St.prp nr. 1 Tillegg nr. 9 (2000-2001)

FOR BUDSJETTERMINEN 2001 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2001 og endring av kapitla 336, 1064 og 4020

Til innhaldsliste

4 Krav frå Norges Fiskarlag

I medhald av Hovudavtalen for fiskerinæringa av 3. juni 1964, ba Norges Fiskarlag i brev av 26. oktober 2000 om forhandlingar om ei fiskeriavtale for 2001. Fiskarlaget la fram eit krav på 240 mill. kroner. Fjorårets krav var på 290 mill. kroner. Kravet for 1998 og 1999 var på 200 mill. kroner, medan kravet for kvart av dei tre føregåande åra var på 250 mill. kroner.

Norges Fiskarlag viser til at Stortinget gjennom dei overordna fiskeripolitiske målsetjingane har gitt fiskerinæringa ei særleg rolle i nærings- og distriktspolitikken. Fiskarlaget konstaterer at desse måla står fast, og legg difor til grunn at det framleis er staten sitt ansvar å finansiere verkemiddel som medverkar til å oppfylle målsetjingane.

Fiskarlaget viser til at dei heller ikkje for 2001 ber om inntekts- eller driftsstøtte til næringa, og at forhandlingane må fokusere på verkemiddel for å nå distrikts- og fiskeripolitiske målsetjingar, sosiale omsyn og fiskarane sine behov for påreknelege og stabile rammevilkår.

Norges Fiskarlag understrekar at det er viktig at styresmaktene legg til rette for ein økonomisk politikk som medverkar til å få pris- og kostnadsveksten ned på same nivå som hos våre handelspartnerar. Norges Fiskarlag viser til at ein høgare kostnadsvekst enn hos våre handelspartnerar svekker næringa si konkurranseevne, og grunnlaget for ei gunstig utvikling i kyst-Noreg.

Fiskarlaget viser også i år til at det er knytt uvisse til rammevilkåra for næringa i 2001, sidan kvotane for viktige fiskeslag enno ikkje er fastlagde. Stortingets budsjettrutinar gjer at forhandlingane om ei støtteavtale må vere ferdige før ein har kjennskap til dei endelege kvotane, og før Stortinget har behandla ferdig Statsbudsjettet for 2001. Norges Fiskarlag peikar på at rammevilkåra til flåten vert svekka i regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett. Det vert mellom anna vist til den foreslåtte skatte- og avgiftsauken, og avvikling av øyremerka økonomiske verkemiddel til flåtefornying.

Fiskarlaget krev at det vert sett av midlar til dei same tiltaka som i inneverande år, mellom anna garantilott, føringstilskot, tilskot til drift av lineegnesentralar og reservebeløp. Fiskarlaget krev vidare at det vert sett av midlar til langsiktige tiltak for flåten og har i den samanhengen fokusert på kapasitetsreduserande tiltak og oppfølging av arbeidet med biprodukt.