St.prp. nr. 17 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2004 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 Budsjettkonsekvensar i samband med aksjesalet i Statoil ASA

Stortinget ga i april 2001 Olje- og energidepartementet fullmakt til å ta inn nye og andre eigarar i Statoil ASA (Statoil) i tillegg til staten tilsvarande 1/3 av verdien til selskapet, jf. St.prp. nr. 36 og Innst. S. nr. 198 (2000-2001). I samband med delprivatiseringa og børsnoteringa av selskapet i juni 2001 blei 18,3 pst. av aksjane i selskapet selde frå staten til nye eigarar. Olje- og energidepartementet gjennomførte i juli 2004 eit sal av om lag 116,8 mill. aksjar i Statoil.

Statens eigardel i selskapet er etter dette 76,3 pst.

Inntekter

Transaksjonen blei gjennomført i to delar. Eit blokksal utanom børs til investeringsbanken Lehman Brothers blei først utført etter ein internasjonal bodprosess. Totalt 100 mill. aksjar blei selde for kr 84,30 per aksje. Staten si inntekt frå dette salet var 8 430 mill. kroner. Aksjane blei selde vidare frå Lehman Brothers til institusjonelle investorar i Noreg og i utlandet. Lehman Brothers oppnådde ein pris på kr 85 per aksje ved dette salet. I tillegg gjennomførte staten eit sal av om lag 16,8 mill. aksjar til privatpersonar i EØS-området. Prisen per aksje var kr 85 som var lik den prisen dei institusjonelle investorane betalte. Inntektene frå dette salet var om lag 1 429 mill. kroner.

Inntektene frå sal av aksjar utgjer i alt kr 9 858 595 950.

Utgifter

Statens utgifter knytt til aksjesalet omfattar utgifter til rådgjevarar, provisjon og salskommisjon til tilretteleggjarar.

Olje- og energidepartementet sine utgifter til rådgjevarar omfattar strategiske, finansielle og juridiske tenester. Desse kostnadane var på om lag 12,6 mill. kroner.

Det var avtalt ei godtgjersle til tilretteleggjarane for salet av aksjar til privatpersonar på 0,7 pst. Provisjonen blei rekna av salsverdien av aksjane. I tillegg skulle staten dekkje bestillingskostnadar. DnB NOR var ansvarleg tilretteleggjar for salet til privatpersonar. Det var avtalt ei fast godtgjersle for denne tenesta.

Utgifter til annonser i riksdekkjande og lokale aviser var på om lag 0,3 mill. kroner. Utgifter knytt til tenester frå Verdipapirsentralen var på om lag 1,1 mill. kroner.

Totale utgifter i samband med salet til privatpersonar var på om lag 12,5 mill. kroner.

Dei andre utgiftene til departementet i samband med førebuinga og gjennomføringa av salet er på om lag 0,1 mill. kroner.

Totale utgifter i samband med salet var på om lag 25,2 mill. kroner.