St.prp. nr. 10 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig delprogram (COOPENER) under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF om tiltak på energiområdet

Til innhaldsliste

5 Konklusjon og tilråding

Noreg har i ei årrekkje hatt energisamarbeid med prioriterte samarbeidsland i den tredje verda. Samarbeidsavtala mellom Norad og Noregs vassdrags- og energidirektorat er sentral i denne satsinga, der andre norske miljø óg er involverte. Desse aktørane har opparbeidd verdifull kompetanse på området. Samarbeidet har særleg vore retta inn mot å byggje opp kompetanse hjå lokale styresmakter, i hovudsak innanfor utnytting av fornybare energiressursar og energieffektivisering. Dette samsvarer godt med profilen til COOPENER.

Deltaking i delprogrammet gjer det mogleg for norske aktørar å søkje EU om støtte til prosjekt, seminar og andre tiltak som ligg innanfor rammene av programmet. For å få støtte må tiltaka ha deltaking frå minst to land i EØS-området. Programmet har difor ein viktig funksjon som brubyggjar for samarbeid og etablering av kontaktnett over landegrensene. Norske aktørar har viktig kompetanse på dette området. COOPENER vert i tillegg rekna for å vere i samsvar med norske prioriteringar om å fremje ein berekraftig energipolitikk for utviklingslanda.

Olje- og energidepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig delprogram (COOPENER) under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF om tiltak på energiområdet. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.