St.prp. nr. 21 (2004-2005)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2004

Til innhaldsliste

3 Informasjonssaker

3.1 Miljøprosjekt i Bodø

Prosjektet for miljøtiltak i Bodø vart lagt fram i St. prp. nr. 1 (2003-2004) med ei ramme på 223 mill. kroner og ei planlagt utbetaling på 130 mill. kroner i 2004. Prosjektet har likevel fått redusert framdrift på grunn av likviditetsmessige forhold, og planlagt forbruk i 2004 er 9 mill. kroner. Forsvarsbygg er i dialog med Statens forureiningstilsyn om denne utsettinga. Prosjektet sitt føremål er å oppfylle krava etter forskrift om grenseverdi for lokal luftforureining og støy, og omfattar støyisolering av bustadar og ei forlenging av rullebanen.

Bodø kommune er i gang med eit prosjekt for ny vassforsyning som vil gi ei stor mengd lausmassar i 2004. Kommunen ønskjer difor å selje massane relativt rimeleg til Forsvaret. Det krevst då at Forsvaret alt på hausten 2004 kjøper og får deponert lausmassane som del av forlenginga av rullebanen, men dette er tidlegare enn det som er føresett for framdrifta i prosjektet. Bodø kommune har difor tilbode å forskottere midlar for at massane skal kunne bli deponerte i takt med framdrifta i vassforsyningsprosjektet. Ordninga er vurdert som ei god løysing både for Bodø kommune og Forsvaret, men den er inngått med atterhald om at Stortinget samtykker i saka.

Sidan Forsvarsbygg hadde eit godt tilbod på handa, og vilkåra frå Bodø kommune var gode, ville oppstart av rullebaneprosjektet i 2004 gi innsparingar i forhold til å vente med oppstart til 2005. Samstundes kjem Forsvarsbygg tidlegare i gang med lovpålagte støyreduserande tiltak. Av omsyn til framdrifta i Bodø kommune sitt prosjekt, er arbeida starta opp. Forsvarsbygg har inngått ein avtale med Bodø kommune, men i avtalen er det eit klart atterhald om godkjenning frå Stortinget.

Departementet vil difor foreslå at Stortinget samtykker i at Forsvaret kan ta imot 20 mill. kroner i forskottering frå Bodø kommune i 2004, slik at den gunstige avtalen kan gjennomførast. Innan 15. januar 2007 vil Bodø kommune få tilbakebetalt den forskotterte summen saman med betalinga for sjølve lausmassane.

3.2 Historisk studie

Noregs heimefrontmuseum arbeidar med ein historisk studie av det britiske «Special Operations Executive» og Noreg under den andre verdskrigen. Då mykje nytt kjeldematerialet er blitt avgradert i Storbritannia i den seinare tid, har prosjektet blitt vesentleg meir tidkrevjande. Samstundes er det blitt endå meir interessant. Forsvarsdepartementet har støtta prosjektet både i 2001, 2002 og 2003. Ved handsaming av B.innst. S. nr. 7 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004), vart det gitt 175 000 kroner i støtte. Grunna utvidinga av prosjektet har Forsvarsdepartementet utvida denne støtta til 455 000 kroner i 2004. Med atterhald om godkjenning frå Stortinget, har departementet gitt tilsegn om at prosjektet vil bli støtta med 455 000 kroner også i 2005 og i avslutningsåret for prosjektet, 2006.