St.meld. nr. 50 (1998-99)

Utjamningsmeldinga

Til innhaldsliste

6 Regional fordeling av levekår 1

6.1 Innleiing

Føremålet med dette kapittelet er å gjere greie for den regionale utviklinga og fordelinga av levekår. Tradisjonelt har levekåra variert mellom by- og landdistrikt på grunn av ulikt nærings- og inntektsgrunnlag. Oppbygginga av den norske velferdsstaten i 1950- og 1960-åra hadde også som mål å få til ei regional utjamning av levekåra, og undersøkingar frå dei siste ti åra har konkludert med at det ikkje har vorte vesentlege avvik i levekåra mellom regionane. Lågare nivå på inntekt og utdanning gjer likevel utkantdistrikta meir sårbare for kunjunktursvingingar, og krev aktiv satsing i den breie distriktspolitikken. Gode levekår, sysselsetjingstilbod og eit godt tenestetilbod er sentrale element i distrikts- og regionalpolitikken.

Det er nærliggjande å vurdere regionale skilnader etter fylke. Ei inndeling etter fylke kan likevel dekkje over interne ulikskapar, eller synleggjere avvik mellom fylka som er "naturlege". I dette kapitlet har ein derfor i hovudsak valt å klarleggje moglege systematiske skilnader ved å samanlikna regionane i forhold til sentralitet.

Boks 6.1

Periferi er definert som kommunar som ikkje omfattar tettstader med minst 5000 innbyggjarar, og der det ikkje er mogleg å reise frå busetjingstyngdepunktet i kommunen til ein slik stad på mindre enn 45 minutt. Vi har også skilt ut storbyane Bergen, Stavanger og Trondheim som ein kategori, og Oslo kommune som eigen kategori. Med byar og tettstader forstår vi kommunar som verken er storbyar eller periferi. I analysen er det også brukt ei meir fingradert sentralitetsinndeling som deler landet inn i 14 regionar. For dei fleste områda blir det likevel presenterte tal for dei fire kategoriane (med innbyggjartal i 1997 i parentes):

1. Periferi (642 030)

2. Byar og tettstader ( 2 653 834)

3. Storbyane Bergen, Trondheim, Stavanger (602 057)

4. Oslo (494 793).

6.2 Inntekt

Inntekta ligg jamt over lågare i perifere strøk enn i byar og tettstader og i dei større byane. Det gjeld både når ein ser på personleg inntekt og på inntekt per forbrukseining. Differansen har ikkje vorte vesentleg endra dei siste ti åra. Inntekta i perifere strøk ligg noko nærare landsgjennomsnittet for 1991 og 1993 enn i høgkonjunkturperiodar som 1986 og 1996. Det kan tyde på at inntekta i perifere strøk er meir stabil enn i dei sentrale strøka, og ikkje så avhengig av konjunkturar.

Høgast gjennomsnittsinntekt finn ein for personar busette i Oslo- og Stavanger-regionen. Den lågaste inntekta finn vi i Nord-Trøndelag, Hedmark og Nordland. Differansen i inntektsnivå kan ein ikkje sjå på uavhengig av skilnaden i levekostnader mellom regionar og landsdelar. Det er ulikskapar i inntektene, men det er også regionale sprang i kostnadene. For at skilnaden i inntektsnivå skal seie noko om levekår, må ein og sei noko om skilnaden i levekostnader mellom regionar og landsdelar. På dette området er det ikkje nokon offisiell statistikk som gjer det mogleg å korrigere inntekter for regionale skilnader i kostnader. Det er likevel kjent at bustader er dyrare i sentrale strøk. Forbruksvarer som mat og bensin kan vere dyrare i perifere strøk. Avstandskostnader, m.a. større avhengingheit av eigen bil, aukar kostnadene ved å bu i perifere strøk.

Som ein ser av tabell 6.1, så er det avvik i inntektene mellom sentrale og perifere område. Ser ein på personinntekt er det spesielt kvinner i periferien som har ei låg inntekt. Forholdet mellom menn og kvinner er omtrent det same uavhengig av sentralitet. Differansen mellom kvinner og menn kjem i stor grad av at kvinner arbeider meir deltid enn menn, men òg av at arbeidsmarknaden framleis er kjønnsdelt der kvinnene kjem dårlegast ut lønsmessig.

Tabell 6.1 Gjennomsnittleg inntekt etter skatt per forbrukseining, 1996-kroner. Prosent av landsgjennomsnitt i parentes

19861996
Periferi139 851 (90)149 071 (88)
Byar- og tettstader155 241 (100)169 441 (100)
Storbyane156 427 (101)175 664 (104)
Oslo167 160 (108)188 475 (111)

Kjelde: SSB.

6.3 Sysselsetjing og arbeidsløyse

Noreg har i likskap med andre vestlege land vore gjennom ein lang industrialiseringsprosess med effektivisering av primærnæringane og innflytting til byane. I lang tid har denne prosessen gitt opphav til ulikskapar på arbeidsmarknaden mellom by og land. Ein tradisjonell skilnad har vore lågare registrert yrkesdeltaking blant kvinner i perifere strøk. Med auke i sysselsetjinga i offentleg sektor har dette endra seg, og skilnaden er i dag tydelegast i talet på deltidssysselsette.

Det har vore ein sterk auke i sysselsetjinga på 1990-talet. Samstundes har det vore ei nedgang i arbeidsløysa. Betringa på arbeidsmarknadene har skjedd i alle delar av landet. Ved å berre sjå på tal for 1990 og 1996 går ein glipp av både den høge arbeidsløysa i 1993 og den positive utviklinga etter 1996. Vi viser til gjennomgang i kapittel 4 for nærare omtale av arbeidsmarknaden.

Tabell 6.2 Andelen sysselsette 16-74 år etter type bustadkommune.

19901996
AlleKvinnerMennAlleKvinnerMenn
Landet totalt60,254,565,862,257,666,8
Periferi58,151,564,361,056,265,5
Byar og tettstader60,454,366,562,357,367,3
Storbyane61,257,065,463,259,467,0
Oslo60,757,264,362,259,165,4

Kjelde: SSB, Arbeidsmarkedsregisteret.

Det er særleg kvinner, og nærare bestemt for aldersgruppa 25-59 år, som har hatt auke i sysselsetjinga i denne tidsperioden. Auken for denne gruppa har funne stad i alle delar av landet.

Det er små skilnader både i sysselsetjing og arbeidsløyse mellom typer bustadkommunar. Nivået på sysselsetjinga totalt er litt høgare i storbyane enn i perifere bustadkommunar. Den høgaste sysselsetjinga har ein i by/tettstader og perifere kommunetyper på Vestlandet, medan perifere strøk i Nord-Noreg har den lågaste delen med sysselsette. Tal for arbeidsløyse gir det same biletet. Sysselsetjinga er elles høgast blant menn i byar og tettstader og lågast blant kvinner i perifere bustadkommuner.

6.4 Utdanning

I levekårssamanheng er det interessant å sjå på om det er regionale variasjonar med omsyn til delen med grunnskule som høgaste utdanning. Delen som har grunnskule som høgaste utdanning er redusert i alle aldersgrupper, på alle sentralitetsnivå, både for kvinner og menn. Vi ser også at det har skjedd ei markert regional utjamning med omsyn til kor stor del som har grunnskule som høgaste utdanning. Til dømes er differansen 19,9 prosentpoeng mellom det sentralitetsnivået som 1. oktober 1997 hadde den høgaste delen kvinner med grunnskule i aldersgruppa 60-66 år, og det som hadde den lågaste, medan det tilsvarande talet for aldersgruppa 25-29 år var 1,3 prosentpoeng. For dei yngste synest det ikkje å vere nokon signifikante regionale skilnader. Ungdom vel vidaregåande opplæring uavhengig av kvar dei bur i landet. Den regionale skilnaden, når vi ser på kor stor del som har grunnskule som høgaste utdanning, er særleg markert i aldersgruppa 60-66 år.

Oslo hadde 1. oktober 1997 den høgaste delen med personar med høg utdanning. Deretter følgjer dei andre storbyane, sentrale kommunar og til sist utkantane. Denne rekkjefølgja gjeld for alle aldersgrupper og for kvinner og menn. I tråd med at utdanningsnivået har auka totalt sett, har også delen med høgare utdanning auka på alle sentralitetsnivå. Det har likevel ikkje skjedd noka regional utjamning med omsyn til delen med høgare utdanning. For kvinner i aldersgruppa 60-66 år var differansen 2,9 prosentpoeng mellom det sentralitetsnivået som hadde høgast og lågast del med høg høgare utdanning. Det tilsvarande talet for aldersgruppa 25-29 år var 6,3 prosentpoeng. Ei tilsvarande utvikling gjeld både kvinner og menn og all høgare utdanning. Det avslører m a at arbeidsmarknaden for dei med høgare utdanning finst i byane. Mange budde i periferien/sentrale strøk då dei tok til med utdanninga si. Hadde vi kunna korrigere for flytting, hadde biletet kanskje vorte annleis.

Tabell 6.3 Personar etter høgaste fullførte utdanning og sentralitetsnivå. Kvinner. 1. oktober 1997. Pst

GrunnskuleVidaregåande opplæringLåg høgare utdanningHøg høgare utdanning
25-29 år30-39 år40-59 år60-66 år25-29 år30-39 år40-59 år60-66 år25-29 år30-39 år40-59 år60-66 år25-29 år30-39 år40-59 år60-66 år
Periferi5,78,626,252,963,468,156,440,628,521,316,36,22,32,01,00,3
Sentrale kommunar7,09,023,145,560,062,054,043,330,125,820,810,42,93,22,00,8
Storbyane: Bergen, Trondheim, Stavanger5,97,320,442,149,351,850,543,238,333,724,813,06,47,24,21,7
Oslo kommune6,26,816,333,040,543,445,346,344,739,030,717,68,610,97,63,2

Kjelde: SSB

Tabell 6.4 Personar etter høgaste fullførte utdanning og sentralitetsnivå. Menn. 1. oktober 1997. Pst

GrunnskuleVidaregåande opplæringLåg høgare utdanningHøg høgare utdanning
25-29 år30-39 år40-59 år60-66 år25-29 år30-39 år40-59 år60-66 år25-29 år30-39 år40-59 år60-66 år25-29 år30-39 år40-59 år60-66 år
Periferi7,511,625,047,970,971,056,442,618,714,114,77,62,93,34,01,9
Sentrale kommunar7,810,519,936,466,765,653,845,121,718,018,712,83,85,97,65,7
Storbyane: Bergen, Trondheim Stavanger6,17,615,127,256,055,749,547,528,723,421,615,99,213,413,79,3
Oslo kommune8,28,714,525,845,246,243,944,935,930,124,816,6,10,715,016,912,7

Kjelde: SSB

6.5 Bruk av trygdeytingar

Det er store regionale skilnader i forbruket av visse typar av trygdeytingar. Dette gjeld mellom anna forbruket av helserelaterte ytingar til livsopphald (sjukepenger, attføring og uførepensjon). Det er også store skilnader når det gjeld grunnstønad og hjelpestønad.

Studiar av regionale skilnader i trygdeforbruk blir ofte gjort med kommune som den naturlege eining, eventuelt med ei samanslåing av kommunar etter Statistisk Sentralbyrå si kommuneklassifisering. Tidsseriedata for helserelaterte trygdeytingar basert på denne indikatoren føreligg ikkje. For å påvise regionale skilnader i trygdeforbruket, vil data på fylkesnivå likevel kunne gje eit rimelig godt svar.

Det er mange ulike indikatorar som kan nyttast for å få fram regionale skilnader i trygdeforbruk. I denne omtalen, som er avgrensa til dei helserelaterte ytingane, er nytta ein fylkesindikator som viser dei samla utgiftene til desse ytingane per person i befolkninga i fylket i alderen 16-66 år. Denne indikatoren vil til ein viss grad vere påverka av ulikskap i inntektsforhold fylka i mellom. På den andre sida har dei helserelaterte ytingane eit øvre inntektstak som motverkar effekt av ulikt inntektsnivå mellom regionar. Ulik alderssamansetning i regionane kan også til ein viss grad verke inn på storleiken på denne indikatoren

Det gjennomsnittlege forbruket av helserelaterte ytingar uttrykt som samla utgifter til helserelaterte ytingar per innbyggjar i alderen 16-66 år låg i 1989 på ca. 12 900 1998-kroner. Det var store fylkesvise variasjonar i dette forbruket. Høgst var forbruket i Finnmark, med Østfold på ein klar andre plass. Desse fylka hadde eit forbruk som låg mellom 26 og 30 pst over forbruket på landsbasis. Lågast forbruk var det i Sogn og Fjordane og Rogaland. I desse fylka låg forbruket 20-29 pst under forbruket på landsbasis. Oppland og Sør-Trøndelag låg begge nært forbruket på landsbasis.

Det samla forbruket av helserelaterte ytingar per innbyggjar i alderen 16-66 år har auka relativt kraftig i perioden 1989 til 1998 (23 prosent). Den innbyrdes, fylkesvise rangeringa har likevel ikkje endra seg vesentleg i denne perioden. I 1998 hadde Finnmark og Østfold framleis det høgste forbruket i landet, medan Rogaland og Sogn og Fjordane på begge tidspunkta hadde det lågaste forbruket per innbyggjar i alderen 16-66 år. Samla sett var det dei same fylka i 1989 og i 1998 som hadde eit forbruk som lå høvesvis høgre/lågare enn landsgjennomsnittet.

Trass i små skilnader frå 1989 til 1998 i den innbyrdes rangeringa fylka i mellom, varierte veksten i forbruk monaleg. Lågast var veksten i Oslo med 9 pst. Høgast var veksten i Sogn og Fjordane med 43 pst. Oppland, Vest-Agder og Akershus hadde også stor vekst i perioden på høvesvis 39 pst i Oppland og 34 pst i de to andre fylka. Variasjonsbreidda mellom høgast og lågast forbruk gikk likevel noko ned i perioden 1989 til 1998. I 1989 var skilnaden mellom det høgste og det lågaste forbruket i fylkene om lag 83 pst. I 1998 var denne skilnaden blitt redusert til 65 pst.

Det er nærliggjande å tru at dei relativt store geografiske skilnadene i trygdeforbruk heng saman med dei same årsakene som dei som forklarer høgt og lågt forbruk av helserelaterte ytingar for heile landet. Alders- og kjønnsammensetninga i arbeidsstyrken har innverknad for forbruket av helserelatert ytingar - kvinner har eit høgre forbruk av helserelaterte ytingar enn menn, eldre har et høgare forbruk enn yngre. Befolkninga sitt utdanningsnivå har også innverknad. Det er truleg at næringsstrukturen spelar inn.

I behandlinga av saker som gjeld helserelaterte ytingar er det rom for eit visst skjønn, både frå legane og frå trygdefunksjonærane si side. På bakgrunn av dette er det nærliggjande å tru at dei regionale skilnadane blant anna i ein viss grad kan skuldast ulik praktisering av regelverket. Samla sett er det gjennomført svært få studiar i Noreg som omhandlar regionale skilnader i trygdeforbruk. Rikstrygdeverket har i ein analyse om regionale skilnader i trygdeforbruk frå tidleg på 1990-talet kome fram til at det truleg er mange ulike faktorar som verkar inn på dei regionale skilnadane. Sikre haldepunkt for at ulik praktisering av regelverket er ein forklaringsfaktor, fann ein likevel ikkje. Men det ble påpeika at ein ikkje kunne utelukke at haldningar, blant dei som behandlar saker, kunne vere ulike frå region til region og derved innverke på resultatet.

6.6 Bustadsituasjonen

Endringar i busetnadsmønster, flyttestraumar og arbeids- og bustadmarknad heng nært saman. Med sterk auke i høgare utdanning speler også lokaliseringa av utdanningsplassar ei stadig større rolle for den regionale balansen på bustadmarknadene. Buforholda for folket sett under eitt har vorte mykje betre i alle regiontypar det siste tiåret. Delen med dårleg fysisk bustadstandard er redusert, og det er få i nokon del av landet som manglar bad, WC, kjøkken, har kald bustad el l.

Tabell 6.5 Buforhold 1995, etter regiontype.

Trong eller romsleg bustadEigar/leigar
RegiontypeSærs romslegRomslegNormaltTrongtSærs trongtEigarLeigar
%%%%%%%
Perifere kommunar41.123.729.94.70.568.831.2
Sentrale kommunar35.624.334.74.60.877.322.7
Storbykommunar utanom Oslo23.423.245.07.21.275.624.4
Oslo15.925.944.611.12.574.325.7
Heile landet32.324.336.65.81.075.724.3

Kjelde: Boforholdsundersøkelsen 1995. Spesialkjøring NBI

Tabell 6.5 viser kor romsleg eller trongt folk bur i ulike regiontypar. «Normalt» bur dei som har eit rom for kvar person, eller eit rom meir enn talet på personar i huslyden. Kjøkken, gongar, bad mv er ikkje rekna. Er det fleire personar enn rom blir det kalla trongt. Er det to personar meir enn rom er det særs trongt. Romsleg bur dei som har to rom meir enn personar i huslyden, og med enda betre plass reknast bustaden som særs romsleg. Mønsteret er at særs romslege bustader er mykje utbreidd i perifere (41 pst) og sentrale kommunane (nær 36 pst). Romslege bustader utgjer opp mot ein fjerdedel i alle regiontypane. Mange i storbyane bur «normalt» (rundt 45 pst). Tronge bustader er mest eit storbyfenomen. I Oslo bur 11 pst. trongt og 2,5 pst. særs trongt, mens tilsvarende tal for perifere kommunar er 4,7 pst. og 0,5 pst.

Eigartilhøva i bustadsektoren er jamna ut mellom regionane gjennom fleire tiår. Mens det i 1981 var 36 pst. som leigde bustad i storbyane, var talet 23 prosent i 1988 og rundt 25 pst. i 1995. I periferien er det ein auke i andelen som leiger (auken opp til 31 pst. i dette materialet kan verke noko høg). Ein stor del av norske utleigebustader, særleg utanom dei tettaste byområda, er del av eit småhus. Leigetilhøva, (prissetjing, kontraktsbruk, sosiale relasjonar) kan vere annleis enn i utleigebygg. I alle regiontypar var utleigedelen på det lågaste på slutten av 80-talet og andelen som budde til leige ganske jamt fordelt i alle regiontypar (21 til 24 pst), men auka sidan i åra med konjunkturnedgang. Risikoen ved å eige hus i periferi kommunar vart meir synleg først på 1990-talet. I perifere kommunar utgjer og tenestebustader ein merkbar del. I storbyane (men også i mellomstore byar) eig mange fleire bustaden sin i eit burettslag enn i andre kommunar.

Jamvel om bustadtilhøva i grove trekk er nokså like i alle regionar, er det ikkje ein, men mange regionale bustadmarknader. Pris- og etterspørselsutviklinga bør vurderast samla i funksjonelle bustad- og arbeidsmarknadsregionar. I kvar region har reiseavstandar, arealspørsmål, tettleik, trafikk og miljø ulik vekt. Næringsutviklinga, den kommunale plan-, bustad- og arealpolitikken, folketalsutviklinga og flyttemønsteret, og utviklinga av kjøpekraft i regionen påverkar bustadmarknaden og bustadbygginga. Resultatet er ulike prisnivå og ulik utviklingstakt på bustadmarknadene. Det resulterer i store skilnader i buutgifter og bustadprisar. Det er store variasjonar i utnyttinga av bustadmassen, og desse variasjonane i regionale buforhold kan nok vere større enn enkel statistikk viser. Den sterke prisveksten på bustader i sentrale strøk samanlikna med utkantdistrikta, gjer sjansane til slik formuesoppbygging mykje større for dei som er inne på bustadsmarknader i sentrale kommunar.

Tabell 6.6 Fordeling av problem i samband med buforhold 1995. Prosent. Firedelt regioninndeling

RegiontypeDårleg standardSvake rettarDårleg utemiljøDårleg buøkonomiOpphoping av ulempar
Perifere kommunar8.814.010.613.18.4
Sentrale kommunar7.98.911.211.86.2
Storbyar utan Oslo9.211.711.39.37.7
Oslo15.912.322.210.613.3
Heile landet9.210.312.611.67.6

Kjelde: Boforholdsundersøkelsen 1995, Spesialkjøring NBI

Tabell 6.6 er bygd på spørsmål frå Boforholdsundersøkelsen 1995 om både bustandard, rettar i leigetilhøve, uteområde og plagsom trafikk m.v. Svake rettar gjeld særleg usikre eller tidsavgrensa kontraktar på utleiemarknaden. Å leige bustad er ikkje i seg sjølv rekna som svake rettar. Dårleg bumiljø gjeld m.a. plagsam trafikk. Dårleg buøkonomi er rekna ut med data frå inntektsregisteret og spørsmål om buutgifter. Dårleg buøkonomi har det hushaldet som sit att med mindre enn 80 prosent av ein berekna minstepensjon for slikt hushald. Opphoping av ulemper tyder på at ein oppnår låge ulemper på minst to felt, til dømes både dårleg bustandard og svake rettar som så er summert i ein samla indeks. Tabellen gjeld ikkje opphoping av butilhøve med andre levekårsproblem (men sjå tabell 6.6). Tabellen syner at butilhøva i storbyane skil seg ut særleg på to måtar: fleire har dårleg standard på bustaden eller dårleg utemiljø. I Oslo er det fleire som har opphoping av dårlege butilhøve enn befolkinga elles i landet. Tabellen syner og at det er relativt mange med svake rettar og dårleg buøkonomi i perifere kommunar. I desse kommunane er det rett mange som har tenestebustad, kårbustad el.l. som tel med i desse prosentane. Når det gjeld restbudsjett etter skatt og buutgifter, er det ikkje store skilnader mellom regiontypane. I storbyane ser det ut til at tilhøvet mellom inntekt og buutgifter er tilpassa for dei fleste, men eit resultat er at ein finn grupper med låg bustandard.

Unge familiar eller andre med låge inntekter får spesielt store etableringsproblem på bustadmarknaden i Oslo der prisnivået og prisauken er høgare enn i andre delar av landet. Kvadratmeterprisen i burettslag syner store skilnader i ulike delar av landet (tal frå NBBL 1999). I Oslo er den på 12 500 kroner, i Stavanger og Akershus over 10 000 kroner, men i t.d Bergen, øvrige Vestlandet og Trondheim rundt 8 000 kroner og i Nord-Noreg og øvrige Austlandet rundt 7 000 kroner. Landsgjennomsnittet frå NBBL ligg på 9 400 kroner. Prisveksten i Oslo frå 1998 var 9,6 pst, andre storbyar har også høg prisvekst, medan prisane gjekk ned i Nord-Noreg, og auken var 7,7 pst. for heile landet (NBBL 1999). I Oslo er bustadmarknaden mest pressa, og her har bustadbygginga vore låg i fleire år. Det gjeld både i absolutte tal, og i høve til den folkeauken byen har hatt. Om presset i bustadmarknaden i nokre av storbyane held fram utan at bustadtilbodet blir auka, kan det auke problema for svake grupper i bustadmarknaden.

I avsnitt 6.11 er buforholda og bustadmarknaden i storbyane drøfta noko nærare.

6.7 Helseskilnader

Jamvel om det er regionale skilnader i helsetilstanden, er den venta levealderen (for nyfødde) nokså lik over heile landet. Venta levealder har gått opp både for kvinner og menn dei siste åra, og viser at kvinner har om lag fem år lengre venta levealder enn menn (81 år for kvinner og 75,5 år for menn).

Ei undersøking av skilnadene mellom bydelene i Oslo, viste at desse var større enn mellom fylka (Rognerud M & Stensvold I, 1998). For menn var variasjonsbredda mellom bydelar med omsyn til venta levealder 12.1 år for menn og 6,8 år for kvinner.

Statens helsetilsyn drøftar i tilsynsmeldinga for 1997 ulike sider ved sosiale skilnader og helse. Dei peikar på at det er store geografiske skilnader ikkje berre når det gjeld fordeling av helsepersonell, men også til dømes når det gjeld bruk av lækjemiddel. Desse skilnadene er slik at dei ikkje kan forklarast ut frå alderssamansetjinga av folket eller skilnader i sjukdomsmønsteret, og må ha noko å gjere med ulike tilnærmingsmåter frå helsetenesta si side.

6.8 Sosiale relasjonar og fritid

Studiar av levekåra til folk viser ingen dramatiske skilnader mellom ulike regionar når det gjeld den kontakten folk har med familiar, venner og grannar. Nokon skilje finst det likevel mellom byar og grisgrendte strøk. Den største skilnaden finn vi når det gjeld å halde kontakt med grannane. Folk på landsbygda er mykje flinkare til sjå innom til grannane sine enn folk i dei største byane, og denne skilnaden har vore nokså stabil dei siste 15 åra. Ser ein derimot på einsemd, er det ikkje fleire i byane som fører opp at dei er einsame enn på landsbygda, endå om det er litt fleire i dei større byane enn på landsbygda som bur åleine.

Både kultur- og mediebruk har samanheng med kor tilgjengelege slike tilbod er. Kulturbrukundersøkingar viser at det er klare regionale skilnader i kulturtilbodet, og det ser vi også i bruken av kulturtilboda. Bruken går ned di lengre unna dei enkelte tilboda er. Oslo/Akershus er den landsdelen der kulturtilboda er lettast tilgjengelege, og dei som bur der nyttar også kulturtilboda oftare enn andre. Ser vi derimot på tilbod som er godt utbygde for heile landet, er variasjonen i delen med brukarar mellom regionane nokså liten.

Dersom vi ser på den delen av folk som driv med ulike kulturaktivitetar i fritida, finn vi ikkje dei same regionale skilnadene. Jamt over er folk i ulike regionar like aktive som i Oslo/Akershus. Ser vi på skiljet mellom tettbygde og grisgrendte strøk, finn vi heller ingen utprega skilnader. Når det gjeld organisasjonsaktivitet, er meir enn halvparten av vaksne folk i alle landsdelar aktive i eit lag eller ein organisasjon. Den delen som er aktiv er høgast i dei grisgrendte strøka (55 pst) og lågast i dei mest tettbygde strøka (48 pst).

6.9 Offentlege tenester

Dette avsnittet er basert på Kommunal Monitor frå Norsk Samfunnsvitskapleg Datateneste (NSD), ein rapport som samlar eksisterande data om tenesteproduksjon, ressursbruk og prioriteringar i norske primærkommunar, og inneheld nøkkeltal for helse- og sosialsektoren, utdanningssektoren og kommunal administrasjon.

Det er eit viktig politisk mål at velferdsgoda skal vere likeverdig fordelte, ikkje berre mellom folk, men og mellom ulike regionar. Kvar ein bur i landet, skal ikkje ha noko å seie for kva for tenester ein kan nytte. Omgrepet likeverdig står ikkje for at du skal ha det same tilbodet overalt. Grunnprinsippet i det kommunale sjølvstyret er at kommunane kan prioritere etter ulike behov. M a i rapporten for Det tekniske utrekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi er det dokumentert store inntektsskilnader mellom kommunane, som igjen kan gi skilnader i tenestetilbod. Utjamningstilskotet i inntektssystemet er eit verkemiddel for å fremje likskap mellom kommunane. Rammefinansieringa gir rom for å prioritere innanfor gitte rammer, lover og regelverk.

Sjølv med ei omfattande inntektsutjamning og utgiftsutjamning i inntektssystemet, er det likevel inntektsskilnader mellom norske kommunar. Desse skilnadene kan stå i samband med m.a. tre forhold, som alle kjem av politiske vedtak om utforminga av finansieringssystemet for kommunesektoren:

  • Med ei distriktspolitisk grunngjeving blir det gitt større overføringar til distriktskommunar enn til andre kommunar, med Nord-Noregtilskotet og regionaltilskotet i inntektssystemet.

  • Systemet for kraftverksskattlegging gir kraftkommunane noko høgare inntekter enn andre kommunar, p.g.a. avkasting frå ein lokal ressurs.

  • Skilnader i skatteinntekter blir berre delvis utjamna med inntektssystemet, slik at kommunar med høge skatteinntekter får ha store delar av sine eigne skatteinntekter.

I Kommunal monitor er det gjort ein analyse for å måle kor jamn fordelinga av ulike tenester er mellom kommunane. Analysen har dette hovudfunnet: Grunnskuletilbodet er jamnast fordelt i forhold til behovet, deretter kjem barnehagetilbodet og heimehjelpstenesta. Heimesjukepleie er skeivare fordelt, noko som også er tilfelle for mellom anna barn i barnevernstiltak. I sum viser analysen at lovpålagde tenester er jamt fordelte, medan variasjonane mellom kommunane er store der den nasjonale standardiseringa er låg.

Ei anna problemstilling som blir analysert i Kommunal monitor er om det er dei same kommunane som har gode tilbod for alle sektorane, eller om det er slik at kommunane satsar på somme tenester samtidig som dei nedprioriterer andre. Analysen viser at ein i langt større grad finn tendensar til at tenestetilbodet jamt over er godt i somme kommunar, enn at kommunar som har eit godt utbygd tilbod på somme område har dårlegare tilbod på andre. Vidare finn ein at den beste dekninga av kommunale tenester er i Finnmark. Oslo har også god dekning samanlikna med andre store byar.

Undersøkinga har også sett nærare på eit mål for produktivitet og standard på tenestene, målt med talet på årsverk og driftsutgifter per brukar for ulike kommunale tenester i pleie og omsorg, kommunehelsetenesta, sosiale tenester og barnevern, grunnskulen og barnehagar. Dei tre nordlegaste fylka skårar høgast i denne analysen, medan Vestfold ligg på botnen. Vidare er det markerte skilnader innanfor somme fylke. Ressursbruken per brukar er størst i dei minst folkerike kommunane, og særleg i kommunar som har mindre enn 2 000 innbyggjarar. Også for denne indeksen finn ein sterk samanheng mellom produktivitet og frie inntekter, noko som (ikkje overraskande) viser at kommunar med romsleg økonomi bruker store ressursar per plass/brukar på alle sektorar.

Dei tre variablane frie inntekter, samla behovsdekning og samla ressursbruk per plass/brukar er sterkt innbyrdes korrelert, noko som viser at det ikkje er slik at kommunane anten vel å yte tenestene til mange, eller å satse på høgare standard for færre brukarar.

Kva kan så vere årsak til at dekningsgrad og produktivitet/standard på offentlege tenester varierer mellom kommunane? I Kommunal monitor nemner dei ei rekkje moglege grunnar til dei observerte differansane:

  • Ressurstilgang eller frie inntekter i kvar enkelt kommune varierer

  • Målgrupper varierer i storleik mellom kommunane

  • Andre indikatorar for behov, som at delen med skilde eller arbeidslause i kommunen varierer

  • Kostnadsforhold i samband med kommunestorleik og strukturen på busetjinga

  • Politikk/vedtakskontekst; og potensielt press frå nærmiljø eller utkant

Regresjonsanalysar viser at både dekningsgrad og produktivitet/standard er sterkt påverka av den økonomiske situasjonen i kvar enkelt kommune. Effekten av storleiken til målgruppene varierer derimot sterkt for ulike sektorar. Det same gjeld for kostnadsforhold som forklaringsfaktor; og politiske variablar er mindre viktige for prioriteringane til kommunen enn venta.

Avstand som forklaringsfaktor er så langt ikkje trekt inn i analysen av tenestetilbod, og kan truleg modifisere dei generelle funna av kommunale tenester. Ein indikasjon på avstand og lett tilkomst kan vi få med å sjå på korleis t d legetilbod blir brukt.

Tilgang på fast lege blir rekna som eit viktig velferdsgode, spesielt for eldre menneske. SSBs helseundersøkingar frå 1985 og 1998 viser at 50 pst. av eldre over 68 år busette i periferien hadde fast lege i 1985. I same år hadde 64 pst. av dei eldste i Oslo fast lege. Ti år seinare, i 1995, hadde berre 34 pst. av dei eldste i periferikommunane tilgang på fast lege, medan den delen som hadde dette tilbodet i Oslo, hadde auka til 68 pst. Denne mangelen på faste legar til den delen av folket som har størst behov for det, heng saman med vanskane med å rekruttere legar til stillingar utanfor sentrale område.

Statistikk frå Sosial- og helsedepartementet/ULS (Utvalet for Legefordeling i Staten) viser at det er spesielt Helseregion V (Nord-Noreg) og Helseregion IV (Trøndelag) som har mange ledige stillingar, om lag 20 pst. og 15 pst. Ledige stillingar i Helseregion I og II (Austlandet og Sørlandet) ligg på omtrent 5 pst. Tilsvarande viser helseundersøkingane til SSB at talet på personar som går til tannlege er lågare i perifere kommunar enn i sentrale kommunar. Frå 1995 viser undersøkinga at det for dei siste 12 md var 47 pst. i perifere kommunar som ikkje gjekk til tannlege, medan tilsvarande tal for storbyane var 30 pst.

Generelt viser helseundersøkingane frå 1995 at personar i perifere område har mindre kontakt med delar av helsetenesta enn personar i storbyar. Spesielt er denne skilnaden stor når ein ser på gruppa "einslege med heimebuande barn". Her har 95 pst. av utvalet i Oslo vore i kontakt med delar av helsetenesta, mot berre 75 pst. av utvalet i perifere område. Ein forklaring på denne skilnaden kan vere at avstand kan medvirke til dårligare tilgang på tenester i perifere område, men også ulik kultur og sosiale nettverk kan spele inn her.

6.10 Levekår i samiske område

Levekårsindikatorane i dei samiske områda følgjer i stor grad mønsteret for Nord-Noreg i det heile, men ligg på fleire område klart dårlegare an enn snittet for landsdelen. Utslaga er likevel ikkje store, med unntak for omfanget av uførepensjonering Troms/Nordland. Generelt er det ein tendens til at Troms/Nordland kjem dårlegare ut enn Finnmark, både i totalbiletet og samanlikna med gjennomsnittet i eigen region.

Statistisk sentralbyrå har produsert statistikk for eit område som grovt sett tilsvarar virkeområdet for Samisk Utviklingsfond (SUF). SUF har til formål å fremje tiltak som er særleg kulturelt, sosialt og økonomisk viktige for den samiske befolkninga og det samiske busetjingsområdet. Målsetjinga er særleg å skape og å halde oppe levedyktige næringsverksemder og arbeidsplassar i virkeområdet. Det er eit område der befolkninga i hovudsak er samisk, og omfattar sentrale delar av Finnmark, nokre regionar i Troms og enkelte nordlege delar av Nordland.

Boks 6.2

SSB har henta inn data (hovudsakleg frå 1997) om m a inntekt, økonomisk sosialhjelp og overgangsstønad for einslege forsorgarar, utdanningsnivå, arbeidsløyse, uførepensjon og attførings/rehabiliteringspengar. Data er grupperte regionalt, slik at dei samiske områda i Finnmark og Troms/Nordland blir presenterte som to regionar. Vidare er tala samanlikna med gjennomsnittet for heile Finnmark og heile Troms/Nordland. Data er innsamla for kvar valkrins og kommune. Ein har ikkje kjennskap til den etniske identiteten til kvar innbyggjar. Derfor kan ikkje skilnader mellom det som er definert som samiske område og regionale gjennomsnitt heilt sikkert koplast til etnisitet. Som samanlikningsgrunnlag har SSB ført opp landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Nord-Noreg. Metodisk gir det best meining å samanlikne dei samiske områda samla med gjennomsnittet for Nord-Noreg. Tala for Nord-Noreg er elles gjennomgåande litt svakare enn landsgjennomsnittet (for dei fleste variablane 5-15 pst).

Når det gjeld bruttoinntekt per innbyggjar ligg dei samiske områda 13 pst. under gjennomsnittet for Nord-Noreg, (140 693 kr mot 161 805 kr). Landsgjennomsnittet er 178 915 kr. Tala for sosialhjelp og overgangsstønad er også mykje høgare i samiske område, med respektive 6.1 mot 4.4 mottakarar per 100 innbyggjarar over 16 år, og 12.3 mot 9.1 mottakarar per 100 kvinner 20-39 år.

Delen med høgare utdanning ligg samla sett lågare i dei samiske busetjingsområda (14 pst. mot 17.4 pst. for heile Nord-Noreg). Mønsteret er ulikt for kvinner og menn. Kvinner viser ei meir spreidd fordeling på dei ulike utdanningsnivåa, med få i vidaregåande skole og mange både i grunnskule og universitets/høgskuleutdanning (17 pst, eller like mange som for alle kvinner i Nord-Noreg). Menn har relativt fleire med middels utdanning og færre med både høg og låg utdanning.

Arbeidsløysa er høgare i samiske område (7.9 pst. mot fem pst. for Nord-Noreg samla), med markert større negativt avvik i Troms/Nordland enn i Finnmark. For uførepensjon er utslaget stort i Troms/Nordland. Her er omfanget 63.9 tilfelle per 1000 innbyggjarar, mot 38.4 for regionen samla. I Finnmark er utslaget moderat i negativ retning. For attføring/rehabilitering viser materialet ingen klar tendens, men samiske område i Finnmark ligg lågare enn gjennomsnittet for fylket.

Ei hovudforklaring på funna kan vere at samisk kultur i sterk grad er bygd på primærnæringane. Også elles i landet har område prega av primærnæring ofte låg skåre på variablar som inntekt, utdanning og sysselsetjing. Primærnæringane er prega av hardt arbeid med stor slitasje. Når alternative sysselsetjingstilbod er få, kan det lett føre til uførepensjon. Samanhengane mellom vanskeleg arbeidsmarknad og høg grad av uførepensjonering er truleg svært sterke i desse områda.

Når det gjeld differansane mellom Finnmark og samiske område i Troms/Nordland, kan det på den eine sida fortelje noko om den positive verdien samepolitiske tiltak har hatt for Indre Finnmark, og på den andre sida om korleis etterverknadene av fornorskingspresset truleg framleis gjer seg sterkt gjeldande i kyststrøka i Troms og Nordland. Samanhengen her er at trygg identitet er grunnleggjande for korleis menneske meistrar livet, noko som i sin tur slår ut på levekårsvariablane. Ein kan ikkje sjå bort frå at manglande godkjenning av samisk identitet har heva terskelen for høgare utdanning og deltaking i arbeidslivet i desse områda.

6.11 Geografisk opphoping av levekår

På bakgrunn av materialet framanfor ser det ikkje ut til at det er slik at somme regionar systematisk kjem dårleg ut på alle område. Dette biletet blir stadfesta når ein ser på ei regional fordeling av levekår, henta frå levekårsundersøkinga. Indeksen for samla levekår byggjer på sju delindeksar (med tal for materiell standard, økonomi, arbeidsmarknad, helse, sosiale relasjonar, bumiljø og fritidsaktivitetar). Forklaring og drøfting av metoden for opphoping av levekår er gitt i kap. 4.8.

Som vi ser, har det relative forholdet endra seg i perioden. Medan indeksen i 1991 gav uttrykk for at det var best å bu i periferien, er det i 1995 best å bu i sentrale kommunar, dvs. i det som ikkje er periferi eller storbyar. Oslo kjem i begge åra dårlegast ut. Vi ser at Oslo også er mest polarisert, ved at Oslo har høgast del med både svært dårlege og svært gode levekår i 1991, medan sentrale kommunar i 1995 har den høgaste delen med svært gode levekår.

Tabell 6.7 Personar 16-79 år i etter samla levekår. 1991 og 1995. Pst.

Svært dårlegeDårlegeNormaleGodeSvært gode
1991
Oslo132037219
Storbyane101941246
Sentrale kommunar111745226
Periferi111837287
1995
Oslo161939207
Storbyane142134246
Sentrale kommunar101739268
Periferi121444246

Kjelde: SSB

6.12 Ulikskap i storbyane

I storbyane, og særleg i Oslo, er det fleire som har svært dårlege levekår i forhold til resten av landet. I St meld nr 14 (1994-95) "Om levekår og buforhold i storbyane" vart det vist at storbyane, og spesielt i Oslo, har bydelar med både dei beste og dei dårlegaste levekåra i Noreg. Fordeling av levekår i storbyane er omtala i dette avsnittet.

Tabell 6.8 Indeks for samanlikning av levekårsproblem - etter storleiken på kommunen. 1995 og 1998

<1.9992.000-4.9995.000-9.99910.000-19.99920.000-29.99930.000-49.999>50.000Oslo
19955,05,05,55,86,46,66,67,7
19985,15,15,65,86,16,56,36,7

Kjelde: SSB

Analysane av data frå tidleg i 1990-åra i St meld nr 14 (1994-95), er stadfest i nyare arbeid (Barstad, SSB 1997 m fl). Dei tre bydelane i Oslo indre aust skil seg ut med ein høg konsentrasjon av menneske med vesentlege levekårsproblem; 38 pst. hadde fire eller fleire sett med levekårsulemper, mot 22 pst. i heile byen. Konklusjonen blir ståande også etter prøving med alternative statistiske teknikkar og vekt på ulike levekårsproblem. Sentrumsområda i andre storbyar og nokre mellomstore byar har og ei opphoping av dårlege levekår.

Analysane i St meld nr 14 (1994-95) bygde m a på indeksar for levekår. Datagrunnlaget er både intervjuundersøkingar og registeropplysningar om inntekt, sosiale relasjonar og helse, arbeid og materielle kår (til dømes bustad). Indeksar kan samanfatte informasjon, men må tolkast varsamt. Indeksar bygd på register for helseplager, sosialhjelp, dødstal, rus osv fokuserer på problem. Dei er ikkje absolutte mål for levekåra, men dei gjer det mogleg å samanlikne regionar, kommunar eller bydelar. SSB har ein indeks for 1995 og 1998 (tab 6.7) som viser at desse levekårsproblema samla sett aukar med storleiken på kommunen. Oslo er i den mest utsette enden.

Tabell 6.9 Grad av sosial ulikskap mellom bydelar i Oslo, 1988-97. Segregasjonsindeks

Sosial indikator19881997
Arbeidsledige12,4 (-91)18,4
Sosialhjelpsmottakarar27,126,1 (-96)
Uføretrygda (16-66 år)16,916,7
Einslege forsørgere med overgangsstønad19,921,5
Barn under omsorg28,625,5 (-95)
16-18 år og ikkje i skule20,4 (-93)14,7 (-96)

Kjelde: Wessel 1999, Oslo kommunes plandatabase, Statistisk årbok for Oslo, Sosioøkonomiske data for bydelane, Oslo kommune 1996.

Indeksen er bygd opp av data om individa i kommunar. Kommunane er rangert etter kor hyppig levekårsproblem opptrer. Indeksen gjeld problem på områda sosialhjelp, dødstal, uføretrygd, attføringstrygd, vald, arbeidsløyse og overgangsstønad. Jo høgare tal, jo fleire tilfelle av levekårsproblem. Mellom 1995 og 1998 har kommunegruppene vorte noko meir like.

Eit døme på levekårsproblem som er tunge i storbyane er buforholda. Samanlikning av butilhøve i storbyane og resten av landet syner at og dei fleste i byane har gode butilhøve, men at nokre grupper har klårt dårlegare butilhøve i storbyane og særleg i Oslo enn i andre regionar. Dette går fram av Boforholdsundersøkelsen 1988 og 1995. Slike grupper er m.a. låglønte, unge med låg utdanning, sosialklientar og hushald med funksjonshemma medlem.

I ei undersøking av låg inntekt og butilhøve i Oslo, Bergen, Trondheim og Drammen blei grensa for låg inntekt sett lik inntektsgrensa i bustøtta. Den var i 1993 og 1994 om lag 126 000 kroner for ein familie med ein vaksen og eitt barn. I 1993 hadde 86 000 hushald i aldersspennet 18-66 år låg inntekt etter dette målet i desse fire store byane. Det er brukt inntektsdata frå SSBs inntektsregister. Låginntektgruppa utgjorde frå 12 til 16 prosent av desse aldersgruppene. Opp mot ein femdel hadde låg inntekt også året etter, og var heller ikkje studentar eller i fast arbeid. I denne gruppa som har meir enn forbigåande inntektsproblem, er eineforsørgjarar og einslege overrepresenterte (39 pst. einslege, 18 pst. eineforsørgjarar). Delen over 35 år med låg inntekt er nokså lik i dei fire byane, men i aldersgruppa 18-34 år er denne delen monaleg høgare i Oslo (24 pst. av aldersgruppa).

Vurdert under eitt bur gruppa med låge inntekter vesentleg dårlegare enn folket elles. Det gjeld m a utrygg disposisjonsrett over bustaden og mangelfull bustandard. I alt 61 pst. av gruppa med vedvarande inntektsproblem leiger, mot 41 pst. i gruppa med mellombels låg inntekt og 24 pst. i heile folket. Ein stor del av dei med dårlegast økonomi har utrygge, kortsiktige leigeforhold. Av dei som leiger, seier 30 pst. at dei må flytte ut av bustaden. Tre gonger så mange av den svakaste gruppa bur trongt og sju gonger så mange bur i umoderne bustader i forhold til heile folket. Ei samla vurdering av buforholda for denne svaktstilte gruppa er at 13 pst. bur bra, 48 pst. har store bustadproblem medan 30 pst. har visse problem.

6.12.1 Geografiske skilnader i storbyane

Dersom einsarta grupper buset seg i visse bydelar, oppstår det ein bukonsentrasjon av gruppene. Har vi sterk bukonsentrasjon av store grupper, blir bysamfunnet sosialt segregert (prega av geografisk åtskiljing av sosiale grupper). I internasjonalt lys er ikkje norske byar sterkt segregerte, men skilnadene mellom bydelane har likevel vore tydelege. Geografisk ulikskap i levekår kan visast med ein segregasjonsindeks. Den viser kor stor del av folket som måtte flytte dersom dei sosiale gruppene skal bli likt representert i alle bydelar. Tab. 6.9 syner kor segregert grupper med visse levekårsproblem bur i Oslo. Tabellen viser til dømes at vel 18 pst av dei arbeidslause måtte ha flytta frå bydelar der dei er overrepresenterte til bydelar der det er lite arbeidsløyse, for at segregasjonen av gruppa arbeidslause skulle bli borte. I tabellen er segresjonsindeksen vist og gruppene arbeidsledige, sosialhjelpsmottakarar, einslege forsørgjarar med overgangsstønad m fl.

Tabell 6.10 Segregasjon av utdanningsgrupper. Målt med segregasjonsindeksen på grunnkrinsnivå for personar i alderen 30-49 år. 1986 og 1996

19861996
Nivå 1 grunnskoleNivå 2 VidaregåendeNivå 3 universitet og høgskoleNivå 1 grunnskoleNivå 2 vidaregåendeNivå 3 universitet og høgskole
Oslo29,215,231,527,921,030,4
Bergen20,211,624,221,217,425,2
Trondheim18,511,622,321,016,023,5
Stavanger19,29,117,718,712,318,4

Kjelde: SSB

Det tydelegaste positive utviklingstrekket gjeld 16-18 åringar. På austkanten i Oslo har skuledeltakinga auka og det har ført til ein mindre skilnad mellom aust og vest. Men det er framleis 25 pst. i bydelen Grünerløkka-Sofienberg som var registrerte som "drop-outs" i skulen i 1996, mot 14 pst. i heile byen. Eit negativt særdrag er segregasjonen av arbeidsledige som aukar. Alle bydelane hadde lågare arbeidsløyseprosent i 1997 enn i 1991, men nedgangen var nokså liten i bydelane Grünerløkka-Sofienberg og Gamle Oslo.

I tabell 6.10 er det vist segregasjonsindeks for utdanningsgrupper. Den viser at det i alle dei fire byane som er med, er små endringar frå 1986 til 1996 for dei med lågast utdanning. Til dømes har indeksen ein verdi på vel 20 i Bergen begge åra. Det er ei auke når det gjeld segregasjon av dei med midlare utdanning, slik at indeksen har gått opp frå vel 11 til 16 i Trondheim frå 1986-1996. Fordelinga mellom grunnkrinsar i 1996 av dei med høgast utdanning er derimot om lag som ti år før.

Tabell 6.11 Del med personar over 17 år som er busette i grunnkrinsar med lågare gjennomsnittleg inntekt enn 75 pst. av gjennomsnittet i byen.

Antall personerAndel av folketalet
Oslo 1988115953,1
Oslo 1996296447,4
Bergen 198856183,4
Bergen 199659663,4
Trondheim 198829342,7
Trondheim 199628482,5
Stavanger 198817642,4
Stavanger 19968391,0

Det er også ein tendens til at færre grunnkrinsar har høg bukonsentrasjon av gruppa med låg utdanning.

Delen vaksne som bur i grunnkrinsar med låg gjennomsnittsinntekt kan vere ein indikator på segregasjon av inntektsgrupper. Her er brukt toppskattegrunnlaget (samla personinntekt) for alle personar over 17 år som inntektsomgrep. Tabellen viser personar busett i grunnkrinsar med ei gjennomsnittsinntekt lågare enn 75 proset av kommunen. I Oslo har dette blitt ein større del av folket, frå vel 3 pst. i 1988 til vel 7 pst. i 1996. I Stavanger har delen gått ned, til 1 pst. i 1996. I Bergen har delen vore stabil på 3,5 pst.

Tabell 6.12 Inntekta etter skatt pr forbrukseining for inntektsgruppene - desilar. Perioden 1986-96. Oslo, storbyane og heile landet.

198619911996
InntektsgruppeOsloStorbyeneHele landetOsloStorbyeneHele landetOsloStorbyeneHele landet
1.3,73,94,13,03,24,02,73,23,7
2.5,35,76,15,15,56,04,95,25,6
3.6,87,07,26,66,97,25,96,26,9
. . .
8.12,312,312,112,112,012,011,311,511,7
914,113,913,814,014,013,713,413,413,4
10.19,718,818,622,521,119,027,925,621,7

Kjelde: SSB

Dei fleste byar er gjerne eit lappeteppe av ulike buområde med kvar si historie og sosiale karakter. Slik er det også med Oslo, men byen har likevel eit gjennomgåande skilje mellom aust og vest. Graden av sosial ulikskap blir berre noko høgare når ein måler ulikskap på grunnkrinsnivå sett i forhold til ei rein todeling mellom aust og vest. Men områda med konsentrasjon av levekårsproblem har ikkje same sosiale profil. Ei samanstilling av data for bydelane i Oslo indre aust på den eine sida og bydelane i Groruddalen på den andre sida syner det:

Høg utdanning er på auk i Oslo indre aust, t.d. auka andelen med høg utdanning fra nær 25 pst. til nær 30 pst. fra 1993 til 1996 i bydel Grünerløkka- Sofienberg. Groruddalen (som omfatter fleire bydelar nordaust i Oslo) held derimot fram som eit stort område med overvekt av folk med låg og midlare utdanning. Det er og mange andre teikn på ei positiv utvikling t.d. på Grünerløkka. Ein indikator kan være at bustadprisane har auka kraftig.

Figur 6-1 Sosiale indikatorar for problemkonsentrasjon i nokre bydelar i Oslo: Indre aust og Groruddalen

Figur 6-1 Sosiale indikatorar for problemkonsentrasjon i nokre bydelar i Oslo: Indre aust og Groruddalen

Kjelde: Wessel 1999, datagrunnlag Oslo kommune.

Satsingar frå stat og kommune i fleire år kan sporast i endringar i bybiletet og folkesamansetninga (byfornyinga, gjeldssanering i byfornyinga, fysisk opprusting, trafikksanering, "Handlingsprogrammet Oslo indre aust", mv) - og urbane buformer har fått større popularitet meir allment. Men ser ein på andre indikatorar finn vi at dei mest alvorlege levekårsproblema likevel er konsentrerte i Oslo indre aust, t.d. når det gjelder bruk av sosialhjelp, omfanget av barn under omsorg, »drop-outs» i skolen m.v. Vi har altså her byområde der det både er ei gruppe med omfattande levekårsproblem og der det samtidig er strøk som er attraktive for velutdanna folk å busette seg.

Om ein finn mange med låg utdanning i Groruddalen, er folk likevel godt integrerte i arbeidslivet, og andelen arbeidslause er låg, sjå fig. 6.1. Derimot er det ein høg andel med uføretrygd. Området kan sjå ut til å få ein mindre variert folkesetnad, medan sentrale byområde vert populære i vidare kretsar. Ein bustadstruktur med mange eins bustadtyper i store blokkområde og mykje trafikkplager kan bidra til ei slik utvikling på bustadmarknaden i Oslo.

Også i dei andre norske storbyane er det levekårsskilnader mellom bydelane. Mønsteret er parallelt til det ein finn i Oslo. I sentrale byområde er levekårspresset sterkast med høg arbeidsløyse, dårlege buforhold, behov for sosialhjelp, høge dødstal og kriminalitet. Det er vist med levekårsundersøkingar i kommuneregi. Samtidig er det i sentrale bystrøk populære byområde som trekkjer til seg yngre folk med høg utdanning og kjøpekraft. I enkelte forstader i Bergen og Trondheim er det konsentrasjonar av levekårsproblem som meir minner om situasjonen i Groruddalen i Oslo.

6.12.2 Individuelle ressursar og geografisk ulikskap

Fordelinga av inntektene mellom dei med høg og låg inntekt er drøfta i kap 3 for heile landet. Her er vist fordelinga av inntekt splitta opp på Oslo, alle storbyane og heile landet. Inntektsomgrepet er inntekt etter skatt (SSB sine inntekt- og forbruksundersøkingar), jamfør drøfting i kap 3 - sjå mellom anna tabellane 3.1 og 3.5. Det er her brukt en ekvivalensskala for hushald (E=0,5) som tek mykje omsyn til stordriftsfordelar i hushald med fleire medlemer.

Tabell 6.11 viser at inntekta til gruppa med høgast inntekt har auka meir i storbyane og mest i Oslo, i høve til heile landet. Tala for heile landet har same basis som dei som står i tab 3.1. Det er og i Oslo vi finn dei sterkaste utslaga for gruppa med lågast inntekt. I Oslo har denne inntektsgruppa (desil 1) sin del av inntektene gått ned frå 3,7 pst. i 1986 til 2,7 pst. i 1997 av inntektene til heile befolkninga.

I Oslo er endringa mot aukande inntektsskilnader mest markert, og det er størst utslag for den lågaste og den høgaste inntektsgruppa. Det er også for desse gruppene at differansen mellom Oslo og andre regionar er størst. Gruppa med dei lågaste inntektene har tapt størst del, og tidelen med den aller høgaste inntekta pr forbrukseining har rykt til dels mykje frå dei andre. I tiårsperspektivet 1986-96 auka denne gruppa den relative inntekta si med 42 pst. Utrekningar for heile landet (Epland 1997) kan tyde på at biletet er endå skeivare i toppen av inntektsfordelinga, med ein konsentrasjon av den mest markante inntektsveksten blant den eine prosenten med høgast inntekt. Kapitalinntektene har auka mykje som del av inntektene, særleg for den høgaste inntektsgruppa. Auka kapitalinntekter kan forklare endringar i inntektsfordelinga dei siste åra (jf. Drøftingar i kap 3, fig. 3.3 og tab. 3.4). Det er i Oslo vi finn dei fleste og største kapitaleigarane. Inntektsgruppene i midten (desil 4 til og med 7, som er uteletne frå tabellen) har hatt ei relativt jamn utvikling i heile landet og seg i mellom. Også desse gruppene får redusert sin del (på grunn av veksten i toppen). På ti år (1986-1996) har gjennomsnittleg prosentvis inntektsskilnad (målt med gini-indeks - eit statistisk mål) auka med 35 pst. (ni prosentpoeng). Auken fordeler seg relativt jevnt over perioden.

Livet i storbyane er meir enn i andre miljø avhengig av kjøp og sal av varer og tenester. Derfor er det rimeleg å gå ut ifrå at inntektsfordelinga må spele ei viktig rolle for fordelinga av samla levekår særleg i byane. Økonomiske ressursar står i samband med levekår på tre måtar. For det første gir inntekt og formue høve til eit høgt forbruksnivå på kort og lang sikt. For det andre kan mangel på kjøpekraft verke inn på tilgangen til andre (ikkje-materielle) ressursar, til dømes ei sunn og trygg lokalisering i byen. Den einskilde som brukar inntektene sine gjer det i ein marknad. Verdien av dei økonomiske ressursane er avhengig av marknadsforholda som blir påverka av ei endra fordeling av inntekt og formue i samfunnet.

I forhold til målet om ein meir variert folkesetnad og utjamning av levekåra mellom storbystrøk, kan potensialet for segregasjon ha vorte større i dag enn midt i 1980-åra. Endringane når det gjeld segregasjon i storbyane er likevel ikkje så store, som vi har sett over. Vi finn visse endringar både når det gjeld fordelinga av dei med låge inntekter og dei med mellomlang utdanning. Utslaga er størst i Oslo. Men stabiliteten er likevel det klåraste trekket. Det kan være at dei auka inntektene til dei aller høgaste inntektsgruppene ikkje slår så sterkt inn i dei lokale marknadane. Det kan og vere at verknadene av større ulikskap slår ut først på noko lengre sikt. Konkurransen og utviklinga på bustadmarknaden kan vere av særlege interesse å følgje, ikkje minst når det gjeld situasjonen for dei som har utrygge og dårlege leigetilhøve. Det er og mogleg at mønsteret i segregasjon i storbyane blir positivt påverka av den politikken som er ført med omsyn til byfornying og struktur i bustadmassen. Byfornying og generasjonsskifte i den gamle bustadmassen har ført til meir variert samansetning av folkesetnaden i visse bystrøk. Utbygging av større bustadområde har blitt gjort etter meir varierte mønster enn i tidlegare faser. I byområde med liten variasjon i bustadtyper og miljø kan vi sjå tendensar til mindre variert samansetjing av folkesetnaden.

6.13 Oppsummering

Gjennomgangen av dei ulike indikatorane viser at det er skilnad i levekåra mellom sentrum og periferi, men at denne differansen ikkje systematisk går i favør eller disfavør av ein spesiell region. Sysselsetjings- eller arbeidsløysesituasjonen er ikkje dårlegare i perifere strøk enn i byar og tettstader eller i storbyane. Inntektstala viser gjennomgåande at inntektene ligg lågare i periferien enn i sentrale strøk. Utdanningsnivået har vist ein stigande tendens dei siste åra, men det er framleis store skilnader mellom fylka når vi ser på kor stor del av folket som tek høgare utdanning. Bustadsituasjonen er betre i utkantane enn i sentrale strøk. Tilsvarande viser indikatorane for støy, tenestetilbod og sosialt nettverk at innbyggjarane i perifere strøk kjem bra ut samanlikna med både byar, tettstader og storbyar. Det synest ut frå dette materialet ikkje som om det er grunn til å meine at det er store systematiske skilnader i levekåra mellom by og land. Tvert imot har dei gjennomsnittlege levekårsskilnadene mellom by og land jamna seg ut, og det er i dag slik at det er innanfor dei største byane, spesielt i Oslo, at ein finn både dei dårlegaste og dei beste levekåra. Det er også i tråd med dei konklusjonane som er trekte i tidlegare undersøkingar om skilnader i levekåra.

Tilsvarande er det mogleg at det finst skilnader mellom perifere kommunar som ikkje er avdekt i vårt materiale. Rapporten Vi sto han av frå Nordlandsforskning (1994) viser til dømes at det ikkje er store skilnader mellom Nordland og resten av landet, men at det er enkelte problematiske grupper og områder innanfor fylket. Vi har ikkje gått gjennom vårt datamateriale for å sjå etter slike avvik innanfor fylke eller regionar i fylket. Ei slik undersøking vil blir gjort i samband med Regjeringa si melding om regionalpolitikk.

Satsing på eit variert næringsliv er, saman med vekst i den offentlege tenesteytinga, viktige årsker til at levkåra er så gode i perifere strøk.

Fotnotar

1.

Datamaterialet som dette kapittelet byggjer på er publisert i Notater 99/35 frå SSB.

Til forsida