St.prp. nr. 13 (2003-2004)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Thailand, underskriven i Bangkok den 30. juli 2003

Til innhaldsliste

2 Generelle merknader

Den gjeldande avtalen brukar fordelingsmetoden som hovudregel for å unngå dobbel skattlegging. Den viktigaste endringa i forhold til gjeldande avtale er at godskrivingsmetoden (kreditmetoden) er innført som hovudmetode for å unngå dobbel skattlegging. Etter denne metoden kan Noreg skattlegge inntekt som personar busett i Noreg oppeberer frå kjelder i Thailand. Ved likninga i Noreg skal det, innan visse rammar, gis eit frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarer til den skatten som er betalt i Thailand. I dei tilfeller der inntekter etter avtalen berre kan skattleggast i Thailand skal Noreg bruke den alternative fordelingsmetoden for å unngå dobbel skattlegging. Det inneberer at slik inntekt kan reknast med i det norske skattegrunnlaget, men at det gis frådrag i den norske skatten for den del av den norske skatten som fell på inntekta frå Thailand.

Den nye avtalen omfattar kontinentalsoklane i dei respektive landa. Den inneheld særlige reglar om skattlegging av verksemd og arbeid på kontinentalsokkelen som i det vesentlege svarar til dei som er inntatt i nyare norske skatteavtalar. Kontinentalsokkelen er ikkje omfatta av den gjeldande avtalen.

I forhold til den gjeldande avtalen er det gjort vesentlege endringar med omsyn til skattlegginga av aksjeutbytte og renter. Det vises til merknadene til artiklane 10 og 11 i kapittel 3 nedanfor.

Til forsida