St.prp. nr. 8 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS- komiteen nr. 87/2007 av 6. juli 2007 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Gjennomføringa av forordninga krev endringar i lov av 20. juni 2003 nr. 41 om tiltak mot kvitvasking av utbyte frå straffbare handlingar m.v. (kvitvaskingslova). Etter § 18 nr. 3 i lova kan departementet fastsetje reglar ved forskrift om kva opplysningar om avsendaren som skal følgje ein transaksjon i betalingskjeda. Denne forskriftsheimelen må utvidast slik at han gjev høve til å gje forskrifter der betalingsformidlarane vert pålagde opplysnings- og kontrollplikter.