St.prp. nr. 2 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 43/2000 av 12. mai 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om mellombels tilsetjing)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Som eit ledd i samarbeidet i EØS tok EØS-komiteen 12. mai 2000 ei avgjerd om å endre vedlegg XVIII om helse og tryggleik på arbeidsplassen, arbeidsrett og like rettar for menn og kvinner til EØS-avtala. Vedtaket inneber at direktiv 99/70/EF av 28. juni 1999, vert innlemma i EØS-avtala. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og spesielt artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at endringane i rådsdirektiv 1999/70/EF skal takast inn i nr. 32 i vedlegg XVIII til EØS-avtala som gjeld rådsdirektiv 96/34/EF.

Artikkel 2 slår fast at direktivet skal gjelde på islandsk og norsk på lik linje med andre språk i medlemsstatane i Fellesskapet.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal gjelde frå 20. mai 2000 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar frå partane i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Då EØS-komiteen tok avgjerda si om å innlemme direktivet i EØS-avtala, melde Noreg frå til dei andre avtalepartane om at dei forfatningsrettslege krava må vere stetta i Noreg før avgjerda kan verte bindande.