St.prp. nr. 20 (2003-2004)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2003

Til innhaldsliste

2 Hovudtrekk ved dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 01 Driftsutgifter

Post 01 er foreslått redusert med 12,695 mill. kroner. Reduksjonen gjeld følgjande:

  • 72,3 mill. kroner i meirinntekter - i hovudsak på kap. 4731 Hæren, 67 mill. kroner.

  • 1,265 mill. kroner er tilført frå post 90 Lån til private.

  • 8 mill. kroner er tilført frå post 70 Renter låneordning.

  • 30 mill. kroner er tilført kap. 1792 Norske styrkar i utlandet i samband med at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan i samband med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember 2003. 10 mill. kroner vert foreslått tilleggsløyvd medan 20 mill. kroner vert foreslått omdisponert frå kap. 1710, post 47.

  • 18 mill. kroner er tilført kap. 1732 Sjøforsvaret frå kap. 1710, post 47 i samband med finansiering av kostnader i samband med brannen på KNM Orkla.

  • 6 mill. kroner er tilført kap. 1700, post 01 frå kap. 1710, post 47 i samband med overføring av militære stillingar frå Forsvarets overkommando til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk leiing.

  • 42 mill. kroner er midlar foreslått flytta til post 50 i samband med finansiering av utgifter til Statens pensjonskasse.

  • reduksjon på 0,003 mill. kroner er tilbakeført statskassen grunna ein feil i samband med soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003).

  • reduksjon på 106,614 mill. kroner som er tilbakeført statskassen grunna overskridingar i 2002.

Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar inkludert prognosar for forbruk på slutten av året. Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde kapitla:

Kap 1700 Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått auka med netto 32 mill. kroner på post 01. Auken skal dekkje lønsutgifter ved overføring av militære stillingar frå Forsvarets overkommando til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk leiing (26 mill. kroner), og administrative kostnadar i denne samanhengen (6 mill. kroner).

Kap 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 2,1 mill. kroner til dekking av ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Kap 1720 Felles leiing og kommandoapparat

Posten er foreslått redusert med 24,8 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet i samband med naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda ved Felles operativt hovudkvarter, midlar til overføring av militære stillingar frå Forsvarets overkommando til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk leiing. Vidare er utgifter flytta til andre kapittel i samband med fastsetjing av ny husleige til Forsvarsbygg.

Kap 1723 Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Posten er foreslått auka med 2 mill. kroner som gjeld dekking av utgifter til drift av varslingssystem for digital infrastruktur (VDI) i 2003.

Kap 1731 Hæren

Posten er foreslått redusert med 60,5 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar. Kapitlet er tilført middel i samband med meirinntekter på kap. 4731 (67 mill. kroner), og middel for naudsynt styrking av tenesta i samsvar med oppdragsmengda (60 mill. kroner). Samtidig er kapitlet redusert i samband med at utgifter til internasjonale operasjonar feilaktig var budsjettert både på kap. 1731 og kap. 1792 (70 mill. kroner som er tilført andre kapittel og postar etter behov), gevinstrealisering etter innføring av FISBasis (60 mill. kroner) og tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002 (50,4 mill. kroner).

Kap 1732 Sjøforsvaret

Posten er foreslått auka med 39,8 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar. Omdisponering til kapitlet er i samband med ny fastsetjing av husleigekostnader (57,9 mill. kroner), overtaking av oppgåver i Harstad-området og Ulven leir i Bergen (16,5 mill. kroner), tilføring av midlar for naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda (16 mill. kroner) og langtidslagring av stasjonære kystartillerianlegg (8 mill. kroner). I tillegg er kapitlet tilført midlar til dekking av Sjøforsvarets meirkostnader i samband med brannen på KNM Orkla (18 mill. kroner). Omdisponering frå kapitlet gjeld tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002 (38,8 mill. kroner), gevinstrealisering etter innføring av FISBasis (31,1 mill. kroner) og overføring av oppgåver til andre kapittel (8,6 mill. kroner).

Kap 1733 Luftforsvaret

Posten er foreslått redusert med 107,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast omdisponering frå kapitlet i samband med ny fastsetjing av husleigekostnader (72,1 mill. kroner) og gevinstrealisering etter innføring av FISBasis (37,8 mill. kroner).

Kap 1734 Heimevernet

Posten er foreslått redusert med 16,2 mill. kroner som i hovudsak skuldast ny fastsetjing av husleigekostnader.

Kap 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Posten er foreslått auka med 38,8 mill. kroner som i hovudsak skuldast gjennomføringskostnader til FLO.

Kap 1790 Kystvakta

Posten er foreslått auka med 20,2 mill. kroner som i hovudsak gjeld midlar til naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda.

Kap 1791 Redningshelikoptertenesta

Posten er foreslått auka med 30,4 mill. kroner på post 01. Auka gjeld naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda (38 mill kroner), og tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002 (6 mill. kroner).

Kap 1792 Norske styrkar i utlandet

Posten er foreslått auka med 30 mill. kroner i samband med at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan i samband med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember 2003.

Kap 1795 Kulturelle og allmennyttige foremål

Posten er foreslått auka med 8,3 mill. kroner grunna ny fastsetjing av husleige til Forsvarsbygg og restfinansiering av Forsvarets musikk.

Post 24 Driftsresultat

Posten er foreslått auka med 458,4 mill. kroner. Det er foreslått ein omfordeling mellom post 24 og post 47 med 458,4 mill kroner grunna feil fordeling mellom drift og investering på budsjetteringstidspunktet (141 mill. kroner), behov for gjennomføringskostnader (248 mill. kroner) og tilpassing av bygningsmassen som var budsjettert av Forsvarsbygg, men ikkje vart utført eller bestilt/betalt av Forsvarets militære organisasjon (69 mill. kroner).

2.1.2 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 11,3 mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som vert foreslått nytta til dekking av ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

2.1.3 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått auka med 109,4 mill. kroner.

Hovudendringar:

  • 12 mill. kroner skuldast utbygging av eit kommunikasjonsknutepunkt på Akershus festning som vil inngå i den permanente infrastrukturen for området.

  • 8 mill. kroner skuldast naudsynte investeringar etter varmgang i serverrom i Forsvarsdepartementet.

  • 11 mill. kroner skuldast auka behov for mobile løysingar og nytt tryggleikssystem i FD etter innføring av integrert strategisk leiing.

  • 10 mill. kroner skuldast utgifter til ombygging/inventar/garderobar etter innføring av integrert strategisk leiing.

  • 40 mill. kroner skuldast forserte utbetalingar i samband med aktivitetar innan miljøvern og forureiningsproblematikk og forskings- og utviklingsaktivitetar innan fortifikasjon.

  • 28,4 mill. kroner gjeld naudsynt styrking av posten.

2.1.4 Post 47 Nye bygg og anlegg

Forsvarsbygg sitt kapittel 1710 er redusert med totalt 600,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast eit forventa mindreforbruk (174 mill. kroner). Vidare er det foreslått ei omfordeling mellom post 24 og post 47 med 458,4 mill kroner grunna feil fordeling mellom drift og investering på budsjetteringstidspunktet (141 mill. kroner), behov for gjennomføringskostnader (248 mill. kroner) og tilpassing av bygningsmassen som var budsjettert av Forsvarsbygg, men som ikkje vart utført eller bestilt/betalt av Forsvarets militære organisasjon (69 mill. kroner).

På kapittel 1760 vert posten foreslått auka med 32 mill. kroner til finansiering av meirutgifter som følgje av flytteutgifter i samband med integrert strategisk leiing.

2.1.5 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 2,181 mill. kroner som skuldast tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002.

2.1.6 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått auka med 42 mill. kroner i samband med finansiering av meirutgiftar til Statens pensjonskasse.

2.1.7 Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 8 mill. kroner i samband med eit mindrebehov til rentestønad i Befalets låneordning.

2.1.8 Post 75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 23 mill kroner. Årsaka til mindrebehovet er færre utbetalingar enn planlagt på Noregs del til NATO-prosjekt.

2.1.9 Post 78 Noregs tilskott til NATO sitt driftsbudsjett

Posten er foreslått auka med 23 mill. kroner. Meirbehovet skuldast auka aktivitet i samband med krisehandtering.

2.1.10 Post 90 Lån til private

Posten er redusert med 1,2 mill. kroner grunna forventa mindreutgifter på låneordninga.

2.2 Inntekter

Det er registrert netto meirinntekter på 72,765 mill. kroner.

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er auka med 72,365 mill. kroner. Auken på kap. 4731 gjeld sal av overskotsdrivstoff (50 mill. kroner), og utleige av ARTHUR lokaliseringsradar (17 mill. kroner). Vidare er det registrert ei meirinntekt på 8,2 mill. kroner på kap. 4725 i samband med utleige av hyblar og bustader. Det er registrert ei mindreinntekt på kap. 4720 med 2,9 mill. kroner som gjeld reduserte bonusinntekter frå sivile flyselskap.

2.2.2 Post 70 Renter låneordning

Posten er redusert med 0,6 mill. kroner som følgje av reduserte renteinntekter frå Forsvarets og Befalets låneordning. Kap. 1725 er auka tilsvarande.

2.2.3 Post 90 Lån til bustadformål

Posten er auka med 1 mill. kroner grunna høgare innfriingstakt enn rekna med på lån gjevne til bustadformål. Kap. 1725 er redusert tilsvarande.