St.prp. nr. 2 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 43/2000 av 12. mai 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om mellombels tilsetjing)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Direktivet er basert på ei rammeavtale om mellombels tilsetjing av 18. mars 1999 mellom European Trade Union Confederation (ETUC) (arbeidstakarorganisasjon) på den eine sida, og Union of Industrial and Employers Confederations of Europe (UNICE) og European Centre of Enterprises with Public Participation (CEEP) (arbeidsgjevarorganisasjon for høvesvis private og offentlege verksemder) på den andre sida. Rammeavtala følgjer som vedlegg til direktivet.

Føremålet med direktivet er for det første å setje rammer for bruken av gjentekne, mellombels tilsetjingar. Vidare er målsetjinga å betre vilkåra for mellombels tilsette ved m.a. å innføre eit prinsipp om ikkje-diskriminering i høve til fast tilsette. Samstundes skal det takast omsyn til at det trengst fleksibilitet i arbeidslivet.

Direktivet er eit minimumsdirektiv, dvs. at det ikkje kan nyttast som grunnlag for å gje mellombels tilsette mindre gunstige ordningar enn dei allereie har etter nasjonal lovgjeving. Derimot er det høve til å gje mellombels tilsette betre vilkår enn det som følgjer av direktivteksta.

Alle mellombels tilsette er omfatta av direktivet, med unntak av personar som er leigde ut frå vikarbyrå. Dette tyder at direktivet også gjeld på sjøfartsområdet og området til tenestemannslova.

Direktivet gjev tilgang til å velje mellom gjennomføring av føresegnene i direktivet ved avtaler mellom partane i arbeidslivet eller ved lover/forskrifter.

Hovudpunkta i direktivet er ei generell ikkje-diskrimineringsføresegn som legg ned forbod mot diskriminering av mellombels tilsette (§ 4 i rammeavtala), i tillegg til eit krav om at det skal setjast rammer for bruk av suksessiv, mellombels tilsetjing (§ 5 i rammeavtala).

Artikkel 1 i direktivet regulerer tilhøvet til rammeavtala. Det følgjer av føresegna at føremålet med direktivet er å setje i verk rammeavtala om mellombels tilsetjing, som kom i stand 18. mars mellom UNICE, CEEP, ETUC og som følgjer som vedlegg til direktivet.

I artikkel 2 første leddet er gjennomføringsfristen fastsett til 10. juli 2001. Innan denne datoen skal medlemsstatane setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet. Det vert opna for at direktivet kan gjennomførast gjennom kollektive avtaler som ei alternativ løysing.

I andre leddet vert det gjeve høve til eitt års lenging av fristen dersom særlege vanskar eller eventuell gjennomføring ved endring av kollektive avtaler gjer det naudsynt. I følgje føresegna er det eit vilkår at partane i arbeidslivet vert konsulterte om ei slik lenging av fristen.

§ 3 i rammeavtala inneheld definisjonar. Omgrepet «mellombels tilsett» vert definert i nr. 1. «Mellombels tilsett» tyder ein person som har ein arbeidskontrakt eller som er i eit tilsetjingstilhøve der arbeidskontrakten/tilsetjingstilhøvet kom i stand direkte mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar, og der tidspunktet då tilhøvet tek slutt er fastsett på grunnlag av objektive kriterium som ein særskild dato, fullføring av ei særskild oppgåve eller ei særskild hending.

I § 3 nr. 2 er «tilsvarande fast tilsett» definert som tilsett i same verksemd, som har ein fast tilsetjingskontrakt eller inngår i eit fast tilsetjingstilhøve, og som utfører same eller tilsvarande arbeid når ein tek omsyn til kvalifikasjonar/dugleik.

§ 4 i rammeavtala inneheld den ikkje-diskrimineringsklausulen som er nemnd ovanfor. I føresegna vert det som hovudregel lagt ned forbod mot å gje mellombels tilsette ei mindre gunstig handsaming enn fast tilsette. Det kan berre gjevast unntak for dette med grunngjeving i «objektive tilhøve». Føresegna er generell og gjeld frå og med den første kontrakten.

I § 5 i rammeavtala er det fastsett tre alternative kriterium for bruk av gjenteken, mellombels tilsetjing. Dersom det ikkje allereie finst eit verktøy til å hindre misbruk av gjenteken, mellombels tilsetjing, skal ein eller fleire av dei følgjande avgrensingane innførast i nasjonal rett:

  1. objektive grunnar som godtgjer fornying av mellombels kontraktar eller arbeidstilhøve,

  2. ei yttergrense på den totale lengda på gjentekne, mellombels arbeidskontraktar eller arbeidstilhøve,

  3. ei yttergrense for talet på fornyingar av slike kontraktar eller arbeidstilhøve.

§ 6 nr. 1 i rammeavtala inneheld ei føresegn om at mellombels tilsette skal informerast om kva ledige stillingar som finst i verksemda. Føremålet er at dei skal få sjansen til fast tilsetjing. Ein slik informasjon kan gjevast gjennom ei generell kunngjering som t.d. vert slått opp på ein sentral plass i verksemda.

Etter § 6 nr. 2 skal arbeidsgjevarar så langt det er mogleg gje mellombels tilsette tilgang til opplæring, kurs osv. som kan auke yrkesutvalet deira.

I § 7 nr. 1 i rammeavtala er det krav om at det skal takast omsyn til mellombels tilsette i vurderinga av om talet på tilsette etter nasjonal rett gjer det påkravd med arbeidstakarrepresentasjon i dei relevante organa i verksemda.

Etter § 7 nr. 3 i rammeavtala bør arbeidsgjevarar i den grad det er mogleg vurdere å gje høveleg informasjon til dei eksisterande organa med arbeidstakarrepresentasjon om stillinga i verksemda med omsyn til mellombels tilsetjing.

§ 8 i rammeavtala regulerer tilhøvet til gjeldande rett osv. I medhald av denne føresegna opererer direktivet med minimumsvilkår. Som nemnt tidlegare tyder dette at direktivet ikkje kan nyttast som grunnlag for å gje mellombels tilsette dårlegare vilkår enn dei allereie har etter nasjonal lovgjeving, jf. § 8 nr. 3. Det er derimot høve til å gje mellombels tilsette betre vilkår enn det som følgjer av direktivteksta, jf. § 8 nr. 1.