St.prp. nr. 10 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig delprogram (COOPENER) under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF om tiltak på energiområdet

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 137/2004 av 24. september 2004 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 90/2004 av 8. juni 2004 1

    .

  2. Europaparlaments- og rådsvedtak nr. 1230/2003/EF av 26. juni 2003 om vedtaking av eit fleirårig handlingsprogram på energiområdet: «Intelligent energi for Europa» (2003-2006) 2

    , vart innlemma i avtala ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 164/2003 av 7. november 2003 3

    .

  3. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte det særlege området «COOPENER» i programmet og tiltak i medhald av dette.

  4. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2005 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 14 nr. 2e skal nytt strekpunkt lyde:

  • «EFTA-statene skal fra 1. januar 2005 delta i det særlige området «COOPENER» i fellesskapsprogrammet nevnt i nr. 5 bokstav g) og i tiltak i henhold til dette.»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde 25. september 2004, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 4

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2005.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 24. september 2004.

For EØS-komiteen
Formann
Kjartan Jóhannsson
Sekretærar for EØS-komiteen
Ø. HovdkinnM. Brinkmann

Fotnotar

1.

Ennå ikkje kunngjord.

2.

TEU L 176 av 15.7.2003, s. 29.

3.

TEU L 41 av 12.2.2004, s. 67, og EØS-tillegget til TEU nr. 7 av 12.2.2004, s. 45.

4.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.