St.meld. nr. 8 (1998-99)

Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001

Til innhaldsliste

4 Samfunnsplanlegging og brukarmedverknad

4.1 Bakgrunn

Det er mogleg å auka tilgjenge for funksjonshemma i vid meining gjennom systematisk og samordna planlegging. Kommunale og fylkeskommunale planprosessar kan nyttast for å sikre at politiske mål blir omsett i konkret handling. På denne måten kan omsynet til funksjonshemma innarbeidast i den generelle tenkinga, og brukarmedverknad med god kvalitet kan finne stad.

Regjeringa har som mål at all planlegging, lovverk og retningsliner skal ta omsyn til funksjonshemma.

4.2 Brukarmedverknad

Det må vere eit medvite skilje mellom brukarmedverknad og brukarstyring.

Brukarmedverknad vil seie at dei som blir påverka av eit vedtak, eller er brukar av tenester, får delta i prosessen før avgjerda blir teken. Brukarstyring inneber at brukarrepresentantane har fleirtal i dei organ som tek avgjerd. Dette kapittelet omhandlar brukarmedverknad.

Brukarmedverknad er eit grunnleggjande prinsipp i regjeringa sitt arbeid for funksjonshemma. Funksjonshemma skal delta i utforminga av samfunnet. Auka medverknad frå funksjonshemma er naudsynt for å få ivareteke rettar og behov til funksjonshemma.

4.3 Satsingsområdet «Planlegging og brukarmedverknad»

Satsingsområdet «Planlegging og brukarmedverknad» i regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001, tek sikte på å føre omsynet til funksjonshemma inn som ein premiss i all kommunal og fylkeskommunal planlegging. Dette inneber at overordna politiske og samfunnsmessige målsetjingar om funksjonshemma skal inkluderast i avgjerdsgrunnlaget for all planlegging, og at målsetjingane skal utviklast til konkrete handlingar på dei ulike plannivå innanfor dei sektorane som er relevante.

Kommuneplanar legg premissar og strategiar for arbeidet i den enkelte kommune på sektorar som er viktige for alle innbyggjarar, også funksjonshemma. Til dømes vil kommuneplanen kunne trekkje opp kommunen sine overordna målsetjingar for tilgjenge, medan bustadplanar, planar for friluftsområde, sentrumsutvikling, skuleutbygging m m kan setje meir detaljerte mål og verkemiddel for gjennomføring. I tillegg vil t d reguleringsplanar kunne sikre den praktiske gjennomføringa av intensjonar om tilgjenge. Brukarmedverknad er spesielt viktig ved utforming av hovudprioriteringar og satsingar slik at omsynet til funksjonshemma blir vektlagt på alle aktuelle område i den endelege kommuneplanen.

Også i fylkesplanar og i dei ulike sektorplanane i fylka er brukarmedverknad viktig. Sektorplanar på fylkesnivå om t d samferdsel og helse har direkte innverknad på utviklinga, mens fylkesplanen gir føringar som kommunane skal følgje opp.

Plan- og bygningslova blir i aukande grad brukt som grunnlag for dei formelle, praktiske og forvaltningsmessige sidene ved planleggingsprosessar i fylkeskommunar og kommunar. Den blir også brukt ved planlegging av andre sektorar enn arealplanar, t d helse- og sosialplanar. Lova stiller klåre krav til brukarmedverknad i heile planprosessen fram til politisk handsaming. Det er viktig at funksjonshemma og funksjonshemma sine organisasjonar blir involvert langt sterkare på desse arenaene.

Satsingsområdet er lagt til Miljøverndepartementet som er fagdepartementet for planlegging, og som forvaltar plandelen av plan- og bygningslova. Tiltaka i regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001 er samordna med dei tiltaka som er gjort greie for i St meld nr 29 (1996-97) Regional planlegging og regionalpolitikk.

4.3.1 Tiltak i planperioden:

Offentlege retningsliner

4.3.1.1 Rundskriv om arealplanlegging og funksjonshemma sine behov i løpet av våren 1999

Eit rundskriv som gir retningsliner for korleis arealplanlegging skal ta omsyn til funksjonshemma sine behov for tilgjenge skal liggje føre i løpet av våren 1999. Gjennom høve til motsegn skal planar som ikkje tek dei naudsynte omsyn kunne stoppast av statlege myndigheiter.

4.3.1.2 Vurdere endringar i plan- og bygningslova og rikspolitiske retningsliner

Arbeidet med å vurdere rikspolitiske retningsliner og endringar i plan- og bygningslova for å sikre omsynet til funksjonshemma er sett i gang. Resultatet av vurderinga vil liggje føre i løpet av 1999.

Utdanning og opplæring

4.3.1.3 Utdanning og opplæring

Det vert arbeidd med at kunnskap om planlegging for funksjonshemma skal takast inn i grunnutdanningane ved høgskulane. Tre av dei 13 universitet og høgskular som har planutdanning, er i gang med dette. Miljøverndepartementet delfinansierer dette arbeidet.

Utdanningsinstitusjonane vil gjennomføre forsøk og utprøving av pedagogiske opplegg for å inkludere kunnskap om planlegging for funksjonshemma i utdanninga. Målet er at planlegging for funksjonshemma og universell utforming skal verte ein integrert del av grunnutdanninga. Dette arbeidet er koordinert med Husbanken si satsing for å auke kunnskapen om tilgjenge for funksjonshemma i teknisk utdanning i vidaregåande skular, høgskular og universitet.

I tillegg blir det arbeidd for å etablere etterutdanningskurs, og det vil bli laga spesielle kursopplegg for å auke kompetansen hos planleggjarar i fylkeskommunar og kommunar.

Utviklingsprosjekt: Planleggingspraksis og medverknad

Det er behov for auka kunnskap for å kunne gjennomføre gode planprosessar der omsynet til tilgjenge og funksjonshemma blir ivareteke. Dette gjeld både faktisk kunnskap om kva tiltak som bør setjast i verk og korleis brukarmedverknaden kan gi best mogeleg resultat. Det er m a viktig å få meir kunnskap om:

  • korleis generelle medverknadsprosessar i kommunar og fylkes-kommunar kan planleggjast og leggjast til rette slik at funksjonshemma kan delta med synspunkt

  • kva målsetjingar og overordna krav som må leggjast til grunn ved planlegging og utforming av tiltak på ulike sektorar

  • kva spesielle kvalitetskrav som må stillast for tilrettelegging for funksjonshemma, og døme på korleis dette kan gjerast i praksis

  • korleis omsynet til funksjonshemma kan bli teke vare på i generell utforming av fysiske tiltak - «universell utforming»

  • korleis medverknaden kan aukast og bli effektiv og rasjonell for både brukarar og styresmakter.

4.3.1.4 Forsøk og utviklingsprosjekt

Det vil i løpet av planperioden bli gjennomført forsøk og utviklingsprosjekt som tek sikte på å gi svar på dei problemstillingane som er nemnde ovanfor.

Forsøka vil spenne over fleire sektorar i kommunar og fylkeskommunar, men hovudvekta vil liggje på forsøk med planar der det er mogeleg å oppnå auka tilgjenge for funksjonshemma. Som ein del av utviklings- og forsøksprogrammet vil det bli organisert kontakt mellom dei ulike forsøka.

4.3.1.5 Evaluering av brukarmedverknad

Det vil bli sett i gang eit program for å følgje og måle utviklinga av brukarmedverknad i planprosessane i kommunar og fylkeskommunar og effekten av arbeidet med å inkludere omsynet til funksjonshemma i planutforming.

Informasjon

Funksjonshemma sine organisasjonar vil vere viktige samarbeidspartar i høve til informasjonsarbeidet i satsingsområdet. Miljøverndepartementet vil t d inkludere tilgjenge for funksjonshemma i sitt ordinære vegleiingsmateriell og i konferansar.

Erfaringar internasjonalt, spesielt frå Europa og USA, i høve til tilgjenge og planlegging vil bli brukt. Vidare vil ein halde seg orientert om arbeidet med tilgjenge og planlegging i Norden gjennom Nordisk Handikappolitisk Råd og gjennom direkte kontakt med sentrale styresmakter, institusjonar og aktuelle prosjekt i dei enkelte land. Vidare gjennom å følgje opp kontaktar og erfaringar frå HELIOS-II-samarbeidet i Europa. Spesielt interessant i denne samanheng er arbeid som pågår i England, men også enkeltprosjekt i andre europeiske land. Den faglege utviklinga spesielt i USA i høve til metodikk og praksis for å inkludere omsyn til funksjonshemma i planlegging og utforming (»universell utforming») vil bli følgt.

4.3.1.6 Informasjon på ODIN

Informasjon om aktivitetar og resultat vil etterkvart gjennom heile planperioden bli lagt ut på staten sin Internett-server, ODIN.

4.3.1.7 Revisjon av vegleiar om arealplanlegging

Miljøverndepartementet sine vegleiarar om arealplanlegging skal innan utgangen av 1999 ha innarbeida tilgjenge for funksjonshemma.

4.3.1.8 Tilgjenge som tema i fagkonferansar

Temaet tilgjenge for funksjonshemma vil bli inkludert i dei generelle fagkonferansane som Miljøverndepartementet held regelmessig. Planlegging for funksjonshemma vil og bli teke med som tema i andre generelle og spesielle konferansar.

Til forsida