St.meld. nr. 7 (2002-2003)

Trusopplæring i ei ny tid

Til innhaldsliste

3 Visjonen og målet

3.1 Dåp og dåpsopplæring

Etter kyrkja si lære er dåpen ei heilag handling, eit sakrament, ei nådegåve frå Gud som vert gitt utan vilkår. På same måten som nyfødde må lære livet å kjenne, må dei døypte lære å kjenne den trua dei er døypte til. Slik høyrer dåpsopplæringa saman med dåpen. Dåpsopplæringa handlar om å utvikle reflektert tru og tillit til det dåpen er ei forteljing om. Opplæringa skal setje lys på dei sentrale dimensjonane ved menneskelivet. Ho skal knyte lærdom, kunnskap og kritisk refleksjon saman med oppleving og deltaking. Dei døypte skal få stimulert si evne til å forstå tilværet i lys av gåva dei fekk i dåpen, og dermed deira evne til å tolke, meistre og leve sitt liv. Dåpsopplæringa skal gi dei unge livshåp, utvikle deira evne til å møte gode og vonde dagar og til å tru på framtida og eigne ressursar. Opplæringa skal byggje ein trygg identitet hos den døypte, stimulere til refleksjon over eigne haldningar og utvikle toleranse og respekt i møte med dei som har ei anna tru eller eit anna livssyn.

Det einaste vilkåret for dåp vi har i vår kyrkje, er at dei som kjem med barnet, vil at det skal døypast. Gjennom det ritualet som dåpshandlinga er omgitt av 1

, vert heim og kyrkje minte om det felles ansvaret dei har for opplæringa av barnet, for at barnet gjennom oppveksten får innsikt i kva dåpen er, og lærer å leve i pakt med denne forståinga.

Dei som vert døypte, er medlemer av kyrkja og av kyrkjelyden der dei bur. Innsikt i kva dåpen er, i innhaldet og grunnlaget for den kristne trua og den kristne tenesta, har best vekstvilkår gjennom deltaking i kyrkje- og gudstenestelivet og i den opplæringa som kyrkjelyden gir tilbod om. Det er likevel heimen, der barnet veks opp, som står barnet nærast. Kvar gong foreldre eller føresette kjem for å få eit barn døypt, vert det knytt band til kyrkja. Dette styrkjer bandet til den kristne kulturen og til ein felles kristen identitet. Opplæringa i kva denne kulturen og identiteten står for, går føre seg i vid samanheng. Handlinga, å bere barnet fram til dåp, er ei handling som i seg sjølv har læringsaspekt i seg. Ho er ei erfaring som er ein del av den lærdommen som heimen er berar av. Foreldra/dei føresette sine verdiar og tradisjonar er vovne inn i det læringsmiljøet heimen er. Kvar gong foreldre eller føresette seinare peiker ut kyrkja der barnet vart døypt eller svarer på spørsmål om menneskelivet, går det føre seg ei opplæring. I samtalar og deling av tankar om dei store spørsmåla i tilværet, om jorda og himmelen og meininga med livet, skjer ei formidling av kunnskap, verdiar og haldningar - med eller utan ord, meir eller mindre medvite. Kvar heim har sine meiningar, tankar og språk som formidlar dette. Den direkte og konkrete tilknytinga til kyrkjelyden, gjennom deltaking i ulike aktivitetar, er ofte ei avspegling av den nærleiken eller distansen heimen har til kyrkja og den kristne trua. Somme kjenner tilknyting til kyrkja og kyrkjelyden der dei bur, andre ikkje. Somme meiner kyrkja og livet i kyrkjelyden står for verdiar og eit miljø dei ønskjer barna skal ha del i. Andre er kritiske, meir avvisande, har distanse og saknar gjenkjenning av eigne meiningar og tankar. Likevel kjem dei med barnet til dåp. Dei verdiane og haldningane som pregar den einskilde heimen, skal kyrkja kome i møte, respektere og arbeide i høve til.

Når foreldre eller føresette melder barnet til dåp, vert dei tekne imot med ein samtale om dåpsritualet og kyrkja si tru om dåpen. Dåpssamtalen handlar om kva barnet kan vente seg av kyrkja, og det ansvaret foreldra/dei føresette og fadrane får. Samtalen er viktig for både heimen og kyrkja. Foreldra blir kjende med presten som skal utføre dåpshandlinga. Presten får kontakt med den einskilde heimen. Foreldra får innsyn i kyrkja si tru om dåpen, og presten i kva forventningar, haldningar og motiv foreldra har i samband med dåpen. Dåpssamtalen er eit viktig kontaktpunkt mellom heimen og kyrkja. Dåpssamtalen har vore i utvikling, og det vert lagt stor vekt på han i kyrkjelydane i dag.

Kyrkja er den fremste beraren av den kristne trua, av dei kristne verdiane og tradisjonane som har prega vårt land i meir enn tusen år. For mange er det viktig å knyte merkedagane i livet til kyrkja, fordi ho representerer kontinuitet, fellesskap og forankring. Jesu eksempel om å ta i mot menneska slik dei er, og å respektere den absolutte verdien i kvart einskilt menneske, var frigjerande og utfordrande i Jesu samtid. Slik er det òg i dag, idet den kristne bodskapen kjem til uttrykk i medkjensle og solidaritet med dei svake, dei som lir nød, dei som er undertrykte, underprivilegerte og ulykkelege. Kyrkja skal gi menneska livshåp og hjelp til å orientere seg i livet og i verda, skape grunnlag og grobotn for nestekjærleik og tru på menneskeverdet i oss alle. Dåpsopplæringa i kyrkja er ein del av dette, og byggjer på at eit møte med den kristne trua og dei kristne tradisjonane på mange måtar vil vere avgjerande for at barn og unge får innsyn i det dåpen er ei forteljing om. Kyrkja har slik del i ansvaret for at barn og unge får livskompetanse og realisme i møte med framtida. Kyrkja skal vere ein plass der kvar og ein får hjelp til å samle trådane og søkje heilskap og samanheng i tilværet.

I dei siste tiåra har det religiøse og kulturelle mangfaldet i samfunnet vårt vore i utvikling og endring. Utviklinga har sett sitt preg på samfunns- og kulturlivet, på skulen, arbeidslivet og dei sosiale institusjonane. Andre religionar er eit sterkare innslag enn før. Det har samtidig gått føre seg ei utvikling i relasjonane mellom generasjonane og mellom kvinne og mann. Demokratiet og dei sosiokulturelle kjenneteikna har vore i endring som følgje av den økonomiske veksten, utviklinga av kunnskapssamfunnet, internasjonaliseringa og medieutviklinga. Eit trekk ved utviklinga er at den autoriteten som Den norske kyrkja har hatt i vårt samfunn, på same måten er i endring.

Spørsmål omkring tru og livssyn, om identitet og tilknyting, er nødvendige og grunnleggjande i eit samfunn der det religiøse og kulturelle mangfaldet er aukande. I møte med andre tradisjonar er det ei allmenn erfaring at det har stor verdi å vere trygg på eigen identitet, på den kulturen og dei tradisjonane ein sjølv høyrer til. Det er med utgangspunkt i eigen ståstad vi kan ha eit ope møte og vere i dialog med andre. Kunnskap og erkjenning av eigen identitet opnar og er grunnlaget for dialogen, både om skilnadene og om det som er felles. Forankringa i eigen tradisjon og identitet er slik eit viktig vilkår for å forstå andre kulturar og å møte andre tradisjonar med respekt og toleranse.

Den norske kyrkja skal vere ei open folkekyrkje. Den som vert døypt, er medlem av kyrkja. Andre vilkår for medlemskapen er det ikkje. Dåpsopplæringa i kyrkja byggjer på denne opne og vilkårslause medlemskapen, men den samfunnsmessige og folkekyrkjelege situasjonen som dåpsopplæringa høyrer heime i, er ein annan no enn han var før. Å reformere dåpsopplæringa i kyrkja er òg eit spørsmål om å føre vidare - til nye generasjonar - dei tradisjonane som har vore med på å prege og stadfeste Den norske kyrkja som folkekyrkje.

3.2 Historisk perspektiv på dåpsopplæringa

Grunnlaget for dåpsopplæringa

Misjonsbefalinga i Matteus 28, v. 18-20, er Jesu eiga befaling til disiplane. Derfor er dåp og dåpsopplæring knytte saman i alle kristne trudomssamfunn, med opplæring før eller etter dåpen. I urkyrkja gjekk opplæringa føre seg i tida før dåpshandlinga, fordi dei fleste som vart døypte, var vaksne. Etter kvart som barnedåp vart det vanlege, kom opplæringa etter dåpshandlinga, og konfirmasjonen vart den avsluttande stadfestinga av dåpen.

Ved reformasjonen hadde konfirmasjonen fått status som sakrament. Luther meinte dette svekte det fundamentale ved dåpen. Han erstatta derfor konfirmasjonen med ei prøving av kunnskapen til dei døypte, og skreiv i denne samanhengen Luthers litle katekisme i 1529. Katekismeundervisninga vart dermed folkeopplæring. Etter kyrkjeordinansen frå 1539 skulle presten i gudstenesta i tillegg til preika halde ei halvtimes innføring i barnelærdommen. Her vart katekisma brukt.

Institusjonalisering av dåpsopplæringa

Konfirmasjonen vart gjeninnført i Noreg ved forordning 13. januar 1736. Ordna opplæring for alle døypte vart rett og plikt for dei som fekk og for dei som gav opplæring, og konfirmasjonen vart eit vilkår for fulle borgarlege rettar. Som ein konsekvens av at konfirmasjonsopplæringa stilte krav om at barna kunne lese, vart det i 1739 gitt ei forordning om allmugeskulen. Å setje den einskilde i stand til sjølv å få innsyn i det som stod skrive, var eit nytt pedagogisk prinsipp. Leseboka i allmugeskulen var Pontoppidans katekismeforklaring. Avgangseksamen frå denne kyrkjeskulen var konfirmasjonsoverhøyringa. Det var folkeskulelovene for by og for land frå 1889 som markerte overgangen frå kyrkjeleg allmugeskule til borgarleg folkeskule. Her kjem allmennfaga tydelegare fram, men sjølv om kristendomsfaget på 1900-talet vart redusert med ein tredel til to timar i veka, stod denne undervisninga for den opplæringa til kristen tru og liv som barnet fekk etter dåpen. På grunnlag av denne undervisninga fekk barnet deretter konfirmasjonsopplæring i regi av kyrkja. Konfirmasjonstvangen vart oppheva ved konfirmasjonslova av 1911.

I dei første tiåra av 1900-talet var målet for undervisninga i kristendommen i skulen å formidle kristen kunnskap til tru og oppseding. I normalplanane, som kom i 1939, vart motivet om opplæring i tru kombinert med eit nytt motiv: respekt for den einskilde heimen. Det religionspedagogiske målet var ikkje kristen oppseding åleine, men òg omsynet til heimen og den gryande livssynspluralismen. Under krigen 1940-45 vart skulekamp og kyrkjekamp ført med samvitsfridom og foreldrerett som grunnlag.

Frå dåpsopplæring til ordinært skolefag

Da grunnskulelova av 1969 vart vedteken, vart det fastslått at kristendomsundervisninga i grunnskulen ikkje lenger var å rekne som kyrkja si dåpsopplæring. Faget vart no grunngitt med det konfesjonelle fleirtalet i folket. Med Mønsterplanen av 1974 vart den konfesjonelle profilen i faget svekt til fordel for ein felleskristeleg profil, og det vart opna for alternativ livssynsundervisning for elevar som ikkje var medlemer i kyrkja. Mønsterplanen av 1987 slår fast at registrerte trudomssamfunn kan gi undervisning i eigen regi og etter eigne planar. Slike tilbod kvalifiserte til offentleg støtte etter § 20 i trudomssamfunnslova av 1969.

I ei vurdering i ettertid av dei endringane i skulen som kom på dette feltet i 1969 og seinare år, må det på den eine sida kunne seiast at det frå kyrkjeleg hald vart lagt for stor vekt på prinsippet om kristendomsundervisning som skulefag og ikkje som dåpsopplæring. Eit stykke på veg er dette eit terminologisk spørsmål. På den andre sida vart den endringa i fagprofilen som grunnskulelova av 1969 og seinare læreplanar førte med seg, ikkje tydeleg og kjend blant folk. For det første gav det nye livssynsfaget og retten til fullt fritak indirekte inntrykk av at undervisninga i skulen framleis var dåpsopplæring. For det andre førte dei nye pedagogiske prinsippa om lokalt læreplanarbeid i praktisk, sosialt og kulturelt arbeid til at kyrkja, i eigenskap av lokal samarbeidspart for skulen, mange stader fekk utvida kontakt med skulen. Med KRL-faget, som kom i 1997, er derimot avstanden mellom kunnskapsformidling og dåpsopplæring markert, og livssynspluralismen i skulen er eit faktum. Verknaden av endringane i skulen dei siste tiåra har vore ei kvalitativ og kvantitativ nedbygging av kristendomsopplæringa for barn og unge.

3.3 Dåpsopplæringa og opplæringstilbodet i dag

3.3.1 Riss av den heimlege situasjonen

Som det går fram av pkt. 3.2, var kristendomsundervisninga i den offentlege skulen lenge den sentrale delen av kyrkja si dåpsopplæring. I skulen går no undervisninga om kristendommen føre seg innanfor ramma av faget Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Undervisninga om kristendommen er her ein del av undervisninga om religionar og livssyn reint generelt. KRL-faget skal gi kunnskap om trudomsgrunnlaget eller livssynet til dei einskilde elevane, på ein felles læringsarena, for slik å kunne byggje forståing og respekt mellom dei. Ei viktig side ved KRL-faget er at det kjem i møte og formidlar dei ulike livssyna, trusretningane og religionane som elevane kvar for seg har tilknyting til. Sidan faget gir viktig kunnskap om kristendommen, andre livssyn og religionar, er KRL-faget ikkje kyrkja si dåpsopplæring uvedkomande, men faget er ikkje dåpsopplæring.

I 1970 var ca. 95 pst. medlemer av Den norske kyrkja, målt etter innbyggjartalet. Den same prosentdelen av årskulla vart døypt i Den norske kyrkja. I dag er medlemsprosenten 86 og dåpsprosenten 81. Ein dåpsprosent på 81 vil seie at om lag 46 000 barn vert døypte kvart år. Den geografiske fordelinga av desse tala viser store variasjonar. Medan dåpsprosenten i Oslo bispedømme i 2001 var noko under 50 pst., var han nær 100 pst. i Møre bispedømme. Av dei som ikkje er medlemer av kyrkja, er dei fleste busette i Oslo-området og i dei store byane. Om lag ein tredel av medlemene i trudoms- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja er busette i Oslo og Akershus.

Konfirmasjonsopplæringa i Den norske kyrkja har lange tradisjonar og er i alle kyrkjelydane eit velorganisert tilbod med brei deltaking. Nær 70 pst. av årskulla, og nær 90 pst. av dei som er døypte, melder seg i dag til konfirmasjonsopplæringa. I 2001 var det 37 400 unge som vart konfirmerte. Talet på dei som ikkje er døypte frå før, men som følgjer konfirmasjonsopplæringa og vert døypte i samband med konfirmasjonshandlinga, er stigande. 2,4 pst. av dei som vart døypte i 2001, var 12 år eller eldre.

Sjølv om dåps- og konfirmasjonsprosenten har endra seg noko over tid, er det likevel relativt stor stabilitet og kontinuitet som karakteriserer situasjonen. Endringane har vore større når det gjeld deltakinga i barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja. I mange kyrkjelydar har det vore nedgang i deltakinga på dette området, saman med nedgang i rekrutteringa av frivillige leiarar. Ein aukande del av barn og unge har dermed lita eller inga tilknyting til kyrkjelivet utanom konfirmasjonstida. Verknadene av dette er mange. Tilbodet og aktivitetane kan ikkje haldast oppe, rekrutteringa til dei ulike tenestene i kyrkja går ned, og omfanget av det kyrkjelege tenestetilbodet i framtida vert utfordra. Sjølv om barne- og ungdomsarbeidet i mange kyrkjelydar framleis har god deltaking, er framtidsretta og prega av entusiasme, viser utviklinga at det over tid har vore generell nedgang.

På same måten som i kyrkjelydane har òg det frivillige organisasjonslivet i kyrkja endra seg dei siste 20-30 åra, med verknad for den barne- og ungdomskulturen som desse organisasjonane tradisjonelt har representert. Sett under eitt har det mangfaldet av organiserte aktivitetar som barn og unge her tok del i for nokre tiår sidan, hatt sterk tilbakegang. Sjølv om nye tiltak er komne i staden, har det vore reduksjonar i breidda i tiltaka og i den samla deltakinga. Den årlege juletrefesten, søndagsskulen, speidarrørsla, barnelaga, Ten-sing-rørsla - alt dette pregar i stadig mindre grad kultur- og kyrkjelivet i våre lokalsamfunn.

Skiftet i den nære tilknytinga dåpsopplæringa hadde til skulen, saman med nedgangen i det kyrkjelege arbeidet blant barn og unge dei siste tiåra, har endra den folkekyrkjelege situasjonen og grunnlaget for dåpsopplæringa. Kyrkja og kyrkjelydane står her framfor utfordringar og vilkår som var ukjende eller lite påakta for nokre tiår sidan. Medan barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja og i dei frivillige kyrkjelege organisasjonane tidlegare medverka til å tolke og levandegjere den kristne trua for mange barn og unge gjennom felles opplevingar i nærmiljøet, har denne viktige delen av dåpsopplæringa over tid vorte svekt. Dette er ein del av bakgrunnen for at det på sentralt hald i kyrkja og i dei einskilde kyrkjelydane lenge har vore arbeidd med planar for å få i stand og styrkje ei meir systematisk dåpsopplæring, som går over lengre tid enn konfirmasjonsopplæringa. Ein plan for konfirmasjonstida vart vedteken i 1978 av fellesmøtet for bispedømmeråda, og seinare revidert av Kyrkjemøtet i 1997. Denne planen er innarbeidd og har lenge vore praktisert som retningsgivande for konfirmasjonsopplæringa i alle kyrkjelydane i landet. I 1991 gjorde Kyrkjemøtet vedtak om ein felles rammeplan for dåpsopplæringa, med invitasjon til alle kyrkjelydane om å gå gjennom det arbeidet dei hadde på feltet og gjere vedtak om lokale opplæringsplanar. I dei fleste kyrkjelydane i landet er det i dag utarbeidd slike planar. Tiltak og planar innan dåpsopplæringa har det dermed vore arbeidd systematisk med i dei fleste kyrkjelydane det siste tiåret, med viktige tiltak som dåpssamtalen, utdeling av ei kyrkjebok for fireåringane, dåpsskule for seksåringane og utdeling av Bibelen eller Nytestamentet det året barna fyller elleve år, saman med meir regelmessige aktivitetstilbod som barnegrupper, songkor, leirar og ungdomsklubbar. Mange tiltak er slik sette i verk, men det har ikkje vore ressursar til å realisere planen frå 1991, sjølv om det er variasjonar mellom kyrkjelydane i kor langt dei er komne.

I mange kyrkjelydar er det i tillegg til prestane tilsett kateketar og barne- og ungdomsarbeidarar, som saman med frivillige i kyrkjelyden, med organistar, diakonar og andre tilsette er med på å forme ut tilbod for barn og unge. Det arbeidet og dei aktivitetane som slik går føre seg blant unge familiar, barn og unge, er ein del av dåpsopplæringa. Familiegudstenester, søndagsskule, barnegospel, barneklubbar, samtalegrupper og konfirmasjonsopplæring er tiltak som medverkar til å oppfylle det ansvaret og den oppgåva kyrkja og heimen har på området. Ofte går arbeidet føre seg i samarbeid med dei organisasjonane i kyrkja som på frivillig grunnlag arbeider blant barn og unge, men innslaget i kyrkjelydane av arbeid i regi av dei frivillige kristelege organisasjonane varierer mellom ulike delar av landet. I mange kyrkjelydar er det òg nær kontakt og samarbeid mellom kyrkjelyden, skulen og barnehagane i utforminga av tiltak og opplegg, ikkje minst i samanheng med julehøgtida og påsken. Utforminga, omfanget og deltakinga varierer mellom kyrkjelydane. På kyrkjeleg hald er det rekna med at om lag 10 pst. av dei døypte i tida fram til dei er 18 år, regelmessig og over tid har vore med i dei faste aktivitetane som kyrkjelydane har, medan om lag 15 pst. har vore deltakarar i einskilde eller tidsavgrensa tiltak. Desse prosenttala var høgare for 30 år sidan.

3.3.2 Situasjonen i andre land og kyrkjesamfunn

I dei fleste landa det er naturleg å samanlikne Noreg med, går dåpsopplæringa i dei ulike kyrkjesamfunna føre seg etter to hovudmodellar. I ein del land og kyrkjesamfunn er opplæringa heilt og fullt eit ansvar som ligg til det einskilde kyrkjesamfunnet. I andre land og kyrkjesamfunn er opplæringa organisert i samarbeid med den offentlege skulen. Innanfor desse to hovudmodellane finst det fleire ulike måtar å organisere ansvarsdelinga mellom kyrkjesamfunna og skulen på, utanom eller som ein del av undervisningstida på skulen.

I folkekyrkjene i dei nordiske landa var det lenge tradisjon for at dåpsopplæringa var ein del av kristendomsundervisninga i den offentlege skulen. Fram mot vår tid har undervisninga i skulen i alle landa endra seg i retning av å vere ei undervisning som skal gi kunnskap og orientering om kristendommen og andre religionar, og om dei ulike trudoms- og livssynssamfunna. Denne utviklinga har resultert i at kyrkjene meir og meir har teke ansvar for å utvikle eigne opplæringstilbod.

Folkekyrkja i Danmark legg stor vekt på at dåpsopplæringa først og fremst går føre seg i heimen. Det er likevel opplæringstilbod i kyrkjelydane, ikkje minst i samband med konfirmasjonstida og i tida før denne, med juniorkonfirmasjon frå barna er rundt ti år gamle. Konfirmasjonsopplæringa kjem i Danmark i staden for religionsundervisninga i skulen, og er da helst ein del av undervisningstida i skulen. Barne- og familiegudstenester, kor og barne- og ungdomsklubbar er òg ein viktig del av dåpsopplæringstilbodet i den danske folkekyrkja. I 1992 vart Folkekirkens Pædagogiske Institut oppretta. Instituttet fekk i oppgåve å utvikle undervisningsmateriell og kurs for å styrkje dåpsopplæringa.

I Svenska kyrkan finst liknande former for opplæringstilbod og arbeid blant barn og unge som i dei andre nordiske kyrkjene. Svenska kyrkan har ingen felles, sentralt fastsett plan for opplæringa. Kyrkjelydane skal utforme slike planar sjølv, på grunnlag av sentrale retningslinjer. Konfirmasjonsopplæringa er eit ansvar for heile kyrkjelyden, som mellom anna arbeider målretta med å halde kontakt med dei unge etter konfirmasjonstida.

Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland legg òg stor vekt på den rolla heimen skal ha i opplæringa. Det er utarbeidd ein dåpsopplæringsplan, som vert delt ut til alle, og kyrkjelyden held nær kontakt med barnet og heimen i tida etter dåpen, mellom anna gjennom dåpssamtalar, helsingar, heimebesøk og ved ulike arrangement for foreldre og fadrar. I tillegg er det gudstenester, søndagsskular, leirar, barne- og ungdomsklubbar og andre aktivitetar. I tillegg til frivillige medarbeidarar har den finske kyrkja relativt mange fast tilsette i barne- og ungdomsarbeidet, med om lag 1 800 i barnearbeidet og meir enn 1 000 i ungdomsarbeidet. Den finske kyrkja er her i ein annan situasjon enn folkekyrkjene i dei andre nordiske landa.

I somme europeiske land går store delar av dåpsopplæringa i dei store kristne kyrkjene føre seg i nært samarbeid mellom kyrkjesamfunnet og den offentlege skulen. I Tyskland er det i dei fleste delstatane oppretta samarbeidsavtalar mellom kyrkjene og skulen. Etter desse avtalane er kristendomsundervisninga i skulen ein del av det ordinære skuletilbodet, men ho er definert som kyrkjeleg opplæring. Barna kan velje mellom opplæring i regi av den evangeliske kyrkja, den katolske kyrkja og - somme stader - andre trudomssamfunn. Dei som ikkje ønskjer slik undervisning, får undervisning i etikk og filosofi i staden. Skulen og vedkomande kyrkjesamfunn må begge godkjenne lærarane og det undervisningsmateriellet som vert nytta i undervisninga. Skulen lønner lærarane. Til skilnad frå Tyskland er det i Frankrike eit skarpt skilje mellom dei rollene skulen og kyrkja har i opplæringa. Dåps- eller trusopplæringa kan her ikkje gå føre seg på skulen, og det er inga religionsundervisning der. Kyrkjesamfunna i Frankrike har derfor lange tradisjonar for å ha eigne opplæringstilbod.

I Den evangelisk-lutherske frikyrkja i Noreg har foreldre og kyrkjelyd kvar for seg og i fellesskap ansvaret for å gi den døypte opplæring. Kyrkjelydane skal mellom anna halde kristendomsskule for barn mellom 11 og 14 år, og konfirmasjonsopplæring for dei som er 14-15 år. I tillegg har kyrkjelydane kontakt med foreldre og barn gjennom besøk i heimane, og dei vert inviterte til særskilde gudstenester og samlingar. I Metodistkyrkja er kyrkjelyden fadder ved dåp og tek dermed på seg eit særskilt opplæringsansvar. I Baptistsamfunnet og i Pinserørsla er det eit aktivt barne- og ungdomsarbeid, med opplæringstilbod gjennom barne- og ungdomsklubbar, søndagsskule og andre samlingar.

Dåpsopplæringa i Den katolske kyrkja vert kalla katekesen. Katekesen er eit oppdrag for heile kyrkja og kyrkjelyden og skal setje sitt preg på alle delar av arbeidet i kyrkja, sjølv om heimen her òg er rekna som den første og viktigaste staden for opplæringa. I Den katolske kyrkja får barna ei særskild opplæring i tida frå andre til tiande klassetrinn. Denne opplæringa fører fram til konfirmasjon.

Også innanfor andre trudomssamfunn er det organiserte opplæringstilbod og andre aktivitetar for barn og unge. Det mosaiske trudomssamfunnet har religionsskole for barn frå første til tiande klassetrinn. Alle barna får særskild opplæring i tida før det som svarer til konfirmasjonen. Dei fleste muslimske samfunn har òg godt utbygde undervisningstilbod for barn og unge, med sin Koranskule. Human-Etisk Forbund har undervisning for ungdom i samband med den borgarlege konfirmasjonen, og utviklar undervisningsmateriell med utgangspunkt i det som er idégrunnlaget for forbundet.

3.4 Målet og utfordringane

Departementet ser utviklinga og utforminga av dåpsopplæringa i kyrkja som ein sentral del av ansvaret for å føre den kristne kulturarven i landet vårt vidare inn i ei ny tid. Formidlinga av den kristne trua, av kristne verdiar og kristne tradisjonar til nye generasjonar er ein del av grunnlaget for folkekyrkja vår. Departementet ser dåpsopplæringa i kyrkja som ein grunnstein i arbeidet med å føre vidare ei open og levande folkekyrkje.

Departementet meiner at ei systematisk og målretta utviding av dåpsopplæringstilbodet i Den norske kyrkja er blant dei viktigaste utfordringane kyrkja i dag står framfor. Målet må vere at alle kyrkjelydane i landet kan utvikle og setje i verk eit opplæringstilbod som i innhald og omfang kan gi dei som vert døypte, den lærdommen, erfaringa og innsikta som opplæringa siktar mot.

Kyrkja står med dette framfor mange og ulike utfordringar. Det utvida opplæringstilbodet må vere forankra i sentrale mål og rammeplanar for opplæringa. På sentralt hald i kyrkja må dette planarbeidet utviklast med grunnlag i tidlegare planverk og det materialet som no ligg føre i samband med utgreiinga frå dåpsopplæringsutvalet. Utvikling og utforming av desse retningsgivande planane vil vere ei oppgåve for Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet, som har mynde til å fastsetje retningsgivande planar og program for kyrkja si opplæring. Utvikling av slike planar og program må skje i nær kontakt med aktuelle fagmiljø. Det vil likevel vere den einskilde kyrkjelyden som vil måtte gjere dei nødvendige vedtaka om omfanget og innhaldet i tilbodet. På lokalt nivå i kyrkja, i den einskilde kyrkjelyden, vil derfor utfordringane ha andre kjenneteikn. Her handlar det ikkje minst om å byggje tillit hos barna og i heimane. Det vil vere viktig å byggje tillit til verdien av opplæringstilbodet, til kyrkjelyden, til alle dei som på vegner av kyrkja står ansvarlege for tilbodet.

Det vil vere ei stor utfordring for kyrkja å finne organisatoriske og pedagogiske løysingar som gir tilbodet om dåpsopplæring det breie nedslagsfeltet som den obligatoriske opplæringa i skulen hadde i si tid. Å skulle utvikle noko som tidlegare har vore allment i skulen til å vere nær like allment i kyrkja, vil stille store krav til alle i kyrkja, til dei tilsette, til frivillige, til kyrkja sine valde organ. Det stiller krav om dialog og open kommunikasjon. Det stiller krav om kunnskap om livssituasjonen, evnene og utrustinga til den einskilde, til det som er særpreget i den einskilde heimen, fordi slik kunnskap er nødvendig for å kome barna og heimen i møte med respekt for kven dei er og kva dei står for. I tillegg til alt dette kjem dei mange konkrete, praktiske og organisatoriske utfordringane.

Eit utvida dåpsopplæringstilbod må vere slik organisert og få ei slik utforming at alle døypte kan ta del i det. Samarbeidet med dei frivillige organisasjonane i kyrkja må byggjast ut. Dei frivillige i kyrkja må ta aktivt del saman med dei fast tilsette. Det må vere rom for lokale tilpassingar og lokale løysingar, og for variasjonar i innretning og opplegg kyrkjelydane imellom. Menneske med psykisk eller fysisk utviklingshemming må ha det same tilbodet som andre. I dei samiskspråklege områda må eit utvida dåpsopplæringstilbod ha dei same måla og dei same vilkåra som andre stader i landet.

Målet om eit systematisk og utvida dåpsopplæringstilbod i alle kyrkjelydane i landet er eit langsiktig mål. I neste kapittel går departementet nærare inn på dei konkrete utfordringane som gjer seg gjeldande, med forslag til eit reformprogram for styrking av dåpsopplæringa i kyrkja.

Fotnotar

1.

Ved døypefonten får dei som kjem med barnet, spørsmål om dei vil oppdra barnet etter den kristne trua barnet vert døypt til, noko dei i samband med dåpshandlinga er venta å svare ja til. Ritualet for dåpshandlinga er regulert i Gudstenesteboka for Den norske kyrkja, der det òg går fram at kyrkja og heimen har eit felles ansvar for opplæringa.