St.prp. nr. 28 (2001-2002)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram ein proposisjon med forslag til fullmakt for statleg opplåning i 2002. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 2002.

1.2 Organisering

Finansdepartementet har ansvaret for statens låneforvaltning og forvaltning av statens kontantbehaldning.

Det er inngått avtalar med Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet, herunder om konsernkontoordninga. I samsvar med desse avtalane skal Noregs Bank mellom anna gje råd om statens opplåning og ta seg av den operative forvaltinga av låneopptak mv. Noregs Bank mottar betaling for tenestene, og utgiftene blir budsjetterte over kap 1650 Statsgjeld, renter mm, post 01 Driftsutgifter.

1.3 Samandrag

Staten har ut frå forslaget i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002) eit brutto finansieringsbehov på 59 mrd. kroner i 2002. Dette finansieringsbehovet er hovudsakleg tenkt dekka ved låneopptak innanlands.

Det er viktig at staten har rommelege fullmakter slik at låneprogrammet har fleksibilitet til å møte skiftande forhold gjennom året. Som for tidlegare år, ber ein om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er større enn brutto finansieringsbehov i 2002. Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån, dvs. lån som bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir foreslått sett til 80 000 mill. kroner, noko som er ein reduksjon frå 90 000 mill. kroner i 2001. Ein ber også om rommelege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån i 2002. For kortsiktige marknadslån, dvs. lån med løpetid opp til eitt år, foreslår ein ei ramme på 80 000 mill. kroner. Dette representerer ein reduksjon på 20 000 mill. kroner i høve til ramma for inneverande år. For andre kortsiktige lån foreslår ein ei ramme på 100 000 mill. kroner. Fullmakta for nye lån i utanlandsk valuta blir foreslått til 20 000 mill. kroner i 2002, uendra frå 2001.

For ein nærare omtale av kva dei fire kategoriane ein ber om fullmakt til omfattar, syner ein til kapittel 4.2 for innanlandske langsiktige lån, til kapittel 4.3 for kortsiktige marknadslån og andre kortsiktige lån og til kapittel 5.2 for lån utanlands. Forslaga er samanfatta i tabell 2.2.