St.meld. nr. 7 (2002-2003)

Trusopplæring i ei ny tid

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i meldinga

1.1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram ei melding om reform av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja. Målet med reforma er å styrkje dåpsopplæringa i kyrkja.

Barn og unge har rett til opplæring i eiga tru. Opplæring i eiga tru gir grunnlag for å utvikle og å vere trygg på eigen identitet. Trus- og livssynsopplæringa er slik ein viktig del av identitetsutviklinga for den einskilde. Regjeringa ser spørsmål om tru og livssyn, om identitet og tilknyting, som grunnleggjande i eit samfunn der det religiøse og kulturelle mangfaldet er aukande. I møte og dialog med dei som har eit anna livssyn, ei anna tru og ein annan kulturbakgrunn, er det viktig å ha innsikt i og vere medviten om eiga tru og eigne kulturtradisjonar.

Trus- og livssynsopplæringa for barn og unge går føre seg i heimane og i regi av dei einskilde trudoms- og livssynssamfunna. Undervisninga i skulen om dei ulike religionane og livssyna har eit anna grunnlag og eit anna mål enn opplæringa i regi av trudoms- og livssynssamfunna.

Til felles med andre trudoms- og livssynssamfunn i vårt land som gir trus- og livssynsopplæring, har Den norske kyrkja ulike tilbod om opplæring i den kristne trua. Konfirmasjonsopplæringa er ein del av dette tilbodet. Grunnlaget for trusopplæringa er dåpen. Ved dåpen vert barnet døypt til ei kristen tru og innlemma i den kristne kyrkja. Dåpsopplæringa i Den norske kyrkja er opplæring i det barnet fekk del i ved dåpen. I vår kyrkje høyrer dåp og dåpsopplæring saman.

Regjeringa ser ei styrking av dåpsopplæringa i kyrkja som ein del av den oppgåva det er å halde ved like og utvikle Den norske kyrkja som ei levande folkekyrkje og føre vidare den kristne kulturarven. Kristen tru og kristne verdiar har prega vårt folk gjennom tusen år; i heimen, i arbeidslivet, i oppbygginga og utviklinga av våre samfunnsinstitusjonar, i byggjeskikkar og lovverk. Denne arven kjem til uttrykk i vårt språk, i vår litteratur, i musikken og biletkunsten. Han er både renning og innslag i vår kultur. Som folkekyrkje, som den fremste tradisjonsberaren og formidlaren av den kristne trua, skal Den norske kyrkja føre vidare denne arven til nye generasjonar.

Tidlegare var opplæringa av dei døypte eit ansvar for den offentlege skulen. Utviklinga innan skulen dei siste 20-30 åra har markert at dette ikkje er skulen si oppgåve. Dåpsopplæringa har dermed mindre omfang no enn før.

Regjeringa har som mål at dåpsopplæringa i kyrkja vert utvikla og utvida slik at alle kyrkjelydane i landet skal kunne gi eit systematisk og samanhengande tilbod frå barnet vert døypt til fylte 18 år. I denne meldinga gjer departementet nærare greie for grunnlaget og målet for styrkinga av dåpsopplæringa, dei utfordringane som kjem som følgje av målet, og korleis vegen mot målet kan formast.

Det er eit grunnleggjande prinsipp at dei ulike trudoms- og livssynssamfunna skal vere likestilte når det gjeld økonomisk støtte frå det offentlege. Ei reform av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja vil stille krav om ein auka offentleg ressursinnsats til fordel for Den norske kyrkja. Den same økonomiske støtta som på dette grunnlaget kjem Den norske kyrkja til gode, rekna per medlem, vil derfor òg kome andre trudoms- og livssynssamfunn til gode ved ein auke i den økonomiske støtta. Denne auken vil ha målet om å styrkje trus- og livssynsopplæringa som bakgrunn. Det vil likevel vere dei einskilde trudoms- og livssynssamfunna som tek stilling til kva auken skal nyttast til.

1.2 Samandrag

1.2.1 NOU 2000:26 (kap. 2)

Ved kongeleg resolusjon i 1999 vart det oppnemnt eit offentleg utval til å greie ut spørsmål knytte til dåpsopplæringa i Den norske kyrkja. Utgreiinga frå dåpsopplæringsutvalet låg føre hausten 2000, jf. NOU 2000:26 «...til et åpent liv i tro og tillit». Utvalet tok til orde for ei brei satsing på kyrkja si dåpsopplæring. Forslag til eit utvida og systematisk opplæringstilbod for alle døypte fram til fylte 18 år, i eit omfang på 315 timar, vart lagt fram. Utvalet rekna dei budsjettmessige konsekvensane til å vere ca. 550 mill. kroner, som i første rekkje ville gå med til dei om lag 1 300 nye årsverka som utvalet meinte kyrkja ville ha behov for ved å gjennomføre tilbodet. Frå det tidspunktet kyrkjelydane hadde ressursar og kunne gi tilbod om eit utvida og systematisk opplæringstilbod til dei døypte, meinte utvalet at dåpsopplæring i regi av kyrkja burde lovfestast som ein individuell rett for dei døypte.

Under høyringa av NOU 2000:26 kom det ikkje fram vesentlege innvendingar til dei forslaga utvalet la fram. Høyringsinstansar innan Den norske kyrkja understreka behovet for å styrkje dåpsopplæringa på det grunnlaget og i det omfanget utvalet foreslo. Kyrkjemøtet 2001 understreka det same.

I kap. 2 i meldinga er det gjort greie for hovudpunkta i NOU 2000:26 og for det som kom fram under høyringa.

1.2.2 Reform av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja

Bakgrunn og motiv (kap. 3)

Dåp og dåpsopplæring høyrer saman i den kristne kyrkja. Dette er utgangspunktet for den reforma av dåpsopplæringa i kyrkja som er målet for meldinga. Den som vert døypt, skal ha opplæring i kva dåpen er.

Tidlegare var dåpsopplæringa ein del av den undervisninga og oppsedinga som skulen har ansvaret for. Ved endringar i grunnskulelova i 1969 og i utviklinga av kristendomsfaget vart det markert at skulen ikkje lenger hadde ansvaret for opplæringa av dei døypte. Undervisninga i skulen gir i dag kunnskap om kristendommen og andre religionar og livssyn, men undervisninga skal ikkje vere forkynnande eller gi opplæring til tru og praksis. Kyrkja sitt ansvar for dåpsopplæringa vart forsterka ved denne utviklinga i skulen. Frå kyrkjeleg hald er det understreka at kyrkja ikkje har hatt ressursar til å realisere dette ansvaret i det omfanget dåpsopplæringa i skulen hadde tidlegare.

Den samfunnsmessige og folkekyrkjelege situasjonen er ein annan i dag enn for nokre tiår sidan. Medlemstalet i Den norske kyrkja er framleis høgt, 86 pst., og vel 80 pst. av dei som vert fødde, vert døypte. Den nærleiken mellom folk og kyrkje som har prega vårt land gjennom tusen år, er slik framleis til stades. Opplæringa av dei døypte i kristen tru og kristne tradisjonar har likevel vorte svekt. Dette er for ein del eit resultat av at kyrkja ikkje har hatt ressursar til å kome i møte det auka behovet for dåpsopplæring som avviklinga av dåpsopplæringa i skulen førte med seg. I tillegg er det grunn til å understreke dei verknadene det har hatt for opplæringa at deltakinga blant barn og unge i kyrkjelivet har hatt nedgang dei siste tiåra. Dette har mange og ulike grunnar, og gjeld både arbeidet i dei einskilde kyrkjelydane og i dei frivillige kristelege organisasjonane. Ved sida av opplæringa i heimen er det gjennom deltakinga i kyrkjelivet, i fellesskapet med andre, at opplæringa i den kristne trua og dei kristne kulturtradisjonane i første rekkje går føre seg.

Med bakgrunn i den samanhengen det er mellom dåp og dåpsopplæring, og i lys av dei samfunnsmessige og historiske utviklingstrekka som har ført til endringar i den tradisjonelle dåpsopplæringa, er det behov for ei reform som kan fornye og styrkje dåpsopplæringa i kyrkja.

Barn og unge representerer framtida. Dei verdiar, haldningar og livssyn dei unge har, vil prege samfunnet i åra framover. På same måten er det dei døypte barna som skal forme og utvikle kyrkja for framtida, og føre den kristne kulturarven vidare. I dette perspektivet handlar fornying og styrking av dåpsopplæringa i kyrkja om å halde ved like og utvikle Den norske kyrkja som ei levande og open folkekyrkje for nye generasjonar.

Dåpsopplæringa i kyrkja, sameleis som trus- og livssynsopplæringa i andre trudoms- og livssynssamfunn, skal stimulere til bygging av eigen identitet og forståing av eigen kultur og tradisjonar i eit samfunn der innslaget av ulike trudoms- og livssynssamfunn vert stadig rikare. Ved å fostre ungdom som er trygge i sin eigen identitet, er det grobotn for respekt og toleranse i møte med dei som har ei anna tru eller eit anna livssyn.

Hovudpunkta i reforma (kap.4)

I NOU 2000:26 vart det understreka at eit utvida og systematisk opplæringstilbod i alle kyrkjelydane må utviklast over tid. Utvalet meinte tidsperspektivet burde vere ti år. Utvalet peikte i denne samanhengen på dei utfordringane kyrkja ville stå framfor, mellom anna med omsyn til rekrutteringa til nye stillingar innan opplæringsfeltet.

Den auken i bemanningsbehovet som kyrkja vil ha ved eit fullt utvikla opplæringstilbod, vart av dåpsopplæringsutvalet rekna til 1 300 årsverk. I ein rapport frå 2001 har Kyrkjerådet utarbeidd forslag til ein bemanningsplan for kyrkja der behovet for bemanningsauke innan opplæringsfeltet er sett i samanheng med det generelle behovet for auka bemanning i kyrkja.

Departementet legg til grunn at ei utvida og systematisk dåpsopplæring i kyrkja ikkje kan skje utan at kyrkja vert tilført ein vesentleg auke i ressursane, særleg til nye stillingar. Departementet meiner ein auke i bemanninga i kyrkja i åra framover no i første rekkje må vere innretta mot å styrkje dåpsopplæringa, som i dag står fram som det truleg viktigaste innsatsområdet for kyrkja.

Gjennomføringa av ei reform av dåpsopplæringa vil ha i seg mange utfordringar. I tillegg til dei generelle utfordringane som heng saman med ressurstilgang, bemanning og rekruttering, vil den einskilde kyrkjelyden stå framfor praktiske, organisatoriske og pedagogiske utfordringar. Informasjon og samarbeid med foreldra/dei føresette må utviklast i eit omfang som ikkje har vore prøvd ut før. Eit utvida opplæringstilbod skal integrerast i dei aktivitetane som finst i kyrkjelydane i dag. Kyrkjelyden må finne fram til organisatoriske og praktiske løysingar som er tilpassa situasjonen i kyrkjelyden. Det vil vere behov for å byggje ut samarbeidet med dei frivillige organisasjonane som arbeider blant barn og unge. Det vil òg vere behov for lokale samarbeidsløysingar mellom kyrkjelydane, slik at ressursar og kompetanse vert utnytta rasjonelt. Gjennom lokale opplæringsplanar må det praktiske og pedagogiske opplegget for opplæringa finne si utforming. Det må leggjast til rette for opplæring av barn og unge med særskilde behov. Mange stader må det etablerast samarbeid mellom kyrkje og skule, særleg i spørsmål om bruken av skulen som undervisningslokale. På regionalt og sentralt hald i kyrkja er det behov for fagkompetanse som kan rettleie kyrkjelydane. Nye og utvida opplæringstilbod stiller krav om utvikling av pedagogiske opplegg, tilpassa dei ulike alderstrinna. Bruk av ny teknologi og Internett i opplæringa vil vere ein naturleg del av dette. I tillegg kjem behovet for å utvikle læremiddel, ikkje minst på dei samiske språka.

Både ut frå det ressursbehovet som er knytt til gjennomføringa av eit systematisk og utvida opplæringstilbod, og ut frå dei mange praktiske, organisatoriske og pedagogiske utfordringane som kyrkja lokalt, regionalt og sentralt i denne samanhengen står framfor, må det leggjast til grunn eit langsiktig perspektiv for gjennomføring av reforma. Det viktige no er å leggje til rette for ei målretta og trinnvis framdrift. Departementet meiner den første delen av reforma, det første trinnet, bør vere ein forsøks- og utviklingsfase som femner breitt. Gjennom forsøks- og utviklingstiltak, innhenting av erfaringar og systematiske evalueringar, skal eit utvida opplæringstilbod utviklast og prøvast ut. Eit breitt forsøks- og utviklingsarbeid skal gi kunnskap og erfaringar som den vidare utviklinga av dåpsopplæringa kan byggje på, ikkje minst om kor mange barn og unge som tek del i tilbodet, om eit opplæringstilbod på 315 timar bør vere retningsgivande for den vidare utbygginga og om rekrutteringa av personell innan opplæringsfeltet er tilfredsstillande i høve til behovet.

Eit systematisk forsøks- og utviklingsarbeid må vere samordna. Det må ha faglege og organisatoriske rammer, og det må avgrensast i tid. Departementet meiner forsøks- og utviklingsarbeidet må prosjektorganiserast, med ein prosjektperiode på fem år. Kyrkjerådet bør ha det overordna prosjektansvaret. Prosjektleiinga bør leggjast til ei sentral styringsgruppe med brei representasjon, oppnemnd av Kyrkjerådet.

Utgangspunktet for forsøks- og utviklingsarbeidet er at det skal ha sterk lokal og regional forankring. Utviklinga av opplæringstilbodet i den einskilde kyrkjelyden vil vere kyrkjelyden sitt ansvar, men bispedømma skal ha ei sentral rolle ved tildelinga av økonomiske midlar og ved å gi kyrkjelydane fagleg og praktisk hjelp.

I eit samla opplæringstilbod frå dåp til fylte 18 år vil det vere ulike opplæringstrinn eller opplæringsfasar. For å sikre ei systematisk og samordna utprøving av eit utvida opplæringstilbod meiner departementet at forsøks- og utviklingsarbeidet bør byggje på ei ansvars- eller oppgåvefordeling mellom bispedømma, dvs. at bispedømma får tildelt ulike delar av opplæringsfasane (dåpsfasen, førskulefasen, småskulefasen osb.). Den faglege og ressursmessige satsinga vil dermed vere innretta mot den delen av forsøks- og utviklingsarbeidet som det einskilde bispedømmet får tildelt. Dei einskilde kyrkjelydane i kvart bispedømme vil arbeide på eit felles grunnlag, og det vil mellom anna liggje til rette for praktiske og organisatoriske samarbeidsløysingar kyrkjelydane imellom, og betre utnytting av ressursar og kompetanse. Departementet meiner det er naturleg at fire bispedømme får tildelt dåps- og førskulefasen som særskilt satsingsområde, fire bispedømme får tildelt småskulefasen som satsingsområde, og tre bispedømme får tildelt den siste delen av opplæringstida som satsingsområde. Denne arbeidsdelinga mellom bispedømma skal vere retningsgivande, ikkje bindande. Det må vere rom for fleksibilitet, for å gi fagleg og økonomisk støtte til kyrkjelydar som har særskilde føresetnader for å utvikle andre delar av opplæringstilbodet enn det som er satsingsområdet i bispedømmet. I tillegg meiner departementet at det i den første delen av reformperioden vil vere viktig å prøve ut eit samanhengande opplæringstilbod i nokre kyrkjelydar, dvs. heile opplæringstilbodet på 315 timar, der alle opplæringsfasane er med. Dette vil vere ressurskrevjande, og utvalet av kyrkjelydar må ikkje vere for stort. Departementet meiner talet bør avgrensast til 33 kyrkjelydar, tre i kvart bispedømme. Minst éin kyrkjelyd skal liggje i samisk område.

Ei brei styrking av dåpsopplæringa i kyrkja stiller krav om god utnytting av den fagkompetansen som finst innan feltet. Denne er i dag spreidd på ulike stader. For å få utnytta kompetansen godt, meiner departementet det må etablerast eit nasjonalt kompetansenettverk for dåpsopplæring i kyrkja. Kyrkjerådet og den sentrale prosjektleiinga må ha ansvaret for å etablere nettverket og halde det ved like.

Departementet legg til grunn at kvart bispedømma må få tildelt eit nytt årsverk i samband med reforma. Denne stillinga vil vere ei prosjektleiarstilling for utvikling av dåpsopplæringa i bispedømmet. Den regionale prosjektleiaren må arbeide i nær kontakt med den sentrale prosjektleiinga. På sentralt nivå vil det vere behov for å etablere eit særskilt sekretariat for styringsgruppa. Den sentrale prosjektleiinga skal ha ansvaret for sentrale utviklingstiltak, gi fagleg og praktisk rettleiing til bispedømma og koordinere innsatsen. Det sentrale prosjektsekretariatet bør ha om lag fem årsverk. Styringsgruppa saman med Kyrkjerådet må avklåre arbeidsdelinga mellom bispedømma og den sentrale prosjektleiinga, kva for oppgåver som skal liggje til prosjektsekretariatet og Kyrkjerådet sitt sekretariat, og kva for oppgåver som etter avtale bør leggjast til eksterne fagmiljø.

Departementet legg til grunn ei budsjettmessig opptrapping på om lag 250 mill. kroner for gjennomføringa av reforma. Tidsperspektivet for denne opptrappinga er fem til ti år. Departementet understrekar at ein slik opptrappingsplan kvart år må vurderast i lys av den aktuelle budsjettsituasjonen. Det meste av løyvingane skal gå som tilskott til kyrkjelydane. Elles skal løyvingane gå til sentrale utviklingstiltak og til å styrkje kompetansen og kapasiteten på regionalt og nasjonalt nivå i kyrkja. Det femårige forsøks- og utviklingsarbeidet skal finansierast innanfor ramma av den nemnde opptrappingsplanen. Departementet vil derfor kvart år vurdere framdrifta og takten i løyvingane.

Eit utvida opplæringstilbod i kyrkja vil ikkje føre med seg forsterka eller bindande plikt for dei døypte til å delta. Deltakinga i opplæringstilbodet vil vere frivillig, og det mynde dei føresette for barnet har i dag til å treffe avgjerd om deltaking, vil vere det same som før. Når det gjeld spørsmålet om lovfesta individuell rett til dåpsopplæring, legg departementet til grunn at slik lovfesting ikkje er aktuell før opplæringstilbodet i kyrkjelydane er fullt utbygd. Dette er i samsvar med tilrådinga frå dåpsopplæringsutvalet og Kyrkjemøtet 2001. Dersom det i samband med reforma vil vere behov for å endre reglar i kyrkjelova, særleg reglane om ansvars- og oppgåvefordelinga mellom kyrkjelege organ, vil departementet kome tilbake til det.

Eit utvida dåpsopplæringstilbod i kyrkjelydane vil kunne medføre eit nærare samarbeid mellom kyrkja og skulen, i første rekkje ved at det mange stader av praktiske grunnar vil vere behov for å bruke lokala i skulen til opplæringa. Det vil òg mange stader vere praktiske fordelar ved å leggje opplæringstida nær skulen si eiga undervisningstid, særleg når det gjeld opplæringa av barn som går i småskulen. Slike spørsmål må løysast ved lokale avtalar. Det vil vere den som elles tek avgjerd om bruken av skulen utanom ordinær undervisningstid som må ta avgjerd i dette spørsmålet.

Etter kyrkjelova § 36 kan konfirmasjonsopplæringa leggjast som ein del av undervisningstida i skulen, etter avtale mellom skulen og kyrkjelyden. Spørsmålet om ei innstramming eller oppheving av denne regelen vart drøfta av dåpsopplæringsutvalet, som såg behovet for regelen, men meinte han burde praktiserast strengt. Regelen i kyrkjelova § 36 er ei vidareføring av tidlegare reglar på området, og er grunngitt med praktiske og økonomiske omsyn. Regelen har særleg samanheng med behovet for å utnytte dei skuleskyssordningane som er etablerte i kyst- og landdistrikta. Konsekvensane vil kunne vere store dersom regelen vert oppheva. Departementet meiner det ikkje er grunnlag for dette no. Departementet har tillit til at skulen og kyrkja lokalt finn fram til ein tenleg praksis på området, som òg tek omsyn til barn som høyrer til andre trudoms- eller livssynssamfunn, eller som av andre grunnar ikkje tek del i konfirmasjonsopplæringa.

Økonomiske og administrative konsekvensar (kap. 5)

Departementet legg til grunn at finansieringa av reforma skal vere ei oppgåve for statsbudsjettet. Departementet ser det ikkje som aktuelt å leggje nye utgiftsplikter på kommunane i samband med reforma.

Som nemnt legg departementet til grunn ei budsjettmessig opptrapping på om lag 250 mill. kroner for gjennomføringa av reforma. Opptrappingsplanen har eit tidsperspektiv på fem til ti år.

Reforma av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja skal gjennomførast og kome til uttrykk i våre kyrkjelydar. Det er i kyrkjelydane dei administrative konsekvensane av reforma vil ha størst omfang. Utprøving av ulike organisatoriske og praktiske løysingar i kyrkjelydane, saman med kartlegging og evaluering av dei administrative verknadene av reforma, er ein naturleg del av forsøks- og utviklingsarbeidet i første delen av reformperioden.

Det følgjer av reglane i § 19 i lov 13. juni 1969 om trudomssamfunn og ymist anna, jf. lov 12. juni 1981 om tilskott til livssynssamfunn §§ 1-3, at ei økonomisk satsing på dåpsopplæringa i Den norske kyrkja vil medføre den same auken i den statlege støtta til andre trudoms- og livssynssamfunn, rekna per medlem. Ei auka løyving på 250 mill. kroner til dåpsopplæringa i Den norske kyrkja vil etter reglane og medlemstala i dag utløyse ein auke på 20-25 mill. kroner til andre trudoms- og livssynssamfunn.