St.prp. nr. 24 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 mv. under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1350 Jernbaneverket

Post 23 Drift og vedlikehald

I oktober i år brann det i eit snøoverbygg på Bergensbana i nærleiken av Hallingskeid stasjon. Brannen gjorde store skader på spor, kontaktleidning og tekniske installasjonar langs lina. Jernbaneverket måtte skifte ut om lag 100 sviller, leggje nye skjener og kontaktleidning saman med ein del andre kablar. I tillegg måtte det byggjast nytt snø­overbygg. Dette kosta om lag 5 mill. kr.

Realistisk budsjettering av salsinntekter

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4350, post 02 Sal av utstyr og tenester mv., foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald med 70 mill. kr. Auken i løyvinga har ikkje nokon effekt på aktivitetsnivået i Jernbaneverket, jf. omtalen under kap. 4350, post 02.

Oppsummering

Departementet foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 75 mill. kr.

Post 30 Investeringar i lina

Det går fram av omtalen i St.prp. nr. 1 (2008-2009) at det er ein risiko knytt til kostnadene for prosjektet med omsyn til verdsettinga av grunnervervet på Ganddal godsterminal. Verdsettinga av grunn­ervervet har vore behandla i Jæren tingsrett og Gulating lagmannsrett. Jæren tingsrett avsa 9. mars 2006 skjøn for verdsettinga av grunnervervet med om lag 75 mill. kr. Skjønet blei anka. Grunngjevinga var at skjønet var gjort på feil grunnlag. Gulating lagmannsrett avsa overskjøn 1. juli 2008 med ei samla verdsetting til 95 mill. kr. Overskjønet blei anka til Høgsterett med den same grunngjevinga. Ankeutvalet i Høgsterett avslo 29. september 2008 å ta saka opp til behandling. Overskjønet frå Gulating lagmannsrett er dermed rettskraftig.

I tillegg til erstatning for grunnervervet på 95 mill. kr kjem om lag 10,5 mill. kr i renter og grunneigarane sine saksomkostningar på om lag 8,9 mill. kr. Dei samla kostnadene for grunnervervet utgjer no 113,9 mill. kr.

For å dekkje auka kostnader til grunnervervet på Ganddal godsterminal på grunnlag av rettskraftig dom foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i lina, med 38,6 mill. kr.

Kap. 4350 Jernbaneverket

Post 01 Køyrevegsavgift

LKAB/Malmtrafikk AS har klaga til Samferdselsdepartementet på Jernbaneverkets utrekning av køyrevegsavgift for bruk av Ofotbana for åra 2005 og 2006. Kjørevegsavgifta har to satsar. Det var ein nullsats for tog med aksellast opp til 22,5 tonn (no 25 tonn), og ein høg sats for tog med aksellast over 22,5 tonn. I 2005 og 2006 var køyrevegsavgifta knytt til faktisk aksellast og ikkje som no til tillate aksellast på godstoga. Jernbaneverket har i utrekninga av køyrevegsavgifta for toga til Malmtrafikk AS på Ofotbana i 2005 og 2006 nytta den høge satsen for køyrevegsavgift (for tog med aksellast over 22,5 tonn) for transport til og frå Narvik. Malmtrafikk AS sin transport frå Narvik har hatt ei faktisk aksellast under terskelen for den høge avgiftssatsen. Samferdselsdepartementet har gitt Malmtrafikk AS medhald i at det var utrekna for høg avgift i 2005 og 2006 for LKAB/Malmtrafikk AS si «tomkøyring» frå Narvik til riksgrensa. På dette grunnlaget har Jernbaneverket i 2008 motrekna 8,2 mill. kr til Malmtrafikk AS i form av redusert fakturering av avgift for 2008.

Samferdselsdepartementet foreslår derfor opp å redusere løyvinga på kap. 4350, post 01 Køyrevegsavgift, med 8,2 mill. kr.

Post 02 Sal av utstyr og tenester mv.

Jernbaneverket har inntekter frå m.a. sal av jernbanetekniske tenester, sal av utstyr, inntekter frå museumsdrifta. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.

Rekneskapen for dei siste åra viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. For 2007 viser rekneskapen inntekter på posten på 205,5 mill. kr, medan det var budsjettert med 103,8 mill. kr i inntekter. Ut frå kravet til realistisk budsjettering må inntektene og utgiftene aukast. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 02 Sal av utstyr og tenester mv., med 70 mill. kr, jf. kap. 1350, post 23.