St.prp. nr. 26 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter er det eit meirbehov på 0,85 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet. Det gjeld mellom anna midlar til ei ekspertgruppe som skal arbeide med revisjon av rammeplanen for barnehagar og nasjonale ekspertar. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av dei faglege føremåla i kapitla. Midlane vert budsjetterte over fagkapitla, men må omdisponerast til driftskapittelet då mellom anna løn og anna godtgjersle etter økonomireglementet må utbetalast over driftskapittelet.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 21 med 0,85 mill. kroner mot ei innsparing på 0,6 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid, post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid, 0,2 mill. kroner frå kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 01 Driftsutgifter og 0,05 mill. kroner frå kap. 840 Tilskot til krisetiltak, post 21 Spesielle driftsutgifter.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20033 851
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg3 186
Forslag til tilleggsløyving850

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Sjå omtale under kap. 800, post 21.

Kap. 841 Familievern og konfliktløysing

Post 70 Utviklings- og opplysningsarbeid o.a.

Sjå omtale under kap. 842, post 01.

Kap. 842 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttas under post 70

Departementet gjer framlegg om å omdisponere 1,4 mill. kroner frå kap. 841 Familievern og konfliktløysing, post 70 Utviklings- og opplysningsarbeid o.a. Midlane skal nyttas til å dekkje utgifter knytte til IKT i familievernet.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003*
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg141 031
Forslag til tilleggsløyving1 400

* Oppretta i samband med 2004-budsjettet.

Kap. 844 Kontantstønad

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Løyvinga til kontantstøtte vart auka med 193 mill. kroner til 3 045 mill. kroner i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Rikstrygdeverket reknar med at det er behov for å auke løyvinga med ytterligare 85 mill. kroner. Overslaget er basert på tal ved utgangen av tredje kvartal.

Meirbehovet ut over løyvinga i revidert budsjett kjem av at fleire barn er med i ordninga enn tidlegare berekna, etter som det er fleire eit- og toåringar og at langt færre av dei går i barnehage i 2004 enn måltalet i budsjettet på 8 000 plassar.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 844 Kontantstønad, post 70 Tilskot, med 85 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20032 992 145
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg3 045 195
Forslag til tilleggsløyving85 000

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til barnetrygd følgjer av gjeldande barnetrygdsatsar og dei demografiske variasjonane for aldersgruppa 0-18 år. Utgiftene i år vert i følgje overslag frå Rikstrygdeverket om lag 54 mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert budsjett. Det kjem i hovudsak av utviklinga i talet på barn med rett til vanleg stønad og talet på forsørgjarar med utvida stønad (einslege forsørgjarar). Til saman utgjer dette rundt 5 670 fleire barnetrygder. Utgiftene til småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn under 3 år og Finnmarks-tillegget ser derimot ut til å verte lågare enn tidlegare føresett.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot, med 54 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200314 691 631
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg14 176 100
Forslag til tilleggsløyving54 000

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Posten dekkjer tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet på 23 400 kroner per barn. Tilskotet vert ytt til foreldre som på førehand har innhenta samtykke frå norske myndigheiter til adopsjon frå utlandet. Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsløyving. Tilskotet vert utbetalt frå Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).

Bufetat legg i sine prognosar per 1.10.04 opp til at det vert utbetalt eingongsstønad for 770 adopsjonar i 2004. Dei viktigaste årsakene til behovet for ekstra midlar i år er blant anna at det kom store grupper adoptivbarn frå Kina til Noreg mot slutten av 2003. Ein slik auke kom av stopp i adopsjonar frå Kina tidlegare på året grunna SARS-epidemien. Det vart difor i 2004 utbetalt eingongsstønad for 112 barn som kom frå Kina i tidsrommet oktober-desember 2003. Frå sommaren 2004 har det i tillegg kome langt fleire barn frå Kina enn venta fordi behandlingstida for adopsjonar i landet er korta ned frå 13-14 månader til ca. 7-8 månader. Det inneber at det er behov for ei tilleggsløyving i 2004 på 2 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke kap. 852, post 70 med 2 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200312 769
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg15 928
Forslag til tilleggsløyving2 000

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilte tilskotet til kommunane på 99 700 kroner per barn per år, og refusjon av kommunen sine barnevernutgifter til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Det særskilte tilskotet vert utbetalt frå UDI og statsrefusjonen via Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsløyving. Talet på einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som kjem til landet i 2004 er venta å verte om lag 300.

I prognosar per 1.10.04 har Bufetat meldt eit behov på om lag 102 mill. kroner, medan UDI har stipulert sine utgifter til å verte om lag 155 mill. kroner. I tillegg har fylkesmennene sendt krav på om lag 43 mill. kroner for barnevernsutgifter knytte til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar for krav frå 2003 eller tidlegare. Det inneber at det er behov for ei tilleggsløyving i 2004 på 94,6 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke kap. 854, post 64 med 94,6 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003252 633
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg205 424
Forslag til tilleggsløyving94 600

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 04 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter OECD/DACs (Development Assistance Comitee) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Færre einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar kjem til landet no. Det fører òg til at færre vert busette i løpet av fyrste året. Departementet gjer framlegg om å redusere kap. 3854, post 04 med 6 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200325 000
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg20 720
Forslag til tilleggsløyving-6 000

Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Sjå omtale under kap. 855, post 70.

Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 45 Større kjøp av utstyr og vedlikehald, kan overførast

Sjå omtale under kap. 855, post 70.

Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 70 Tilskot til kjøp av plassar, tiltak, o.a., kan nyttast under post 01

På kap. 855, post 70 er det eit meirbehov på om lag 38,3 mill. kroner i 2004. Meirbehovet vert dekka gjennom tilsvarande mindreforbruk på postane 21 og 45.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 855, post 70 med 38,3 mill. kroner for 2004. Departementet gjer òg framlegg om at kap. 855, post 21 vert redusert med 32,3 mill. kroner og kap. 855, post 45 vert redusert med 6 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003*
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg1 108 000
Forslag til tilleggsløyving38 300

* Oppretta i samband med 2004-budsjettet.

Kap. 3855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 60 Kommunale eigendelar

Inntektene i 2004 er lågare enn tidlegare berekna. Det kjem i hovudsak av overgang frå fylkeskommunale rekneskapsprinsipp til statens kontantprinsipp. Overgangen til kontantprinsippet fører til at ein ikkje får inntekter for siste kvartal sidan kommunane etter forskrift om refusjon frå kommunar skal krevjast kvartalsvis etterskotsvis for eigendelen.

I 2004-budsjettet vart inntektene til barnevernet berekna til 677 mill. kroner. Inntektsanslaget bygde på eit overslag for kommunale eigendelar i 2002. Fylkeskommunane hadde ulik praksis for å føre inntektene, og inntektsoverslaget var difor usikkert. Inntektene for 2004 viser seg å vere lågare enn tidlegare berekna.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 3855, post 60 med 187 mill. kroner for 2004.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003*
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg677 000
Forslag til tilleggsløyving-187 000

* Oppretta i samband med 2004-budsjettet.

Kap. 0856 Barnehagar

Post 61 Investeringstilskot, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til bygging av nye plassar i vanlege barnehagar. Tilskotet vert rekna ut etter talet på barn med barnehageplass ved opninga av det nye barnehagebygget, eller auken i talet på barn som følgje av tilbygg eller ombygging. Ordninga vart innført i 2003.

Løyvinga i saldert budsjett bygde blant anna på eit venta måltal på nye plassar til 12 000 barn og avkorting på grunn av momskompensasjon. Det ligg ikkje an til å nå måltalet. Likevel er venta behov for 2004 rekna til 388 mill. kroner, 170 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett. Venta behov byggjer på rapportering frå kommunane per 15. september.

Det er fleire årsaker til meirbehovet. Det er truleg at ein større del av utbetalt tilskot i 2004 gjeld barnehagar som vart etablerte i 2003. På grunn av endring i opphaldsstrukturen vert det ved utgangen av året utbetalt tilskot til langt fleire plassar enn ein skulle tru etter auken i talet på barn med barnehageplass. I tillegg har effekten av kompensasjon for meirverdiavgift ikkje vorte så stor som departementet har lagt til grunn.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 856, post 61 med 170 mill. kroner for 2004.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003284 274
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg218 000
Forslag til tilleggsløyving170 000

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid

Sjå omtale under kap. 800, post 21, kap. 865, post 79 og kap. 867, post 01.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 79 EUs rammeprogram for forbrukartiltak, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer kostnadar ved deltaking i EU sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk. Fordi dei årlege bidraga varierer med svingingar i eurokurs, faktisk aktivitet under programmet og med endeleg EØS-budsjett, er det vanskeleg å fastsetje rett løyving for det enkelte budsjettåret.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 865, post 79 med 0,51 mill. kroner mot ei innsparing på 0,51 mill. kroner på kap. 865, post 21.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003*
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg3 850
Forslag til tilleggsløyving510

* Oppretta i samband med 2004-budsjettet.

Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

Post 01 Driftsutgifter

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet har behandla langt fleire saker enn tidlegare år. Difor har det vore nødvendig å halde langt fleire møter i både Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet i år enn tidlegare. I tillegg har sakene vore større enn tidlegare, slik at råds- og utvalsmedlemmene har brukt fleire timar til førebuing enn vanleg. Sekretariatet har i tillegg hatt eit etterslep når det gjeld investeringar i fysisk arbeidsmiljø og kompetanse, og for å kunne oppretthalde sikker drift.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 867, post 01 med inntil 0,25 mill. kroner mot tilsvarande innsparing på kap. 865, post 21.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20034 591
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg4 545
Forslag til tilleggsløyving250

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 70 Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving

Løyvinga til fødselspengar vart auka med 275 mill. kroner til 8 931 mill. kroner i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Tal frå utgangen av tredje kvartal tyder på ein ytterlegare auke i utgiftene på 69 mill. kroner, hovudsakeleg fordi ca. 1030 fleire barn under eit år enn berekna er med i revidert budsjett.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2530, post 70 med 69,31 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20038 337 275
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg8 930 690
Forslag til tilleggsløyving69 310

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Løyvinga til eingongsstønad er på 404,745 mill. kroner. Sidan det er færre barn med eingongsstønad enn venta i saldert budsjett, er utgiftsoverslaget nedjustert til 400 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2530, post 71 med 4,745 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003418 620
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg404 745
Forslag til tilleggsløyving4 745

Post 72 Feriepengar av fødselspengar til arbeidstakarar, overslagsløyving

Utbetalingane av feriepengar var ved utgangen av tredje kvartal på om lag 250 mill. kroner, 4,6 mill. kroner meir enn løyvt i saldert budsjett. Etter erfaring er alle utbetalingar gjorde på det tidspunktet.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2530, post 72 med 4,634 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003233 915
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg243 366
Forslag til tilleggsløyving4 634

Post 73 Adopsjonspengar, overslagsløyving

Rekneskapstal ved utgangen av tredje kvartal tyder på at utgiftene til adopsjonspengar vert noko lågare enn løyvinga på 151,194 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2530, post 73 med 9,194 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 2003132 473
Løyvt beløp 2004 inklusive tidlegare løyving om tillegg151 194
Forslag til tilleggsløyving9 194
Til forsida