St.prp. nr. 19 (2002-2003)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2002 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 21 Særskilde driftsutgifter er det eit meirbehov på 2 mill. kroner som kjem av at tiltak av førebels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet. Dette gjeld i hovudsak midlar til ulike utval og utlån av tenestemenn til europeiske organisasjonar. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av dei faglege føremåla på kapitla. Midlane vert budsjetterte over fagkapitla, men må omposterast til driftskapitlet fordi mellom anna løn og anna godtgjersle etter økonomireglementet må utbetalast over driftskapitlet.

Departementet gjer derfor framlegg om å auke kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 21 Særskilde driftsutgifter med 2 mill. kroner mot ei innsparing på 0,920 mill. kroner frå kap. 841 Familievern og konfliktløysing, post 22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., 0,650 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50 og 0,430 mill. kroner frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20012 999
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg2 943
Forslag til omdisponering2 000

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter o.a.). I samsvar med budsjettvedtaket i Stortinget skal staten yte 50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjent av vertskommunen (den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 pst. av budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar. På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunane har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet.

Departementet gjer framlegg om at kap. 840, post 60 vert auka med 5,6 mill. kroner for 2002.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200154 348
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg53 712
Forslag til tilleggsløyving5 600

Kap. 852 Adopsjonsstøtte

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Tilskotet skal vere med på å motverke ei skeiv sosial fordeling av adopsjon knytt til foreldra sin økonomi på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet. Stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet var i 2002 på 22 500 kroner per barn. Tilskotsordninga vert forvalta av Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA).

For 2002 indikerer BUFAs prognose eit meirbehov på 2,9 mill. kroner. Årsaka til at utbetalingane i år ligg høgare enn venta, er verknaden av tiltak hausten 2000 for å byggje ned restansar. Tiltaka inneber at mange fleire søkjarar enn tidlegare fekk førehandssamtykke til adopsjon av barn. Det ser ut til at dette har hatt ein meir langvarig effekt på kor mange som har kome enn det som er lagt til grunn i statsbudsjettet for 2002. Erfaring tilseier at det mot slutten av året også vil vere eit sterkt press frå adoptantane for å få utbetalingane før året er ute.

Departementet gjer framlegg om at kap. 852, post 70 vert auka med 2,9 mill. kroner for 2002.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200116 745
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg15 330
Forslag til tilleggsløyving2 900

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 01 Driftsutgifter - Fylkesnemndene for sosiale saker

Utgiftene i samband med saksavviklinga utgjer ein stor del av kostnadene i fylkesnemndene. Saksvolumet vil derfor i stor grad styre kostnadene til fylkesnemndene. Talet på saker i fylkesnemndene auka med nesten 10 pst. frå 2000 til 2001. Også frå 1999 til 2000 var auken stor. Ein auke i sakstilfanget ser ut til å vere tendensen. Det inneber behov for større ressursar til sakkunnige for å kunne behandle sakene innan dei fastsette tidsfristane.

Restansen i fleire av fylkesnemndene er uakseptabelt høge og første halvår 2002 viser ein samla saksauke på 7 pst. Basert på at saksmengda i år har vore langt større enn venta, er det eit meirbehov på 4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 854, post 01 vert auka med 4 mill. kroner for 2002.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200169 594
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg68 907
Forslag til tilleggsløyving4 000

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilde tilskotet til kommunane på 93 000 kroner per barn per år, dessutan refusjon av fylkeskommunen sine barnevernutgifter til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsbevilling. Talet på einslege mindreårige som har kome til landet ser ut til å auke langt meir frå 2001 til 2002 enn tilfellet var frå 2000 til 2001. Det er venta at talet på einslege mindreårige aukar til i overkant av 500 i år (mot 444 i 2001).

Bevillinga til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar vart styrkt med 34,3 mill. kroner i RNB 2002, slik at bevillinga totalt er på 204,7 mill. kroner. Per dags dato har det kome inn refusjonskrav frå fylkesmennene på 191, 5 mill. kroner. Prognosar frå UDI og opplysningar innhenta frå fylkeskommunane gjev eit samla behov i 2002 på 214 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 854, post 64 vert auka med 9,3 mill. kroner for 2002.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2001161 821
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg204 732
Forslag til tilleggsløyving9 300

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 70 Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving

Utgiftene til fødselspengar er rekna til 7 850 mill. kroner, 144 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett. Meirutgiftene kjem hovudsakleg av 1,5 pst. høgare lønnsvekst frå 2001 til 2002 enn det som er lagt til grunn. Auka uttak av fedrepermisjon, til dels som følgje av sjølvstendig oppteningsrett til fødselspengar for fedrar frå 1.7.2000, gjev òg høgare utbetaling per barn.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530, post 70 vert auka med 144 mill. kroner for 2002.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20017 513 981
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg7 706 000
Forslag til tilleggsløyving144 000

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Ein reknar med at det vert utbetalt eingongsstønad til 12 140 personar i 2002, om lag 580 færre enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett. Utgiftsoverslaget er på 392 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530, post 71 vert redusert med 18 mill. kroner for 2002.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2001420 197
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg410 000
Forslag til tilleggsløyving- 18 000

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 72 Feriepengar av fødselspengar, overslagsløyving

Utgifter til feriepengar av fødselspengar er rekna til 227 mill. kroner, 4 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett, som følgje av meirutgiftene under post 70 Fødselspengar. Feriepengane utgjer normalt om lag 3 pst. av utgiftene til fødselspengar året før.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530, post 72 vert auka med 4 mill. kroner for 2002.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2001211 373
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg223 000
Forslag til tilleggsløyving4 000

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 73 Adopsjonspengar o.a., overslagsløyving

Utgiftene til adopsjonspengar er rekna til 138 mill. kroner, 32 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett. Meirbehovet kjem av både fleire adopsjonspengetilfelle og høgare utbetaling per tilfelle enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Departementet gjer framlegg om at kap. 2530, post 73 vert auka med 32 mill. kroner for 2002.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2001110 939
Løyvt beløp 2002 inklusive tidlegare løyving om tillegg106 000
Forslag til tilleggsløyving32 000
Til forsida