St.meld. nr. 55 (1997-98)

Kredittmeldinga 1997

Til innhaldsliste

7 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1997

7.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond vart oppretta ved eiga lov 29. november 1991 med ein grunnkapital på 4 500 mill. kroner. Statens Bankinvesteringsfond har som formål å stille ansvarleg kapital til rådvelde for norske bankar med utgangspunkt i forretningsvurderingar, men kan i særlege tilfelle tileigne seg aksjar og grunnfondsbevis frå Statens Banksikringsfond, eller overta ansvarlege lån frå Statens Banksikringsfond utan at forretningsvurderingar ligg til grunn for kjøpet.

7.2 Styre og administrasjon i Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond er eit eige rettssubjekt. Fondet har eit eige styre og ein administrerande direktør. Før styret gjer vedtak om bruk av midlar eller avhending av aktiva, skal saka leggjast skriftleg fram for Finansdepartementet. Finansdepartementet kan i særskilde tilfelle instruere styret i enkeltsaker. Styret skal ha høve til å uttale seg før Finansdepartementet gjer slike vedtak.

Samansetjinga av styret er vist i boks 7.1.

Boks 7.1 Boks 7.1 Styret for Statens Bankinvesteringsfond

Førstelagmann Arne Christiansen, leiar

Professor Hermod Skånland, nestleiar

Sjeføkonom Stein Reegård, medlem

Økonomidirektør Anita Roarsen, medlem

Likestillingsombod Anne Lise Ryel, medlem

Administrasjonen har tre fast tilsette. Siviløkonom Jan W. Hopland er administrerande direktør i fondet. I tillegg nyttar fondet faste eksterne rådgivarar.

Årsmelding for verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1997 vart lagd fram av styret 9. mars 1998.

7.3 Rekneskap og balanse for 1997

Statens Bankinvesteringsfond hadde i 1997 eit overskott på 855 mill. kroner mot 1 344 mill. kroner i 1996.

Driftsinntektene utgjorde 681 mill. kroner og driftskostnadene 6,6 mill. kroner. Driftskostnadene er større enn året før på grunn av arbeidet med den føreslåtte Christiania-fusjonen. Av inntektene utgjer utbytte frå aksjar i DnB og Kreditkassen til saman 838 mill. kroner. Sum renteinntekter er lågare enn i fjor som følgje av mindre gjennomsnittsbehaldning av likvide midlar og renteberande ansvarlege lån.

Bankinvesteringsfondet har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 1997.

Marknadsverdien for investeringane til Bankinvesteringsfondet utgjorde 16 633 mill. kroner pr. 31.12.97. Det er 11 536 mill. kroner meir enn bokført verdi. Meirverdien ved førre årsskifte utgjorde 6 242 mill. kroner.

Heile årsoverskottet på 855 mill. kroner er avsett som utbytte til staten.

Verdipapirporteføljen som Bankinvesteringsfondet forvaltar, hadde i 1997 samla driftsinntekter på 1 053 mill. kroner og eit nettoresultat på 1 046 mill. kroner etter frådrag av driftskostnader.

7.4 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1997

Det vart i St.meld. nr. 39 (1993 - 94) Bankkrisemeldingen s. 127 gjort greie for formålet og retningslinjene for den statlege medeigarskapen i norske forretningsbankar:

«Formålet med et statlig medeierskap skal være å bidra til å sikre et stabilt eierskap i de to største forretningsbankene. Et slikt eierskap forutsettes å sikre at sentrale beslutningsfunksjoner forblir i Norge, og at oppmerksomheten mot utviklingsmulighetene i norsk næringsliv ikke svekkes. En statlig eierandel på over 1/3 er tilstrekkelig for å nå de angitte målene for det statlige eierskapet. Med en slik eierandel vil staten kunne utøve en betydelig innflytelse over strategiske veivalg i banken, samt kunne forhindre vedtektsendringer som er i strid med nasjonale interesser. Det forutsettes at det statlige medeierskapet baseres på at bankene skal drives på et ordinært forretningsmessig grunnlag.»

Den norske Bank og Kreditkassen hadde ei avkasting på linje med den norske bankindeksen i 1997. Samla avkasting på aksjane i DnB og Kreditkassen medrekna utbytte var på høvesvis 52,2 og 57,9 prosent. Av delindeksane på Oslo Børs steig bankindeksen mest i 1997 med 53,8 prosent. Omsetnaden av aksjar i DnB og Kreditkassen har i 1997 vore god, med samla omsetnad på høvesvis 9,7 og 6,4 mrd. kroner. (Kjelde: Oslo Børs.)

Ved utgangen av 1997 hadde Bankinvesteringsfondet eigardelar i DnB og Kreditkassen til ein bokført verdi på i alt 5 097 mill. kroner. I tillegg til dette forvalta Bankinvesteringsfondet ein portefølje av aksjar i DnB for Banksikringsfondet med ein bokført verdi på 1 040 mill. kroner. Samla marknadsverdi av porteføljen som Bankinvesteringsfondet forvalta pr. 31.12.97, var 20 304 mill. kroner. Eigardelane i dei ulike bankane og marknadsverdien av desse er viste i tabell 7.1 (beløp i mill. kroner).

Tabell 7.1 Eigardelane i dei ulike bankane

Eigardel i prosentMarknadsverdiEigardel i prosentMarknadsverdi
31.12.9731.12.96
DnB52,211 790,2052,28 183,00
Kreditkassen51,08 514,3051,05 704,30
Sum20 304,5013 887,30

Utanlandsdelen på Oslo Børs gjekk ned i 1997, frå 33,2 prosent ved utgangen av 1996 til 31,2 prosent ved utgangen av 1997. Innafor bank var det ein relativt sterk nedgang frå 31,0 prosent ved utgangen av 1996 til 25,3 prosent ved utgangen av 1997. (Kjelde: Oslo Børs.) Aksjane i DnB og Kreditkassen var ved utgangen av 1997 fordelte mellom Noreg og utlandet slik det er vist i tabell 7.2.

Tabell 7.2 Eigardelane til ulike grupper i prosent av total aksjekapital

31.12.9731.12.96
DnBKreditkassenDnBKreditkassen
SBF/SBIF52,251,052,251,0
Noreg elles21,925,517,122,9
Utlandet25,923,530,726,1
Sum100,0100,0100,0100,0
Utlandet sin del av aksjane i marknaden54,148,064,253,3

Regjeringa Jagland la i Revidert nasjonalbudsjett 1997 til grunn at retningslinjene for den statlege aksjeeiga i finansnæringa burde endrast. Bakgrunnen for endringsframlegget var den planlagde fusjonen mellom Kreditkassen og Storebrand ASA, som gjorde at spørsmålet om ein lågare eigardel enn 50 prosent vart aktualisert tidlegare enn planlagt.

I St.meld. nr. 1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998 viser regjeringa elles til at lov om Statens Bankinvesteringsfond berre gir Bankinvesteringsfondet høve til å eige aksjar i bankar. Ei rekkje bankar er i dag heilåtte dotterselskap i konsern. Ein kan ikkje sjå bort frå at det kan vere aktuelt også for DnB og Kreditkassen. Den statlege eigarskapen bør, slik regjeringa ser det, ikkje vere direkte knytt til ei bestemt organisering av kvart enkelt konsern som ein bank er ein del av. I Ot.prp. nr. 65 (1997-98) blir det derfor lagt opp til å gjere nødvendige lovendringar slik at eigarskapen til Bankinvesteringsfondet også kan omfatte holdingselskap som eig mellom anna bank. Fleirtalet i finanskomiteen og i Stortinget slutta seg til dei retningslinjene i nasjonalbudsjettet 1998 som er refererte ovanfor.

I Nasjonalbudsjettet 1998 skreiv regjeringa Jagland at den statlege aksjeeiga i DnB og Kreditkassen burde reduserast til ein tredel, fordi det er regjeringa sitt syn at ein eigardel på ein tredel er nok til å nå målet med den statlege eigarskapen i finansnæringa. Sala burde skje etter forretningsmessige prinsipp med sikte på å oppnå ei best mogleg avkasting for staten som eigar, i tråd med det som er lagt til grunn ved tidlegare sal av aksjar frå fondet. Aksjesala burde skje i 1998, dersom ikkje særlege forretningsmessige tilhøve skulle tilseie at heile eller delar av den aktuelle aksjehandelen bør utsetjast til 1999.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr 3 (1997-98) om endring i St prp nr 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998 legg regjeringa Bondevik til grunn at Bankinvesteringsfondet og Banksikringsfondet sel aksjar dei har i DnB og Kreditkassen i 1998, slik at eigardelen fondet har i dei to bankane, blir redusert til ein tredel. Det har såleis vore lagt opp til at aksjesala skjer i 1998, dersom ikkje marknadstilhøva skulle tilseie seinare sal. Gjennom sala vil ein prøve å oppnå ein spreidd eigarskap i dei to bankane.

I pressemelding frå Statens Bankinvesteringsfond av 17. mars 1998 vart det informert om at det blir planlagt nedsal frå noverande ca. 52 prosent ned mot 33 1/3 prosent av aksjane i DnB. Det blei vidare sagt at storleiken på spreiingssalet, saman med tidspunktet for salet og den nærmare framgangsmåten, ville bli vurdert jamnleg.

Føresetnaden er at det planlagde salet skal skje både som eit offentleg sal til publikum i Noreg og som ei institusjonell plassering til norske og utanlandske institusjonar. Det vil bli lagt særleg vekt på å leggje eit sal til rette for best mogleg spreiing blant private investorar i Noreg.

SBC Warburg Dillon Read er vald til «Global Co-ordinator» og rådgivar for heile salet. DnB Markets skal leie det offentlege salet til publikum i Noreg saman med Christiania Markets og Karl Johan Fonds. SBC Warburg Dillon Read vil leie den institusjonelle salsinnsatsen saman med Alfred Berg, DnB Markets, Carniegie, Fondsfinans og Fox-Pitt, Kelton.

7.5 Strukturelle tilhøve

Styra i Kreditkassen og Storebrand ASA la 1. april 1997 fram eit forslag til fusjonsplan. Det var lagt til grunn eit byteforhold på ein ordinær aksje i Storebrand for to aksjar i Kreditkassen. Det nye konsernet skulle heite Christiania ASA. Ved ein eventuell fusjon ville Bankinvesteringsfondet sin eigardel i Kreditkassen på 51 prosent utgjere 251/2 prosent i morselskapet i det nye konsernet.

Bankinvesteringsfondet vedtok å støtte fusjonen mellom Kreditkassen og Storebrand ASA på generalforsamlinga 26. juni 1997. Bankinvesteringsfondet som eigar vurderte forslaget om fusjon på forretningsmessig grunnlag. Bankinvesteringsfondet hadde før generalforsamlinga i samsvar med vedtektene og lov om Statens Bankinvesteringsfond lagt vedtaket fram for Finansdepartementet.

Forslaget om fusjon mellom Kreditkassen og Storebrand ASA rørte ved fleire prinsipielle og strukturelle tilhøve, mellom anna statleg eigarskap i bankane og finansnæringa. Dette vart omtala nærmare i avsnitt 3.11 i St.meld. nr. 2 Revidert nasjonalbudsjett 1997 (1996-1997).

Forslaget om fusjon fekk vel 99 prosent tilslutnad på generalforsamlinga i Kreditkassen. Vel 62 prosent av røystene på generalforsamlinga i Storebrand ASA sa ja til fusjonsframlegget, medan 37 prosent sa nei. Dermed fekk ikkje fusjonsframlegget det nødvendige fleirtalet på to tredelar, og framlegget om fusjon mellom Kreditkassen og Storebrand ASA fall bort.

Til forsida