St.prp. nr. 13 (2002-2003)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2002

Til innhaldsliste

4 Informasjonssaker

4.1 Tiltak for å hindre misbruk av Heimevernet sine våpen lagra i heimen

Saka er tidlegare framlagt for Stortinget ved St.prp. nr. 55 (2001-2002) og Innst. S. nr. 232 (2001-2002), der forslaget om å iverksette innføring av kammerlåsar på HV-våpen i private heimar ikkje vart godteke. Arbeidet med å gå gjennom rutinane for klarering av personell for å sikre betre kontroll av dugleiken, er iverksett slik Stortinget har forutsett. Sett i lys av den siste skyteepisoden, komiteens spørsmål om saken, og ein ny gjennomgang av dei ulike sikringsalternativa, ser regjeringa det som naudsynt å fremje forslag om strakstiltak og om betre fysisk sikring av HV-våpena.

Forsvarsdepartementet har på bakgrunn av ein fagleg vurdering frå Forsvarets overkommando kome fram til at det er to tiltak som peiker seg ut til å gi nær 100% sikring mot misbruk: enten sentral lagring eller investering i ein mekanisk sikring, dvs kammerlås til alle våpen. Sentral lagring medfører store investerings- og driftskostnader og vil neppe vera mogeleg å gjennomføra på kortare tid enn fem år. Konsekvensane for reaksjonstid og beredskap, samt ved eventuelt innbrot i eller sabotasje mot dei sentrale lagra, kan være kritiske ved å iverksette dette tiltaket. Dette vært derfor ikkje anbefalt.

Ei innføring av kammerlåser vil reint operativt få små konsekvensar. HV-mannskapa møter på sine objekt eller samlingsstader og får der fjerna låsane i løpet av få minutt. Dersom ein krise eller konfliktsituasjon utviklar seg over tid, vil den enkelte soldat eller befalingsmann kunna få nøkkelen til eige våpen utlevert og då ha optimal beredskap. Økonomisk sett vil innføring av kammerlåsar krevje investeringar på 50-70 mill. kroner, noko som kan dekkjast innanfor eksisterande investeringsrammer for HV. Dette tiltaket kan gjennomførast innanfor ei tidsramme på to-tre år.

Som strakstiltak foreslår Forsvarsdepartementet å iverksette inndraging av tennstemplet, som er ein del av sluttstykket. Dette er i tråd med anbefaling frå forsvarssjefen. Operativt sett vil dette vera ein akseptabel løysning, då tennstemplet ikkje er tilpassa det enkelte våpen, slik som sluttstykket er. Ein klargjering av avdelingar for å løyse gitte oppdrag, vil såleis gå langt raskare enn om heile sluttstykket vart inndrege. På objekta eller samlingsstadene får mannskapet utlevert tennstemplet, og om ein konflikt eller krise oppstår over tid, kan den enkelte soldat eller det enkelte befal få utlevert tennstemplet og då ha optimal beredskap - ut over dette gjeld same rutiner som for nøkkel til kammerlås.

Inndragning av tennstempel vil ikkje gje like god sikring som innføring av kammerlåsar då det er mogeleg å skaffe nye stempel. Dette vil difor i fyrste rekkje ha virkning mot effektdrap. FD anser difor dette som ei midlertidig løysing. Ei innlevering av tennstemplet kan gjennomførast i løpet av ein månad, utan større kostnader. Ei eventuell inndraging av heile sluttstykket vil krevje meir tid og ressursar då dette må gjerast ved personleg oppmøte.

Forsvarsdepartementet har vurdert konsekvensen av tiltaka opp mot Genève-konvensjonen om krigens folkerett (uvæpna personell i uniform) og i tillegg om tiltaka vil krevje ei lovendring av Heimevernslovens § 26. Konklusjonen er at uniformert personell som opptrer uvæpna, ikkje er eit problem i forhold til folkeretten (og i forhold til dei fire Genève-konvensjonane av 1949 med to tilleggs-protokollar av 1977). Tiltaka vil heller ikkje medføre behov for lovendring av HV-lovens § 26.

Til forsida