St.prp nr. 1 Tillegg nr. 11 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån, og om saldering av statsbudsjettet 2001

Til innhaldsliste

6 Produktavgift i fiskerinæringen

På grunnlag av Fiskeridepartementets overslag i brev til Finansdepartementet 4. september 2000, blei satsen for produktavgift i fiskerinæringa foreslått sett til 4,1 pst. i 2001. Det blir vist til omtale i St.prp. nr. 1 (2000-2001) Skatte-, avgifts- og tollvedtak kap. 2.9 og til forslag til Stortingets vedtak om produktavgift for fiskeri-, kval og selfangstnæringa for 2001.

Fiskeridepartementet har i brev til Finansdepartementet 7. november 2001 foreslått at forslaget til sats blir endra til 3,8 pst. I brevet fra Fiskeridepartementet heiter det:

«Fiskeridepartementet viser til brev frå Finansdepartementet 21.08.00, der vi blir bedt om å gje ei tilråding om sats for produktavgift for 2001. Fiskeridepartementet viser og til vårt brev datert 04.09.00, der det blir gitt ei slik tilråding.

Avdi prognosane for fyrstehandsverdi av fangsten er monaleg auka etter at dette brevet vart sendt, ynskjer Fiskeridepartementet å gje ei ny tilråding.

Fylgjande storleiker ligg til grunn i det reviderte anslag på avgift for 2001:

  • Utbetalingane til a-trygd for 2001 er venta å utgjere om lag 45 mill. kroner.

  • Fyrstehandsverdi, som det skal betalast produktavgift av: 9 200 mill. kroner, av det utgjer 790 mill. kroner overtaking av eigen fangst.

  • Pensjonsgjevande inntekt: 3 735 mill. kroner.

Ytingar som produktavgifta skal dekkje:

Andel medlemsavgift (2,9 pst. av inntekt)108,3 mill. kroner
Yrkesskadetrygd (0,2 pst. av inntekt)7,5 mill. kroner
Dagpengar ved arbeidsløyse45,0 mill. kroner
Kollektiv tilleggstrygd for sjukepengar173,4 mill. kroner
Arbeidsgjevaravgift for hyremottakarar10,0 mill. kroner
Totalt344,2 mill. kroner

Om ein tek omsyn til desse tala vil riktig sats på produktavgifta for 2001 verte 3,8%.

Vi vil be Finansdepartementet om å syte for at satsen for produktavgift for 2001.vert endra fra 4,1% til 3,8%.»

Finansdepartementet sluttar seg til dette. Departementet trekkjer difor attende forslaget i St.prp. nr.1 (2000-2001) og foreslår at satsen for produktavgift blir sett til 3,8 pst. i 2001. Det blir vist til nytt forslag til Stortingets vedtak om produktavgift for fiskeri-, kval- og selfangstnæringa for 2001.