St.meld. nr. 55 (1997-98)

Kredittmeldinga 1997

Til innhaldsliste

5 Verksemda til Kredittilsynet i 1997

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærmare omtale av arbeidet innafor dei ulike tilsynsområda.

Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, liv- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak og forsikringsmeklarar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2-7, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med Postbanken BA etter kredittilsynslova § 1 nr. 10, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører tilsyn med verksemder til filialar av kreditt- og finansinstitusjonar frå andre statar i dei høve slikt tilsyn ikkje blir ført av myndigheitene i heimlandet. Det blir òg ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lov og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskap og andre oppgåver frå institusjonane si stilling og verksemd som Kredittilsynet finn nødvendig, jf. kredittilsynslova § 3.

Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, oppnemnt av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd.

I 1997 hadde styret ei samansetjing som vist i boks 5.1.

Boks 5.1 Boks 5.1 Styret i Kredittilsynet 1997

Professor dr. juris Erling Chr. Selvig, leiar H.r.advokat Else Bugge Fougner, nestleiar

Professor Asbjørn Rødseth

Advokat Eli Aas

Administrerande direktør Ingebrigt Børsheim

Varamedlemmer:

Direktør Turid Hundstad

Avdelingsdirektør Steinar Undrum

Representantar for dei tilsette:

Rådgivar Kjersti Elvestad

Rådgivar Erik Johansen

Fagdirektør i Noregs Bank, Harald Bøhn, var oppnemnd som observatør til styret, med fagdirektør Trond Eklund som varaobservatør.

Eit nytt styre for perioden fram til 31. desember 2001 vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon 30. januar 1998. Dette er samansett som vist i boks 5.2.

Boks 5.2 Boks 5.2 Styret i Kredittilsynet oppnemnt 30. januar 1998

Professor dr. juris Erling Selvig, leiar

H.r.advokat Else Bugge Fougner, nestleiar

Professor Asbjørn Rødseth

Advokat Eli Aas

Direktør Kolbjørn Almlid

Varamedlemmer:

Direktør Lisbet Hjort

Representantar for dei tilsette:

Rådgivar Aud Kogstad

Rådgivar Tor A. Hvidsten

Nestleiande direktør i Noregs Bank, Asbjørn Fidjestøl, er observatør til styret, med fagdirektør Trond Eklund som varaobservatør.

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s. 44):

«Kredittilsynet har i dag i alt 140 stillinger. Ved utgangen av 1997 var det 134 fast tilsatte, mot 129 ved utgangen av 1996. Av disse var 53 prosent kvinner. (...)

Kredittilsynet har tilfredsstillende tilgang på gode søkere som er nyutdannet fra universitet og høyskoler. I tillegg legges det vekt på å knytte til seg medarbeidere med god kompetanse og bred erfaring fra bransjene.»

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 78,5 mill. kroner, ein auke på 6,4 prosent frå 1996. Utgiftene vart dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Sjå elles årsmeldinga frå Kredittilsynet for nærmare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn.

Noka Securities gjekk konkurs den 24. april 1997. Årsaka til konkursen var at tidlegare administrerande direktør hadde utført uautorisert eigenhandel. Tilhøvet vart kjent for Kredittilsynet under inspeksjon i februar 1997. Kredittilsynet bad revisor gjennomføre ein grundig gjennomgang av enkelte handlar som kundar hadde gjort. Desse undersøkingane førte til at endå fleire skjulte eigenhandlar vart avdekte. Eigenhandelen hadde påført føretaket eit stort underskot. Tidlegare administrerande direktør vart idømd straff for grovt bedrageri, grovt underslag, selskapssvindel og dokumentfalsk i Oslo byrett 1. oktober 1997.

I første halvdel av desember 1997 mista Bergen Fondsmeglerforretning AS konsesjon til å drive aktiv forvaltning. Føretaket hadde sett bort investeringsavgjerdene og braut dermed konsesjonsvilkåret. Tekan Aktiv Forvaltning AS mista òg sin konsesjon, som enno ikkje var verksam, av di føretaket hadde drive ulovleg aktiv forvaltning. På grunn av tilhøve som vart avdekte i samband med Bergen Fondsmeglerforretning AS, valde Norse Securities AS å levere inn sin konsesjon til Kredittilsynet.

I årsmeldinga for 1997 i kapittelet «Bank, finans og forsikring» har Kredittilsynet under avsnittet «Forvaltning av regelverket og regelverksutvikling» gitt denne fråsegna:

«Det er innført lempeligere regler for engasjementer med selskaper som inngår i samme konsern. For engasjementer mellom mor- og datterselskaper er grensen i realiteten opphevet. Forskriften er ikke gjort gjeldende for forsikringsselskaper. Kredittilsynet har ved flere anledninger understreket det uheldige ved disse forholdene og advart mot de løsninger Finansdepartementet til sist valgte.»

Departementet viser til at det var fleire viktige spørsmål ein måtte ta standpunkt til når ein skulle fastsetje forskrift om store engasjement. Dette gjeld mellom anna om reglane òg skulle gjerast gjeldande for forsikringsselskapa, eller om dei berre skulle gjerast gjeldande for kredittinstitusjonar og verdipapirføretak. Vidare oppstod spørsmålet om korleis engasjementsreguleringa skulle vere mellom mor- og dotterselskap. Forskrifta vart ikkje gjord gjeldande for forsikringsselskap, og det vart liberal tilgang til å gi lån frå mor- til datterselskap. Departementet la blant anna vekt på at etter EØS-regelverket skal reglar om store engasjement berre gjelde for kredittinstitusjonar, og ikkje for forsikringsselskap. Det vart vist til at norsk regelverk ikkje bør avvike for sterkt frå regelverket i dei andre EØS-landa, dersom det ikkje er særskilde grunnar for det.

Siden denne saka reiser mange kompliserte spørsmål, varsla departementet då denne forskrifta vart vedteken, at ein ville be Banklovkommmisjonen om å vurdere regelverket på dette området. Dette vart følgt opp i eit brev frå departementet til Banklovkommisjonen av 10. desember 1997. Spørsmåla blir omhandla i den femte utgreiinga frå Banklovkommisjonen, som truleg blir levert omkring sommaren 1999.

Til forsida