St.prp. nr. 13 (2002-2003)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2002

Til innhaldsliste

2 Hovudtrekk i Tilleggsløyvingane og omdisponeringane og forklaringar på dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 01 Driftsutgifter

Postane 01 er foreslått auka med 522,794 mill. kroner. Auken gjeld følgjande:

  • 123 mill. kroner er ei teknisk omdisponering av midlar frå investering til drift for kostnader til Program GOLF.

  • 176 mill. kroner i meirinntekter - i hovudsak på kap 1792 Norske styrkar i utlandet, 155 mill. kroner.

  • 135 mill. kroner er midlar foreslått flytta til hhv Luftforsvaret (100 mill. kr) og Sjøforsvaret (35 mill. kr) for oppfylling på drivstofflager.

  • ca. 164 mill. kroner er tilført dei einskilde kapitla til dekking av husleige til Forsvarsbygg. Bakgrunnen for dette er ei feilkalkulering på budsjettidspunktet av talet på personar som skulle flyttast frå den lokale forvaltningsmyndighet og til det nye Forsvarsbygg. Dette førte til ein for lav tilførsel av midlar til avdelingane for dekking av fakturering frå Forsvarsbygg.

  • 10 mill. kroner er tilført frå post 43 til disp for FD - til delvis dekking av meirutgifter ved berekning av ny husleige til Forsvarsbygg.

  • reduksjon på 54 mill. kroner som er foreslått tilført post 50 til avgangsstimulerande tiltak.

  • reduksjon på14 mill. kroner som er foreslått tilført FO til dekning av økt driftsbehov.

  • reduksjon på 18 mill. kroner som er tilbakeført statskassen grunnet overskridingar i 2001.

Ellers er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar inkludert prognosar for inneverande års forbruk. Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde kapitla:

Kap 1700 Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått auka med netto 7,8 mill. kroner på post 01. Auken skal dekka utgifter til sanitær-anlegg for handikappa på Akershus festning, brannprosjekt i departementet sine bygningar og auka utgifter i samband med overgang til husleigeordninga i Forsvaret.

Kap 1719 Fellesutgifter og tilskot til foretak under Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 5 mill. kroner som er flytta til kap 1700 Forsvarsdepartementet til dekning av meirbehov ved ny berekning av husleige til Forsvarsbygg.

Kap 1720 Felles leiing og kommandoapparat

Posten er foreslått redusert med 45,2 mill. kroner. Reduksjonen skuldast først og fremst midlar flytta til kap 1725 for brukarbetaling til Akershus kommandantskap/Regional støttefunksjon/Oslo i samband med overflytting av forvaltningsansvaret for vernepliktige, og midlar omdisponerte til ei rekkje kapittel i samband med ny berekning av husleige til Forsvarsbygg.

Kap 1723 Sikringstenesta

Posten er foreslått auka med 12,3 mill. kroner som i hovudsak gjeld dekking av diverse tilleggsoppgåver i samband med rolla som nasjonal sikringsmyndighet, omdisponering av overførte midlar frå 2001 til sikringstenesta og i samband med ny berekning av husleige til Forsvarsbygg.

Kap 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarets overkommando

Posten er foreslått redusert med 57,7 mill. kroner på post 01. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet i samband med ny berekning av husleige til Forsvarsbygg, at kapitlet har overteke ansvaret for forvaltning av vernepliktige på austlandet ved Akershus kommandantskap/Regional støttefunksjon og overføring av midlar til kap 1720 for restfinansiering av Forsvarets overkommando og Forsvarets fellesoperative hovedkvarter.

Kap 1731 Hæren

Posten er foreslått auka med 58,5 mill. kroner. Auken skuldast i all hovudsak at kapitlet er tilført 105 mill. kroner i samband med berekning av ny husleige til Forsvarsbygg og 30 mill. kroner i samband med oppretting av ny landsdelskommando Sør-Noreg. Samtidig er kapitlet redusert med 54 mill. kroner som er omdisponert til kap 1725 Akershus kommandantskap/Regional støttefunksjon i samband med overtaking av forvaltning av vernepliktige på austlandet.

Kap 1732 Sjøforsvaret

Posten er foreslått auka med 105,2 mill. kroner på post 01. Auken skuldast i hovudsak at kapitlet er tilført 43 mill. kroner i samband med berekning av ny husleige Forsvarsbygg, 35 mill. kroner til kjøp av drivstoff, 10 mill. kroner til naudsynte meirutgifter for strøm og steam til fartøya ved basane, 6 mill. kroner som er omdisponerte lønnsmidlar frå Kystvakta til FLO/Sjø, 10,5 mill. kroner i betaling frå Luftforsvaret og Heimevernet for utdanning av personell og 4 mill. kroner frå kap 1725 til dekking av langtidslagring av stasjonære kystartillerianlegg.

Kap 1733 Luftforsvaret

Posten er foreslått auka med 120,3 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak at 100 mill. kroner er omdisponert frå investeringkapitlet for innkjøp av flydrivstoff og 69 mill. kroner gjeld ny berekning husleige Forsvarsbygg. Samtidig er kapitlet redusert med 17 mil kroner i samband med. brukarbetaling til Akershus/kommandantskap/Regional støttefunksjon, 9 mill. for finansiering av meirkostnader anti-terror tiltak og 8 mill. kroner som er omdisponert til Sjøforsvaret i samband med finansiering av rekruttutdanning.

Kap 1734 Heimevernet

Posten er foreslått auka med 9,4 mill. kroner som i hovudsak skuldast finansiering av meirkostnader i samband med antiterror-tiltak.

Kap 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Posten er foreslått auka med 127,4 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak kostnader til gjennomføring av program GOLF som er flytta frå post 45.

Kap 1790 Kystvakta

Posten er foreslått auka med 12,1 mill. kroner til dekking av meirutgifter ved at ein grunna mva-reformen må betale meirverdiavgift ved leige av kystvaktfartøy.

Kap 1791 Redningshelikoptertenesta

Posten er foreslått auka med 9,8 millioner kroner på post 01 for generell og naudsynt styrking av tenesten i henhold til oppdragsmengden.

Kap 1792 Norske styrkar i utlandet

Posten er foreslått auka med 155,3 mill. kroner grunna refusjonar frå FN av tidlegare oppdrag i Libanon. Midlane er naudsynte til dekking av utgifter i samband med oppdraget i Afghanistan.

Kap 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål

Posten er foreslått auka med 12,5 mill. kroner grunna ny berekning av husleige til Forsvarsbygg og restfinanisering Forsvarets musikk.

2.1.2 Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten er foreslått auka med 14,3 mill. kroner grunna auka driftsbehov over Forsvarets etterretningsteneste. FO/E har i tillegg fått øyremerka 160 mill. kroner til naudsynte investeringar over kap 1760, post 45 for å bringe FO/E opp i naudsynt moderne standard. Midlane er føresett tilbakeført planlagte, ordinære materiellprosjekt over tid iht FSJens produksjonsplan.

2.1.3 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 10 mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som vert foreslått nytta til dekking av ymse meirbehov.

2.1.4 Post 44 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

Posten er redusert med 50 mill. kroner for delvis finansiering av meirutgifter i samband med ny berekning av den husleiga Forsvarsbygg fakturerer avdelingane for.

2.1.5 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått redusert med 226,8 mill. kroner.

Hovudendringar:

  • Posten er auka med 31 mill. kroner frå kap 4760, post 45 Driftsinntekter.

  • Posten er redusert med 123 mill. kroner som er omdisponert til kap 1760, post 01 og gjeld gjennomføringskostnader ProgramGOLF.

  • Posten er redusert med 135 mill. kroner som er tilført hhv Luftforsvaret (100 mill) og Sjøforsvaret (35 mill.) og gjeld innkjøp til drivstofflagre.

2.1.6 Post 47 Nye bygg og anlegg

Postane er foreslått redusert med 19,3 mill. kroner. Reduksjonen kjem fram gjennom ein reduksjon på 49 mill. kroner for delvis finansiering av meirutgifter i samband med ny berekning av husleiga til Forsvarsbygg samtidig med at posten er tilført ei meirinntekt på 30 mill. kroner frå kap 4760.

2.1.7 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 125 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak at framdrifta på SINDRE II luftradarsystem og autorisering av ein del andre NATO-prosjekt er forseinka. Inntektssida på kap 4760 er tilsvarande redusert.

2.1.8 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått auka med 54 mill. kroner i samband med avgangsstimulerande tiltak.

2.1.9 Post 51 Tilskott til Forsvarets forskingsinstitutt

Posten er foreslått auka med 0,444 mill. kroner i samband med ein feilaktig reduksjon i omgrupperinga for 2001.

2.1.10 Post 90 Lån til private

Posten er redusert med 1 mill. kroner grunna prognostiserte mindreutgifter på låneordninga.

2.1.11 Post 75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er redusert med 65 mill. kroner for delvis finansiering av meirutgifter i samband med ny berekning av husleige til Forsvarsbygg.

2.2 Inntekter

Det er registrert netto meirinntekter på 112,543 mill. kroner.

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er auka med 175,6 mill. kroner. Auka gjeld 155,3 mill. kroner i refusjon frå FN for tidlegare oppdrag m.a. i Libanon. Vidare er det registrert ei meirinntekt på 20,3 mill. kroner på kap 4725 som i hovudsak gjeld refusjonar frå NATO, meirinntekter på voksenopplæring og inntekter oppdrag gjort på Institutt for Forsvarsstudier.

2.2.3 Post 45 Store nyskaffingar - inntekter

Posten er auka med 31,2 mill. kroner aom gjeld inntekter etter tilbakebetaling frå Frankrike i samband med terminering av prosjekt Autonome panserbekjempingsvåpen og inntekter FISBASIS frå eksterne kundar og meirinntekter frå Kystdirektoratet.

2.2.4 Post 47 Sal av eigedom

Posten er redusert med 20 mill. kroner som følgje av at takta i arbeidet med utrangering av EBA har vore lågare enn planlagd. Det har og vorte brukt noko lengre tid enn planlagd på delar av sjølve salsarbeidet for å oppnå høgast mogeleg pris på eigedomane. Kapittel 1760 post 47 er vorte tilsvarande redusert.

2.2.5 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter

Posten er foreslått redusert med 125 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak at framdrifta på SINDRE II luftradarsystem og autorisering av ein del andre NATO-prosjekt er forseinka. Utgiftssida på kap 1760 er tilsvarande redusert.

2.2.6 Post 49 Sal av bustader

Posten er auka med 49,364 mill. kroner. Takta i arbeidet med utrangering har vorte høgare enn planlagd. Av di bustader mange stader vert selde etter kort tid på grunn av salsmarknaden, kjem og inntektene raskare enn planlagd. Kapittel 1760 post 47 er auka tilsvarande.

2.2.7 Post 70 Renter låneordningen

Posten er auka med 0,475 mill. kroner grunna høgare renteinntekter på låneordninga enn forutsett.

2.2.8 Post 90 Lån til boligformål

Posten er auka med 0,873 mill. kroner grunna høgare innfriingstakt enn forutsett på lån gjevne til boligføremål.

Til forsida