St.prp nr. 1 Tillegg nr. 11 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån, og om saldering av statsbudsjettet 2001

Til innhaldsliste

7 Endringar i reglane om skattemessig bustad

Finansdepartementet har endra forskriften om skattemessig bustad. Endringane i pendlarreglane går ut på å justere kravet til sjølvstendig bustad. Det blir lettare for einslege å få pendlarstatus. Det er stort sett berre når han/ho har sjølvstendig bustad på arbeidsstaden, at denne går framom annan bustad. Det blir no innført krav om at bustaden har eit areal på minst 30 kvm for at den skal blir rekna som sjølvstendig. Der meir enn ein bur i same bueininga, går endringa ut på at minstearealet skal aukast med 20 kvm for kvar ytterlegare bebuar over 15 år. Denne regelen skal kunne nyttast utan omsyn til om bebuarane er ektefellar, sambuarar eller utgjer eit bufellesskap. For den som leiger, skal det relevante arealet vere det han disponerer aleine tillagt ein andel av areala som etter sin art er felles. Ut over innføringa av arealkravet blir det gjeldande kravet om sjølvstendig kjøkkenfunksjon erstatta av eit krav om innlagt vatn og avløp. Kravet til disponeringstid for at ein bustad skal bli rekna som sjølvstendig, blir auka frå seks månader til eit år.

Vidare blir det innført ein regel om at den som tek til å pendle til ein sjølvstendig bustad frå ein kommune der han har budd i i minst tre år då pendlinga tok til, kan krevje å bli verande registrert i den første kommunen dersom han finansierer bustaden der sjølv og denne er minst dobbelt så stor som arbeidsbustaden.

I tillegg til endringane i kriteria for sjølvstendig bustad blir det gjort enkelte endringar i reglane for ektefellar som pendlar. Endringane vil minke skilnaden i regelverket mellom ektefellar og einslege. Forslaget går ut på at ektefellar som pendlar mellom felles sjølvstendige bustader, skal bli rekna for busett der dei til saman har si overvegande felles døgnkvile. Dette erstattar gjeldande, skjønnsmessige kriterium om at dei skal reknast som busett der dei har innretta sin eigentlege felles heim.

Forslaget er anslått å redusere påløpte skattar i 2001 med om lag 40 mill. kroner der 2/3 av beløpet gjeld kommunar og fylke. Beløpet kan auke til opp mot 100 millionar kroner i året når folk får tilpassa seg det nye systemet. Det vil vere vanskeleg å innarbeide forslaget i det løpande skattetrekket for dei pendlarane som ikkje ber om nytt skattetrekk. Forslaget vil derfor dels redusere dei bokførde skattane for stat og kommuneforvaltninga i 2002 i samband med avrekninga av likninga for inntektsåret 2001.