St.prp nr. 1 Tillegg nr. 5 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes. Avtale for perioden 2005-2012.

Til innhaldsliste

3 Avtale for perioden 2005-2012

Etter fleire forhandlingsrundar har Samferdselsdepartementet og hurtigruteselskapa vorte samde om det økonomiske grunnlaget for ein avtale om kjøp av transporttenester på kyststrekninga Bergen - Kirkenes for perioden 2005-2012. Avtalegrunnlaget er laga med atterhald om at Stortinget ikkje har merknader til avtalen og at det vert stilt midlar til disposisjon gjennom dei årlege budsjettvedtaka. Etter avtalen tilbyr selskapa heilårlege, daglege seglingar på strekninga Bergen - Kirkenes med stoppmønster om lag som i dag. For heile avtaleperioden summerer avtalen seg til 1899,7 mill. kr (i 2005-prisar), eller 80,3 mill. kr under opphaveleg tilbod frå selskapa. Årleg kompensasjon for transporttenesta vert i gjennomsnitt om lag 237,5 mill. kr for avtaleperioden. Avtalt sum for 2005 er 217,5 mill. kr.

Etter departementet si vurdering er avtalen tilfredsstillande. Totalsummen er lågare enn opphaveleg tilbod. I gjennomsnitt ligg den årlege tilskottssummen om lag 10 mill. kr under utgangspunktet for forhandlingane. Profilen i avtalen er dessutan betre enn tilbodet frå selskapa. Det første året i avtaleperioden er for ein stor del tilpassa eit budsjett som alt er lagt fram. Årlege tilskott aukar etter det, men har ein fallande profil mot slutten av avtaleperioden. Denne profilen reflekterer krav til effektivisering.

ESA har kommentert konkurransen, og peikar på at det kan vera tale om overkompensasjon sjølv om det er gjennomført konkurranse om kjøpet. Det vil etter ESA si vurdering kunna vera tilfelle dersom det er noko som tyder på at godtgjersla er høgre enn det som er nødvendig for å dekka behovet for tilstrekkeleg offentleg tenestekjøp. Samferdselsdepartementet legg til grunn at val av transportstandard er ei nasjonal sak. Vidare meiner departementet at selskapa ikkje får for høg godtgjersle i det avtalegrunnlaget som ligg føre.

I budsjettframlegget for 2005 er det lagt inn 200,8 mill. kr til kjøp av sjøtransporttenester på kyststrekninga Bergen - Kirkenes. Det vert i dette tillegget gjort framlegg om å dekka differansen mellom 217,5 mill. kr og 200,8 mill. kr ved å omdisponera 16,7 mill. kr frå kap 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar. Summen vert teken frå rv 658 Ellingsøy- og Valderøytunnelane, som er ført opp med 70 mill. kr i St. prp. nr. 1 (2004-2005), jf. omtale side 123.