St.meld. nr. 9 (2001-2002)

Målbruk i offentleg teneste

Til innhaldsliste

3 Rapport om statleg målbruk 1997-2000

3.1 Organisering og gjennomføring av tilsynsarbeidet

I den førre meldinga om målbruk i offentleg teneste, St.meld. nr. 13 (1997-98), vart det gjort greie for at delar av tilsynsarbeidet frå 1994 var overført til Norsk språkråd. Etter dette er det Språkrådet som har hatt ansvaret for å følgja opp målbruken i alle underliggjande statsorgan, medan Kulturdepartementet framleis har tilsynet med departementa.

I Innst. S. nr. 174 (1997-98) gav Høgre sine medlemmer i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen uttrykk for at denne ansvarsdelinga var uheldig, og grunngav dette med at Norsk språkråd ikkje har rett til å instruera dei organa som skal kontrollerast. Norsk språkråd burde i fyrste rekkje ha som oppgåve å kvalitetssikra målbruken, og det vart foreslått å frita Språkrådet for kontrolloppgåver etter mållova. Ressursane burde i staden nyttast til å auka innsatsen i samband med utfordringane som gjeld norsk språk og IT, meinte desse komitemedlemmene. Dette framlegget vart oversendt regjeringa utan realitetsvotering.

I svaret frå Kulturdepartementet, oversendt Stortinget ved brev av 16. september 1998 frå Statsministerens kontor, vart det vist til at overføringa av tilsynsoppgåver til Norsk språkråd var i samsvar med ei tilråding frå fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen i Innst. S. nr. 17 (1992-93). Det heitte vidare at dette arbeidet mellom anna går ut på å innhenta, stilla saman og følgja opp målbruksrapportar frå ca. 220 store og små statsorgan, og at dette er arbeid som ikkje høyrer naturleg heime i eit departement. Derimot fell slike tilsynsoppgåver godt inn i det andre informasjons- og rådgivingsarbeidet Språkrådet utfører, slik at ein også oppnår ein samordningsvinst, samstundes som det inneber ei styrking av tilsynsfunksjonen. Departementet held framleis fast ved desse vurderingane.

I tillegg til rapporterings- og statistikkarbeid med tilhøyrande oppfølging omfattar tilsynet også mykje munnleg og skriftleg informasjon, praktisk rådgiving, svar på spørsmål over telefon og e-post o.l. Viktige aktivitetar for Norsk språkråd i perioden 1997-2000 har vore hjelp med å etablera interne rutinar, informasjon om målbruksreglane gjennom ymse trykksaker, tiltak for å stimulera fleire til å ta kurs i nynorsk forvaltningsspråk og hjelp med å finna fram til språkkonsulentar.

Dei statistiske opplysningane i det følgjande byggjer i hovudsak på eigenrapportering som Norsk språkråd og departementet innhentar ved utgangen av kvart kalenderår. For noko av tilfanget, fyrst og fremst dokument frå regjeringa til Stortinget, byggjer tala på sentral registrering og oppteljing. For stortingsdokument blir det registrert både korleis talet på dokument og det samla sidetalet i desse dokumenta fordeler seg på dei to målformene. Ved anna tilfang blir det skilt mellom dokument under og over 10 sider. For dei fyrstnemnde (mindre tekstar) registrerer ein målfordelinga berre på grunnlag av talet på dokument, for dei sistnemnde (større tekstar) berre etter samla sidetal.

3.2 Målbruk i sentralt informasjonstilfang frå departementa

Ein stor del av det informasjonstilfanget departementa produserer, er proposisjonar og meldingar til Stortinget. Dette utgjer årleg godt i overkant av 10 000 sider.

I det siste heile rapporteringsåret som kom med i den førre meldinga, i 1996, var det sju departement som hadde meir enn fjerdeparten av stortingsdokumenta sine på nynorsk. Men det er som regel dei minste dokumenta som blir skrivne på nynorsk, og rekna i sidetal var det berre tre departement som kom over 25 pst. Dette talet gjeld under eitt for treårsperioden 1994-96. Det er dette som er uttrykk for den reelle nynorskprosenten. Seks departement oppfylte kravet om 25 prosent nynorsk i pressemeldingar, rundskriv, brosjyrar, kunngjeringar, stillingsannonsar o.l.

Statistikken for tida etter 1996 er samla bak i vedlegg 2. Av tabell 2.1 framgår det at den reelle nynorskprosenten i stortingsdokument for perioden 1997-2000 under eitt var 14,4 pst. Til samanlikning var det 11,8 pst. nynorsk i femårsperioden 1992-96. I åra etter 1997 har det derimot vore ein relativ nedgang i talet på stortingsdokument på nynorsk. Etter at over fjerdeparten var på nynorsk i alle åra frå 1995 til og med 1997, har nivået igjen falle under 25 pst. dei siste tre åra, jf. tabell 2.2.

Vel tredjeparten av departementa har gjennomgåande hatt minst fjerdeparten av stortingsdokumenta sine på nynorsk etter 1997, men berre to departement ligg over 25 pst. når vi ser på den reelle nynorskprosenten i perioden. Desse to var Landbruksdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, men Kulturdepartementet, Fiskeridepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet låg tett oppunder 25 pst., jf. tabell 2.3.

Tre departement, Olje- og energidepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Justisdepartementet, skreiv mindre enn 5 pst. nynorsk i stortingsdokumenta sine i den siste fireårsperioden. I tillegg var det fire andre som låg under 10 pst., Barne- og familiedepartementet, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Finansdepartementet.

Finansdepartementet hadde likevel svært mykje nynorsk i andre typar tilfang enn stortingsdokument. Når vi summerer talet på dokument av typen stillingsannonsar, pressemeldingar, kunngjeringar, brosjyrar o.l. og ser på kor mange av desse som var på nynorsk, låg Finansdepartementet eit par år tett oppunder 50 pst. Som det framgår av tabell 3, gjeld dette dokument på under 10 sider, medan biletet blir noko annleis når ein reknar ut nynorskprosenten på grunnlag av samla sidetal i alle dokument over 10 sider, jf. tabell 2.4.

Tabell 2.3 viser elles at gjennomsnittleg nynorskprosent rekna etter det rapporterte talet på dokument under 10 sider har variert mellom 22 og 25 dei siste fire åra, og talet på departement med over 25 prosent nynorsk har variert mellom seks og ti. Altså er det gjennomgåande halvparten av departementa som oppfyller det kvantitative minstekravet når vi dømmer etter dei opplysningane dei sjølve rapporterer inn. Ved sida av Finansdepartementet gjeld dette Kommunal- og regionaldepartementet og Kulturdepartementet, dinest Landbruksdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og etter kvart også Miljøverndepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Utanriksdepartementet.

Tabell 4 viser at den gjennomsnittlege nynorskprosenten i større publikasjonar frå departementa i perioden 1997-2000 har variert frå 10 til 14. Tilsvarande tal som vart lagde fram i den førre meldinga, viste ein auke frå om lag 8 pst. i 1994 til vel 16 pst. i 1996. Men det vart understreka at desse tala bygde på eit særleg usikkert grunnlag og til dels eit lite talmateriale. Dette er framleis situasjonen. Nokre departement har rapportert mykje tilfang, andre nesten ikkje noko i det heile. Underrapportering kan gi store utslag. Tala er likevel gode nok til å dokumentera at det samla sett står for dårleg til med nynorskbruken i ulike typar av større enkeltdokument.

Lover og forskrifter er ikkje tekne med i det tilfanget som det er gjort greie for ovanfor. I den førre meldinga vart det lagt fram eit oversyn over den kvantitative fordelinga mellom målformene i det meste av det dagjeldande lovverket. Som eit ledd i arbeidet med denne meldinga har departementet gjort ei liknande oppteljing av talet på nye nynorsklover i perioden 1997-2000. Resultatet er vist i tabell 2.5. Endringslover er haldne utanfor. Samla var 15 pst. av dei 78 nye lovene frå denne perioden på nynorsk. Underlagsmaterialet viser at nynorsklovene som regel er mindre omfattande enn gjennomsnittet, og den reelle nynorskprosenten er dermed lågare enn 15 pst.

3.3 Målbruk i sentralt informasjonstilfang frå andre sentrale statsorgan

Figur 2.1 i vedlegg 2 viser at talet på statsorgan som oppfyller kravet om minst 25 pst. nynorsk, har auka noko dersom vi tek utgangspunkt i åra 1994-95. I tida etter 1996 gjeld auken berre dokument på 1-10 sider. Dei to siste åra (1999 og 2000) er det om lag 40 organ som har minst 25 pst. av desse små dokumenta sine på nynorsk. Sidan 1996 har talet på organ med minst 25 pst. nynorsk i større dokument variert mellom 15 og 25.

Jamvel om figuren samla sett viser ein aukande tendens, er det ikkje tale om noka imponerande utvikling, og det høgste talet omfattar ikkje meir enn vel fjerdeparten av alle organ som har levert rapport, og ikkje meir enn knapt ein femtepart når vi også tek med dei organa som ikkje har svara. Denne målemetoden registrerer likevel ikkje eventuell auka nynorskbruk i dei organa som enno ikkje har kome seg over 25-prosentsgrensa.

Figur 2.2 viser samla nynorskprosent for alle dei statsorgana som kvart år har sendt inn rapportskjema. Heller ikkje denne figuren indikerer nokon særleg auke i nynorskbruken etter 1997, men det var ein markert auke for små dokument frå 1996 til 1997, og her har talet på nynorsktekstar lege på eit noko høgare nivå i heile perioden frå 1997 enn i åra før, mellom 20 og 25 pst. For større tekstar var nynorskbruken i underkant av 15 pst. Vi må hugsa at desse gjennomsnittstala ikkje omfattar alle dei aktuelle statsorgana, for det er på langt nær alle som svarar på rapportskjemaet, og svarprosenten er ulik frå år til år. Organa under departementsnivået har også mykje meir varierande storleik, og produksjonen av tilfang som kjem inn under vekslingsregelen i lova, er nok også mykje meir varierande både i type og omfang.

Tabell 2.6 viser at det har vore ein auke i talet på organ som har levert rapport sidan 1994. Dersom dei organa som ikkje rapporterer årleg, og dei nye som kjem til frå år til år, gjennomgåande bruker mindre nynorsk enn dei stabile rapportørane, vil ein auke i talet på respondentar verka negativt på den gjennomsnittlege nynorskprosenten. I så fall har utviklinga vore noko meir positiv enn det biletet ein får i figur 2.2. Til gjengjeld inneber det at samla nynorskprosent kvart enkelt år ville lege lågare dersom ein kvart år hadde hatt tal frå alle statsorgan.

Dei siste åra har det vore lagt særskild vekt på å auka nynorskprosenten i nettsider. Internett spelar ei stadig viktigare rolle i informasjonsformidling, og publisering på nettet er både billig og raskt i høve til papirpublisering. Dermed er det også lettare å retta opp veikskapar i målfordelinga på kort sikt. For rapportåret 2000 var det 83 statsorgan som oppgav nettsider i rapportane. 19 av desse, dvs. knapt fjerdeparten, hadde meir enn 25 pst. nynorsk.

Rapportane omfattar også skjema og blankettar av ulike slag. Desse skal liggja føre og vera tilgjengelege på begge målformer. I 2000 vart det rapportert til saman 2481 skjema. Av desse var 1355 på begge målformer, dvs. i overkant av 50 prosent. 1190 fanst berre på bokmål og 136 berre på nynorsk. Tre organ må nemnast særskilt: Av 864 skjema rapportert av Politiets datateneste i 2000 fanst 685 berre på bokmål. Statens næringsmiddeltilsyn rapporterte 74 skjema, alle berre på bokmål. Statens landbruksforvaltning rapporterte 40 skjema, av desse 36 berre på bokmål. Den nye, førehandsutfylte sjølvmeldinga frå Skattedirektoratet manglar rubrikk for avkryssing av ønskt målform.

Eit problem for seg er altså at det ofte er vanskeleg å få inn rapport frå ein del statsorgan. Når Kulturdepartementet i forskrift er pålagt å føra tilsyn med gjennomføringa av målbruksreglane, og dessutan i lov er pålagt å rapportera om dette til Stortinget kvart fjerde år, må ein leggja til grunn at alle statsorgana har plikt til å levera nødvendige opplysningar og rapportar om eigen målbruk. Dette gjeld sjølvsagt ikkje i mindre grad om departementet har overført tilsynsansvaret til Norsk språkråd. Departementet føreset difor at dei statsorgana som blir namngitte nedanfor, merkjer seg dette, og at dei er særleg nøye med å senda inn rapport kvart år heretter.

Av dei over 200 statsorgana som årleg blir bedne om å rapportera til Norsk språkråd, er det nokre som har større skriftleg publikumskontakt enn andre. Norsk språkråd har såleis plukka ut ei gruppe på 46 direktorat eller direktoratsliknande organ som særleg interessante i så måte, jf. vedlegg 2 tabell 2.7. Av desse har Sjøfartsdirektoratet ikkje sendt inn ein einaste rapport som kunne tabellførast dei fire siste åra, og Noregs geologiske undersøking har berre sendt inn ein noko ufullstendig rapport eitt av åra 1997-2000. Elles har seks direktorat levert rapport eitt av desse åra. Det gjeld Arbeidsdirektoratet, Skattedirektoratet, Rusmiddeldirektoratet, Statens kartverk, Statens institutt for folkehelse og Direktoratet for utviklingshjelp (NORAD). 1

To direktorat har levert rapport berre to av dei siste fire åra. Det gjeld Bergvesenet og Forbrukarrådet. 2

Av dei resterande 36 organa er det ni som har levert rapport tre av dei fire siste åra, medan 25 har levert rapport kvart år. 3

Når ein skal vurdera nynorskbruken i dei til saman 34 organa som har levert rapport minst tre av dei siste åra, får ein den beste indikasjonen ved å sjå på gjennomsnittleg årleg nynorskprosent for små dokument. Nynorskbruken i større dokument endrar ikkje biletet nemnande.

Tre organ har rapportert om ein nynorskprosent nær null. Det gjeld Patenstyret, Jernbaneverket og Statsbygg. Seks organ hadde under 10 pst. nynorsk i små dokument. Det er Riksantikvaren, Statens strålevern, Konkurransetilsynet, Statens lækjemiddelkontroll, Kystdirektoratet og Rikstrygdeverket. For dei to siste, Kystdirektoratet og Rikstrygdeverket, må det nemnast at det har vore ein markert framgang i nynorskbruken siste registreringsåret, altså i 2000. Av dei 25 resterande organa var det åtte som låg ein stad mellom 10 og 15 pst. nynorsk i små dokument som eit gjennomsnitt for dei tre eller fire siste åra. Dei fleste av desse hadde òg svært lite nynorsk i større dokument.

Språkbruken ved universitet og høgskolar må reknast som særleg viktig for å synleggjera nynorsken, jf. vedlegg 2 tabell 2.8 og 2.9. Av 25 statlege høgskolar 4

har Høgskolen på Gjøvik ikkje sendt inn ein einaste rapport i siste fireårsperioden. Høgskolen i Ålesund har rapportert berre eitt år. Av dei andre er det to skolar som ikkje har brukt nynorsk i det heile. Det gjeld høgskolane i Akershus og Narvik. Fem skolar ligg under 10 pst. nynorsk i små dokument. Det gjeld høgskolane i Tromsø, Vestfold, Hedmark, Buskerud og Lillehammer, men sistnemnde hadde mykje nynorsk i større dokument i 2000. Også høgskolane i Bodø, Molde og Sør-Trøndelag har godt under 20 pst. nynorsk i gjennomsnitt i mindre dokument. Høgskolane i Østfold, Finnmark og Harstad har berre rapportert om nynorskbruk eitt enkelt år.

Følgjande universitet og vitskaplege høgskolar har ikkje oppfylt minstekravet om 25 pst. nynorsk nokon av åra 1997-2000, verken i dokument på 1-10 sider eller i større dokument: Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Noregs idrettshøgskole, Noregs landbrukshøgskole, Noregs musikkhøgskole og Noregs veterinærhøgskole.

Andre organ som anten ikkje har levert rapport, eller som ikkje har følgt opp pålegg om å etablera rutinar, og som Norsk språkråd har bedt Kulturdepartementet ta opp med overordna fagdepartementet, er Garantiinstituttet for eksportkreditt, Kompetansesenteret for likestilling, Museet for samtidskunst, Nasjonalt læremiddelsenter, Riksbibliotektenesta og Statens forvaltningsteneste.

Av dei 46 direktorata eller direktoratsliknande organa var det seks som utmerkte seg positivt i perioden 1997-2000. Alle desse hadde gjennomgåande over 25 pst. nynorsk i små dokument. Det gjeld Oljedirektoratet, Statens informasjonsteneste, Fiskeridirektoratet, Riksarkivet, Justervesenet og Arbeidstilsynet.

Rapportane viser at følgjande ti organ har kome over minstekravet på 25 pst. nynorsk i begge dokumentkategoriar i 2000: Eigarskapstilsynet (KD), Statens medieforvalning (KD), Høgskolane i Nesna, Volda, og Stord/Haugesund (KUF), Universitetet i Bergen (KUF), Noregsnettrådet (KUF), Justervesenet (NHD), Skipsregistra (NHD) og Høgsterett.

Det er elles særleg grunn til å trekkja fram Universitetet i Bergen. Det akademiske kollegiet vedtok 20. mars 1996 interne retningslinjer som tok utgangspunkt i at minst 30 pst. av alt skriftleg materiale skulle vera på nynorsk. Når det gjeld faste publikasjonar, skal minst 30 pst. av stoffet i publikasjonane På Høyden, UiB-magasinet og Årbok for Bergen Museum vera på nynorsk. Årsmeldinga skal vera på nynorsk annakvart år, og minst 30 pst. av pressemeldingane skal skrivast på nynorsk.

For informasjonsmateriell elles gjorde kollegiet vedtak om at undervisningskatalogen og brosjyren Studietilbod ved Universitetet i Bergen alltid skal vera på nynorsk, og at brosjyren Orientering til nye studenter og den interne telefonkatalogen alltid skal vera på bokmål. Målform i studiehandbøker vel fakulteta fritt. Målform i nye publikasjonar skal veljast ut frå ei totalvurdering av fordelinga mellom dei to målformene. Dei vedtekne retningslinjene har gjort at Universitetet i Bergen kvart år i tida 1997-2000 har oppfylt kravet om minst 25 pst. av kvar målform.

Også Statistisk sentralbyrå, som fekk negativ omtale i den førre meldinga, kan visa til gode resultat etter at den øvste leiinga ved byrået tok fatt i saka og mellom anna fekk nedsett ei arbeidsgruppe for å retta på tilhøva.

3.4 Anna tilsyns- og regelverksarbeid

3.4.1 Nynorskkompetanse

Norsk språkråd sende i september 2000 ut eit spørjeskjema for å kartleggja nynorskkompetansen i sentrale statsorgan under departementsnivået. 124 statsorgan leverte svar som kunne tabellførast. 28 pst. meinte at dei hadde utilstrekkeleg kompetanse i nynorsk, 6 pst. at dei hadde svært god kompetanse, og 66 pst. at kompetansen var tilstrekkeleg. Dei statsorgana som svara, hadde til saman ca. 8300 saksbehandlarar eller tilsette med skriftleg utforming som ein del av tenesta. Slik statsorgana sjølve vurderte det, var det 40 pst. av saksbehandlarane som meistra begge målformer. I undersøkinga var «tilstrekkeleg» og «utilstrekkeleg» kompetanse ikkje definert, og å dømma etter den faktiske nynorskbruken kan det vera grunn til å spørja om kravet til tilstrekkeleg kompetanse er vurdert for lågt. Tala er elles ikkje særleg annleis enn resultata frå ei tilsvarande undersøking i 1994.

274 tilsette har fått opplæring i nynorsk i åra 1997-2000, dvs. eit gjennomsnitt pr. år på 69 tilsette. Tilsvarande gjennomsnittstal frå 1994-undersøkinga var 33. Opplæringsaktiviteten har vore størst i 1997 og 1998, da til saman 196 tilsette fekk opplæring. I 1999 og 2000 har berre 78 tilsette fått opplæring. I åra 1997-1999 var det kvart år mellom 15 og 18 statsorgan som sytte for at dei tilsette fekk opplæring i nynorsk. I 2000 gjekk talet ned til 8. Berre fem statsorgan opplyser at dei har innarbeidd nynorskopplæring i verksemdsplan eller opplæringsplan.

Det er ikkje grunn til å tru at situasjonen har endra seg noko særleg når det gjeld nynorskkompetansen hos dei tilsette i departementa. I den førre målbruksmeldinga vart det vist til tentative data som indikerte at tre fjerdedelar av dei tilsette i departementa sjølve meiner at dei er usikre i nynorsk, jf. St.meld. nr. 13 (1997-98) kap. 2.4.4.

Det er Statskonsult som har det formelle ansvaret for å tilby og kunngjera opplæringstiltak i norsk for statstilsette. Nynorskkurs blir arrangerte i samarbeid med Norsk Språkinstitutt. Til vanleg blir det halde to kurs kvart semester, eit grunnkurs og eit oppfølgingskurs.

Vårsemesteret 2001 vart begge desse kursa avlyste grunna for få påmelde. Ifølgje Norsk Språkinstitutt er dette likevel fyrste gongen dei har måtta avlysa. Dei melder generelt om god deltaking, særleg på grunnkurset, men etterspurnaden etter nynorskkurs har likevel vore mindre dei siste åra. Den same tendensen viser tala Norsk språkråd innhenta hausten 2000.

3.4.2 Klage- og tolkingssaker

Dei fleste sakene departementet behandlar i samband med mållova, kan i prinsippet delast inn i to kategoriar, klagesaker og tolkingsspørsmål, men ein del klagesaker kan òg ha tolkingselement i seg og omvendt.

Klager frå privatpersonar gjeld fyrst og fremst tilfelle der dei har fått brev, skjema eller liknande i feil målform. Ved behandlinga av den førre språkmeldinga bad fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om at seinare meldingar burde gi eit oversyn over omfanget av slike klager. I perioden 1997-2000 har departementet motteke totalt 58 klager, dvs. i gjennomsnitt 14-15 pr. år. Av dei 58 sakene gjaldt 13 brot på regelen om svar i same målform, jf. § 6 fyrste ledd i lova. Etter oppgåver i St.meld. nr. 53 1991-92 Målbruk i offentlig tjeneste synest totaltalet for klagesaker tidlegare å ha lege på mellom 15 og 20 i året, men det framgår ikkje kor mange av desse som gjaldt regelen om svar i same målform.

Jamvel om talet på klagesaker har gått litt ned, er det ikkje dermed sikkert at statsorgana har vorte flinkare til å følgja reglane. Dessutan må ein vera klar over at departementet berre ser ein liten del av klagene. Fleire saker blir tekne direkte opp med det organet ein meiner har brote lova, eller med Norsk språkråd eller Noregs Mållag. Norsk språkråd har i perioden 1997-2000 motteke 14 klager. Desse gjeld i hovudsak tilfelle der privatpersonar har fått brev i feil målform.

Hovudgrunnen til at omfanget av klagesaker ikkje er større, er nok at dei fleste nynorskbrukarar ikkje seier ifrå dersom dei mottek brev eller skjema i feil målform. Folk flest klagar ikkje på slikt, og gjer dei det, kan mange lett kjenna at dei berre er til ekstra bry, sjølv om det er tale om ein rett dei har etter lova.

Som det går fram av den førre språkmeldinga, har departementet frå og med 1993 følgt opp klagesakene aktivt. Det same gjer Norsk språkråd. Ein ber statsorgana opplysa kvifor lova er broten, kva rutinar organet har, og kva for tiltak som kan setjast i verk for å unngå liknande feil. Ved å halda fram med ei slik aktiv oppfølging av klagesakene, vonar departementet å oppmoda nynorskbrukarar til å seia ifrå når dei blir utsette for brot på mållova.

Krava om veksling mellom målformene gjeld tilfang statsorgana produserer både elektronisk og på papir. Fleire statsorgan har eigne sider på Internett, og det tilfanget som blir lagt ut der, blir også omfatta av reglane i mållova. Det er viktig at ikkje berre ein del av det vekslande tilfanget er på nynorsk, men at også ein del av dei faste tekstane og menyane blir laga på nynorsk, slik at begge dei offisielle målformene er klart synlege på nettsidene.

Det er kome spørsmål frå fleire statsorgan om målbruk i tidsskrift o.l. Tidsskrift, katalogar o.l. frå statsorgan kjem inn under hovudregelen om veksling. Dette gjeld utan unntak for det redaksjonelle tilfanget i publikasjonen. Når det gjeld innsende, signerte innlegg, må ein likevel godta at forfattaren avgjer målforma. Det er grunn til å presisera at mållova vil gjelda for tilfang som statsorganet lagar, jamvel om det blir gitt ut på eit eksternt forlag.

Fotnotar

1.

I tillegg kjem Luftfartstilsynet, som vart oppretta frå 1. januar 2000.

2.

I tillegg kjem Statens jernbanetilsyn, som berre har fått tilsendt rapportskjema for dei to siste åra.

3.

For å få reknestykket til å stemma, må ein ta med dei to organa som det er referert til i dei to førre fotnotene.

4.

Samisk høgskole ikkje medrekna