St.meld. nr. 9 (2001-2002)

Målbruk i offentleg teneste

Til innhaldsliste

5 Status i arbeidet med andre språkpolitiske spørsmål

5.1 Verkeområdet for mållova

Etter kvart som tidlegare offentleg verksemd tek nye organisatoriske former, vil målbruksreguleringa som kulturpolitisk instrument få stadig mindre å seia dersom ho heilt skulle avgrensast til å femna om berre den målbruken som skjer innanfor den tradisjonelle forvaltninga.

Rettsleg sett er det i dag uklart i kva grad mållova gjeld for tidlegare forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan som no er fristilte og organiserte som eigne rettssubjekt, likeins for ulike typar verksemd som staten har skipa frå grunnen av på utsida av forvaltninga. Kjenneteiknet for dette konglomeratet av selskap, stiftingar o.l. er at tilknytinga til staten er meir eller mindre klart til stades, sjølv om det ikkje er ein del av forvaltninga i trong meining.

I språkmeldinga frå 1997 vart det lagt til grunn at det trengst eit nytt rettsgrunnlag for å få ei rimeleg avklaring i spørsmålet om plikter til bruk av bokmål og nynorsk i den etter kvart ganske breie gråsona i grenselandet mellom reint statleg og reint privat verksemd. I samsvar med framlegget i meldinga, jf. òg Innst. S. nr. 174 (1997-98), oppnemnde Kulturdepartementet i januar 1999 ei arbeidsgruppe til å sjå nærmare på dette spørsmålet. Rapporten frå arbeidsgruppa vart avgitt sommaren 2000.

Arbeidsgruppa har ikkje kome med eit konkret framlegg til løysing, men har skissert ulike alternativ for å avgrensa i kva grad målbruksreguleringa kan gjerast gjeldande for statstilknytte institusjonar og verksemder av ulike slag. Tanken er at alternative løysingar kan nyttast i ulike tilfelle og eventuelt i ulike kombinasjonar. Dette føreset nærmare vurderingar som grunnlag for eit konkretisert opplegg.

Vanskane med å finna fram til rimelege avgrensingar i gråsona mellom offentleg og privat verksemd gjeld ikkje berre mållova. Tilsvarande spørsmål gjer seg gjeldande også for offentlegrettsleg lovgiving meir generelt. Mellom anna er det ein del av mandatet for eit offentleg utval nedsett av Justisdepartementet i desember 1999 å vurdera korleis verkeområdet for lova om offentleg innsyn kan avgrensast i høve til tradisjonell offentleg forvaltning som blir skild ut frå den ordinære forvaltninga.

Grensene treng ikkje trekkjast parallelt for mållova og lova om offentleg innsyn, for lovene har ulikt formål. Likevel kan det vera uheldig å ta standpunkt til verkeområdet for mållova heilt uavhengig av den utgreiinga som no skjer i høve til lova om offentleg innsyn. Dette utvalsarbeidet skal etter planen avsluttast innan 1. juli 2002. Departementet vil difor arbeida vidare med denne saka og vil koma tilbake til spørsmålet i ei seinare generell kulturmelding.

I mellomtida rår departementet til at utskilde selskap og andre organ der det er rettsleg tvil, så langt råd er følgjer tilsvarande prinsipp for målbruken sin som dei som ligg til grunn for mållova. Viktigast i så måte er ei viss veksling mellom målformene i generelt informasjonstilfang og svar til privatpersonar og andre private rettssubjekt i same målforma som dei sjølve har nytta.

5.2 Språk og teknologi

Det at stadig meir av språkproduksjonen og den språklege kommunikasjonen blir teknologibasert, reiser mange nye språkpolitiske problemstillingar og tenderer òg til å utvida den språkpolitiske arenaen. Språkmeldinga frå 1997 peikte på at det trongst eit offensivt handlingsprogram der både juridiske, administrative, språkteknologiske og økonomiske verkemiddel vart tekne i bruk.

Det målet som vart skissert, var å kunna gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o.l. på begge målformer. Det vart òg vist til eit framlegg i Kulturdepartementets handlingsplan for IT på kulturområdet frå 1997 om å skipa eit sekretariat for språkteknikk.

Departementet har vurdert det foreslåtte sekretariatet for språkteknikk som eit nødvendig steg på vegen for å koma vidare i arbeidet for norsk språk i informasjonssamfunnet. Sekretariatet kom i operativ funksjon sommaren 2000 og vart knytt til sekretariatet i Norsk språkråd. Det er førebels dimensjonert til to årsverk.

Det nye sekretariatet fekk gjennom Norsk språkråd i fyrste omgang i oppgåve å utarbeida ein handlingsplan for norsk språk og IKT. Eit utkast låg føre i januar 2001, og etter gjennomgang i ei interdepartemental referansegruppe vart den endelege planen presentert i juni 2001. Her er det formulert følgjande åtte mål:

  1. Det språklege mangfaldet i Noreg, Norden og Europa elles skal tryggjast i informasjonssamfunnet.

  2. I Noreg skal IKT-baserte produkt og tenester ha norskspråkleg brukargrensesnitt og vera tufta på kunnskapar om norsk tale og dei to skriftformene våre.

  3. Alle med norsk som morsmål skal ha lik tilgang til slike norskspråklege produkt og tenester og til å skaffa seg den kompetansen som krevst for å ha nytte av tilbodet.

  4. Mengda av norskspråkleg programvare må aukast, særleg programvare på nynorsk.

  5. Føresegnene i opplæringslova om språklege parallellutgåver av elektroniske læremiddel må oppfyllast i praksis.

  6. Norsk språkteknologi må tuftast på kunnskap om og forsking i norsk språk (bokmål, nynorsk og dialektar) og relevant teknologi.

  7. Noreg skal vera aktiv deltakar i det nordiske og vidare europeiske samarbeidet innanfor språkteknologi.

  8. Standardisert norsk IKT-terminologi må utviklast og stillast til rådvelde.

Både før og etter at planen vart lagd fram, har det vore arbeidt meir substansielt med særleg to hovudspørsmål. Det eine er korleis staten skal bruka marknadsmakta si til å syta for at dei vanlege dataprogramma skal vera å få både i ein nynorsk- og ein bokmålsversjon. Det andre er korleis ein skal gå fram for å få bygd opp ein såkalla språkbank, dvs. ei samling av norske språkressursar i form av store mengder tekst og tale som er elektronisk lagra og tilrettelagde for ulike typar bruk og gjenbruk, særleg tenkt nytta til utvikling av språkteknologiske produkt på norsk.

Departementet vil i samarbeid med Norsk språkråd og andre relevante aktørar arbeida vidare med dei nemnde spørsmåla og koma tilbake til desse mellom anna i ei seinare generell kulturmelding.

5.3 Norsk språkråd

I kap. 1.2 er det vist til delar av lovgrunnlaget for Norsk språkråd og det aktuelle språkpolitiske grunnlagsarbeidet i rådet. I kap. 3 er det gjort greie for den innsatsen Norsk språkråd har gjort frå 1994 når det gjeld tilsynet med statleg målbruk, og ovanfor i kap. 5.2 er det vist til skipinga av eit sekretariat for norsk språkteknikk knytt til Norsk språkråd.

I språkmeldinga frå 1997 vart det i tillegg til å skipa ein slik spesialfunksjon teke til orde for å oppgradera Norsk språkråd til eit statleg instrument i eit langsiktig og effektivt språkvernarbeid. Det heitte at Norsk språkråd måtte bli eit meir utoverretta organ der informasjon og haldningsskapande arbeid stod sentralt. Det vart nemnt at dette ville krevja ein viss ressursauke, endra oppgåveprioritering og reorganisering av styringsorgana. Stortinget slutta seg til dette gjennom behandlinga av Innst. S. nr. 174 (1997-98).

I Norsk språkråd finst tre ulike styringsorgan, rådet sjølv, som har 38 medlemmer og møtest ein gong for året, ei fagnemnd med åtte medlemmer, som behandlar normeringsspørsmål og andre fagsaker, og endeleg eit styre på seks medlemmer. Både fagnemnd og styre møtest fire-fem gonger i året og deler seg i to like store seksjonar i visse saker, ein seksjon for kvar målform. Likeins er det ei todelt leiing av sekretariatet i form av ein kontorsjef for nynorsk og ein for bokmål.

Dei tankane og planane som vart drøfta i meldinga frå 1997, bygde på eit eige notat frå Norsk språkråd. Notatet vart seinare behandla på rådsmøtet i Språkrådet i februar 1998, og rådet slutta seg i all hovudsak til dei synspunkta som gjaldt framtidige arbeidsoppgåver og prioriteringar.

Spørsmålet om eventuelle omorganiseringar av rådsorgana og sekretariatet vart drøfta som eiga sak, men her vart det ikkje drege nokon konklusjon. Heller ikkje notatet gav klart svar i dette spørsmålet; det drøfta tvert imot alternative vegar å gå med tanke på tenkjelege justeringar. Justeringsalternativa omfatta både den todelte leiarstrukturen i sekretariatet, tilhøvet mellom sekretariatet og rådsorgana og sjølve strukturen med tre ulike rådsorgan og dei innbyrdes relasjonane dei imellom.

Etter drøftinga på rådsmøtet nedsette styret ei arbeidsgruppe med representantar frå sekretariatet og styret for å utgreia organisasjonsspørsmålet vidare. Rapporten frå gruppa vart behandla på rådsmøtet i 1999 og deretter send departementet saman med ein presentasjon av hovudsynspunkta frå diskusjonen.

Utgreiinga frå den interne arbeidsgruppa munna ut i eit framlegg i seks punkt. Hovudinnhaldet i punkta var:

  • at næringsliv, offentleg forvaltning, reklamebransjen og andre etermedium enn NRK burde bli representerte i Norsk språkråd

  • at medlemstalet likevel ikkje burde aukast noko særleg, utan at det vart foreslått kva for noverande instansar som eventuelt skulle utgå

  • at rådet ikkje lenger skulle fatta normeringsvedtak i enkeltord, berre i prinsipielle spørsmål

  • at seks av åtte fagnemndmedlemmer skulle oppnemnast direkte av universitet og høgskolar i staden for å bli valde av rådet blant alle medlemmene

  • at leiarane for dei to seksjonane i fagnemnda skulle samarbeida nærmare med sekretariatet ved å ha jamlege møte med saksbehandlarane

  • at leiinga av sekretariatet skulle leggjast til ei nyoppretta direktørstilling, medan dei to noverande leiarstillingane skulle omgjerast til reine fagstillingar, ei for nynorsk og ei for bokmål.

To av dei sju medlemmene i arbeidsgruppa gjekk imot det siste framlegget og ville i staden halda på ordninga med to likestilte kontorsjefar.

Med unntak av styrking og samling av leiarfunksjonen i ei ny direktørstilling er det etter departementet si vurdering ingen av dei andre framlegga som peikar ut ein klar veg framover.

Departementet vil difor arbeida vidare med å utgreia ei omlegging av Norsk språkråd i retning av eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk, med større vekt på rettleiing og informasjon og haldningsskapande arbeid. Dette må òg sjåast i samanheng med skipinga av ei statleg språkkonsulentteneste som foreslått i kap. 4 ovanfor og ideen om ein statleg språkkommisjon som er nemnt i kap 1.2. Departementet vil koma tilbake til saka i ei seinare generell kulturmelding.

Som ein del av arbeidet med å førebu ei slik omlegging vil likevel departementet raskt koma tilbake til Stortinget med framlegg om å oppheva føresegna i lov om Norsk språkråd om å støtta opp under utviklingstendensar som på sikt fører målformene nærmare saman. Dette vart også omtalt i meldinga frå 1997 1

, og lovparagrafen er ikkje lenger i samsvar med den faktiske normeringsutviklinga dei siste tiåra. Å oppheva den sovande lovparagrafen vil likevel vera ei viktig symbolhandling. Det inneber ei endeleg stadfesting av at den såkalla tilnærmingslinja i forholdet mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk.

I meldinga frå 1997 vart det elles nemnt at Norsk språkråd arbeidde med å førebu ei opprydding i rettskrivinga både for bokmål og nynorsk. Eit framlegg til endringar vart vedteke på rådsmøtet i 2000, men departementet har sendt saka tilbake med ein del spørsmål som Norsk språkråd no er i ferd med å greia ut.

Dette inneber ikkje at departementet har underkjent det arbeidet Språkrådet har gjort, men at departementet har gitt Norsk språkråd høve til å utvida perspektivet for ei opprydding og forenkling av rettskrivinga utover det dei fastlagde tids- og prosedyrerammene i Språkrådet opphavleg tillét. Formålet er å leggja grunnlaget for ein meir stabil rettskrivingssituasjon, dvs. at det heretter ikkje skal gjerast endringar i rettskrivinga så ofte og i så pass stort omfang som det som har vore vanleg her i landet.

Fotnotar

1.

«Regjeringa har som utgangspunkt å leggje tilhøva til rette for ei god utvikling for nynorsk skriftspråk. Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i praksis som mindre aktuell. Det synest å vere etter måten brei politisk aksept for at vi i dag har to offisielle norske språkformer, og at dette vil vere ein relativt varig situasjon. Det inneber at i staden for å leggje vekt på utviklingstendensar som på sikt kan føre dei to målformene saman, blir måldyrkingsarbeidet snarare knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg. I tillegg til å sikre individuelle språkrettar både for nynorsk- og bokmålsbrukarane bør reglane for offentleg språkbruk også utformast og praktiserast slik at dei kan vere med på å sikre det mangfaldet som dei to offisielle målformene representerer i norsk kultur- og samfunnsliv.»