St.prp. nr. 10 (2002-2003)

Om samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 20. april 2001 om bevaring og forvalting av fiskeressursar i det søraustlege Atlanterhavet

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei økonomiske tilskota frå medlemene til organisasjonen skal reknast ut frå ein kombinasjon av like delar og fangst i området. I de tre første åra skal likevel tilskotet delast likt på medlemene. Noregs kontigent for 2003 er rekna til om lag 390 000 kr., jf. kap. 1001 post 70 i St.prp. nr. 1 (2002-2003).

I tillegg til det årlege tilskotet kjem organisasjonskostnader i samband med deltaking i organisasjonen, slik som reiser og opphald i samband med møte. Organisasjonsutgiftene skal dekkjast innanfor dei ordinære budsjetta til Fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet.

Medlemsskap i organisasjonen vil ikkje vil ha nemnande administrative konsekvensar.

Ein norsk ratifikasjon av konvensjonen gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.

Fiskeridepartementet tilrår at konvensjonen blir ratifisert. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Til forsida