St.prp nr. 1 Tillegg nr. 7 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 Om fullmakt til å ta opp statslån mv., og om saldering av statsbudsjettet for 2005

Til innhaldsliste

5 Langsiktige lån

5.1 Opptak av obligasjonslån i marknaden

Staten sine opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 hovudsakleg skjedd gjennom auksjonar av obligasjonar. For å skape ein oversiktleg og likvid marknad har ein konsentrert opplåninga om eit fåtal, avdragsfrie lån som gradvis blir bygde opp til relativt store volum (referanselån). Ein kan derfor få store forfall i enkelte år og små eller ingen forfall i andre år. I november 2004 forfell det til dømes eit stort referanselån, medan neste forfall i eit stort referanselån først er i januar 2007. Ein legg særleg vekt på å ha likvide referanselån i tre-, fem- og tiårssegmentet.

Investorane legg gjennomgåande vekt på visse om realisasjonsverdien av sine finansielle investeringar. Dersom andrehandsmarknaden for eit lån har god likviditet, vil investorane kunne legge til grunn at kursane i andrehandsmarknaden er ein god indikasjon på realisasjonsverdien. Dette vil dei normalt premiere med ein reduksjon i avkastningskravet. God likviditet krev mellom anna eit visst uteståande volum i kvart av låna.

Det er for tida fem referanselån i marknaden, jf. tabell 5.1. For løpetider på opp til eitt år blir referanselånfunksjonen i hovudsak dekka av statskassevekslar, jf. omtale under avsnitt 6.1.

Tabell 5.1 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån per 30. september 2004

BørsnummerFørste gong lagt utForfallNominelt pålydande beløp (mill. kroner)Kupongrente (pst.)Effektiv marknadsrente1 (pst.)
NST46708.01.9615.01.0735 9006,752,64
NST46826.01.9815.05.0931 6005,503,52
NST46909.06.0016.05.1122 4006,003,94
NST47027.05.0215.05.1328 0006,504,16
NST47127.05.0415.05.1511 6005,004,32

1 Gjennomsnitt av kjøps- og salsrente på same obligasjon notert på Oslo Børs 30. september.

Kjelde: Kjelde: Finansdepartementet.

Salet av statsobligasjonar skjer ved auksjonar som blir annonserte på førehand i ein auksjonskalender. Kalenderen er ikkje bindande, dvs. at auksjonar kan avlysast eller supplerast. Det siste året har ein supplert med ein tilbakekjøpsauksjon, medan ingen auksjonar har blitt avlyst. I 2003 blei det avvikla seks auksjonar i statsobligasjonar. Så langt i 2004 har det vore avvikla fire auksjonar. Etter auksjonskalenderen skal det i tillegg avviklast ein obligasjonsauksjon den 25. november.

Tabell 5.2 Opptak av obligasjonslån i 4. kvartal 2003 og hittil i 2004

AuksjonsdatoBørsnummerKupongrente (pst.)Auksjonsvolum (pålydande mill. kroner)Effektiv rente (pst.)Midtrente i andrehandsmarknaden1 (pst.)Samla bodvolum i høve til auksjonsvolum
24.11.03NST4706,503 0004,904,881,5
19.01.04NST4706,503 0004,544,552,0
22.03.04NST4685,503 0003,453,462,2
27.05.04NST4715,007 60024,99-32,6
27.09.04NST4715,004 0004,284,241,4

1 Gjennomsnitt av kjøps- og salsrente på same obligasjon notert på Oslo Børs på auksjonstidspunktet.

2 Av dette blei 1 600 mill. kronar emittert direkte til Noregs Bank.

3 NST471 var eit nytt papir og det eksisterte derfor ikkje nokon pris i andrehandsmarknaden.

Kjelde: Kjelde: Finansdepartementet og Noregs Bank.

Ein indikator på kor vellukka ein auksjon har vore, er den effektive renta ein har oppnådd i auksjonen sett i forhold til rentenivået i andrehandsmarknaden på same tidspunkt. Ei slik samanlikning er enklast å gjere i dei tilfella der ein utvidar eit lån som allereie er prisnotert i marknaden. Det normale i ein auksjon av norske statsobligasjonar er at den effektive renta ein oppnår ligg mellom tilsvarande kjøps- og salsrente i andrehandsmarknaden på auksjonstidspunktet. Så langt i 2004 har gjennomsnittleg rente i auksjonane vore om lag eitt rentepunkt over midtrenta i andrehandsmarknaden.

Det er viktig for staten at det er interesse for auksjonane slik at ein kan oppnå best mogleg resultat i form av låge lånekostnader. Ein måte å måle interessa på er forholdet mellom samla bodvolum i auksjonen og det volumet staten tilbyr i auksjonen. I 2003 varierte dette forholdstalet mellom 1,5 og 2,5 i auksjonane av statsobligasjonar. I dei fire auksjonane som er gjennomførde hittil i 2004, har forholdstalet variert mellom 1,4 og 2,6.

Endringar i rentenivået etter at kupongrenta er fastsett, kan gi over- eller underkurs når ein emitterer i eit lån. Slik over- eller underkurs blir avsett på statsrekneskapen og ført som inntekt eller utgift over den attståande løpetida på dei aktuelle låna. Alle auksjonane hittil i 2004 er teikna med overkurs for til saman 968 mill. kroner.

5.2 Tilbakekjøp av statsobligasjonar i marknaden

Som ledd i forvaltninga av eksisterande lån kan det frå tid til annan vere aktuelt å kjøpe tilbake obligasjonar. Det kan til dømes vere delar av eit obligasjonslån som har kortare gjenståande løpetid enn eitt år, og som dermed ikkje lenger tener som referanselån i marknaden, eller delar av eit obligasjonslån med lengre løpetid enn eitt år som marknaden er mindre interessert i. Eventuelle tilbakekjøp blir rekna som ekstraordinære avdrag. Tilbakekjøpte obligasjonar kan bli haldne som eigenbehaldning, eller nedskrivast mot det aktuelle lånet. Tilbakekjøpte avdragsobligasjonar blir ikkje nedskrivne, men haldne som ei eigenbehaldning til forfall.

I november 2003 vedtok Finansdepartementet, etter tilråding frå Noregs Bank å gjennomføre ein tilbakekjøpsauksjon i NST465, etterfølgd av ein ordinær auksjon i NST467 med same volum. Eit vilkår for auksjonen i NST467 var at staten aksepterte boda i tilbakekjøpsauksjonen. Auksjonsresultatet blei vurdert på grunnlag av den lånekostnaden staten ville fått dersom tilbakekjøpet hadde blitt finansiert med nye låneopptak til dei kursane som staten sine referanselån blei noterte til i andrehandsmarknaden på kjøpetidspunktet. Dei innkomne boda blei ikkje rekna som gode nok, og etter tilråding frå Noregs Bank blei derfor tilbakekjøpet kansellert. Den påfølgande auksjonen i NST467 blei følgjeleg også kansellert.

Obligasjonslånet NST 465 forfell 30. november i år. Lånet er ikkje lenger omfatta av primærhandlaravtalane og heller ikkje lenger rekna som referanselån. Noregs Bank fekk sommaren 2004 spørsmål frå primærhandlarar om å bytte NST 465 mot statskassevekselen NST 85 som forfell 15. desember i år. Noregs Bank tilrådde ein slik byttetransaksjon på grunn av dei positive verknadene dette vil ha for andrehandsmarknaden for statspapir. Noregs Bank fekk fullmakt på vegne av staten til å gjennomføre tilbakekjøp i NST 465 i direkte bytte mot NST85. Ved utgangen av 3. kvartal 2004 var det kjøpt tilbake 9 556 mill. kroner i NST465, slik at gjenståande volum i lånet var på vel 29 mrd. kroner.

5.3 Langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet

Langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet blir avrekna under ramma for langsiktige lån. Folketrygdfondet kan plassere midlar i form av kontolån til vilkår som svarar til dei vilkåra statslåna blir omsette til i marknaden. Per 30. september 2004 var uteståande volum i slike lån frå Folketrygdfondet på vel 78 mrd. kroner, ein auke på 6 mrd. kroner frå utgangen av 2003. Folketrygdfondet har etter avtale høve til å førtidig innfri plasseringar i langsiktige kontolån. Dersom replassering i nye, langsiktige kontolån skjer på basis av innfriing i lån med mindre enn eitt år til forfall, blir desse avrekna mot ramma for langsiktige låneopptak.

Frå mars 2003 har Folketrygdfondet også høve til å gjere rentebytteavtalar eller liknande derivatavtalar med staten på bakgrunn av fondets langsiktige kontolån og å replassere desse i nye lån. Dette gjev Folketrygdfondet høve til å justere renterisikoen utan å omplassere mellom langsiktige og kortsiktige kontolån, noko som inneber ei administrativ forenkling. Slike avtalar inneber ikkje trekk på fullmaktsramma for langsiktig- eller kortsiktig opplåning, men blir dekka av departementets generelle fullmakt til å inngå rentebytteavtalar eller liknande derivatavtalar.

5.4 Grunnkjøpsobligasjonar

Ordninga med å kunne gi oppgjør i form av grunnkjøpsobligasjonar ved offentlig kjøp av grunn mv. blei avvikla frå og med 1992, jf. Stortingets vedtak av forslaget til skattereform (Ot.prp. nr. 35 (1990-91)), men fram til og med 1998 hadde Finansdepartementet fullmakt til å utferde grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som blei avtalte før 31. desember 1991. Eigarane av grunnkjøpsobligasjonar har fritak for gevinstskattlegging av sal av fast eigedom som obligasjonane var oppgjør for, dersom dei sit med obligasjonane fram til forfall. Dersom obligasjonane blir innfridd før forfall, blir innløysingsbeløpet skattelagt i inntektsåret.

Etter 2004 er det berre eit fåtal obligasjonar igjen, noko som gjer administrasjonsutgiftene uforholdsmessige store. Departementet har derfor framsett eit tilbod til obligasjonseigarane om innløysing av alle uteståande grunnkjøpsobligasjonar pr. 31. desember 2004 med sikte på å avslutte ordninga frå same dato. Obligasjonseigarane blei gitt høve til å akseptere førtidig innløysing på det vilkår at skatteloven blir endra slik at innløysing pr. 31. desember 2004 ikkje utløyser gevinstskattlegging for det eigedomssal obligasjonane var oppgjer for. Departementet har i Ot. prp. nr. 1 (2004-2005) fremma eit forslag om slik endring av skattelova.

Eit stort fleirtal av obligasjonseigarane har allereie gitt aksept for innløysing per 31. desember 2004 på ovannemnte vilkår.

5.5 Fullmakt til å ta opp langsiktige lån i 2005

Finansdepartementet ber om at fullmakta til å ta opp nye langsiktige lån innanlands blir sett til 50 000 mill. kroner. Ein tar sikte på å dekke hovuddelen av staten sitt lånebehov i 2005 ved opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden. Erfaringar frå tidlegare år tilseier at det kan vere behov for rommelege lånefullmakter slik at ein kan tilpasse staten sitt låneprogram til skiftande forhold gjennom året. Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er større enn finansieringsbehovet i 2005. Ein har då tatt omsyn til det behovet som knyter seg til dei postane på statsbudsjettet som ikkje har verknader for pengemarknadslikviditeten, og til utjamning av den langsiktige opplåninga mellom år, jf. avsnitt 2.2. I forslaget til fullmakt har ein rekna med eit visst behov for lange kontolånsplasseringar frå Folketrygdfondet. Opptak av nye lån i 2005 er i hovudsak tenkt å skje etter dei same linjene som i føregåande år.

Tabell 5.3 viser uteståande beløp dersom fullmakta for nye langsiktige lån på 50 000 mill. kroner i 2005 blir nytta fullt ut.

Tabell 5.3 Uteståande langsiktige statslån1. Mill. kroner

Uteståande 31. desember 2003224 019
-Avdrag i 200447 285
+Berekna låneopptak i 200435 400
=Uteståande 31. desember 2004212 134
-Avdrag i 2005500
+Forslag til fullmakt for nye lån i 200550 000
=Maksimalt uteståande 31. desember 2005261 634

1 Medrekna langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet. Justert for eigenbehaldningar.

Kjelde: Kjelde: Finansdepartementet.