St.prp. nr. 11 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd iEØS-komiteen om innlemming i EØS-avtalaav fellesskapshandlingsprogrammet ommotkjemping av diskriminering (2001-2006)

Til innhaldsliste

6 Vurdering og tilråding

Regjeringa meiner at det er i Noreg si interesse å ta del i det europeiske samarbeidet om tiltak mot diskriminering. Vi ønskjer å vere i fremste rekkje i ei vidare utvikling av regelverket på dette området, som omfattar sentrale delar av menneskerettane. Deltaking i programmet vil gje oss sjansen til å vere med i den europeiske prosessen sjølv om vi ikkje kan påverke EU-regelverket direkte. Vi vil kunne ha eit vesentleg læringsutbytte av nærmare samhandling med EU og EU-statane på dette området.

På bakgrunn av dette rår Sosialdepartementet, saman med Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet til at Stortinget gjev samtykke til at Noreg godkjenner ei avgjerd i EØS-komiteen om å innlemme fellesskapshandlingsprogrammet om motkjemping av diskriminering (2001-2006) i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.