St.meld. nr. 7 (2002-2003)

Trusopplæring i ei ny tid

Til innhaldsliste

4 Vegen mot målet

4.1 Innleiing

Forslaget frå dåpsopplæringsutvalet om å innføre eit utvida og systematisert dåpsopplæringstilbod for alle døypte barn fram til fylte 18 år, kan ikkje verte realisert innanfor dei økonomiske rammene kyrkja har i dag. Ei budsjettsatsing til fordel for dåpsopplæringa i det omfanget og med den innretninga som er foreslått, vil ha bemanningsmessige konsekvensar for dei fleste tenestekategoriane i kyrkja.

Bemanningsspørsmålet i kyrkja, og behovet for ein generell bemanningsauke ut frå kyrkja sin situasjon og kyrkja si oppgåve i dag, har nyleg vore til vurdering i Kyrkjerådet. Hausten 2001 la Kyrkjerådet fram eit forslag til opptrappingsplan for den kyrkjelege bemanninga. Dette forslaget går lenger og har eit vidare siktemål enn dei vurderingar av bemanningsbehova som dåpsopplæringsutvalet gjorde gjeldande, men planen femner òg om bemanningsbehovet på opplæringsfeltet.

Det ligg dermed føre to aktuelle utgreiingar om behovet for å auke den kyrkjelege bemanninga. Det er naturleg at dei vert sedde i samanheng. I dette kapitlet vert det gjort nærare greie for den ressursauken som dåpsopplæringsutvalet meiner må til, saman med ein presentasjon av hovudpunkta og konklusjonane i det forslaget til opptrappingsplan for kyrkjeleg bemanning som Kyrkjerådet har utarbeidd. Denne gjennomgangen er med som bakgrunn for departementet sine vurderingar i siste delen av kapitlet.

4.2 Bemanningsbehovet etter forslaget frå dåpsopplæringsutvalet

I pkt. 2.2 er det gjort greie for vurderingar og forslag frå dåpsopplæringsutvalet om kva omfang dåpsopplæringa i kyrkja bør ha. Som det går fram der, har utvalet gått inn for at alle døypte får tilbod om eit organisert opplæringstilbod på 315 timar fram til fylte 18 år. Utvalet strekar under at eit tilbod i dette omfanget stiller krav om ein vesentleg auke i løyvingane frå det offentlege. Utvalet har rekna meirbehovet til om lag 550 mill. kroner. Utvalet legg vidare til grunn at hovuddelen av denne auken må kome over statsbudsjettet. Meirutgiftene for kommunane, mellom anna til undervisningslokale, hjelpemiddel og materiell for undervisninga, og til auka bruk av kyrkjene, har utvalet rekna til om lag 45 mill. kroner.

Dei ressursmessige konsekvensane som utvalet legg til grunn, vil i første rekkje vere lønns- og driftsmidlar for nye stillingar i kyrkjelydane. Ved å gjere frådrag for dei ressursane som utvalet meiner går med til dåpsopplæring i kyrkja i dag, kjem utvalet fram til at det er behov for om lag 1 200 nye årsverk i kyrkjelydane. Utvalet peiker i denne samanhengen på at det auka stillingsbehovet ikkje berre vil gjelde éin stillingskategori. Gjennomføringa av eit utvida dåpsopplæringstilbod vil stille krav om fagleg samarbeid på tvers av profesjonane i kyrkja, dvs. om eit samarbeid der prestar, kateketar, diakonar, kyrkjemusikarar og andre tilsette i kyrkja er med. Likevel vil gjennomføringa av dåpsopplæringstilbodet i første rekkje vere ei oppgåve for kateketane, saman med særskilde dåpslærarar. Av dei nemnde 1 200 nye årsverka meiner utvalet at 800 bør vere for kateketar og dåpslærarar, medan 200 bør vere for prestar og i alt 200 årsverk for diakonar og kyrkjemusikarar. Utvalet meiner dessutan at gjennomføringa av eit utvida dåpsopplæringstilbod vil stille krav om ca. 100 nye årsverk på regionalt og sentralt nivå i kyrkja.

Utvalet strekar under at det er fleire usikre og ukjende faktorar knytte til det ressursbehovet utvalet har rekna seg fram til. Ved estimeringa av dei budsjettmessige konsekvensane har utvalet mellom anna gjort rekning med at 70 pst. av dei som vert fødde, tek del i opplæringa. Dersom denne prosenten vert høgare eller lågare, vil dei budsjettmessige konsekvensane endre seg. Budsjettbehovet er elles rekna ut med grunnlag i det undervisningstimetalet som dei døypte skal få tilbod om (315 timar), sett i samanheng med dei lærarressursane som går med til ein undervisningstime i skulen. Utvalet legg til grunn at alle kyrkjelydar har den same standarden på opplæringstilbodet, og at opplæringa er gratis for deltakarane/heimen.

Utvalet strekar under at det vil vere behov for spesialkompetanse, til dømes innan spesialpedagogikk, knytt til dåpsopplæring for barn med særskilde behov. Kravet om fagleg kompetanse i kyrkjelydane vert vurdert av utvalet som eit særs viktig moment for realiseringa av eit utvida opplæringstilbod. Utvalet peiker i denne samanhengen på dei store utfordringane som er knytte til rekrutteringsspørsmålet.

Høyringsinstansane

Dei fleste høyringsinstansane uttalte seg om omfanget og innretninga av det opplæringstilbodet dåpsopplæringsutvalet tok til orde for. Få av høyringsinstansane hadde alternative synspunkt på dei bemanningstala og dei økonomiske konsekvensane som utvalet hadde rekna seg fram til. Kyrkjemøtet 2001 stilte seg bak den vurderinga av budsjettbehovet som utvalet la til grunn. Departementet viser elles til gjennomgangen av oppfatningane til høyringsinstansane under pkt. 2.3.

4.3 Forslag frå Kyrkjerådet om opptrappingsplan for den kyrkjelege bemanninga

4.3.1 Innleiing

På initiativ frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har Kyrkjerådet dei siste åra arbeidd med ein plan for bemanninga i Den norske kyrkja. Initiativet frå departementet hadde bakgrunn mellom anna i Budsjett-innst. S. nr. 12 (1995-96), der fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen uttalte:

«Flertallet har merket seg at bemanningen i kirkene i de andre nordiske land er bedre enn i Norge. Flertallet vil på denne bakgrunn be departementet utarbeide en opptrappingsplan for den kirkelige bemanning.»

Kyrkjerådet sitt arbeid på området resulterte i rapporten Bemanning i Den norske kirke - Opptrappingsplan for kirkelig bemanning, som vart send Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i oktober 2001. Eit utkast hadde vore behandla av Kyrkjemøtet 2000.

4.3.2 Hovudpunkta i opptrappingsplanen frå Kyrkjerådet

Rapporten frå Kyrkjerådet, med forslag til opptrappingsplan for bemanninga i Den norske kyrkja, har som utgangspunkt at bemanninga i dag er for låg. Det er understreka at dei mål og oppgåver Den norske kyrkja har, ikkje kan løysast tilfredsstillande utan at kyrkja får ein vesentleg auke i bemanninga. Kyrkjerådet ser ein slik auke som eit vilkår for at Den norske kyrkja skal kunne halde fram som folkekyrkje.

I rapporten vert det vist til at bemanninga i kyrkja dei siste 20-30 åra ikkje på langt nær har hatt den auken som ville ha vore naturleg ut frå auken i folketalet. Det er vist til at auken i talet på offentleg tilsette i andre samfunnssektorar, til dømes innan helsesektoren og innan skuleverket, i desse åra har vore langt større enn i kyrkja. Av rapporten går det mellom anna fram at stillingsveksten i offentleg sektor i perioden 1980-1999 har vore 50 pst., med størst auke i kommunesektoren, medan stillingsauken i kyrkja har vore langt lågare. Til dømes har auken i talet på prestestillingar i denne perioden vore 14 pst. I rapporten vert det elles peikt på at bemanninga i kyrkja, og fordelinga av denne mellom kyrkjelydane, ikkje på tilfredsstillande vis reflekterer geografiske og andre strukturelle variasjonar kyrkjelydane imellom. I rapporten er det òg med dokumentasjon som viser at bemanninga i Den norske kyrkja er lågare enn i folkekyrkjene i nabolanda våre.

I rapporten er det vist til at behovet for å auke bemanninga i Den norske kyrkja har vore understreka og drøfta i ulike samanhengar gjennom fleire tiår. Det er mellom anna referert til St.meld. nr. 40 (1980-81) Om stat og kyrkje, og til behandlinga av denne meldinga i Stortinget, jf. Innst. S. nr. 265 (1980-81), der det mellom anna heiter (side 16):

«Et av de spørsmål som har skapt størst bekymring i kirken de senere årene, er den kirkelige bemanningssituasjonen. Endringen i bosettingen med store befolkningskonsentrasjoner har også stilt nye krav til kirken, og disse kan bare i liten grad løses ved omdisponeringer av personell og stillinger. (...) Komiteen mener (...) at dersom kirken skal kunne dekke alle sine oppgaver på en tilfredsstillende måte i årene framover uten å kreve en urimelig arbeidsinnsats av sine ansatte, må antall stillinger økes vesentlig.»

I rapporten er det dessutan vist til at Kyrkjemøtet, sidan det vart oppretta i 1984, omtrent kvart år har drøfta bemanninga i kyrkja, med understreking av behovet for bemanningsauke. I samband med at Kyrkjerådet i september 2001 behandla rapporten og forslaget til opptrappingsplan, uttalte Kyrkjerådet:

«Både Kirkemøtet, Kirkerådet og Bispemøtet har ved flere anledninger påpekt den vanskelige bemanningssituasjonen i kirken. Kirkerådet mener at den foreliggende planen gir en dekkende beskrivelse av bemanningsbehovet kirken har de neste 10 år. Planen dokumenterer at Den norske kirke ikke har den bemanning som er nødvendig for at kirken kan være en bekjennende, misjonerende, tjenende og åpen folkekirke, og gir forslag til hvordan dette kan løses. Kirkerådet forventer derfor at Stortinget følger opp denne opptrappingsplanen med de nødvendige bevilgninger og tilskudd. Kirkerådet viser også til at Stortinget ved flere anledninger har påpekt den svake bemanningen i Den norske kirke og behovet for en opptrappingsplan for den kirkelige bemanning.»

Forslag til grunnbemanning i ein kyrkjelyd

Utgangspunktet for Kyrkjerådet sitt forslag til opptrappingsplan er ei vurdering av kva for kyrkjelege tenester som må vere til stades i ein kyrkjelyd. I rapporten heiter det om dette:

«En plan for den kirkelige bemanning må (...) ha som målsetting å gi den lokale menighet tilstrekkelige personalressurser til å utføre de nødvendige oppgaver i menigheten.»

For å finne operasjonelle normer for kva som etter dette må vere grunnbemanninga i ein kyrkjelyd, er det i planen teke utgangspunkt i ein kyrkjelyd med 5 000 kyrkjemedlemer. Denne kyrkjelyden er ei vald grunneining, ein modell, med typiske variablar eller kjenneteikn med omsyn til aldersfordeling, gudstenester, kyrkjelege handlingar m.m. Dimensjoneringa av grunnbemanninga i denne kyrkjelyden er rekna ut etter det som vil vere eit tilfredsstillande tenestetilbod i kyrkjelyden, og kor mange timeverk som naturleg går med til gjennomføringa av kvar teneste. Bemanningsbehovet kjem dermed fram som eit resultat av omfanget av dei kyrkjelege tenestene og talet på timeverk knytte til kvar teneste. Timeverka er omrekna til årsverk og fordelte på ulike teneste- eller stillingskategoriar (prestar, diakonar, kateketar/undervisningspersonale, kyrkjemusikarar m.m.). På grunnlag av denne standarden eller norma for grunnbemanninga i ein kyrkjelyd, er bemanningsbehovet for heile landet, i kvart prosti og i kvar kommune rekna ut. Det er korrigert for strukturelle variasjonar, så som demografiske og geografiske.

Resultatet for heile landet viser at det er behov for 2 660 nye årsverk. Dette er dermed måltalet for opptrappingsplanen. Bemanningsbehovet når det gjeld kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar, er ikkje rekna med i planen. Oppstillinga i tabell 4.1, som er henta frå rapporten, viser korleis måltalet på 2 660 nye årsverk fordeler seg på dei einskilde tenestene. Oppstillinga viser òg korleis bemanninga i dag fordeler seg, og det den samla bemanninga vert ved den auken som er foreslått.

Tabell 4.1 Forslag frå Kyrkjerådet om bemanningsauke i kyrkja

TenestekategoriÅrsverk 2001Forslag til aukeSum
Presteteneste1 2295391 768
Diakoni173609782
Opplæring182600782
Kyrkjemusikk629153782
Leiing og administrasjon1 0465911 637
Klokkarteneste91167258
Sum3 3502 6596 009

I rapporten frå Kyrkjerådet heiter det at opptrappinga bør gå føre seg over ein periode på ti år. Det går elles fram av rapporten at det er den delen av opptrappingsplanen som er knytt til dåpsopplæringa og prestetenesta som bør ha prioritet dei første åra.

Forslaget til opptrappingsplan for den kyrkjelege bemanninga vart utarbeidd parallelt med arbeidet i dåpsopplæringsutvalet. I ein viss grad har opptrappingsplanen òg innarbeidd bemanningsmessige behov knytte til ei utvida dåpsopplæring. I rapporten heiter det om dette:

«Dersom det blir vedtatt en lovfesting av dåpsopplæringen, slik utvalget har foreslått, betinger det en ytterligere økning av bemanningen.»

Av rapporten går det fram at det i tilfelle må reknast inn ca. 400 ekstra årsverk til undervisningstenesta i kyrkja.

I rapporten er det òg gjort ei vurdering av bemanningsbehovet ved dei regionale og sentralkyrkjelege råda. Utgangspunktet for desse vurderingane er dei arbeids- og ansvarsområda desse organa har, og korleis dei oppgåvene som følgjer av det, skal løysast på tilfredsstillande måte. Rapporten frå Kyrkjerådet konkluderer med at det på sentralt og regionalt nivå i kyrkja er behov for nær 110 nye årsverk utover dei 100 nye årsverka innan opplæringsfeltet som dåpsopplæringsutvalet meinte var nødvendige.

I rapporten frå Kyrkjerådet er det understreka at opptrappingsplanen vil representere ei stor utfordring med omsyn til å rekruttere kvalifiserte medarbeidarar til dei einskilde tenestene. Det er vist til at rekrutteringssituasjonen ikkje er tilfredsstillande i dag, særleg når det gjeld den kyrkjelege undervisninga og kyrkjemusikktenesta, og at den store auken i talet på kyrkjelege stillingar som opptrappingsplanen inneber, stiller krav om ein annan og langt betre rekrutteringssituasjon, ikkje berre blant undervisningspersonell og kyrkjemusikarar, men òg blant prestar, diakonar og andre tenestekategoriar i kyrkja. Rekrutteringssituasjonen i kyrkja i dag, og perspektiva for dette feltet i framtida, vil dermed vere ein særleg kritisk faktor, noko òg dåpsopplæringsutvalet understreka i høve til styrking av kyrkja si dåpsopplæring. I rapporten frå Kyrkjerådet heiter det om dette:

«Kirkerådet ser med bekymring på den rekrutteringssituasjon som avdekkes i planen. Det må være hele kirkens ansvar å arbeide for at flere mennesker ønsker å ha kirken som arbeidsplass og fullfører den nødvendige utdanning for dette. Bevilgende myndigheter må gi de nødvendige tilskudd slik at kirkelige organ på forskjellig nivå kan stimulere til et aktivt og målrettet rekrutteringsarbeid.»

Bemanninga i dei nordiske kyrkjene

I rapporten frå Kyrkjerådet er det for ein del av dei kyrkjelege tenestemannskategoriane gjort samanlikningar mellom bemanninga i Den norske kyrkja og bemanninga i kyrkjene i andre nordiske land. Figur 4.1 viser korleis Den norske kyrkja plasserer seg med omsyn til talet på prestestillingar per innbyggjar, samanlikna med situasjonen i Danmark, Sverige og Finland.

Figur 4.1 Innbyggjarar per prestestilling (1999)

Figur 4.1 Innbyggjarar per prestestilling (1999)

Kjelde: Kjelde: Kyrkjerådet

Av figur 4.1 går det fram at det i Noreg i gjennomsnitt er vel 1 000 fleire innbyggjarar per prestestilling enn i nabolanda våre. I rapporten er det òg vist til at bemanninga innanfor fleire andre tenestekategoriar er lågare, målt i årsverk per 1 000 innbyggjarar, enn i Sverige og Finland, sjå figur 4.2. Sidan Danmark ikkje har fullgod statistikk på området, har Kyrkjerådet ikkje rekna Danmark med i oversikta.

Figur 4.2 Innbyggjarar per årsverk innan ulike tenestekategoriar (1999)

Figur 4.2 Innbyggjarar per årsverk innan ulike tenestekategoriar (1999)

Kjelde: Kjelde: Kyrkjerådet

Som det går fram av figur 4.2, er det innanfor dei fleste tenestekategoriane fleire kyrkjelege årsverk per innbyggjar i Finland og Sverige enn i Noreg. Skilnaden mellom Noreg og dei andre landa er særleg stor innan diakonien og på opplæringsfeltet.

Oppsummering

Kyrkjerådet sitt forslag til opptrappingsplan for den kyrkjelege bemanninga har som mål ein auke i bemanninga i Den norske kyrkja på om lag 2 750 årsverk i løpet av ti år. Med utgangspunkt i at kyrkja i dag har ca. 5 000 årsverk, medrekna tilsette ved kyrkjegardane, vil dette seie ein auke til nær 8 000 årsverk. Som bakgrunn for planen viser Kyrkjerådet til at den bemanninga kyrkja har i dag, ikkje er tilfredsstillande, sedd i lys av dei oppgåver og det oppdrag Den norske kyrkja har som folkekyrkje, og at ein auke i bemanninga er eit vilkår for at Den norske kyrkja skal kunne halde fram som folkekyrkje. Kyrkjerådet viser òg til at auken i den kyrkjelege bemanninga har vore langt lågare dei siste 20-30 åra enn i andre offentlege sektorar, og at bemanninga i Den norske kyrkja ikkje er på nivå med bemanninga i kyrkjene i nabolanda våre. I samband med opptrappingsplanen er det vist til at kyrkja står framfor store utfordringar når det gjeld å rekruttere kvalifisert personell til dei ulike tenestekategoriane i kyrkja, ikkje minst i lys av at rekrutteringssituasjonen i kyrkja er langt frå tilfredsstillande i dag. Opptrappingsplanen er i stor grad i samsvar med den bemanningsauken dåpsopplæringsutvalet meiner er nødvendig på opplæringsfeltet, men ved ei lovfesting av retten til dåpsopplæring vil det vere behov for ytterlegare 400 årsverk. Kyrkjerådet meiner at dåpsopplæringa er eit område som bør ha prioritet ved den gradvise opptrappinga av den kyrkjelege bemanninga som planen tek sikte på.

4.4 Vegen framover

4.4.1 Innleiing

Departementet ser det som eit mål å auke bemanninga i Den norske kyrkja i åra framover. Den opptrappingsplanen som Kyrkjerådet har utarbeidd, vil vere ein viktig referanse i dette arbeidet. Departementet ser ikkje grunn til å gå nærare inn på grunnlaget eller føresetnadene for måltala i Kyrkjerådet sin opptrappingsplan. Departementet kan heller ikkje sjå at det er dei eksakte måltala som kan vere avgjerande for den vidare oppfølginga. At det er behov for å auke bemanninga i kyrkja, vil departementet understreke på generelt grunnlag. Departementet vil dessutan peike på at dette ikkje berre er ei utfordring for staten og statsbudsjettet, men òg for kommunane og kommunebudsjetta. Sjølv om det dei seinaste åra har vore oppretta nye kyrkjelege stillingar på statsbudsjettet, og det òg på lokalt plan i kyrkja har vore ein stillingsauke dei seinaste åra, i første rekkje som følgje av det nye lovverket for kyrkja, viser rapporten frå Kyrkjerådet - og dei måltala for dei ulike tenestekategoriane som er med i opptrappingsplanen - at behovet for fleire kyrkjelege stillingar er til stades på mange område.

Departementet ser det slik at ein målretta auke i bemanninga i kyrkja i åra framover må vurderast i samanheng med det som no står fram som det truleg viktigaste innsatsområdet: reform av kyrkja si dåpsopplæring. Dette står ikkje i motsetnad til Kyrkjerådet sitt forslag til opptrappingsplan. Kyrkjerådet sitt forslag har eit siktemål som går utover styrkinga av dåpsopplæringa, men som er basert på dei same vurderingane som ligg til grunn for denne styrkinga. Å auke bemanninga i kyrkja til fordel for dåpsopplæringa vil dermed representere ei oppfølging av opptrappingsplanen, og vere i tråd med tilrådinga frå Kyrkjerådet om at ein bemanningsauke knytt til dåpsopplæringa bør ha prioritet dei næraste åra.

Departementet viser til dette og meiner at det første steget for å kome bemanningsbehovet i kyrkja i møte, er å knyte auken i innsatsfaktorane (budsjett, personell m.m.) til ei målretta styrking av dåpsopplæringa. Bemanningsauke i kyrkja ut frå andre omsyn vil departementet vurdere på vanleg måte i samanheng med dei årlege statsbudsjetta.

Dei budsjettmessige konsekvensane ved full gjennomføring av eit organisert dåpsopplæringstilbod til alle døypte fram til fylte 18 år - i eit omfang på 315 timar for alle - er av dåpsopplæringsutvalet rekna til 550 mill. kroner, inklusive 1 200 nye årsverk i kyrkjelydane og 100 nye årsverk på sentralt og regionalt nivå i kyrkja. Departementet har ikkje sett grunn til å gå nærare inn på dei konkrete premissane som dei budsjettmessige konsekvensane er rekna på grunnlag av. Det sentrale er at dåpsopplæringsutvalet - og opptrappingsplanen frå Kyrkjerådet - viser at eit utvida og systematisk dåpsopplæringstilbod ikkje kan gjennomførast med dei økonomiske rammene kyrkja i dag arbeider innanfor.

4.4.2 Dei første stega på vegen

Eit nasjonalt reformprogram

Motivet og målet for dåpsopplæringa er omtalte i kap. 3. Regjeringa ønskjer eit systematisk og velorganisert opplæringstilbod for alle døypte barn i alle kyrkjelydane i landet. På vegen mot dette målet vil utfordringane vere mange og ulike. Dei generelle utfordringane heng saman med ressurstilgang, bemanning og rekruttering. For den einskilde kyrkjelyden kjem utfordringane i samband med den praktiske planlegginga og innpassinga av eit utvida dåpsopplæringstilbod og med den kvaliteten som er målet. I kyrkjelydane vil det vere behov for fleire kyrkjelege undervisningsleiarar, ved sida av kvalifiserte dåpslærarar. Det vil òg vere nødvendig å utarbeide og setje i verk eit pedagogisk opplæringstilbod tilpassa dei ulike alderstrinna og tilpassa barn og unge med særskilde behov. Opplæringstilbodet må integrerast og få rotfeste i heile kyrkjelyden, og det må gå ut brei informasjon til foreldre og føresette, slik at dei vert motiverte til samarbeid med kyrkja i eit omfang som ikkje har vore systematisk prøvd ut før. I gjennomføringa av eit utvida opplæringstilbod vil det òg vere nødvendig å finne fram til god arbeidsdeling mellom dei tilsette i kyrkjelyden og å utvikle samspel med frivillige, slik at desse kan ta aktivt del og kompetansen deira kan utnyttast. Særleg vil det vere viktig å byggje på og utvikle samarbeidet med dei frivillige organisasjonane i kyrkja. For å få til rasjonelle lokale løysingar av praktiske og organisatoriske spørsmål, vil det i mange tilfelle vere aktuelt å stimulere til samarbeid mellom fleire kyrkjelydar, og mellom sokneråda og det kyrkjelege fellesrådet i kommunen. Lokalt handlar det dessutan om å finne svar på spørsmål om kva tid på dagen opplæringa bør gå føre seg, om undervisninga bør eller kan finne stad på skulen m.m. Mange kyrkjelydar, med god tilgang på menneskelege ressursar og fagkompetanse, vil straks kunne gå i gang med å utvikle eit systematisk og velorganisert opplæringstilbod for alle døypte, dersom det vert økonomiske rammer for det. I andre kyrkjelydar vil det ikkje berre vere behov for økonomiske ressursar og arbeidskraft. Dei vil òg ha større behov for ekstern rettleiing og hjelp til å møte dei mange praktiske og faglege utfordringane.

I dette perspektivet meiner departementet det er nødvendig at eit utvida dåpsopplæringstilbod må utviklast over tid innanfor ramma av eit nærare definert reformprogram. Dåpsopplæringsutvalet la til grunn eit tiårsperspektiv, og såg for seg tre utviklings- eller gjennomføringsfasar: Ein førebuingsfase, ein etableringsfase og til slutt ein konsolideringsfase. Departementet meiner det er viktig å leggje premissane for ei slik trinnvis utvikling, der den første fasen vil vere den viktigaste å ha konkrete planar for. Departementet ser iverksetjinga av denne delen av reformprogrammet som det første viktige steget på vegen fram mot målet. Den primære oppgåva no er å klårgjere målet for og innhaldet i denne første delen.

Departementet ser den første delen av reformprogrammet som ein forsøks- og utviklingsperiode, særleg med tanke på spørsmål som gjeld den lokale organiseringa og utforminga av opplæringa, og korleis opplæringstilbodet praktisk vert lagt til rette. På lengre sikt vil evalueringane og erfaringane frå denne perioden vere viktige for den vidare utviklinga av dåpsopplæringa i kyrkja. Departementet meiner at forsøks- og utviklingsarbeidet må gå over fleire år og femne breitt. Ikkje minst ser departementet det som viktig å vinne erfaringar med omsyn til deltaking, dvs. kor mange av dei døypte barna som gjer bruk av eit utvida opplæringstilbod. Dette vil det naturleg ta tid å få erfaringar med. Departementet ser det òg som viktig å få prøvd ut om eit opplæringstilbod på 315 timer, slik dåpsopplæringsutvalet og Kyrkjemøtet 2001 la til grunn, bør vere det endelege målet. I forsøks- og utviklingsperioden bør måltalet på 315 timar leggjast til grunn, men det er først etter ei evaluering av erfaringane frå forsøksperioden at det vil vere grunnlag for å ta endeleg standpunkt til omfanget av opplæringstilbodet. Forsøks- og utviklingsperioden vil elles vere kjenneteikna ved at ulike pedagogiske opplegg vert prøvde ut. Desse må evaluerast i høve til erfaringane når det gjeld det pedagogiske tilbodet, dimensjoneringa og innretninga av det mellom dei ulike alderstrinna. Vidare vil det vere viktig å få vurdert kva for kritiske faktorar som er dei mest sentrale ved innføringa av tilbodet. Organisatoriske og praktiske løysingar, bruken av skulen, tidspunkta for opplæringa, tilgangen på kvalifisert arbeidskraft og dei økonomiske vilkåra er faktorar som det vil vere viktig å få evaluert. Erfaringane kan òg seie noko om det i første rekkje er dei ressursane som vert stilte til rådvelde som er avgjerande for dei resultata som viser seg, eller om det til dømes er det pedagogiske opplegget, deltakinga og samarbeidet med foreldre og føresette, tilgangen på kvalifisert personell, tenlege lokale eller organisatoriske tilhøve.

Med dei utfordringane som vil kjenneteikne den første delen av reformprogrammet, meiner departementet at denne bør organiserast som eit prosjekt, avgrensa i tid og underordna ei styringsgruppe. Prosjektperioden bør setjast til fem år. Etter prosjektperioden, med forsøks- og utviklingsarbeid som hovudelement, kjem utbyggings- og konsolideringsfasen, der målet er at alle kyrkjelydane i landet gradvis byggjer ut og konsoliderer eit systematisk dåpsopplæringstilbod for alle barn frå dei vert døypte til fylte 18 år. Departementet vil vere varsam med å tidfeste eit fullt utvikla dåpsopplæringstilbod i alle kyrkjelydane, særleg fordi dei faktorane som vil vere viktige for framdrifta og den vidare utviklinga, langt på veg er ukjende i dag. Dette gjeld til dømes tilgangen på kvalifisert arbeidskraft og kor mange som vil delta i opplæringstilbodet. Likevel meiner departementet det er naturleg å ha som utgangspunkt eit tidsperspektiv på ti år.

Innhald og innretning av den første delen av reformprogrammet

Departementet går inn for eit nasjonalt reformprogram innan dåpsopplæringa, der forsøks- og utviklingsarbeid er sentrale element dei første åra. Målet med første delen av reformprogrammet er å initiere og leggje til rette for utprøving av ulike løysingar og opplegg for ei systematisk utviding av dåpsopplæringstilbodet. Mange kyrkjelydar har i dag konkrete planar for å satse på dåpsopplæringa, men har ikkje nødvendige ressursar for gjennomføringa. Å stimulere kyrkjelydane til å utvikle og prøve ut dei planane dei har, er ei sentral side ved den første delen av reformprogrammet.

I tillegg til forsøks- og utviklingsarbeid vil eit sentralt kjenneteikn ved den første delen av reformprogrammet vere evaluering av erfaringar og resultat. Den første delen skal danne grunnlaget for utviklinga seinare og må derfor sjåast i eit langsiktig perspektiv. Nedanfor er punktvis nemnt nokre viktige føresetnader som departementet meiner må leggjast til grunn:

  1. Dåpsopplæringstilbodet i kyrkja skal vere eit tilbod for dei døypte barna der dei bur, i deira eigen kyrkjelyd. Eit reformprogram for dåpsopplæringa må byggje på at forsøks- og utviklingsarbeid skal ha lokal forankring og gå føre seg i den einskilde kyrkjelyden.

  2. Forsøks- og utviklingsarbeidet skal femne breitt. Det må vere eit mål at ein stor del av kyrkjelydane er involverte i reformarbeidet frå eit tidleg tidspunkt, slik at det er grunnlag for å prøve ut mange ulike løysingar, tilpassa lokale tilhøve.

  3. I utvalde kyrkjelydar skal det setjast i verk systematiske forsøk med eit fullt utvikla opplæringstilbod, dvs. frå barnet vert døypt til fylte 18 år.

  4. Reformprogrammet må frå starten ta omsyn til dei kyrkjelydane som i dag er motiverte og har føresetnader for raskt å utvikle eit utvida opplæringstilbod. Reformprogrammet må verke stimulerande, ikkje hindrande for lokale initiativ og utviklinga av eksisterande tiltak.

  5. Forsøks- og utviklingsarbeidet bør vere styrt gjennom ei prosjektorganisering.

At forsøks- og utviklingsarbeidet skal ha lokal forankring, dvs. vere forankra i den einskilde kyrkjelyden, er grunnleggjande. Det lokale forsøks- og utviklingsarbeidet kan ikkje vinne fram utan at det på regionalt og sentralt hald i kyrkja vert arbeidd med utvikling av materiell, pedagogiske opplegg m.m., men tyngdepunktet i reformarbeidet skal liggje i kyrkjelydane. Føresetnaden om at mange kyrkjelydar skal vere involverte ved starten av reformprogrammet, er ein konsekvens av dette. Det er grunn til å understreke at det regionale nivået i kyrkja, dvs. bispedømma, dermed vil stå framfor særlege utfordringar. Sjølv om det er kyrkjelydane sjølve som vil ha ansvaret for å etablere eit utvida opplæringstilbod, vil behovet for fagleg rettleiing og hjelp vere stort. Denne oppgåva må bispedømma vere rusta for, slik at dei har kapasitet og kompetanse til å motivere og støtte opp under dei konkrete planane og tiltaka som vert utvikla i kyrkjelydane. I tida framover vil det derfor vere viktig både å byggje på og å byggje ut den kompetansen og kapasiteten bispedømma i dag har på opplæringsfeltet. Slik vil forsøks- og utviklingsarbeidet vere kjenneteikna ved å ha ei sterk lokal og regional forankring, med ansvar og oppgåver plasserte i bispedømma hjå bispedømmeråda og biskopane, og i den einskilde kyrkjelyden.

Departementet har vurdert om bispedømma og kyrkjelydane bør stillast heilt fritt i å prøve ut dei ulike delane av eit opplæringstilbod på 315 timar. Sjølv om det er viktig å leggje til rette for lokal valfridom, er det likevel departementet sitt syn at eit systematisk forsøks- og utviklingsarbeid stiller krav om samordning og innpassing i eit samlande, felles opplegg. Ein alternativ modell ville vere å innrette forsøks- og utviklingsperioden på særskilde eller avgrensa delar av tilbodet på 315 timar, dvs. at ein dei første åra konsentrerte seg om til dømes småskulefasen, eventuelt andre delar av opplæringstida, og innretta alle forsøks- og utviklingstiltak, inklusive fagleg rettleiing og økonomiske stimulansar, mot dette. Ulempa ved denne måten å innrette forsøks- og utviklingsarbeidet på, er mellom anna at han gir liten valfridom, og at det vil vere ein fare for at det opplæringstilbodet og den aktiviteten som i dag finst i dei einskilde kyrkjelydane, ikkje på tilfredsstillande måte kan integrerast i eit felles, samordna opplegg.

For å sikre ei samordna og systematisk utprøving av eit utvida dåpsopplæringstilbod vil departementet gå inn for at forsøks- og utviklingsarbeidet byggjer på ei oppgåvefordeling bispedømma imellom. Dåpsopplæringsutvalet sitt forslag til opplæringstilbod var inndelt i seks opplæringsfasar (dåpsfasen, førskulefasen, småskulefasen, mellomfasen, konfirmasjonstida og til slutt tida etter konfirmasjonen), jf. pkt. 2.2.2. Departementet ser det som viktig at alle desse fasane vert prøvde ut og utvikla parallelt, og meiner den beste måten å få dette til på, er å leggje ansvaret for utprøving og utvikling av dei ulike opplæringsfasane til ulike bispedømme. Innanfor ramma av eit samla opplegg skal bispedømma få tildelt ansvaret for ulike delar av forsøks- og utviklingsarbeidet. Ved ei slik oppgåvefordeling vil det liggje til rette for arbeidsdeling bispedømma imellom med omsyn til den fagkompetansen dei treng for å gi fagleg rettleiing. Fordi kyrkjelydane i bispedømma vil arbeide på eit felles grunnlag, vil det òg liggje betre til rette for samarbeidsløysingar kyrkjelydane imellom. Ved ein viss geografisk konsentrasjon av forsøks- og utviklingsarbeidet gjennom oppgåvefordelinga mellom bispedømma, er det dessutan grunn til å rekne med praktiske vinstar, til dømes ved gjennomføringa av evalueringar. Departementet legg til grunn ein toårig progresjon for gjennomføringa av oppgåvefordelinga mellom bispedømma, dvs. at alle bispedømma i løpet av to år skal vere involverte i forsøks- og utviklingsarbeidet.

Departementet meiner det vil vere naturleg at fire av bispedømma får tildelt dåps- og førskulefasen som satsingsområde, at fire bispedømme får tildelt småskulefasen som satsingsområde, og at dei tre siste bispedømma får tildelt den delen av opplæringstida som kjem etter småskulefasen og går fram til fylte 18 år. Dei einskilde bispedømma skal få fagleg og økonomisk hjelp til å prøve ut og utvikle den delen av opplæringstilbodet som vedkomande bispedømme har fått tildelt. Denne arbeids- eller ansvarsdelinga bispedømma imellom bør likevel ikkje vere bindande, men retningsgivande. Det må vere rom for å gi fagleg og økonomisk støtte òg til kyrkjelydar som ønskjer å utvikle fleire eller andre delar av opplæringstilbodet enn det som er satsingsområdet i bispedømmet. Departementet ser slik fleksibilitet som viktig for å kunne motivere kyrkjelydar som har planar og særlege føresetnader for dette. Som nemnt er det ei viktig side ved forsøks- og utviklingsarbeidet at det skal verke stimulerande, ikkje hindrande for vidareutvikling av eksisterande planar og tiltak. Det er elles naturleg at detaljane og den konkrete utforminga av den skisserte modellen vert drøfta med kyrkjelege organ.

I tillegg til å få prøvd ut ulike delar av dei seks opplæringsfasane gjennom ei arbeidsdeling bispedømma imellom, meiner departementet at det i første delen av reformprogrammet òg bør gå føre seg forsøk som femner om alle dei seks opplæringsfasane, dvs. for tida frå dåpen til fylte 18 år, i utvalde kyrkjelydar. Dette vil vere nødvendig for å få erfaringar og ei systematisk utprøving av alle dei faglege, økonomiske og praktiske utfordringane som gjer seg gjeldande når opplæringstilbodet i kyrkjelyden er 315 timar. Eit slikt opplegg vil vere ressurskrevjande, og bør ikkje femne om for mange kyrkjelydar. Departementet legg til grunn at tre kyrkjelydar i kvart bispedømme bør vere med i slike forsøk og få fagleg og økonomisk støtte til det. Med tre kyrkjelydar i kvart bispedømme, i alt 33 kyrkjelydar, vil det vere etablert eit godt grunnlag for å få variasjon og ulike løysingar i opplegg og metode, og for å innhente ulike erfaringar. Samtidig vil ikkje talet på kyrkjelydar vere større enn at kvaliteten i den faglege rettleiinga og evalueringa kan verte tilfredsstillande. I desse kyrkjelydane skal eit utvida og fullt utbygd dåpsopplæringstilbod verte systematisk utvikla, prøvd ut og innarbeidd. I mange kyrkjelydar vil det vere gode føresetnader for dette i dag - det gjeld både ressursar og personale - medan slike føresetnader vil mangle andre stader. Det vil derfor vere viktig at dei kyrkjelydane som er med, er representative, dvs. at dei representerer ulike typar kyrkjelydar med omsyn til demografiske, geografiske og andre kjenneteikn. Erfaringane frå desse kyrkjelydane, saman med erfaringane frå dei kyrkjelydane som utviklar avgrensa delar av opplæringstilbodet, må ha stor tyngd og representativitet og tene som eksempel og referansar for andre kyrkjelydar. Som nemnt skal kyrkjelydar i alle bispedømma vere representerte. Minst éin kyrkjelyd skal vere i samisk område.

Prosjektorganisering

Kyrkjelydane og kyrkja i det heile står framfor store praktiske og pedagogiske utfordringar ved realiseringa av ei reform innan dåpsopplæringa. For å kome utfordringane i møte, meiner departementet som nemnt at forsøks- og utviklingsarbeidet dei første fem åra i reformperioden bør organiserast som eit prosjekt. Målet med prosjektorganisering er å få ein organisatorisk basis for å utvikle ein felleskyrkjeleg strategi på feltet og for å leggje til rette for samordning av dei ulike oppgåvene og tiltaka innan forsøks- og utviklingsarbeidet. Med den vekta departementet legg på at forsøks- og utviklingsarbeidet skal ha regional og lokal forankring, vil oppgåva for den sentrale prosjektleiinga mellom anna vere å motivere og rettleie det regionale og lokale nivået, ha oversyn over det forsøks- og utviklingsarbeidet som vert sett i gang i bispedømma, og i samarbeid med bispedømma kartleggje erfaringar og gjennomføre evalueringar. Prosjektet må leggje til rette for sentrale informasjonstiltak og for at erfaringar vert spreidde bispedømma imellom. Den samla fagkompetansen på området må utnyttast på ein rasjonell måte. Prosjektet må dessutan identifisere behovet for å utvikle pedagogisk hjelpemateriell og ta initiativ til å utvikle læremiddel og ulike pedagogiske opplegg for opplæringa. Utfordringane innan dette feltet vil vere store, ikkje minst når det gjeld utvikling av opplæringsmateriell for barn og unge i samiskspråklege område. Det må òg leggjast vekt på å utvikle materiell og pedagogiske opplegg for barn og unge med særskilde behov. Vidare må prosjektet vurdere korleis ny teknologi og Internett som del av opplæringa kan takast i bruk, mellom anna ved utvikling av elektroniske læremiddel. Det vil dessutan vere behov for å utvikle faste ritual og liturgiar som del av det pedagogiske opplegget, til bruk i familie-, barne- og ungdomsgudstenester m.m.

Ei særleg utfordring som gjer seg gjeldande ved ei reform av dåpsopplæringa, er å få god tilgang på kvalifisert arbeidskraft innan opplæringsfeltet. Spørsmål og tiltak som gjeld rekruttering og opplæring av personell, må derfor stå sentralt i åra framover. Sjølv om dette arbeidet må gå føre seg i samarbeid med andre organ i kyrkja, med Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon, tenestemannsorganisasjonane og utdanningsinstitusjonane, vil arbeid med rekrutteringsspørsmål vere ein viktig del av prosjektet.

Prosjektet må stå under leiing av ei styringsgruppe med brei representasjon, og det vil vere behov for eit nasjonalt prosjektsekretariat. Departementet legg til grunn at Kyrkjerådet skal ha det overordna ansvaret for prosjektet og få i oppdrag å oppnemne styringsgruppa. Prosjektsekretariatet må ha eigne budsjettrammer og arbeide etter oppdrag frå styringsgruppa. Det vil vere Kyrkjerådet saman med styringsgruppa som må vurdere kva for oppgåver prosjektsekretariatet sjølv vil ha kompetanse og kapasitet til å utføre, kva for oppdrag som etter avtale bør setjast bort til andre, og kva for oppgåver det er naturleg vert utførte av Kyrkjerådet sitt sekretariat.

Ved etableringa av prosjektet er det viktig at ansvars- og oppgåvefordelinga mellom den sentrale prosjektleiinga og bispedømma er avklåra. Departementet vil i denne samanhengen understreke at det er den einskilde kyrkjelyden som på vanleg måte vil ha det formelle ansvaret for det dåpsopplæringsarbeidet som går føre seg i kyrkjelyden. Det same vil gjelde ved gjennomføringa av eit utvida opplæringstilbod og igangsetjing av lokale forsøks- og utviklingstiltak. Fagleg og praktisk rettleiing for den einskilde kyrkjelyden vil det i første rekkje vere bispedømmet som skal gi. Bispedømma bør dessutan ha ei sentral rolle ved fordelinga av dei økonomiske ressursane som vert stilte til rådvelde for forsøks- og utviklingsarbeidet i kyrkjelydane. Departementet meiner på denne bakgrunnen at det må opprettast eit nytt årsverk i kvart bispedømme. Tilsette i desse stillingane vil i kvart bispedømme vere prosjektleiarar for utviklinga av dåpsopplæringa i bispedømmet, og må som regionale leiarar arbeide i nær kontakt med den sentrale styringsgruppa og prosjektsekretariatet. Når det gjeld bemanninga av det sentrale prosjektsekretariatet, legg departementet til grunn at det bør disponere om lag fem årsverk.

På det grunnlaget som er skissert ovanfor, er det naturleg at Kyrkjerådet i samarbeid med bispedømma får ansvaret for å utforme ei presis oppgåvefordeling mellom den sentrale prosjektleiinga og bispedømma. Kyrkjerådet si utforming av mandatet for styringsgruppa vil vere ein naturleg del av dette.

Eit nasjonalt kompetansenettverk

Å reformere dåpsopplæringa slik departementet går inn for, fører med seg eit langsiktig behov for å styrkje kompetansen og kapasiteten innan opplæringsfeltet i kyrkja. Det største kompetansebehovet vil vere innan pedagogikk. Behovet for spesialpedagogisk kompetanse må understrekast, fordi det vil vere ei særleg utfordring for kyrkjelydane å tilby tilpassa opplæring for barn og unge med særskilde behov.

Den kompetansen innan dåpsopplæringsfeltet som finst i dag, er spreidd på ulike stader. Ved starten av reformprogrammet er det viktig at den kunnskapen som finst, kjem prosjektet til gode. Relevant kompetanse finst i ulike faggrupper og fagmiljø, både blant tilsette i kyrkja og ved institusjonar som arbeider innanfor til dømes pedagogikk, teologi og samfunnsforsking. For å få god utnytting av den fagkompetansen som i dag er spreidd på ulike stader, må kompetansen koplast saman gjennom eit fagleg nettverk og få tett tilknyting til prosjektet og prosjektleiinga. Dei praktiske og faglege utfordringane ved å reformere dåpsopplæringa vil vere så store at departementet ser etableringa av eit slikt nasjonalt kompetansenettverk for dåpsopplæring som ein sentral del av reforma. Mellom anna vil fagpersonar tilsette på ulike nivå i kyrkja og ved institusjonar som driv forsking, utdanning og religionspedagogisk utviklingsarbeid, vere naturlege deltakarar i nettverket. Prosjektleiinga i samarbeid med Kyrkjerådet bør få til oppgåve å etablere og halde nettverket ved like, og vere den koordinerande instansen i nettverket.

Finansieringa av reformprogrammet

Dåpsopplæringsutvalet la til grunn at den budsjettmessige satsinga innan dåpsopplæringsfeltet i første rekkje måtte kome over statsbudsjettet. Sjølv om store delar av verksemda i kyrkja i dag vert finansierte over kommunebudsjetta, og dåpsopplæringa høyrer heime i den einskilde kyrkjelyden, såg ikkje dåpsopplæringsutvalet det som aktuelt å leggje vesentlege nye utgiftsplikter på kommunane på dette området. Departementet ser det på same måten, og meiner utgangspunktet må vere at meirutgifter som vil kome som følgje av eit utvida opplæringstilbod i kyrkjelydane, må dekkjast av dei midlane som departementet går inn for å løyve på statsbudsjettet i samband med reformprogrammet og styrkinga av dåpsopplæringa.

Reform av dåpsopplæringa i kyrkja vil ikkje vere avslutta før alle kyrkjelydane har innført eit utvida og systematisk opplæringstilbod. Framdrifta og innretninga av reforma må gå føre seg på bakgrunn av dei erfaringane som vert gjorde over tid, særleg frå forsøks- og utviklingsperioden. Dåpsopplæringsutvalet kvantifiserte ein budsjettmessig opptrappingsplan som skulle gå over ti år. Departementet meiner det er knytt så vidt mange usikre faktorar til dei budsjettmessige konsekvensane av eit utvida opplæringstilbod i alle kyrkjelydane, at grunnlaget for å rekna ut konsekvensane og å leggje fram ein bindande opptrappingsplan for reforma, ikkje er til stades. Erfaringane frå forsøksarbeidet skal mellom anna gi kunnskap om kor mange barn og unge som tek del i tilbodet, om eit opplæringstilbod på 315 timar bør vere retningsgivande for den vidare utbygginga og om rekrutteringa av personell innan opplæringsfeltet er tilfredsstillande i høve til behovet. Desse faktorane vil ha verknad for dei faktiske konsekvensane. Av omsyn til motivasjonen for ein forsterka innsats i kyrkjelydane og for gjennomføringa av det systematiske forsøks- og utviklingsarbeidet som det er gjort greie for ovanfor, er det likevel viktig no å klårgjere kva for budsjettføresetnader for reformarbeidet som departementet vil leggje til grunn i tida framover. Såleis legg departementet til grunn at dåpsopplæringa skal ha ei budsjettmessig opptrapping til om lag 250 mill. kroner innanfor ein periode på fem til ti år. Departementet vil understreke at ein slik opptrappingsplan ikkje kan vere bindande, og den må kvart år vurderast i lys av den aktuelle budsjettsituasjonen. Det femårige forsøks- og utviklingsarbeidet skal finansierast innanfor ramma av den nemnde opptrappingsplanen. Departementet vil derfor kvart år vurdere framdrifta og takten i løyvingane, og kome tilbake til forslag til konkrete løyvingar i dei årlege statsbudsjetta.

Det meste av auken på 250 mill. kroner vil vere tilskott til stillingar som arbeider med dåpsopplæring i kyrkjelydane. Ein del av auken må disponerast for sentrale utviklingstiltak, dvs. til utvikling av pedagogiske opplegg og opplæringsmateriell, til rekrutteringstiltak, IT-tiltak, gjennomføring av evalueringar m.m. Det er naturleg at Kyrkjerådet, etter innstilling frå bispedømma og prosjektleiinga, kvart år utarbeider budsjettforslag til departementet, fordelt på dei ulike tiltaka.

Vi har i dag vel 1 300 sokneråd og 435 kyrkjelege fellesråd. Det kyrkjelege fellesrådet vil vere den naturlege tilskottsmottakaren på vegner av kyrkjelydane i kommunen. Ein auke på 250 mill. kroner til dåpsopplæringa representerer eit tilskott på meir enn 0,5 mill. kroner til kvart fellesråd. Tildeling av midlar til det kyrkjelege fellesrådet/den einskilde kyrkjelyden vil vere bispedømmet sitt ansvar, på grunnlag av søknader frå fellesråda og kyrkjelydane. I vurderingane av søknadene vil mange omsyn gjere seg gjeldande, mellom anna omsyna til breidd og kvalitet, til lokale tilpassingar m.m. Det er naturleg at Kyrkjerådet og bispedømma får i oppgåve å arbeide med retningslinjer for korleis budsjett-tildelinga til bispedømma og til kyrkjelydane bør vere.

Oppsummering

For å nå målet om eit utvida, systematisk og velorganisert opplæringstilbod for alle døypte barn i alle kyrkjelydane i landet, går departementet inn for å setje i gang eit nasjonalt reformprogram for dåpsopplæringa. Dei første fem åra skal vere ein forsøks- og utviklingsperiode som femner breitt. Forsøks- og utviklingstiltak, saman med evaluering og innhenting av erfaringar, vil vere hovudelement i denne delen av reformprogrammet. Forsøks- og utviklingsarbeidet skal byggje på ei arbeidsdeling mellom bispedømma, der bispedømma - og kyrkjelydane der - får ansvaret for å utvikle og prøve ut ulike delar av eit opplæringstilbod på 315 timar. Arbeidsdelinga skal vere retningsgivande, ikkje bindande, for slik å få fleksibilitet og rom for lokale tilpassingar. I 33 utvalde kyrkjelydar skal det i tillegg utviklast eit fullt utbygd opplæringstilbod på 315 timar. Forsøks- og utviklingsarbeidet skal vere organisert som eit prosjekt, med ei sentral prosjektleiing. Kyrkjerådet skal ha det overordna ansvaret for prosjektet. Fagleg og praktisk rettleiing til kyrkjelydane skal bispedømma ha primæransvaret for. Det same gjeld tildelinga av tilskott til kyrkjelydane. Som ein del av prosjektet skal det etablerast eit nasjonalt kompetansenettverk for dåpsopplæring, slik at den fagkompetansen det er nødvendig å gjere bruk av i samband med reforma, vert utnytta rasjonelt.

I tida etter den første delen av reformperioden kjem utbyggings- og konsolideringsperioden, med vidare utbygging av eit systematisk dåpsopplæringstilbod i alle kyrkjelydane. Departementet meiner tidsperspektivet for eit utvida og systematisk opplæringstilbod i alle kyrkjelydane i landet bør vere ti år. Departementet legg til grunn ei budsjettmessig opptrapping på om lag 250 mill. kroner for gjennomføringa av reforma. Tidsperspektivet for denne opptrappinga er fem til ti år. Opptrappingsplanen kan ikkje vere bindande, men må vurderast kvart år i lys av den aktuelle budsjettsituasjonen. Hovuddelen av løyvingane skal gå som tilskott til kyrkjelydane. Elles skal løyvingane gå til sentrale utviklingstiltak og til å styrkje kompetansen og kapasiteten på regionalt og nasjonalt nivå i kyrkja. Departementet vil kvart år vurdere framdrifta og takten i løyvingane til dåpsopplæringa.

4.4.3 Andre spørsmål på vegen

Om rett og plikt til å delta i opplæringstilbodet

Med bakgrunn i den samanhengen det er mellom dåp og dåpsopplæring, understreka dåpsopplæringsutvalet at alle som vert døypte, har eit rettmessig krav på å få tilbod om dåpsopplæring frå kyrkja. Utvalet meinte det var viktig å få lovregulert denne retten, slik at alle døypte vert sikra individuell rett til opplæring, men at lovfesting likevel ikkje ville vere aktuell før det nødvendige omfanget av dåpsopplæringstilbodet i kyrkja er etablert, og den individuelle retten i praksis kan oppfyllast. Høyringa av forslaga frå dåpsopplæringsutvalet, og vedtaket om saka på Kyrkjemøtet 2001, viste stor semje i denne måten å vurdere spørsmålet på. Departementet viser til dette, og kan ikkje sjå at det no er grunn til å ta opp til konkret og praktisk drøfting dei ulike sidene og konsekvensane ved lovfesta, individuell rett til dåpsopplæring for alle døypte.

Dei fleste andre lovforslaga som dåpsopplæringsutvalet tok opp til drøfting, handla i hovudsak om å presisere ansvarsfordelinga mellom dei ulike kyrkjelege organa ved etableringa av eit utvida og systematisk dåpsopplæringstilbod. Mange av desse forslaga er baserte på den same vurderinga som gjeld for lovreguleringa av individuell rett, dvs. at dei ikkje er aktuelle å vurdere konkret før eit utvida og systematisk dåpsopplæringstilbod ligg føre i alle kyrkjelydar. I den grad erfaringane ved det forsøks- og utviklingsprogrammet som er omtalt ovanfor, reiser spørsmål om endringar i den ansvarsdelinga som lovverket no har reglar om for dei kyrkjelege organa, reknar departementet med at den nødvendige tilpassinga vil kunne skje innanfor ramma av dei seinaste endringane i kyrkjelova § 14, jf. Innst. O. nr. 97 (2000-2001) og Ot.prp. nr. 90 (2000-2001), der det ut frå behovet for forsøks- og utviklingsarbeid i kyrkja vart opna for forsøk med ei anna ansvars- og arbeidsdeling mellom dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda enn den kyrkjelova har reglar om. Departementet vil likevel i tida framover vurdere om det vil vere behov for endringar i det kyrkjelege lov- og regelverket, noko departementet i så fall vil kome tilbake til.

Til utgreiinga frå dåpsopplæringsutvalet reiste nokre høyringsinstansar spørsmål om eit utvida og systematisert dåpsopplæringstilbod i kyrkja ville føre med seg ei forsterka eller bindande plikt til deltaking. Departementet viser til at det for den som vert døypt i Den norske kyrkja i dag, ikkje er knytt bindande vilkår eller rettslege krav om deltaking i eit opplæringstilbod i regi av kyrkja. Eit utvida og systematisk dåpsopplæringstilbod i kyrkja vil ikkje endre dette. Deltakinga i tilbodet vil vere frivillig for den døypte, og det mynde dei som er føresette for barnet i dag har til å ta avgjerd om deltaking, vil vere uinnskrenka. Tilhøvet mellom kyrkja og foreldra/dei føresette til barnet, vil ved eit utvida og systematisert opplæringstilbod vere kjenneteikna ved det felles ansvaret kyrkja og heimen òg i dag har for den døypte, slik dette kjem til uttrykk i liturgien for dåpshandlinga.

Dåpsopplæringa og den offentlege skulen

Dåpsopplæringsutvalet la til grunn at det må vere kyrkjelydane som er ansvarlege for dåpsopplæringa, at opplæringa normalt må gå føre seg i kyrkja sine lokale, i første rekkje i kyrkjebygget, men at det av praktiske grunnar - og mest aktuelt for alderstrinnet 6-10 år - ved lokale avtalar ofte vil kunne vere fordelar ved at opplæringa går føre seg i skulebygget på dagtid, nær opp til den ordinære undervisningstida i skulen. I høyringa kom det ikkje fram innvendingar mot dette. Departementet meiner det i dette spørsmålet må vere opp til lokalsamfunnet å finne tenlege og praktiske løysingar. I kor stor grad opplæringa i den einskilde kyrkjelyden bør eller vil kunne givast i kyrkjebygget eller i anna lokale som kyrkjelyden rår over, eller i skulebygget, må avgjerast av kyrkjelyden i samarbeid med skulen og heimen. Departementet vil likevel peike på at det i vårt land mange stader ikkje vil liggje til rette for å bruke kyrkjebygget. Mange stader, ikkje minst i kyrkjelydar med store reiseavstandar og kostbar og tidkrevjande skyss, vil ei slik ordning naturleg føre med seg at mange barn ikkje kan ta del i opplæringa. Ved eit opplæringstilbod der ein bruker lokala i skulen, og tida for opplæringa vert lagd nær den ordinære skuletida, vil det òg mange stader liggje betre til rette for utnytting av det lokale tilbodet om skuleskyss. Det må elles vere den som elles tek avgjerd om bruken av skulen utanom den ordinære undervisningstida, som avgjer spørsmålet om å bruke skulen til dette formålet. Det same prinsippet må gjelde for andre trudoms- og livssynssamfunn som ønskjer å bruke den lokale skulen til liknande verksemd.

Dåpsopplæringsutvalet la til grunn at det normerte timetalet for eit utvida dåpsopplæringstilbod ikkje skulle gå av dei ordinære undervisningstimane i skulen. Utvalet viste her til at dåpsopplæringa - med det innhaldet og målet opplæringa skal ha - må vere kyrkja sitt opplæringstilbod. Høyringa viste stor semje i dette prinsipielle spørsmålet, og departementet ser det ikkje annleis.

Med omsyn til kyrkjelova § 36, som ved avtale mellom skulen og kyrkja i dag regulerer bruken av undervisningstida i skulen til konfirmasjonsopplæring, meinte dåpsopplæringsutvalet at det var behov for innstramming, og at ordninga i kyrkjelova § 36 berre burde gjennomførast dersom det låg føre tunge grunnar. Dette spørsmålet vart elles vurdert av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i 1996 i samanheng med forslaget til nytt lovverk for Den norske kyrkja. På bakgrunn av forslag frå fleirtalet i komiteen gjorde Stortinget i 1996 dette vedtaket, jf. Innst. O. nr. 46 (1995-96):

«Stortinget ber Regjeringen i samarbeid med Kirkerådet vurdere hvordan kirkens konfirmasjonsundervisning kan tilrettelegges praktisk samtidig som hensynet til barn med annen tros- eller livssynsbakgrunn blir ivaretatt.»

Bakgrunnen for vedtaket går fram av komiteinnstillinga, jf. Innst. O. nr. 46 (1995-96) der det mellom anna heiter (side 19):

«Flertallet er klar over at det først og fremst er praktiske og økonomiske årsaker som ligger til grunn for dagens praksis hjemlet i lov. Flertallet er også klar over at svært mange skoler benytter denne ordningen nettopp av hensyn til skoleskyssordninger. Flertallet vil på denne bakgrunn ikke fremme forslag om å oppheve § 36 i denne omgang, men vil be departementet vurdere nærmere hvordan dette kan løses slik at det ikke vil bryte med intensjonene i enhetsskolebegrepet om at grunnskolen skal være en felles møteplass for alle barn, og der det ikke er ønskelig å skille barna på bakgrunn av religiøs eller livssynstilhørighet.»

Som komitefleirtalet peikte på, har reglane i kyrkjelova § 36 om at konfirmasjonsopplæringa kan leggjast som ein del av undervisningstida i skulen, først og fremst eit praktisk og økonomisk motiv. Reglane i kyrkjelova § 36 er ei vidareføring av reglane i eldre lovverk på området, og har samanheng med behovet for å utnytte dei skuleskyssordningane som er etablerte. Kyrkjelova § 36 har dermed størst aktualitet i kyst- og landdistrikt. Departementet vil understreke at bruk av skulen til konfirmasjonsopplæringa som kyrkjelova § 36 gir løyve til, ikkje er ein del av skulen si verksemd. Dersom denne opplæringa hadde vore eit ansvar for skulen, dvs. ein del av det undervisningstilbodet skulen gir, ville dette ha vore i strid med grunnlaget for KRL-faget og føresetnaden om at skulen ikkje skal gi opplæring i ei særskilt tru eller livssyn. Som nemnt har kyrkjelova § 36 eit praktisk motiv. Nokre timar av den samla undervisningstida i skulen skal kunne nyttast til konfirmasjonsopplæring ved at presten eller den som på vegner av kyrkja har ansvaret for konfirmasjonsopplæringa på staden, kan kome til skulen og ha konfirmasjonsopplæring innanfor ramma av skuletida til elevane. Etter departementet si meining vil dei praktiske og økonomiske konsekvensane av å oppheve eller stramme inn reglane i kyrkjelova § 36 kunne vere så store somme stader at departementet ikkje no ser grunnlag for å endre reglane. Departementet reknar med at kyrkja og skulen lokalt finn fram til praktiske løysingar, som òg tek omsyn til barn som høyrer til andre trudoms- eller livssynssamfunn, eller som av andre grunnar ikkje tek del i konfirmasjonsopplæringa. Til dømes bør det ikkje vere noko til hinder for at medlemer av trudoms- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja får tilbod om å nytte dei aktuelle timane til liknande opplæring, dersom dette er ei aktuell løysing på staden. Departementet viser elles til at dåpsopplæringsutvalet ikkje foreslo å oppheve reglane om dette i kyrkjelova § 36, men meinte det måtte liggje føre tunge grunnar for å praktisere ordninga. Departementet har tillit til at kyrkja, skulen og heimane saman vil kunne avgjere om slike grunnar ligg føre.

Høyringsinstansane var elles langt på veg samde med utvalet i at å utvide dåpsopplæringstilbodet i kyrkja ikkje skulle ha innverknad på fag- og timeplanane for KRL-faget i skulen. Departementet viser til at ein eventuell revisjon av fag- eller timeplanane for KRL-faget må gå føre seg etter dei vanlege prosedyrane som gjeld på dette området, men kan ikkje no sjå at gjennomføringa av eit utvida dåpsopplæringstilbod i kyrkja aktualiserer spørsmålet. Det er snarare slik at endringane på dette feltet i skulen har aktualisert behovet for ei reform av kyrkja si dåpsopplæring. Målet og grunnlaget for KRL-faget i skulen er annleis enn det målet og grunnlaget kyrkja og andre trudoms- og livssynssamfunn har for opplæringsverksemda si. Utviklinga av dette faget må etter departementet sitt syn vurderast utan omsyn til korleis opplæringstilbodet i dei einskilde trudoms- og livssynssamfunna utviklar seg. Departementet viser elles til Innst. S. nr. 240 (2000-2001) og St.meld. nr. 32 (2000-2001) om evalueringa av KRL-faget.