St.prp nr. 1 Tillegg nr. 11 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån, og om saldering av statsbudsjettet 2001

Til innhaldsliste

5 Saldering av statsbudsjettet for 2001

Regjeringa har tidlegare i haust og samtidig med denne proposisjonen fremma i alt 10 tilleggsproposisjonar til St.prp. nr. 1 (2000-2001). Samla sett gjev desse proposisjonane og forslag i denne proposisjonen ein auke i inntektene på statsbudsjettet på 656,7 mill. kroner. Utgiftene er foreslått auka med 266,2 mill. kroner. Stortinget sin administrasjon har gjort departementet merksam på manglande løyvingar i budsjettforslaget under kap. 3051 Riksrevisjonen. Det er utelate inntekter under post 02 Refusjon utland og post 03 Kantinesal på høvesvis 300 000 kroner og 200 000 kroner. Ein foreslår derfor å løyve 300 000 kroner på kap. 3051, post 02, og 200 000 kroner på kap. 3051, post 03 i dette tilleggsnummeret.

Samla sett gir forslaga i tilleggsnummera ein reduksjon i det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet på i alt 390,5 mill. kroner. Auka netto tilbakebetaling av lån på til saman 80,0 mill. kroner er ikkje medrekna.

Regjeringa gjer framlegg om at løyvinga under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter blir auka slik at budsjettet blir gjort opp med det same oljekorrigerte budsjettunderskotet som i framlegget i Gul bok 2001. Overføringa frå Statens petroleumsfond som skal dekke det oljekorrigerte budsjettunderskotet, på kapittel 5800, blir då som foreslått i Gul bok 2001. Samla løyving under kapittel 2309 Tilfeldige utgifter blir etter dette 9 225,3 mill. kroner.

Netto auka tilbakebetalingar i samband med omorganisering av Landbruksbanken reduserer finansieringsbehovet for statsbudsjettet med 80,0 mill. kroner. Løyvinga over kapittel 5999 Statslånemidler som står som motpost til finansieringsbehovet blir redusert tilsvarande og foreslås bevilga med 60 547,0 mill. kroner.