St.prp. nr. 11 (2004-2005)

Om endring av løyvingar mv. for 2004 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Tilbakebetaling av løyving i samband med terminering av fiberkabelavtale mellom Jernbaneverket og Telenor

Riksrevisjonen har teke opp med Samferdselsdepartementet kva som blei gjort med omsyn til kravet om at Jernbaneverket skulle betale tilbake løyvinga som blei gitt ved terminering av fiberkabelavtala mellom Jernbaneverket og Telenor i samband med at eigarskapen av BaneTele AS blei overført frå staten v/Jernbaneverket til staten v/Nærings- og handelsdepartementet frå 20. desember 2002.

Samarbeidsavtala mellom Jernbaneverket og Telenor AS om bruk av Jernbaneverkets fiberkabelnett blei terminert i 1997. Telenor hadde betalt eit forskot for bruken av Jernbanverkets fiberkabelnett som Jernbaneverket måtte betale tilbake store delar av ved termineringa av avtala. Dette blei løyst ved at Jernbaneverket fekk ei tilleggsløyving på 208 mill. kr, jf. St.prp. nr. 27/Innst. S. nr. 58 (1998-99). Ein føresetnad for denne løyvinga var at inntekter frå kommersiell utnytting av fiberkabelnettet og seinare som utbyte frå BaneTele til Jernbaneverket då denne verksemda blei gjort om til aksjeselskap, skulle dekkje inn beløpet som blei betalt tilbake til Telenor. Dette blei gjort ved at Jernbaneverket ikkje fekk disponere leigeinntekter og seinare utbyte frå denne verksemda før beløpet var dekt opp. Beløpet som skulle betalast tilbake, blei ikkje ført i statsrekneskapen, men framstod som ein handlingsregel for når Jernbaneverket skulle få rett til å disponere meirinntekter frå denne verksemda. Dei blei førte til inntekt på kap. 4350, post 04 (seinare kap. 5671, post 81 Utbyte (frå BaneTele AS)).

Ved handsaminga av St.prp. nr. 80/Innst. S. nr. 274 (2000-2001) blei det lagt opp til at beløpet som var utbetalt til Telenor, skulle dekkjast opp ved utbyte frå BaneTele AS. I sitt svar til Riksrevisjonen har Samferdselsdepartementet uttala at frå det tidspunkt forvaltninga av eigarskapen i BaneTele AS blei overført frå Samferdselsdepartementet v/Jernbaneverket til Nærings- og handelsdepartementet, fall kravet om tilbakebetalinga vekk, då eit ev. utbyte frå BaneTele AS ikkje lenger ville bli utbetalt til Jernbaneverket. Då selskapet blei overført frå Jernbaneverket utan økonomisk vederlag, meiner Samferdselsdepartementet at grunnlaget for å oppretthalde kravet mot Jernbaneverket ikkje lenger er til stades.