St.prp. nr. 8 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS- komiteen nr. 87/2007 av 6. juli 2007 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Føremålet med forordninga er å gjere det vanskelegare å kvitvaske pengar og finansiere terrorverksemd ved å gjere det lettare å spore betalingstransaksjonar gjennom dei krava som vert stilte til opplysningar om betalaren som skal følgje pengeoverføringar gjennom heile betalingskjeda. Krava etter forordninga oppfyller spesialtilråding nr. VII om tiltak mot terrorfinansiering, som er gjeven av det internasjonale samarbeidsorganet mot kvitvasking og terrorfinansiering, Financial Action Task Force (FATF), der òg Noreg tek del.

Finansdepartementet rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring i vedlegg IX til EØS-avtala om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar.

Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.