St.meld. nr. 9 (2001-2002)

Målbruk i offentleg teneste

Til innhaldsliste

6 Administrative og økonomiske konsekvensar

Dei økonomiske konsekvensane avgrensar seg til skipinga av ei statleg språkkonsulentteneste, førebels kostnadsrekna til om lag 3 mill. kroner. Reint administrativt vil tenesta bli knytt til Norsk språkråd. Den nye språkkonsulentfunksjonen vil vera eit viktig element i det treårige satsingsprosjektet som det er gjort framlegg om. Dette prosjektet vil elles kunna gjennomførast innanfor etablerte organisatoriske og budsjettmessige rammer.

Målet med dei andre tiltaka som det er gjort framlegg om, er å få innarbeidd automatiske og løpande rutinar i statsorgana, noko som vil vera administrativt rasjonelt for kvart enkelt statsorgan og dessutan letta tilsynsarbeidet i Kulturdepartementet og i Norsk språkråd. Alt dette skal såleis kunna gjennomførast innanfor gjeldande økonomiske og administrative rammer.