hadde likevel einslege i alderen 16-24 år, som ikkje bur heime hos foreldra. Det er eit klart skilje i samla levekår mellom yrkesaktive personar og dei utanfor arbeidslivet.

Fotnotar

1.

Studieretninga vart endra med Reform 94, og blir no kalla naturbruk.

2.

Sosial status er definert etter utdanningsnivået og yrka til foreldra.

3.

Inkludert vidaregåande kurs 1 i den vidaregåande skule.

4.

Yrkesfrekvens utgjer del av arbeid i heile folkesetnaden.

5.

For nærmare om langtidsledige, sjå avsnitt 5.8.4.

6.

Jfr. M.Hoel «Kjønnsforskjellar i yrkesløp» (1997).

7.

Registrert arbeidsløyse frå Arbeidsdirektoratet viser ei monaleg lågare arbeidsløyse blant ungdom under 25 år. Mykje av forskjellen er rekna for å ligge i at ungdom oppfattar seg arbeidslause og svarer dette i AKU-undersøkingane, utan at dei same ungdommane står oppførde ved arbeidskontora som arbeidsledige.

8.

Venta levetid som er att (eller venta levealder) er det gjennomsnittlege talet på år ein person i ein gitt alder har igjen å leve, under forutsetning av at ein har same dødsrate som i dag i dei ulike aldersgruppene.

9.

Tapte leveår er rekna som talet på år som personane som døydde før fylte 75 år, ville ha levd fram til denne alderen - føreset at dei ikkje hadde døydd av den aktuelle årsaka, og at dødsraten av andre årsaker var som i dag.

10.

Butilhøveundersøkinga 1995 er ei utvalsundersøking, men ein reknar med at det hovudbilete ho teiknar er rett. Ved å samanlikne undersøkingane frå 1981, 1988 og 1995 får ein eit grovt bilete av utviklinga.

11.

I butilhøveundersøkingane søkjer ein å vurdere storleiken på bustadene ut frå talet på medlemmer i eit hushald sett i høve til talet på rom i bustaden. Kjøkken, bad, gang, boder o.l. blir ikkje rekna som rom i denne samanhang.

12.

Miljøpåkjenningar i Noreg - nokre resultater frå levekårsundersøkinga, TØI-notat, 1997.

13.

NSD rapport 105: 1995.

14.

F.o.m. 1.1.98 kan det ikkje takast betaling for heimesjukepleie og praktisk bistand og opplæring til personleg stell og eigaomsorg.

15.

Det er gjort ein del endringar i analysene for 1995 og 1991. Dette gjer at ein ikkje uten vidare kan samanlikne resultata frå desse to åra med resultata frå 1981.

16.

På områda helse, arbeidsmarknad og butilhøve har det ikkje vore mogleg å skilje ut ei mindre gruppe med gode levekår.

17.

I oppdateringa av analysane frå Velferdsmeldinga er det brukt ein litt annan terminologi når det gjeld dårlege levekår. Ein har slått sammen dårlege og svært dårlege levekår i kategorien svært dårlege levekår, mens kategorien litt dårlege levekår no er erstatta med dårlege levekår.

18.

Berre to av totalt 21 samanhengar mellom levekårsområde er større enn 0,3 (1,0 tyder maksimal samanheng og 0 tyder ingen samanheng), seks er mellom 0,2 og 0,3, og sju er under 0,1 medrekna tre som ikkje er signifikant forskjellige frå null.

19.

Agderforskning 53/98 «Levekår og livskvalitet»

20.

Agderforskning 53/98

21.

Agderforskning 53/98

22.

Endringane her er ikkje signifikante, og må derfor tolkast med varsemd.

23.

Utvalet av eineforsørgjarar i denne analysen er lite, og resultata er derfor usikre.

Til forsida