St.prp nr. 1 Tillegg nr. 9 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2001 og endring av kapitla 336, 1064 og 4020

Til innhaldsliste

2 Utviklinga i fiskerinæringa dei seinare åra og utsiktene for 2001

Budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar for dei seinare åra viser store variasjonar i arbeidsgodtgjersle og lønsevne for ulike fiskeri og fartøystorleikar. Etter ein generell oppgang fram til 1998 har det vore ein nedgang i arbeidsgodtgjersla og lønsevna per årsverk frå 1998 til 1999, jf. tabell 2.1. Lønsevna har hatt større reduksjon enn arbeidsgodtgjersla. Arbeidsgodtgjersla og lønsevna er betydeleg høgare innanfor storbåt enn innanfor småbåt. Arbeidsgodtgjersla innanfor storbåt torskesektor vart redusert med 4,9 pst. og i storbåt sildesektor med 11,5 pst., medan lønsevna i dei respektive sektorane vart redusert med 16,3 pst. og 29,2 pst. frå 1998 til 1999. For småbåt har det i same periode vore ein nedgang på 5,4 pst. i arbeidsgodtgjersla, medan lønsevna per årsverk vart redusert med 11,1 pst.

Tabell 2.1 viser utviklinga i arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne flåten, og tal for gjennomsnittleg årsløn for ein industriarbeidar i perioden 1994 til 1999.

Fangstutviklinga dei seinare åra har vore som vist i tabell 2.2.

Tabell 2.1 Arbeidsgodtgjersle og lønsevne per årsverk for den heilårsdrivne fiskeflåten og gjennomsnittleg årsløn for industriarbeidarar 1994-1999

199419951996199719981999Endring 1998-99
1 000 kroner per årsverk
Arbeidsgodtgjersle
Storbåt (over 13 m)323360356393454*
- torskesektor306339310338409389- 4,9 pst
- sildesektor378437506566582515- 11,5 pst
Småbåt (8-13 m)136133135137205194- 5,4 pst
Lønsevne
Storbåt (over 13 m)343413407484543*
- torskesektor337390312366497416- 16,3 pst
- sildesektor361495717851812575-29,2 pst
Småbåt (8-13 m)120117117132216192-11,1 pst
Industriarbeidarløn1831891972042172274,7 pst

* Alle tal for 1999 føreligg ikkje.

Note: Arbeidsgodtgjersle per årsverk viser avløninga til fiskarar som står ombord i eit heilårsdrive fartøy heile driftstida til fartøyet det aktuelle året. For enkelte driftsformer kan det stå meir enn ein person bak eit årsverk. Lønsevna per årsverk gir uttrykk for kor mykje verksemda kan betale til innsatsfaktoren arbeidskraft etter at andre kostnader er dekte. Tala for 1999 byggjer på førebelse tal frå budsjettnemnda sine lønsemdundersøkingar per oktober 2000.

Tabell 2.2 Fangstkvantum og førstehandsverdi 1994-2000

1994199519961997199819991)20002)
1 000 tonn rund vekt
Sildefisk mm.1 5361 6971 7952 026216719202169
- lodde113282061588987376
- sild539687758926831831800
- makrell260202136137158161172
- hestmakrell95961647134715
- kolmule226261356348671534550
- augepål/tobis260382264398371238222
- anna4341597342234
Torskefisk mm.801821837836670677580
- torsk373366359401262257218
- sei189219222184194198160
- hyse748097106545346
- lange/brosme39383930454340
- reker38393543606462
- skjel8700000
- anna80728572556254
Totalt2 3372 5182 6322 8622 8372 5972 749
Verdi i mill. kroner
Førstehandsverdi7 3498 1708 5529 16410 5409 9189 200

1) Førebelse tal.

2) Prognosar

Totalt fangstkvantum for 2000 vert høgare medan førstehandsverdien for 2000 vert lågare enn det partane la til grunn under forhandlingane i fjor. Prognosen for førstehandsverdien i 2000 ligg på om lag 9,2 mrd. kroner. Drivstoff utgjer ein relativt stor del av dei totale kostnadene for fiskeflåten, og auken i oljeprisane har difor hatt særleg innverknad på totalkostnadene for næringa.

Vurderingane frå forskarane kan gje ein reduksjon i kvoten for norsk-arktisk torsk for 2001 i forhold til i år. Forhandlingane med Russland om norsk-arktisk torsk vil først vere ferdige 17. november, medan forhandlingane med EU ventast å vere ferdige tidleg i desember. Kvoten for norsk-vårgytande sild for 2001 er vesentleg redusert frå i år.

Dersom ein held eksporten av oppdrettsfisk utanfor, var eksportverdien av fisk og fiskeprodukt i perioden januar til september 2000 10,1 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 2,0 pst. i forhold til same periode i fjor. Eksportert kvantum har gått opp med om lag 6,8 pst.

Prisane har gått opp frå 1999 til 2000 i dei fleste produktgruppene i torskesektoren. Med unntak av prisane for makrell, har prisane i sildesektoren vorte reduserte. Dette har blitt vege opp av auka mengde, særleg når det gjeld lodde.