St.prp. nr. 28 (2001-2002)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innhaldsliste

5 Statens lån i utlandet

5.1 Statens utanlandsgjeld

Tabell 5.1 Statens utanlandsgjeld ved utgangen av 3. kvartal. Skyldnader i dei ulike valutaene1

Pålydande i mill. kronerOmrekna til mill. kronerAndel i pst.
Amerikanske dollar1311 15816,0
Britiske pund334305,9
Euro4513 64150,3
Japanske yen17 6331 31318,1
Kanadiske dollar1246979,7
Totalt7 240100,0

1 Omsyn tatt til gjennomførde valutabytteavtalar.

Tabell 5.1 viser statens utanlandsgjeld fordelt på valutaslag. Rekna etter valutakursane 28. september 2001 utgjer denne porteføljen motverdien av 7 240 mill. norske kroner. Når det gjeld utviklinga i statens utanlandsgjeld, syner ein til figur 3.1. Staten har ikkje tatt opp lån i utlandet sidan mai 1997, då ein tok opp eit lån i Den europeiske investeringsbanken (EIB) på 60 mrd. italienske lire, dvs. om lag 250 mill. kroner. Finansdepartementet har heller ikkje sidan 1997 inngått nye rente- og valutabytteavtalar. Slike avtalar kan nyttast for å få den rente- og valutaeksponeringa ein finn ønskjeleg, uavhengig av låneopptak. Departementet vurderer løpande bruken av ulike instrument i kapital- og valutamarknadene for å oppnå den samansetjinga av porteføljen som ein til ei kvar tid finn mest høveleg. Samansetjinga av utanlandsgjelda blir vurdert i samanheng med Noregs Banks immuniseringsportefølje, jf. avsnitt 5.3.

Det vil kunne vere ein viss risiko for at motparten i rente- og valutabytteavtalar ikkje vil vere i stand til å oppfylle sine skyldnader, jf. omtale i avsnitt 3 om styring av risikoen på statsgjelda. Skyldnader under rente- og valutabytteavtalar blir avrekna mot Finansdepartementet sine fullmakter for utanlandslån.

Som eit ledd i forvaltninga av låneporteføljen, vurderer ein tilbakekjøp av obligasjonar i uteståande lån med tanke på å redusere nettokostnadene når ein ser statens utanlandsgjeld og Noregs Banks immuniseringsportefølje under eitt. Tilbakekjøp blir rekna som ekstraordinære avdrag, men det kan vere aktuelt å sitje med dei oppkjøpte obligasjonane som ei eigenbehaldning. I den grad det er føremålstenleg tar ein likevel sikte på å nedskrive dei tilbakekjøpte obligasjonane mot lånet. Noregs Bank har for eiga rekning kjøpt norske statsobligasjonar denominert i utanlandsk valuta til plassering i immuniseringsporteføljen, og det kan bli aktuelt for staten å overta desse. Samla pålydande verdi på Noregs Banks behaldning av slike obligasjonar per 28. september i år motsvara 741 mill. norske kroner.

5.2 Fullmakt til å ta opp lån utanlands

Finansdepartementet har ikkje nytta seg av fullmakta for 2001 til å ta opp nye lån i utlandet for eit beløp som motsvarer inntil 20 000 mill. kroner, men departementet vurderer det slik at det framleis vil vere føremålstenleg å ha ei slik fullmakt.

Staten vil vere tent med å ha høve til å ta opp nye lån i situasjonar der dette kan føre til lågare kostnader eller mindre risiko samla sett for statens gjeldsforvaltning. I denne samanhengen vurderer ein eit lån denominert i euro. Provenyet frå eit slikt lån kan eventuelt bli plassert i utanlandske verdipapir for ein kortare eller lengre periode. Eventuell plassering er tenkt gjennomført slik at valuta- og renterisiko blir nøytralisert. På denne bakgrunnen foreslår ein at Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp inntil 20 000 mill. kroner i nye lån i utlandet.

Oppstillinga i tabell 5.2 viser utviklinga i statens utanlandsgjeld dersom foreslått fullmakt for nye lån i år 2002 blir nytta fullt ut.

Tabell 5.2 Statens uteståande gjeld i utanlandsk valuta1

Mill. kroner
Gjeld per 31. desember 200027 409
- Berekna reduksjon på gamle lån i 200131 146
+ Låneopptak i 20010
= Gjeld per 31. desember 200146 263
- Avdrag i 200241 553
+ Forslag til fullmakt for nye lån i 200220 000
= Maksimal gjeld per 31. desember 2002527 816

1 Berekningane er gjorde på grunnlag av faktiske skyldnader, dvs. at ein har tatt omsyn til gjennomførde valutabytteavtalar.

2 Netto gjeld under separate valutabytteavtalar som er inngått i tilknyting til dei ulike låna er 108,5 mill. kroner.

3 Av dette skriv pluss 967 mill. kroner seg frå netto avdrag under rente- og valutabytteavtalar og 179 mill. kroner frå gevinst som følgje av valutakursendringar rekna på grunnlag av valutakursar 28. september 2001.

4 Basert på valutakursane 28. september 2001.

5 Ved full utnytting av ramma for 2002.

5.3 Samordninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar

Kostnadene ved opplåning i utanlandsk valuta vil ved sida av rentene som blir betalte på låna, vere sterkt avhengig av utviklinga i valutakursane. Det er stor uvisse knytt til kursutviklinga, og lånekostnadene kan derfor variere sterkt.

For å gjere denne uvissa minst mogleg for statsforvaltninga har Noregs Bank og Finansdepartementet sidan utgangen av 1994 samordna forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Ein del av valutareservane lik storleiken på statens utanlandsgjeld, kalla «immuniseringsporteføljen», er skilt ut og plassert med ei samansetjing som om lag svarer til eksponeringa på gjelda. Rente- og valutakursrisikoen ved statens utanlandsgjeld er dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Banks plasseringar.

Den rekneskapsmessige samordninga blei gjennomførd 1. januar 1995, jf. St.prp. nr. 14 (1995-96) og St.prp. nr. 18 (1996-97). Noregs Banks avkastning på immuniseringsporteføljen blir godskriven/belasta 1

staten, og sentralbanken har dermed ikkje lenger nokon risiko i eiga rekning knytt til den delen av valutareserven som er sett av til å sikre statens utanlandsgjeld.

Figur 5.1 gjev eit bilete av samordninga mellom Noregs Banks immuniseringsportefølje og statens utanlandsgjeld per 30. september i år. Valutafordelinga i dei to porteføljene er svært lik, medan det er enkelte mindre avvik når det gjeld durasjon. Sett under eitt er både valutakursrisikoen og renterisikoen svært liten.

Figur 5.1 Immuniserings- og gjeldsporteføljen ved utgangen av 3. kvartal 2001

Figur 5.1 Immuniserings- og gjeldsporteføljen ved utgangen av 3. kvartal 2001

Kjelde: Kjelde: Noregs Bank og Finansdepartementet.

Fotnotar

1.

Pga. kurstap kan denne avkastninga i perioder bli negativ.