St.meld. nr. 55 (1997-98)

Kredittmeldinga 1997

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 1997. Etter omlegginga av Kredittmeldinga som vart varsla i Kredittmeldinga 1995, skal meldinga no i større grad enn tidlegare vere eit dokument som omhandlar aktuelle saker på finansmarknadsområdet.

I kapittel 1 blir det gitt generell marknadsinformasjon om finansinstitusjonane og verdipapirhandelen i 1997, medan kapittel 2 handlar om strukturpolitikken på finansmarknadsområdet. Kapittel 3 handlar om forvaltningsarbeidet som departementet og Kredittilsynet har utført på finansmarknadsområdet i 1997. Kapittel 5 omtalar verksemda til Kredittilsynet i 1997. Vidare er det ein omtale av verksemda til Noregs Bank i 1997 (kapittel 4), Statens Banksikringsfond (kapittel 6) og Statens Bankinvesteringsfond (kapittel 7). Omtalen av verksemda til desse institusjonane er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 28, banksikringsfondslova § 8 og bankinvesteringsfondslova § 6. Omtalen i dei nemnde kapitla byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 8 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 1997.

Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet følgjer som utrykte vedlegg til meldinga. Framstillinga er på enkelte punkt ført fram utover årsskiftet 1997/98.

1.2 Utviklinga på finansmarknaden

Spare- og forretningsbankane hadde samla sett gode resultat i 1997. Det er jamt over god økonomi i føretak og hushaldningar, og det avspeglar seg i lågt misleghald og låge bokførte tap i bankane. Men nedgangen i nettorentene i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital held fram, og det verkar som eit press mot den underliggjande lønsemda. Mange bankar har fått redusert evne til å møte moglege tilbakeslag, fordi dei har hatt låge avsetningar til tap og svekt kjernekapitaldekning som følgje av høg utlånsvekst.

Det har vore ein markert auke i skadeprosenten, og derfor har skade- og kredittforsikringsselskapa hatt lågare resultat i 1997 enn i året før. Høge finansinntekter gjer sitt til at det samla resultat likevel må karakteriserast som relativt bra.

Livselskapa oppnådde gode resultat i 1997, mykje som følgje av den positive utviklinga i aksjemarknaden i Noreg og internasjonalt. Dei positive resultata har gjort det mogleg å styrkje tilleggsavsetningane og byggje opp kursreservar i livselskapa. Totale premieinntekter auka med heile 26 prosent (korrigert for flytting av ordningar) frå 1996 til 1997. Premieauken kjem frå auka nyteikning av individuell renteforsikring (livrente) og individuell kapitalforsikring.

1.2.1 Bank

Både spare- og forretningsbankane opplevde at presset på nettorenta heldt fram i 1997, noko som tyder på at konkurransen i banknæringa er sterk. Tabell 1.1 og 1.2 viser at nettorenta, som er differansen mellom renteinntekter og rentekostnader, vart redusert med 0,24 og 0,35 prosentpoeng for respektive forretnings- og sparebankane. Sjølv om fallet var størst for sparebankane, skjedde dette frå eit høgre nivå. Sparebankane oppnår framleis høgre rentenetto enn forretningsbankane. Medan forretningsbankane oppnådde ei nettorente på 2,06 prosent i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital, var nettorenta til sparebankane 2,97 prosent i høve til same forholdstal.

Tabellane viser òg at inntektsføring av tap på utlån er gått sterkt ned for forretningsbankane. Saman med låge nivå på avsetningane kan det tyde på at dei ikkje lenger kan rekne med inntekter frå tapsavsette engasjement. Sparebankane som gruppe har ikkje inntektsført tap på utlån dei tre siste åra, sjølv om avsetningane til tap har vore låge. Det har vore sterk auke i utlånsvolum i bankane i 1997. Dette går fram av tabellane 1.3 og 1.4. Forretningsbankane auka sine utlån med 18,9 prosent i 1997, medan sparebankane hadde ein vekst i utlån på 13,5 prosent. Tek ein omsyn til at DnB tok over utlånsporteføljen til Vital, blir utlånsveksten for forretningsbankane 16,1 prosent.

Avkastninga på eigenkapitalen i forretningsbankane, målt ved resultat av ordinær drift før skatt og ekstraordinære postar som del av gjennomsnittleg eigenkapital, var 18,1 prosent i 1997. Dette er 3,9 prosentpoeng lågare enn i 1996, og 6 prosentpoeng lågare enn i 1995, men kan likevel karakteriserast som god eigenkapitalrentabilitet. Eigenkapitalavkastninga i sparebankane var 16,9 prosent for 1997 mot 18,2 prosent i 1996.

Tabell 1.1 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for forretningsbankar (morbank utanom filialar i utlandet, utanlandske filialar i Noreg og Postbanken)

199519961997
Nettorente2,562,302,06
Andre inntekter1,121,341,27
av dette kursvinstar/-tap verdipapir0,320,270,29
Andre kostnader2,612,262,03
Resultat av ordinær drift før tap1,071,080,97
Tap på utlån og garantiar-0,37-0,24-0,07
Resultat av ordinær drift etter tap1,441,321,05

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Tabell 1.2 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for sparebankar

199519961997
Nettorente3,813,322,97
Andre inntekter0,941,111,23
av dette kursvinstar/-tap verdipapir0,200,160,14
Andre kostnader2,922,892,85
Resultat av ordinær drift før tap1,831,541,35
Tap på utlån og garantiar0,160,080,07
Resultat av ordinær drift etter tap1,671,461,28

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet, bankstatistikken

Tabell 1.3 Balansepostar for forretningsbankar (morbank utanom filialar i utlandet, utanlandske filialar i Noreg og Postbanken) Mrd. kroner ved utgangen av året

199519961997
Utlån til kundar (brutto)285343408
Innskott frå kundar204245249
Forvaltningskapital358459526

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Tabell 1.4 Balansepostar for sparebankar. Mrd. kroner ved utgangen av året

199519961997
Utlån til kundar (brutto)244275312
Innskott frå kundar209226233
Forvaltningskapital284320362

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet, bankstatistikken

Den sterke veksten i utlån førte til at soliditeten til bankane fall. Gjennomsnittleg kjernekapitaldel ved utgangen av 1997 er berekna til 7,6 prosent for forretningsbankane. Dette er ein nedgang på 0,5 prosentpoeng samanlikna med utgangen av 1996. For sparebankane er det berekna ei gjennomsnittleg kjernekapitaldekning på 11,7 prosent ved utgangen av 1997, medan ho 12 månader tidlegare var berekna til 12,2 prosent.

I årsmeldinga til Kredittilsynet for 1997 er det ei grundig drøfting av følgjene av ein sterk utlånsauke i bankane over fleire år.

Alle forretnings- og sparebankane oppfylte ved utgangen av 1997 lovkravet til kapitaldekning på 8 prosent. Seks forretningsbankar og ein sparebank rapporterte ei kjernekapitaldekning på under 8 prosent, og var såleis avhengige av tilleggskapital for å tilfredsstille minstekrava i lova til soliditet. Tilleggskapitalen består av ansvarleg lånekapital.

Eit anna viktig trekk ved utviklinga er at innskott frå kundar ikkje aukar tilstrekkeleg til å dekkje den sterke ekspansjonen på utlånssida. For forretningsbankane har innskott frå kundar auka med berre 1,5 prosent samanlikna med utgangen av 1996. Dette gir ein reduksjon i innskottsdekninga av utlån frå 71,5 prosent til 61,5 prosent. For sparebankane auka innskotta med 3 prosent. Innskottsdekninga av utlån fall likevel frå 82 prosent ved utgangen av 1996 til 75 prosent eitt år seinare. Som følgje av den svekte innskottsdekninga finansierer bankane i auka grad utlånsverksemda med å låne frå andre bankar og ved å ta opp lån i sertifikat- og obligasjonsmarknaden.

Ved slutten av 1997 var det 148 bankar i Noreg. Det var i alt 133 sparebankar, 13 norske forretningsbankar, ein dotterbank av utanlandsk forretningsbank og Postbanken. I tillegg til desse var seks utanlandske bankar representerte med filialar i Noreg. Norske bankar hadde 13 filialar i utlandet. Av desse var seks filialar innafor EØS-området.

1.2.2 Forsikringsselskap

Ved utgangen av 1997 var det 48 ordinære skadeforsikringsselskap og 5 kredittforsikringsselskap i Noreg.

Markert auke i skadeprosent har gitt lågare resultat i skade- og kredittforsikringsselskapa i 1997 i høve til året før. Skadeprosenten auka med 4,5 prosentpoeng. Skade- og kredittforsikringsselskapa samla fekk i 1997 eit resultat av ordinær verksemd på 2,9 mrd. kroner. Målt i høve til opptent premie for eiga rekning er dette ein reduksjon frå 16,5 prosent til 14,9 prosent. Høge finansinntekter gjer sitt til at det samla resultatet likevel må karakteriserast som relativt bra. Det er ein liten auke i brutto premieinntekter på 0,9 prosent i høve til 1996, men korrigert for prisveksten er denne i røynda negativ, noko som tyder på hard konkurranse i bransjen. Dei fire største skadekonserna stod for 87 prosent av samla opptent brutto premie i 1997. Dei fekk eit resultat på 10,3 prosent av opptent premie, mot 13,5 i 1996. Aksjeselskap utanom skadekonsern og kredittforsikringsselskapa fekk òg eit fall i resultatet, medan captive-selskapa betra resultatet monaleg.

Tabell 1.5 viser dei viktigaste resultatpostane i dei fire største skadekonserna.

Tabell 1.5 Resultatpostar i dei fire største skadekonserna. Mrd. kroner og i prosent av opptent premie for eiga rekning

19961997
Mrd. krProsentMrd. krProsent
Opptent premie f.e.r.17,2-17,6-
Pådregne skadar f.e.r.13,176,414,180,4
Driftskostnader4,928,45,028,5
Netto finansinntekter3,420,13,519,9
Resultat av ordinær verksemd2,313,51,810,3

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet

Dei fire skadekonserna hadde ein forvaltningskapital på 50,8 mrd. kroner ved utgangen av 1997, ein auke på 2,5 prosent frå utgangen av 1996. Av dette er 20 prosent investeringar i aksjar, mot 16 prosent på same tidspunkt året før. Ein stor del av desse aksjane er aksjar i dotterselskap. Behaldninga av obligasjonar og sertifikat har minka i same periode.

Alle skade- og kredittforsikringsselskapa oppfylte ved slutten av 1997 kravet til kapitaldekning på 8 prosent.

Ved slutten av 1997 var det ti norske livsforsikringsselskap og seks selskap med konsesjon til å drive livsforsikring med investeringsval. Livsforsikring med investeringsval blir omtala nedafor. Dei fire største livsforsikringsselskapa stod for 88 prosent av den samla forvaltningskapitalen.

Livselskapa oppnådde gode resultat i 1997, mykje som følgje av høge verdipapirvinstar. Verdijustert resultat før tilleggsavsetningar, midlar tilførte kundar og skatt var 4,7 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital, mot 4,5 prosent i 1996. Verdijustert resultat inkluderer endringar i urealiserte vinstar. Ein auke i resultat før tilleggsavsetnader, midlar tilførte kundar og skatt frå 2,8 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 1996 til 3,3 prosent i 1997, tyder på at livselskapa har realisert meir av auken i verdipapirmarknadene i 1997 enn året før. Samla premieinntekter auka med heile 26 prosent (korrigert for flytting av ordningar) frå 1996 til 1997. Premieauken kjem frå auka nyteikning av individuell renteforsikring (livrente) og individuell kapitalforsikring. Tabell 1.6 viser dei viktigaste resultatpostane i livselskapa i 1996 og 1997.

Tabell 1.6 Resultatpostar i livsforsikring. Mrd. kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital

19961997
Mrd. krProsentMrd. krProsent
Premieinntekter23,09,327,610,2
Netto inntekter frå finansielle eigedelar19,57,922,48,3
Erstatningar17,16,917,56,5
Endringar i forsikringsavsetningar15,46,320,47,5
Forsikringsrelaterte kostnader og adm. kostnader2,71,12,81,1
Resultat før tilleggsavsetn., midlar tilførte kundar og skatt6,92,89,03,3
Verdijustert resultat før tilleggsavsetn., midlar tilførte kundar og skatt11,04,512,64,7
Overskott etter tilleggsavsetn., midlar tilførte kundar og skatt1,10,41,30,5

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet

Forvaltningskapitalen i livselskapa auka med 10 prosent frå utgangen av 1996 til 284 mrd. kroner ved utgangen av 1997. I same periode steig investeringar i aksjar frå 13,7 prosent av forvaltningskapitalen til 20 prosent, og utlån fall frå 18,8 prosent til 11,9 prosent. Aksjar investerte i utlandet utgjer 45,4 prosent av total aksjebehaldning. Aksjar og store behaldningar med obligasjonar gjer livselskapa sårbare for fall i verdipapirmarknadene. Tilleggsavsetningar og kursreservar er dei viktigaste bufferane mot denne marknadsrisikoen. Dei positive resultata i 1997 har gjort det mogleg å styrkje desse bufferane. Livselskapa sette av nye tilleggsavsetningar på til saman 2,6 mrd. kroner, samstundes som kursreservane auka med 3,6 mrd. kroner i 1997. Til saman hadde livselskapa ved utgangen av 1997 bufferar på 36,9 mrd. kroner, delte på 12,7 mrd. kroner i tilleggsavsetningar og 12,4 mrd. kroner i kursreservar. Dette utgjorde 13,0 prosent av forvaltningskapitalen. I tillegg kjem ansvarleg kapital på 11,8 mrd. kroner. Alle livselskapa hadde ved utgangen av 1997 ei kapitaldekning som var høgre enn minstekravet på 8,0 prosent.

Selskapa som tilbyr livsforsikring med investeringsval, fekk eit underskott på 20 mill. kroner i 1997. Premieinntektene var 594 mill. kroner, og forvaltningskapitalen ved utgangen av 1997 var 782 mill. kroner. Underskottet og dei låge premieinntektene kjem av at selskapa berre har vore aktive frå august 1997. Aksjar og delar i aksjefond utgjer 47,1 prosent av forvaltningskapitalen. Det er (i all hovudsak) forsikringskundane som sit med risikoen knytt til dei store aksjeinvesteringane i desse selskapa.

1.2.3 Finansieringsføretak

Gruppa finansieringsføretak er samansett av finansieringsselskap og kredittføretak. Ved utgangen av 1997 var det registrert 37 finansieringsselskap og 11 filialar av utanlandske finansieringsselskap, 8 kredittføretak og 1 filial av eit utanlandsk kredittføretak i Noreg.

Det var ein auke i samla forvaltningskapital i finansieringsselskapa på 20,4 prosent frå 1996 til 1997. Dei utanlandske filialane auka mest. Resultat av ordinær drift var om lag 0,3 prosentpoeng lågare enn i 1996 i høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital. Dette kjem i hovudsak av ein auke i tap på utlån.

Forvaltningskapitalen i kredittføretaka auka med 11,5 prosent frå 1996 til 1997. Resultat av ordinær drift auka med om lag 0,1 prosentpoeng frå 1996 i høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital. Årsaka var i første rekkje tilbakeføringar av tidlegare bokførte tap.

Ved utgangen av 1997 hadde finansieringsselskapa ei kjernekapitaldekning på 14,0 prosent. Dette var ein nedgang på 0,4 prosentpoeng samanlikna med utgangen av 1996. To finansieringsselskap oppfylte ikkje det lovbestemte kravet til 8 prosent kapitaldekning. Eit av desse er under avvikling, medan det andre var nystarta og har seinare fått ny ansvarleg lånekapital slik at kravet er oppfylt i 1. kvartal 1998. Fire selskap hadde ei kjernekapitaldekning på under 8 prosent ved utgangen av 1997.

Kredittføretaka hadde ei kjernekapitaldekning på 13,7 prosent ved utgangen av 1997, ein nedgang på 0,6 prosentpoeng frå 1996. Alle kredittføretaka oppfylte kravet til 8 prosent kapitaldekning med god margin, og alle hadde ei kjernekapitaldekning på over 8 prosent.

1.2.4 Verdipapirhandel

Stortinget vedtok endring av verdipapirhandellova 7. juni 1996. Endringane førte til at eit nytt sett av rammevilkår vart etablert for bankane si verksemd som er knytt til valuta- og rentederivat, og verksemda i dei tidlegare fondsmeklarføretaka. Reglane tok til å gjelde 31. desember 1996, med nokre overgangsreglar.

Lovendringa innebar mellom anna at alle eksisterande føretak måtte søkje om konsesjon for den verksemda dei skulle drive. Konsesjonsbehandlinga for dei eksisterande føretaka vart sluttbehandla våren 1997. Vidare fekk 32 nye føretak konsesjon som verdipapirføretak i 1997. Verksemda i fem verdipapirføretak vart avslutta i dette året.

Det har vore sterk vekst i verdipapirmarknaden i 1997. Omsetninga på Oslo Børs auka til 341 milliardar kroner. Dette var 48 prosent meir enn året før. Det var òg mange aksjeemisjonar på Oslo Børs i 1997. Desse emisjonane hadde eit samla volum på 21,5 milliardar kroner. Dette var 139 prosent meir enn året før.

Vidare var det sterk vekst i inntektene til verdipapirføretaka. Samla driftsinntekter var på 4,4 milliardar kroner. Dette var 105 prosent meir enn året før.

I 1997 har det òg vore sterk vekst i forvaltningskapitalen til verdipapirfonda. Ved utgangen av 1997 hadde forvaltningskapitalen vakse til 96,1 mrd. kroner. Dette var ein auke på 48 prosent frå året før. Ein stor del av auken har si årsak i avkasting på investerte midlar. Netto nyteikning i verdipapirfond i 1997 var om lag 20 mrd. kroner.

Låg rente på tradisjonelle bankinnskott har ført til at hushaldningane og føretaka i aukande grad har kanalisert den finansielle sparinga si i verdipapirfond. Den høge avkastinga i verdipapirmarknaden dei seinare åra har òg ført til at midlar blir flytta frå tradisjonelle spareformer.

1.2.5 Strukturen på finansmarknaden

Innanlandske blanda finanskonsern og samarbeidande grupper har ein stor plass i den norske finans- og forsikringsmarknaden. Målt ut frå storleiken på forvaltningskapitalen blir meir enn to tredelar av dei innanlandske finansielle tenestene distribuerte av dei åtte største konserna (grupperingane). Dei åtte største konserna har ein marknadsdel som varierer frå om lag 50 prosent for finansieringsføretak til godt over 70 prosent for bank og livsforsikring.

Det var ikkje nokon større hendingar som verka inn på strukturen i finansmarknaden i 1997. Seks livsforsikringsselskap med investeringsval fekk i 1997 løyve til å drive verksemd. Verksemda deira var framleis lita i 1997.

Sparebanken NOR og Gjensidige-gruppen med dei to samarbeidande gjensidige forsikringsselskapa, Gjensidige Livsforsikring og Gjensidige Skadeforsikring, varsla våren 1998 at dei ynskjer å danne eit «finanskonsern» gjennom samarbeidsavtalar og felles vedtektsfesta selskapsorgan.

Tabell 1.7 viser marknadsdelane til finanskonsern i ulike segment av finansmarknaden. Finanskonserna er særs ulike i struktur og samansetjing. DnB-konsernet er det største av finanskonserna totalt sett, og konsernet er klart størst innafor banksektoren. Storebrand og Gjensidige er om lag like store i skadeforsikring, medan Storebrand er klart størst i livsforsikring. Storebrand, Gjensidige og DnB er no involverte i alle marknadsområda. Som det går fram av tabell 1.7, er dei fleste grupperingane representerte innafor bankverksemd, finansieringsføretak, verdipapirfond og livsforsikring, medan det enno berre er dei forsikringsdominerte konserna som driv verksemd innafor skadeforsikring.

Tabell 1.7 Marknadsdelane til finanskonserna i ulike segment av finansmarknaden per 31.12.97 i prosent av forvaltningskapital

BankFinansieringsføretak1 )VerdipapirfondSkadeforsikring2 )LivsforsikringTotalmarknad
DnB20714-1717
CBK132810-412
Sp.b NOR121118-210
Storebrand00626327
Sparebank 1/ Samarb. sp.b.12211-18
Postbanken10-3--6
Gjensidige23526156
Landsbanken/ Samvirke100531
Fokus402--3
Totalt finanskonsern745169577470

1) Finansieringsselskap og kredittføretak

2) Inkl. kredittforsikring og brannkasser

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet

Det går fram av tabell 1.8, som viser storleiken på dei største nordiske og norske finanskonsern målt ved forvaltningskapital, og to store europeiske konsern, at dei norske konserna likevel er små i internasjonal samanheng.

Tabell 1.8 Forvaltningskapitalen i dei største nordiske finanskonserna (og to store europeiske) per 31.12.97

FinanskonsernMrd. NOK
Deutsche Bank1 )4 274
Barclays Bank1 )2 369
Handelsbanken834
Nordbanken/Merita820
SE-Banken649
Foreningssparbanken648
Den Danske Bank573
UniDanmarkgruppen417
Den norske Bank2 )296
Kreditkassen184
Sp.b.NOR133
Storebrand116
Gjensidige (holdingselskapet)79

1) Tala er henta frå The Banker feb. 98.

2) Den samla forvalta kapitalen til DnB-konsernet, som omfatter eigedelane til konsernet, eigedelar i Vital, formuesforvaltning i DnB Investor og anna kapitalforvaltning (ifølgje årsrapporten).

Til forsida