St.prp nr. 1 Tillegg nr. 11 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån, og om saldering av statsbudsjettet 2001

Til innhaldsliste

4 Kredittavtalar mellom Noregs Bank og sentralbankane i andre land. Beredskapstiltak

Ved Stortingets vedtak 11. desember 1992, jf. St.prp. nr. 25 og Innst. S. nr. 71 for 1992-93, fekk Finansdepartementet fullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale marknadene innanfor ei samla ramme på 75 000 mill. kroner. Innanfor denne ramma fekk Finansdepartementet samtidig fullmakt til å godkjenne at Noregs Bank kunne trekke på eventuelle kredittlinjer med andre sentralbankar og med internasjonale økonomiske organisasjonar og institusjonar. Fullmakta blei gjeven utan tidsavgrensing.

Finansdepartementet har ikkje nytta denne fullmakta til ordinær opplåning, men departementet har på grunnlag av fullmakta godkjent at Noregs Bank kan ta opp lån under sine avtalar med nordiske sentralbankar og sentralbankane i EU.

Desse avtalane blei fornya med verknad frå 1. januar 1999. Noregs Bank har i denne samanhengen inngått ein avtale med Den europeiske sentralbanken som erstattar dei tidlegare avtalane med sentralbankane i dei landa som innførde euro frå 1. januar 1999. Som medlem av Den økonomiske og monetære union i EU tar også Finland del i denne avtalen, i staden for at landet held fram som part i den nordiske avtalen. Noregs Bank har også inngått kredittavtalar med sentralbankane i England og Hellas. Dei gjenverande partane i den nordiske avtalen er såleis, forutan Noregs Bank, sentralbankane i høvesvis Sverige, Danmark og Island.

Finansdepartementet har godkjent at Noregs Bank kan trekkje inntil 2 000 mill. euro under den nordiske avtalen og til saman 1 850 mill. euro under avtalane med dei andre europeiske sentralbankane.