St.meld. nr. 9 (2001-2002)

Målbruk i offentleg teneste

Til innhaldsliste

1 Lov og forskrift om målbruk i offentleg teneste

Lov om målbruk i offentleg teneste

§ 1

Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Når privat rettssubjekt gjer vedtak eller gjev føresegn på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, skal det i denne samanhangen reknast for slikt organ.

§ 2

For statstenesta gjeld dei nærmare reglane i §§ 3 til 11 om plikt til å nytte bokmål og nynorsk. Desse reglane gjeld likevel ikkje

  1. Stortinget, Riksrevisjonen, Stortingets ombudsmann for forvaltninga og andre organ for Stortinget,

  2. internt saksarbeid og munnleg målbruk.

I Den norske kyrkja, i undervisningsverksemd og i rettsstellet gjeld lova berre den administrative delen av verksemda.

§ 3

Der særlege grunnar talar for det, kan Kongen gjere unnatak heilt eller delvis for visse organ eller verksemder som fell inn under reglane i lova.

Kongen kan i tvilstilfelle avgjere om eit organ eller privat rettssubjekt går inn under reglane i lova.

§ 4

Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta.

Kongen kan i særlege tilfelle gjere unnatak frå reglane i denne paragrafen.

§ 5

Eit kommunestyre kan gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen, eller gjere vedtak om at kommunen er språkleg nøytral. Tilsvarande vedtak kan fylkestinget gjere for fylkeskommunen.

Så lenge ein kommune eller ein fylkeskommune ikkje har gjort vedtak som nemnt i denne paragrafen, skal han reknast for å vere språkleg nøytral.

Kommunar og fylkeskommunar skal melde vedtak etter denne paragrafen til departementet, som syter for at vedtaka blir gjorde kjende i statstenesta.

§ 6

Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkommande, står statsorganet fritt i val av målform. Frå statsorgan kan private rettssubjekt krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar o.l. som direkte gjeld dei sjølve.

Statsorgan skal nytte den vedtekne målforma i skriv til kommunar og fylkeskommunar som har gjort vedtak om målform etter § 5.

I skriv til språkleg nøytrale kommunar og fylkeskommunar står statsorgana fritt i val av målform. Kongen kan likevel gje føresegner om målform i slike tilfelle.

§ 7

Dersom statsorgan vender seg under eitt til fleire kommunar i eit avgrensa område, skal fleirtalsmålforma for kommunane nyttast. Ligg det ikkje føre noka fleirtalsmålform, står organet fritt i val av målform.

Fleirtalsmålforma er den målform som flest kommunar har kravt. Det er ikkje noka fleirtalsmålform dersom over halvparten av kommunane er språkleg nøytrale. Det same gjeld dersom like mange kommunar har kravt bokmål som nynorsk.

§ 8

Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer. Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, skal vere i fleirtalsmålforma for området.

Statsorgan som har eit geografisk avgrensa område som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, er i fleirtalsmålforma for området. I språkleg nøytrale område skal slikt tilfang veksle mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei.

Tilfang med særleg tilknyting til ein kommune, skal vere i den målforma kommunen har kravt etter § 5.

Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer.

Kongen kan i særlege tilfelle gjere unntak frå reglane i denne paragrafen. Kongen avgjer tvilstilfelle etter paragrafen.

§ 9

Om nokon meiner at eit statsorgan ikkje følgjer lov eller føresegner om målbruk i saker som vedkjem dei sjølve, kan dei klage på dette til overordna organ. Språkorganisasjonar kan klage til overordna organ dersom dei meiner at statsorgan bryt lov eller føresegner om målbruk.

For slike klagesaker gjeld reglane i forvaltningslova kap. VI så langt dei høver.

§ 10

Kongen skal minst kvart fjerde år leggje fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste.

§ 11

Kongen gjev nærmare føresegner om skriftleg målbruk i statstenesta.

§ 12

Denne lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Frå same tid blir lov av 6. juni 1930 nr. 22 om målbruk i statstenesta oppheva.

Forskrift om målbruk i offentleg teneste

§ 1

Kultur- og vitskapsdepartmentet 1

fører tilsyn med gjennomføringa av reglane om målbruk i offentleg teneste.

Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde.

Kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

§ 2

For utanlandske statsborgarar gjeld plikta til å nytte begge målformer berre dersom dei har norsk vidaregåande utdanning med sidemålsopplæring eller universitets- eller høgskoleutdanning i norsk eller tilsvarande opplæring i norsk.

I særlege høve kan Kultur- og vitskapsdepartementet 2

etter søknad frita einskilde tenestemenn eller nærmare fastsette grupper av tenestemenn frå plikta til å nytte begge målformer.

§ 3

Lokale statsorgan er statsorgan med tenestekrins som femner om ein kommune. Regionale statsorgan er statsorgan som femner om meir enn ein kommune, men likevel ikkje heile landet. Sentrale statsorgan er statsorgan med heile landet som tenestekrins.

I høve til reglane om målbruk skal statsorgan som førebur og gjer vedtak, og som utetter står fram som ei eining, reknast for eit eige statsorgan.

§ 4

Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform.

§ 5

Tenestemålet for eit lokalt statsorgan skal samsvare med målvedtaket i den kommunen som er tenestekrins for organet. Tenestemålet skal nyttast i skriv til alle statlege organ.

Tenestemålet for eit regionalt statsorgan skal samsvare med fleirtalsmålforma for kommunane i tenestekrinsen. Utrekning av fleirtalsmålforma skal følgje reglane i lov om målbruk i offentleg teneste § 7. I skriv frå det regionale statsorganet til lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast. I skriv frå det regionale statsorganet til alle andre statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast.

Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale. Eit sentralt statsorgan som skriv til eit anna språkleg nøytralt organ, står fritt i val av målform. I skriv til eit regionalt statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast. I skriv til det lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast.

§ 6

For tilfang etter § 8 første ledd i lova vil ei rimeleg kvantitativ fordeling seie at ingen av dei to målformene skal vere representert med mindre enn 25 %.

Målvedtaka i kommunane skal som hovudregel leggjast til grunn ved spreiing av parallellutgåver av alle slag tilfang som høyrer inn under § 8 første ledd.

Regionale statsorgan med tenestemål kan veksle mellom målformene i tilfang med særleg tilknyting til ein eller fleire nøytrale kommunar i tenestekrinsen. I tilfang med særleg tilknyting til fleire kommunar som har gjort vedtak om same målform, kan denne målforma nyttast sjølv om ho ikkje samsvarer med tenestemålet til det regionale statsorganet. I andre saker kan departementet i særlege tilfelle gjere unntak etter § 8 femte ledd.

§ 7

Når eksamensoppgåver i andre fag enn norsk blir gitt på norsk mål, skal kvar kandidat få oppgåveteksten på bokmål eller nynorsk etter ønske. Dette gjeld for slutteksamenar, medrekna deleksamenar som høyrer med i ein større eksamen. Lærestaden kan be om bindande val av målform for oppgåveteksten ved oppmelding til eksamen.

Når særlege grunnar talar for det, kan lærestaden gjere heilt eller delvis unntak frå denne regelen. Studentar som dette vedkjem, kan klage på slikt vedtak til departementet.

Departementet kan gi nærmare reglar til denne paragrafen.

§ 8

Vedtak i kommunestyre eller fylkesting etter § 5, første leddet, i lov om målbruk i offentleg teneste skal meldast til Kultur- og vitskapsdepartementet 3

. Ajourførte lister over slike målvedtak blir tekne inn i Norsk Lovtidend og Norsk lysingsblad to gonger for året. Nye målvedtak får ikkje rettslege verknader for statsorgan før dei er kunngjorde på denne måten.

Kultur- og vitskapsdepartementet 4

kan fastsetje nærmare reglar om kunngjeringsmåten.

Fotnotar

1.

No Kulturdepartementet, frå 1. januar 2002 Kultur- og kyrkjedepartementet.

2.

No Kulturdepartementet, frå 1. januar 2002 Kultur- og kyrkjedepartementet.

3.

No Kulturdepartementet, frå 1. januar 2002 Kultur- og kyrkjedepartementet.

4.

No Kulturdepartementet, frå 1. januar 2002 Kultur- og kyrkjedepartementet.