St.prp. nr. 2 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 43/2000 av 12. mai 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om mellombels tilsetjing)

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett og vurderingar i høve til EØS-avtala

På området til arbeidsmiljølova stettar Noreg kjernedelen av direktivet gjennom føresegna om mellombels tilsetjing i arbeidsmiljølova av 4. februar 1977 nr. 4 § 58 A. Hovudregelen i norsk rett er at mellombels tilsetjing berre kan avtalast dersom typen arbeid tilseier det og arbeidet skil seg frå det som vanlegvis vert utført i verksemda. Føresegna svarar til § 5 bokstav a i rammeavtala, som krev at det ligg føre «objektive grunnar» som forsvarar bruk av mellombels tilsetjing. Etter Kommunal- og regionaldepartementet sitt skjønn er føresegna i § 58 A i arbeidsmiljølova strengare og gjev et betre vern for arbeidstakaren enn § 5 i rammeavtala då føresegna i arbeidsmiljølova gjeld allereie fra inngåinga av den første tilsetjingskontrakten. Føresegna i direktivet rettar seg som nemnt tidligare, kun mot gjenteken inngåing av kontrakt.

Når det gjeld føresegna om at mellombels tilsette skal verte informerte om kva ledige stillingar som finst i verksemda, jf. § 6 nr. 1 i rammeavtala, har arbeidsmiljølova pr. i dag inga tilsvarande føresegn. Ei gjennomføring av direktivet krev at arbeidsmiljølova vert endra ved at det vert teke inn ei føresegn i lova som er i tråd med føresegna i direktivet. Kommunal- og regionaldepartementet vil fremje ein eigen Odelstingsproposisjon med lovendringar på dette punktet.

Den generelle ikkje-diskrimineringsklausulen har heller ikkje nokon direkte parallell i arbeidsmiljølova. Det norske lovverket inneheld likevel ingen føresegner som verkar diskriminerande med omsyn til mellombels tilsette. Kommunal- og regionalministeren har bede partane i arbeidslivet om å sjå til at også tariffavtalene stettar krava i direktivet på dette punktet. Ettersom det i artikkel 2 i direktivet vert lagt opp til at medlemsstatane kan velje om føresegnene i direktivet skal gjennomførast ved lover/forskrifter eller ved at partane i arbeidslivet ved avtale innarbeider dei føresegnene som er naudsynte, skulle det ikkje vere naudsynt med ein eigen generell ikkje-diskrimineringsklausul i norsk rett på det noverande tidspunktet. Det er likevel ein føresetnad at partane i arbeidslivet kjem fram til tilfredsstillande avtaler i medhald av direktivet. Departementet vil følgje gjennomføringa til partane og kontinuerleg vurdere om det er naudsynt å lovfeste ein slik ikkje-diskrimineringsklausul.

Gjennomføringsfristen i EU for direktivet er 19. juli 2000, men det vert som nemnt opna for utsetjing i eitt år dersom det ligg føre særlege vanskar eller dersom iverksetjinga skal skje i form av ei tariffavtale.

Etter Arbeids- og administrasjonsdepartementet sitt skjønn stettar tenestemannslova av 4. mars 1983 nr. 3 krava i direktivet slik at det ikkje er naudsynt med ei lovendring på dette området.

På skipsfartsområdet trengst det i utgangspunktet ikkje endringar i lover og forskrifter. Nærings- og handelsministeren vil be partane i arbeidslivet innan skipsfartsnæringa inngå avtaler som gjennomfører føresegnene i direktivet på grunnlag av gjeldande lovgjeving. Det vil også verte opplyst at dersom partane ikkje kjem fram til slike avtaler, må det vurderast om det er naudsynt å endre lover eller forskrifter for å sikre at krava i direktivet vert stetta.