St.prp. nr. 10 (1999-2000)

Om endringar på statsbudsjettet og Svalbard-budsjettet for 1999 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

3 Svalbard-budsjettet

Kap. 6/kap. 3006 Sysselmannens transportteneste

Sysselmannen disponerer ein båt og to helikopter. Sysselmannen betaler eit fast beløp for stasjonering av helikoptra og i tillegg ein teknisk timepris når helikoptra er i bruk. Etter avtale med den noverande leverandøren av transporttenester skal Sysselmannen ha inntektene dersom transporttenestene blir nytta av andre. Når helikoptra blei leigde ut til statsinstitusjonar, blei desse berre belasta teknisk timepris, dvs. at det er snakk om reine refusjonar. Føringa av desse oppdraga i rekneskapen har til no ikkje vore i tråd med prinsippa om bruttoføring, og desse refusjonane kjem derfor ikkje til syne verken på utgiftssida eller inntektssida. Ved utleige til private verksemder er det gjort eit påslag utover teknisk timepris. Det er berre påslaga som har vore budsjetterte og førte som inntekter på kap. 3006.

For å rette på denne rekneskapspraksisen og sikre at alle utgifter og inntekter blir førte i rekneskapen, blir det foreslått å endre inndelinga av inntektspostar og løyvingar under kap. 3006. Det blir såleis foreslått å endre nemninga på post 01 frå Inntekter fartøy til Leigeinntekter og post 02 Inntekter helikopter til Refusjonar. Den totale løyvinga knytt til leigeinntekter blir uendra med totalt 1,7 mill. kr, som fullt ut blir løyvd under post 01 Leigeinntekter. Post 02 Refusjonar foreslår departementet å budsjettere med 0 kr, sidan refusjonane varierer frå år til år. Samtidig blir det foreslått ei fullmakt til kap. 3006, post 02, der det blir gitt samtykke til å overskride løyvinga under kap. 6, post 01 tilsvarande det beløpet som blir ført til inntekt under kap. 3006, post 02.

Til forsida