St.prp nr. 1 Tillegg nr. 6 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2008

Til innhaldsliste

2 Kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål Kap. 335 Pressestøtte

2.1 Forslag om omlegging av ordninga med portokompensasjon for aviser

2.1.1 Bakgrunn

Portokostnadene for aviser har auka meir enn normal prisauke dei siste åra. For å kompensere for noko av denne auken, vedtok Stortinget i 2006 å innføre ei ny tilskottsordning til dei avisene som har blitt hardast råka, jf. Innst. S. nr. 205 (2005-2006) og St.prp. nr. 66 (2005-2006) der det er uttalt følgjande:

«Posten Norge er gjennom sin konsesjon pålagt å tilby distribusjon av aviser og blader til kostnadsbaserte priser. Tidligere ble disse tjenestene priset etter redaksjonelt innhold. Posten Norge ble i 2003 pålagt av Samferdselsdepartementet å legge om fra innholdsbasert til kostnadsbasert prising, med en overgangsordning fram til 2006. Omleggingen er nå gjennomført og har gitt en gjennomsnittlig portoøkning på 9,5 pst.

Regjeringen foreslår at det etableres en ny tilskuddsordning innenfor pressestøtteordningene som skal kompensere for deler av portoøkningen. Ordningen skal rettes mot aviser som allerede mottar pressestøtte, og som er hardest rammet av prisomleggingen. Ordningen vil bli basert på søknad og dokumenterte kostnader. Det legges opp til å gi kompensasjon for portoøkning utover den gjennomsnittlige portoøkningen på 9,5 pst. Det vil bli utarbeidet egen forskrift for ordningen.»

I 2006 blei det løyvd 14,3 mill. kroner til ordninga, av dette blei 9,1 mill. kroner dekt gjennom ei overføring frå Samferdselsdepartementet sitt budsjett. I 2007 blei ordninga vidareført på same nominelle nivå. I St.prp. nr. 1 (2007-2008) er løyvinga foreslått sett til 14,9 mill. kroner.

2.1.2 Nærmare om tilskottsordninga

Tilskottsordninga er regulert i forskrift av 20. november 2006 nr. 1 267 om kompensasjon for portoutgifter i avisene.

Ordninga er retta mot aviser som mottar pressestøtte over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett. Tilskottet går berre til aviser som blir distribuert med Posten Norge AS og skal kompensere for delar av portoauken som følgje av omlegginga til kostnadsbasert prising.

Kompensasjonen blir rekna ut på bakgrunn av årleg auke i eksemplarpris for kvar einskild avis i ordninga. Medietilsynet vil innanfor kvar priskategori rekne ut prisauken per eksemplar i høve til året før. Prisauken vert så multiplisert med talet på sendte eksemplar innanfor same kategori i det aktuelle året og ein sats fastsett av departementet.

155 aviser mottok portokompensasjon i 2005. Hovudvekta av desse avisene mottar i tillegg produksjonstilskott til dagsaviser. Ordninga omfattar også aviser som mottar andre former for driftstilskott over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett, t.d. tilskott til samiske aviser eller minoritetsspråklege publikasjonar frå Medietilsynet eller tilskott til ymse publikasjonar frå Norsk kulturråd.

2.1.3 Departementets vurdering og forslag

Departementet viser til at formålet med ordninga først og fremst var å avhjelpe akutte økonomiske problem i avisene i samband med Postens omlegging av portosystemet. Overgangsperioden er no over og eit nytt portosystem er på plass.

Departementet legg til grunn at den økonomiske situasjonen i mange av dei avisene som mottar kompensasjon no synest å vere så god at det ikkje er naudsynt å oppretthalde portokompensasjon som ei separat tilskottsordning. Departementet viser til at om lag 85 pst. av dei avisene som mottok portokompensasjon i 2006 same året hadde overskott etter støtte. For om lag 18 pst. av avisene låg overskottet på over éin mill. kroner. For om lag 70 pst. av avisene oversteig overskottet det dei same avisene mottok i portokompensasjon i 2006, i fleire tilfelle var overskottet meir enn ti gonger så høgt som kompensasjonsbeløpet. 1

Departementet legg også vekt på at avisene er avhengige av stabile rammevilkår. Det er derfor uheldig å ha for mange kompliserte særordningar under pressestøtta. Det er også viktig å sikre at pressestøtta er underlagd eit robust regelverk som står seg i høve til internasjonalt regelverk på området.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår derfor at løyvinga til portokompensasjon blir innlemma i den generelle pressestøtta, først og fremst produksjonstilskottet til dagsaviser. På bakgrunn av den rolla pressa spelar for politisk debatt og meiningsdanning er det viktig å sikre at offentlege støtteordningar og andre verkemiddel vert utforma slik at dei ikkje undergrev den redaksjonelle fridomen i pressa. Produksjonstilskottet vert derfor tildelt på grunnlag av objektive kriterium basert på mellom anna opplag, talet på utgivingar og lokal konkurranseposisjon. Gjennom den årlege fastsettinga av tilskottssatsar kan departementet likevel påverke fordelinga av tilskottet mellom dei ulike avisgruppene som regelverket for ordninga definerer.

I St.prp. nr. 1 (2006-2007) varsla departementet endringar i regelverket for ordninga «slik at tilskuddene i større grad målrettes mot avisgruppene som har vanskligst økonomi». Forslaget om omlegging av portokompensasjonen gjer at dette ikkje lenger er relevant. Departementet vil likevel vurdere om det er naudsynt å justere tilskottsordninga noko for å sikre at fordelinga av produksjonstilskottet blir mest mogleg målretta og at innlemminga av løyvinga til portokompensasjon i den generelle pressestøtta ikkje får vesentlege negative konsekvensar for dei publikasjonane som i dag mottar kompensasjon. Departementet vil sikre at dei minste avisene i ordninga får ein auke i produksjonstilskottet som om lag svarar til det desse avisene i dag mottar i portokompensasjon.

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) er det under kap. 335, post 72 Kompensasjon for portoutgifter foreslått ei løyving for 2008 til portokompensasjon til aviser på 14,9 mill. kroner. Departementet foreslår at om lag 2,3 mill. kroner av dette beløpet blir overført til Norsk kulturfonds tilskottsordning for ymse publikasjonar under kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 55 Norsk kulturfond. Beløpet svarar til det dei publikasjonane som får støtte frå Norsk kulturfonds tilskottsordning for ymse publikasjonar mottok i portokompensasjon i 2006. Det resterande beløpet på om lag 12,6 mill. kroner blir foreslått overført til produksjonstilskottet til dagsaviser under kap. 335, post 71 Produksjonstilskott.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at forslaget til løyving for 2008 under kap. 326, post 55 Norsk kulturfond blir auka med kr 2 256 000, at forslaget til løyving for 2008 under kap. 335, post 71 Produksjonstilskott blir auka med kr 12 659 000 og at forslaget til løyving for 2008 under kap. 335, post 72 Kompensasjon for portoutgifter blir redusert med kr 14 915 000.

2.1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei avisene som mottar produksjonstilskott til dagsaviser frå Medietilsynet eller tilskott til ymse publikasjonar frå Norsk kulturråd, vil nyte godt av ei auka tilskottsramme for desse ordningane. Departementet vil dessutan vurdere om det er naudsynt å justere tilskottsordninga for produksjonstilskottet noko for å hindre at omlegginga får negative konsekvensar.

Dei tre samiske avisene mottok i 2006 ein samla portokompensasjon på om lag kr 124 000. Til samanlikning er løyvinga til samiske aviser foreslått auka med 5 mill. kroner i budsjettforslaget for 2008.

Av dei minoritetsspråklege publikasjonane mottok fem publikasjonar samla om lag kr 66 000 i portokompensasjon i 2006. I budsjettforslaget for 2008 er løyvinga til minoritetsspråklege publikasjonar foreslått auka frå 1,1 mill. kroner til 1,4 mill. kroner. Samstundes er det grunn til å tru at fleire av avisene vil falle ut av ordninga i 2007, noko som vil gi meir til fordeling på dei som er att.

Departementet legg derfor til grunn at omlegginga ikkje vil få vesentlege negative økonomiske konsekvensar for dei publikasjonane som i dag får portokompensasjon.

For Medietilsynet vil omlegginga redusere ressursbruken i samband med forvaltninga av pressestøtta.

Fotnotar

1.

Merk at 14 av avisene som mottok portokompensasjon i 2006 ikkje har levert inn rekneskapsdata for 2006 til Medietilsynet. Dette gjeld først og fremst aviser som mottar tilskott til minoritetsspråklege publikasjonar og «ymse» publikasjonar.